Namnet Vikran har ein eigen nordnorsk klang. Bø har uvanleg mange lokalitetar som heiter så, og Sømna har Småvikran som liknande «varemerke», men forstår vi desse namna?

På Auvåg i Bø er områdenamnet Vikran nokså uklart definert. Dei har Gullvikrberget (vel 40 m høgt) og så Vikrvågen, med Vikrholmen  nedom. På austsida av den vågen, framfor ein haug kalla Aspan (vel 40 m høg) stikk Vikrhaugan med Vikrodden ut, og austafor odden ligg Sørvågen, ei vik for seg. – Held vi Sørvågen utanfor av di han står i klar motsetning til Nordvågen, er det nokså uklart kva fleirtalsforma Vikran viser til. Gullvikran er mindre kjent enn Gullvikrberget. Lokalitetane typisk for området er ikkje vikar, men hamrane og humpane Gullvikrberget, Aspan og Vikrhaugan, og Lynghaugen attåt.

Vikran på Snarset er heller ikkje eit klart definert område, men tett på nordsida av Sjøvegen ned til Sjølandet ligg Vikrvollenmed små bergknattar, og på nordsida av Vikrvollen og på sørsida av Sjølandet er det ei grunn vik. Området Vikran omfattar venteleg alt i hop. Der er eit par grunne vikar.

Lokkøyvikran er formelt gnr. 13 bnr. 23 + 29 i Lokkøya, tett inntil bruket Merket på Snarset. Nedom hovudvegen er eit kupert område med ein del bratte haugar, mange med hus på, og langs stranda i den utgrunne fjæra vest for Snarsetvågen ser ein fleire ørsmå vikar som fell tørre.

Vikran i Litløya er ei bergrik lita halvøy tett sørom Finnvika, kan det sjå ut som, men i retning aust-vest går ein bein strandskråning med lyst berg, og til den sluttar seg det som tradisjonelt heiter Vikrvågen |''vekkervå:gen|. Lendinga som kjem fyret til, fekk i nyare tid namnet Fyrvika. Austafor Fyrvika kjem Håkjerringvika med sine bergkliper  og oddar, før Purkholmvalen. Meir samnemnt går baiet nordom Tennholman – Purkholmen under namn av Purkholmvika.

Under omtalen av hovudpartar på Fjærvoll skriv Arve Elvik: «Den nordvestre delen, mot grensa til Føre og ned mot sjøen, har alltid gått under navnet Vikran. Da det også er en part i Føre som kalles Vikran, er Fjærvoll-vikran og Førevikran blitt brukt som navn. Det er vanskelig å si når det blei fast bosetting her, men vi veit at like etter jord­skiftet i 1883-86 slo husmannen Johan Ellingsen seg ned her. Oluf Sakariassen satte opp stua si her i 1888, men hadde da en stund bodd i en båtgamme. En part av Vikran gikk under navnet Gjerdet. Her var det satt opp et steingjerde på det smaleste ut mot Klubben. Dette var i gammel tid beitemarka for grisene, kanskje sambeite for alle bruk» («Gårdshistorie Bø» b. 2 s. 220).

Her får vi godt inntrykk av knausane neri Vikran i overgangen Fjærvoll - Føre i Bø.

I dagleg tale på Fjærvoll og i Føre er «neri Vekran» fast seiemåte. Det gjeld området frå og med Gammelgården ved Langskaga i nord og sør til Melvollvegen forbi Gaza i sør, men vikar er det dårleg med, anna enn ei utgrunn og urein bukt attmed Langskaga. For mange år sidan grov dei ut ei lita småbåthole utafor der, dei hadde inga eigentleg vik å ta i bruk. 

Det største særpreget for Fjærvoll- og Førvikran er knausane og knattane nede ved Gammelgården, og Melkarhågen, Litl-Jarberget og Jarberget, ein lang og bratt hammar, Tiphågen og Rophågen. Aller ytst og litt langt unna ligg Fjærvolllubben.

Vardvikran i Hovden i Bø er eit område med flis-berg med enkelte små kliper imellom, i sjøkanten tett sørom Grindvika og nedom Varden, og på grasmarka ovanfor finst låge lange bergrabbar. Å kalle Vardvikran vikar høver ikkje, Grindvika er den einaste vika.


Vikran el. Vekran rundt i Bø er altså ei namneform som gjer ganske seig motstand mot sikker tolking. Terrengordet vik f, flt. vikar, bunden form vikan(e) kjenner bøfjerdingane godt pga. gardsnamnet Vikan og eit seint tilkome namn «Vikanfjorden» = Straumfjorden, sml. også Vikan og Vikabukta på Andenes kontra gardsnamn som Vik i Hadsel og Sortland.

Gammalnorsk hadde også ei fleirtalsform víkr. Ho høyrer målsoga til, ikkje eingong Ivar Aasen fann spor etter ho i nynorsk talemål, men i stadnamna blir saka noko annleis: Faktisk finst det i Gisløya i Langenes nokre grunne små vikar som heiter Vikern. Same forma er kjend frå Borge, Flakstad, Moskenes, Værøy og fleire stader på Helgeland og på Trøndelags-kysten. Noka eintalsform *vikr  er ikkje påvist.

Dialektal tenkepause

Her er tida inne for ein tenkepause: I vår daglege tale held vi – når vi ikkje slepper inn bokmålet – utan store vanskar orden på ord som rendern', sengern', tengern', like eins glørn', klørn', tern' (tærne) osv. Vanskelegare blir det når eit ord av ein eller annan grunn har forsvunne frå dagleg tale: Tradisjonsrett bøying av t.d. ei spong (plate, bru, beslag) er spenger i flt., og steinradene frå Forøya til Søberg kalla dei Spengern' før, men så vart det «Spengran», som dei også seier om tilsvarande naturbruer i Skagan, i Lokkøya og på Ramberg. På siste staden kan dei òg seie «Spengerten»! Spenger om slike formasjonar er vanleg også i Lofoten, så som Spengern inst på Spengerleira på Ramberg i Flakstad, «Spengeren» på Storeid i Buksnes og normalisert Spengene på Sand i Borge, men ein annan stad i sistnemnde bygd i forma «Spengran», heilt som i Bø.

Også eintalsform Sponga blir nytta som namn i Lofoten og Hadsel, men då sjeldnare. Det ser til at bruken av spong, i flt. spenger som terrengord er geografisk knytt til Lofoten og dei to nærliggande Vesteråls-bygdene Hadsel og Bø. På Helgeland er det forsvinnande få stadnamn der ordet inngår.

I Borge kan fleirtalsform av tronga (= trong stad) lyde både Trengern' og «Trengerten», forvansking til *trengran finn ein ingen stad der, likså lite som t.d. *sengran for sengern.  Då annleis med tåg, flt. tæger: Grunnane Fakstægern' i Hovden har namn av leia Faksen i Hovden, men dei figurerte lenge som «Fakstegen» på karta, jf. at ved Ytterholmen i Vega finst Tægern' som skjernamn og Herøy har Tægerskjeran. På Dyrøy fastland i Troms finst eit linamn «Tægran». Vestvågøy har for sin del både «Rød-» og «Røyrtægran», derimot er *tægerten så vidt ein veit ikkje påvist nokon stad.

Vi held orden på henkern' som flt. av honk, langt meir ugreitt har det blitt med det utgamle dronk «stor stong, lita sperre»: på Andenes og i Brønnøy er skjernamnet Drenkern' flt. blitt til «Drenkan», og ein stad i Nærøysund «Drenken»  – til dels så på Andenes med – men ein annan stad i Nærøysund er namnet skrive «Drenkeren», og sanneleg hadde andenesværingane uttaleforma «Drenkerten» òg!

Vikran nordom Nøss, Andøya. Kartverket.

Ukjent i vår daglege tale men ikkje i namnebruken er drægern', flt. av ei dròg «tange med sjødrag», iblant skrive Drægern uttalerett (som på kart over Lurøy), men *Drægerten er ikkje påvist. Det siste i kontrast til Grøpern, flt. av grop f., som er blitt  til «Grøpperten» to stader på Andøya – i Sørfjorden i Sortland derimot Grøppern, litt meir normalisert Grøpern i Brønnøy og Åfjord, jf òg Mosegrøpern i Værøy i Lofoten. Vi veit no at formene Drenkerten, Grøpperten, Spengerten og Trengerten alle finst, fleire av same slaget er tenkelege (sml. «Gimsøy-målet» s.177). Vi kan slå fast at formene *drenkran, *drægran , *grøpran og *trengran er ukjende i flt. medan «spengran» og «tægran» finst. 

Lydleg liknar den nye fleirtalsforma «Spengran» flt. av finger, lekter og spiker (uvedkommande ord for øvrig), og det målførerette spengern' skulle vi tru hadde halde på same bøying som sengern', eit ord som ikkje er blitt omskapt. For «tægran» gjeld at flt.-forma er lydleg lik flt. av uvedkommande) ord som beger, jeger og læger. Ettersom mykje av dette er langstrekte, smale formasjonar kan visst assosiasjonar med det kjende terrengordet ra ha hatt noko å seie i tillegg.

Konklusjon: Generelt vil flt.-eirtalsendinga -ern(e) i talemålet, som er utan stønad i skrift, for lett bli mistydd som bunden hankjønnform eintal -eren: Då dukkar fort nye, men akk o ve så hjelpelause fleirtalsformer opp: Fjellpikane Søstern' på Bleik er blitt «Søstran» på kart i nyaste tid, Søstrene er det rette, skulle ein absolutt normalisere. Terrengorda Grefstern', Kliftern' og Klimbern' kan òg få ny flt.-form på «-ran» istf. systemrett -ern',  normalisert  -ene.

Spesielle refleksjonar knytt til Vikran. Ubunden fleirtalsform av gno. víkr var som nemnt både víkr og víkar, i b.f. víkrnar, víkarnar.  Dialektisk nyno. flt. Víkern' og Vikan' er altså regelrett, og det var vel den første (eldste) forma Vikern som ureflektert vart oppfatta som ei eintalsform på -eren, så ny fleirtalsform Vikran oppstod? Temmeleg gåtefullt er det likevel, for den tid vikern' var «modent for utskifting» skulle vel den yngre forma vikan ha sklidd inn, når ho alt var i vanleg bruk. Kva har gjort at formene vikran |''vekkran|  vekran «beit seg fast» ved sida av?

I nokre tilfelle viser det seg tydelege innskjeringar i strendene dersom vi med tanke på landheving fokuserer på 5- eller 10-meterskoten, men det er å flytte Vikran-namn attover i tid. Då i motsetning til Oluf Rygh som seier bl.a. om Vikran i Brønnøy (skrive Wicherne endå i 1723) at namnet «synes at maatte være Víkr, Flt. af vík f., Vik, hvori den gamle Flertalsform har holdt sig med senere Tillæg af den best. Artikel»: Her peikar han fram i tid. 

Lokalitetar kalla Vikran er vanlegvis perifere, har sparsam jordveg og er sjeldan er matrikkelgardar – i klar motsetnad til gardar som heiter Vik.

Nokre lokalitetar kalla Vikran kan ha relativt store innskjeringar, jf Vikran på Inga i Måsøy og Vikran aust for Ryøya i Troms, og Vikran i Sandsøysundet sørom Fenes (Harstad), vidare i Hamarøy, Lurøy, ved Mosseim i Brønnøy, og i Steinkjer. Det er i den gruppa vi har Vikran som namn på buplass, bruk (sjeldan gard). Bruket Røyrvikran i Brønnøy er ei lita vik, men fleire spisse bergoddar. Vi nemnte òg Vikran ved Fenes i gl. Bjarkøy: Nordom desse kjem Offervikran der det er flust av bergoddar, mindre av vikar, og Tennevikran nordafor desse igjen er berre ei bergrik strandstrekning.

I det heile får ein kjensla av at Vikran tidt er namn på små vikar, som Vikran i Hamnvåg (Balsfjord), i Lokkøya, vestom Lappvika i Hadsel og på Kalsnes – småtteri alt i hop! Vikran på austsida Lundøya i Steigen er ei ubroten strandstrekning, temmeleg lik austsida av Godøya i Salten. 

Murvikran i Helligvær er små vikar mellom oddar, mykje til vik er heller ikkje Vassvikran i den same øygruppa. Aller mest «vikfattig» er nok Vikran på ein tange i Saltdal. Vikran på sørsida av øya Løkta i Dønna er små, Hestvikran i Dalsvågen er mest berre ei bergfull strandstrekning, så også Vikran i Nesna og Rødøy og Elsfjord, endeleg også Vikran lik Torgvikran i Brønnøy.

Andre «vikrar» er ekstremt utgrunne, som Vikran i Vega, Hamarøy og eit par stader i Tjeldsund, lite likare er Vikran på Snarset og i Lokkøya i Bø, heller ikkje Forrvikran på Ålstad i Steigen, Hamnvikran i Bliksvær, Midtgjerdvikran i Brønnøy el. Rotvikran i Vega:  berghumpar, kliper og hamrar er bortimot regelen. Med små avvvik høver merkelappen òg for Kråkvikran i Bindal, Merravikran i Brønnøy, og for Hestvikran Rødøy (Rangsundøya) og Evikran  nord på Sandsøya i Troms.

Det «overtydelege» namnet Småvikran om slike stader (bergfulle strandstrekningar med kliper innimellom) er ovgjengs frå Inga i nord til Brønnøy i sør. Det er aldri tale om *storvikran. Derimot kan Småvikran og Vikran iblant forståast i motsetnad til Storvika eller Vika som namn på nærliggande lokalitetar, men namn av just den typen er altfor vanlege til at ein kan legge mykje i kontrasten.

«Sortering» av vikar og vikrar fører altaså ikkje til mykje oppsiktsvekkande i og for seg, anna enn at der kjem fram kjensgjerningar som fortonar seg uforklarlege og litt plagsame: Vikran i Hasvik er berre tronge kliper mellom trauste bergoddar, og Vikran på Edøya og Håja og Sandøya i Troms har også nøgda av bergkliper og tronge småvikar, mellom framskotne hammarnes. Vikran tett vest for Straumen i Kvæfjorden har òg meir berg enn vikar, knausane i Vikran i Føre-Fjærvoll og i Litløya i Bø så vel som Vardvikran er alt nemnde. Vikran på Kalsnes i Hadsel er ein svært uslett haug med ein hammar i søre enden med sjølve den grunne Vikrbukta (Vikker-) ligg sørom hammaren igjen. Strætvikran på vestsida av Barøya i Ofoten er berre skjer og ureinske, kliper og hamrar. Vikran i Leirfjord er bergkliper mellom solide hammarnes (men små i høve til Sundhammaren tett nordom). Vikran to stader i Vevelstad er meir bergoddar og hamrar enn vikar, og hammar-oddane i enden av Vikerfjellet ved Torgvikran i Brønnøy er mektige, medan vikane er små. Finnvikran i Rødøy har ei bukt, men på landet tett innafor ligg parallelle, smale bergryggar tett. At sprik mellom landskap og namn viser seg på så mange stader, fører til det ein kunne kalle «kategorisk» kattepine.

Kjem der inn eit samisk ord? 

I ein slik samanheng kan det knapt vere slump at det sørsamisk ordet for hammar er vietjere (ie er lang i), med litt anna rettskriving viedjere: Norsk-talande kan nok ha oppfatta ordet som identisk med gno. víkr flt. «vikar». Ganske merkverdig blir det då at ein bakke i Kamøyvær i Nordkapp heiter Vikran. – Vikran på bein strand i Sørreisa synest vere eit berg, medan Vikran i Hillesøy er hamrar, i skarp kontrast til vikane aust- og vestafor. Merk at Vikran på Myrlandsstranda i Hadsel òg er hamrar i fjellsida, medan Hammaren og Vikran i Saltdal ligg på kvar si side av ein smal tange. Vikran på Holkestad og på Myklebostad i Steigen har lite av vikar, men flust av bergryggar – Heilt utan vikar er Kjerringvikran på Sperstad, Rødøy, eit vidt område med lange bergryggar. 

I Herøy ligg Vikranhammaren ut mot havVikran i Brønnøy har Vikerhammaren mot Tilrem. Merk at på Helgeland er regelen at Vikran har ein uttale med lang i, liksom Vikern og Vikan. Frå Salten og nordover blir det gradvis meir vanleg med uttale Vekran, kan hende av di vīkr- var ei overlang staving som i vårt dialektområde vart forkorta? Det er likevel påfallande at dette kunne skje i fall meininga vik låg klårt i dagen, for som nemnt finst namneforma Vikern' òg i Lofoten og Vesterålen, med halden lang i.

Kjem Vekran snarare av regionale former av det samiske terrengordet, lydleg tilpassa norsk? Kan nemne variantane sørsam. vietjere (også  -are),   umesam. vähtjèra(?),  pitesam.+lulesam.  vähtjer, nordsam. veahčir eller sjeldnare. veažir (det siste oftast om reiskapen hammar).  

I nordsamisk finst det talrike døme på veahčir lik «berghammar», i Sverige har dei både namn som kjem frå sørsam. vietjere så vel som nordlegare viehtjer og vähtjer

Om skoltesam. veäččer, inarisam. veeččir eller kildinsam. veežar finst i stadnamn er ukjent, men det nokså avvikande Veašenjàrga for Hammares i Nesseby er jo interessant, og endå meir at gnr. 25.12 Hammaren = Veahčir i Talvik er registrert 1778 i såpass påliteleg samisk uttaleform som Vædkier

Terrengordet må på eit stort nordnorsk målføre-område ha blitt vekjer, av di «enhver gammel æ eller åpen e er gått over til lukket e foran palatal», t.d. dreggjen, sekkjen, kleggjen («Gimsøy-målet» s. 145f). Dette gjeld også for vækje «jente», når vi seier vētkja, veikj(e), men i Salten vētkj' el. veitkj'. Innlånet «vekjer» for væččer «hammar» (i nyare rettskriving veahčir) har dessutan vore utsett for påverknad frå norske ord som veke (gn. vika) og vekkja v. 

Om regionale former av den samiske terreng-termen også fanst i eintalsformer i norsk tale er uvisst, når veahčir, vähtjer, vietjere om hamrar nesten "inviterte" til å bli forstått som ubundne fleirtalsformer, på line med norrønt fingr, spengr og víkr (alle ub. flt.)

Vi skal gå nærmare inn på ein del stadnamn, frå Trøndelag av: Vekkerøya i Nærøysund er berre hamrar, i Kjerringøy har dei Vekkarskaret  med bratte hammarfall. I Kaldfjorden i Troms finn ein bruksnamnet Vikkernes (også Vikkarsnes), kalla så etter den 365 m høge åsen Vikkaren  austafor, ein hammar som smalkar av i nord. 

For Vikran aust for Ryøya gjeld at samiske namn i flg. Qvigstad er Vik'karak: Hammarformasjonane er i det tilfelle synberre ved Vikran småbåthamn (Holmen). Om vi skal oppfatte Vik'kar- som heil- eller halvsamisk form skal vere usagt, men -ak er iallfall fleirtalsending.

Vekkar- i dei første namna skil seg lite frå uttale-varianten Vekran, men Vikkaren avvik meir frå det forventa nordsamiske veahčir. Sistnemnde står gjerne for meir ruvande formasjonar enn hamrar, sml. Veahčer om Årbostadtinden i Ibestad, og Veahčerčohkka = Veahčer nær Løksetinden i Salangen, attåt ei dryg tylft Veahčer-lokalitetar vidare nordover heilt til Sør-Varanger. Ikkje få har norske parallellnamn på Hammar-, enten det er tale om ruvande fjell eller av og til meir smålåtne formasjonar.

Den utbreidde namneforma Småvikran, er nemnt før, dei på Inga i Finnmark lengst nord. Alle stader er det hamrar og berg, ingen imponerande store, men vikane er endå mindre, så Småvikran kunne vere endefram omsett av sørsamisk vietjieradtje «liten hammar» (= «wettjerats», Lex. Lap.) med suffikset -adtje = -ats. At eit tilsvarande nordsam. *Veahčeraš el.l. kan påvisast er eit ope spørsmål, men eit evt. *vekkjerasj kunne ganske sikkert også bli fornorska til Vekran utan mykje om og men.

Liknande namnebruk lenger sør?  Under ei snau berghei i Fyresdal i Telemark ligg Vidkjærliane. Namnet minner klart  om sørsam. vietjere, mesta som ei omkasting av det før nemnte nordsam. Vædkier. I Nissedal kan Vitjaråsen som namn på ein ås med bratt nordkant kallast «heilnorsk».

Sparbu i Steinkjer har garden Vekre |''vækre|, skr. af Veikrene på 1400-talet, men i 1626 Weckerre og Wecker! Oluf Rygh tolkar det som eit -vin-namn Veikrin. Tvilsamt er at det har stort med veik adj. «svak» å gjere, slik han meiner, men interessant er at Øvre Vekre, d.e. øvste delen av namnegarden Vekre, ligg på ein knaus: Rygh samanliknar sjølv namnet Vekre med Vækkerø i Aker (no i Oslo), og med Vækkeren i Hole i Buskerud. Gamle maleri o.l. frå Vækkerø syner at der fanst ein stor hammar; enga i Hole ligg tett ved den bratte Hurumsåsen. Berre så også det er nemnt, i Kosterhavet utanfor Tanum i Båhuslän ligg Väcker, ein hammar i opne havet.

Vekkje |''væᶄᶄe| i Lom ligg under Marsteinhåmårn: Ei rekke førreformatoriske skriveformer av gards-namnet gjer at Rygh ser på Vekkje som vin-namn, utan ei sikker tyding. Merkeleg og problematisk er skrivemåten Vekrinn 1520, den einaste som har r. Kan desse namna ha ei forklaring rimelegare enn at dei er fornorskingar av eldre variantar av dei omtalte samiske orda for «hammar»?

Hammaren til å tromme på runebomma med heitte på lulesamisk viehtjer, ganske likt sørsam. vietjere – men det vanlege lulesamiske ordet for hammar er like fullt miehtjer: At ein rund haug eller berghump nær Skarmunken i Troms heiter «Mekkeren» og ligg på Meahkirnjárga er eit enkel-tilfelle, mykje meir påfallande er at vi langt i sør finn ei rekke liknande namn, relaterte til hamrar: Mekjeretjønna ligg mellom lange bergryggar på Bømlo. Rike på hamrar har også Mekjervågen (Flekkefjord), Mekjerøya (Bokn) og Mekjesholmen (Kvinnherad). Ein finn òg ordet med norskare svip: Mekkjarevik (Haugesund), Mekjarvik (Randaberg) og Mekjavika (Suldal). Bør òg «Mekjerringbakken» på Leka takast med?

Fleire forgreiningar? Namneveven er intrikat nok som er, men han er ikkje fullendt. Lat oss forenkle stavemåten vietjere og skrive vitjer «hammar», som nok langs nordlandskysten vart oppfatta som «vikjer» og assosiert med norrønt vikr f. Som vi så smått har fått aning om, kan vetjer (samisk. væhtjer) tilsvarande ha blitt lydleg oppfatta som «vekjer», så i analogi med no. finger / fenger o.l. oppstod det nylaga norske fleirtalsformer vikran / vekran.

Lærerik er kanskje ei samanlikning med namnet Bitterstad i Hadsel er lærerik: På Bitterstad har dei Tægan med Bekkdalen, og attom det rare «af Bitrexstadom» i Aslak Bolts jordbok ca. 1430 aner vi helst *Bekkjertægsstad? Forvanska er «Botilstad» 1567, derimot ikkje Bechestad og Beckestad fleire gonger i tiåret 1610-1620, attåt Bete-, Bette- og Bethestad. Frå 1661 rår skrivemåten Bitterstad, utt. |''betterstā|. Den sannsynlege opphavsforma, pga. lendet, er gno. *Bekkjarstaðr, seinare bekkja- > betkje- > bette- > Bitterstad; det minner halvt om at saltværingar seier vetkj' eller veitkj' for jente. At r-en kom inn att er «reparasjon», jf *Arnsteinset > Asteset > Asterset i Bø.

Kva som ville skje under fornorskinga av formene vetjer og vitjer etc., på stader langt frå havkanten der det ikkje var sjølvsagt å assosiere med vik? Gjennom norsk uttale kunne vetjer- bli vekkjer- og sistpå vetter-, slik bekkjar- > bekkjer- vart better- i namnet Bitterstad.

Fjellet Vetran mellom Strandby og Bø i Senja har synbert lange hamrar, det har òg bruket Veitran i Vassbygda, Brønnøy. Tilnærminga gir òg meining for lendet på Vetreeidet i Nissedal og Vedremark  i Farsund (skrive Vetter- år 1612, 1619), vidare for Vetrehovden i Osterøy. – Så er halvøya Vetterøy i Kviteseid ein knaus, det minner om Vetterøya i Helligvær, Bodø: Saktens har mange av øyane der ute hamrar og knausar, men namnet Hamran  er berre å finne i sjølve Vetterøy-garden.

Matrikkelgarden Vettre i Asker (Wetternn 1617) ligg på ein knaus på flatland, og der er ein endå større knaus nær Vettre-bukta nedanfor. Områdnamnet Væteren ved Væterkollen i Flå i Buskerud gir også grunn til ettertanke, bl.a. fordi det samiske lende-ordet synest manifestere seg i sikker eintalsform her, til skilnad frå det vi kan påvise nordpå. Jf i alle tilfelle dei før omtalte namna Väcker, Vækkeren og Vekre.

Andre samiske innslag i lokal namnevev

Eit opphavleg samisk? Vekran i Bø sviv ikkje i eit språkleg vakuum: Vekran på Auvåg kan koplast til det samiske gardsnamnet, og til Gullvikran (gull- <sørsam. golle «snevring eller lita kløft mellom berg»). Snarset-vikran ligg utom Finnhamnen, og dei i Lokkøya ligg nedom Hundhaugen (sam. unna- «litl-»). Fjærvoll har Gullberget, jf. Gullvikran. Vekran i Litløya ligg nær Finnvika og Purkholmen (Vesteråls-samisk bor'kanet: slite av), og frå Vardvikran i Hovden er det kort veg til Finnbugsanden.

Stadnamn- eller språkkonteksten er den same fleire stader: Vekran på Hadseløya ligg vest for Lappvika (labbak, lappa- «sump»), dei i Saltdal ligg utom Finnvika. Vikran i Hillesøy ligg sør for Hundhaugen, austafor Vikran ved Ryøya har dei Finnekeila. Det er neppe vanskeleg å finne fleire språklege merkepinnar eller røringspunkt.

Väcker i Kosterhavet i Båhuslen. Lantmäteriet.


Litteratur:

Knut Bergsland og Lajla Mattsson Magga, «Åarlelsaemien-daaroen baakoegærja». 

Hallfrid Christiansen, «Gimsøy-målet». 

Arve Elvik, «Gårdshistorie Bø». 

Gustav Hasselbrink, «Südlappisches Wörterbuch». 

Р.Д. Куруч, «Саамско-русский словарь». 

Just Qvigstads lappiske ordbok fra Kaldfjorden og Vesterålen. 

Oluf Rygh, «Norske Gaardnavne». 

Wolfgang Schlachter, «Wörterbuch des Waldlappendialekts von Malå». 

Alf Torp, «Nynorsk etymologisk ordbok». 

Lexicon Lapponicum. 


Nyredigert etter Bøfjerding 2021