Sjutomstjenna i Åsnes ligg i eit stort våtmarksområde mellom Järpliden i Sverige og Possåsen, på norsk side knapt 600 m frå grensen. Namnet er rart. At Sjutom- går på storleiken til sjølve tjønna er usannsynleg! Elles var no ikkje sjutoms spikar ein kurant dimensjon på line med tretoms, firtoms og femtoms. Namnet på tjønna er nok langt eldre enn standardiserte dimensjonar.

Kring tjønna er tømmerskog, men boniteten er under middels og gir ikkje tømmer av grov dimensjon. Dette med tanke på sjutom som evt. gammal skogbruksterm: «Der du nå har vane for å finna ein sjutom, kunne du hogge tri stokker tå tree å enda få toppstokker på atten tommer» (Norsk Ordbok, jfr. Årbok for Glåmdalen 1964: 50). Den klart avvikande skriveforma Skydomtj. på rektangelkartet 1895 gir dessutan tydeleg vink om at Sjutom- må vere omlegging av ei eldre og uforståeleg namneform: «Ein kan vidare undre seg på om det kanskje er finsk utmerkingsledd i namnet» (Venås 1987: 432). 

                                                             Sjutomstjenna i Åsnes, med markør.

Den sørsamiske endinga -me lagar verbalsubstantiv eller preteritum parti­sippformer som blir nytta substantivisk. Dei verbalsubstantiviske formene blir iblant brukt som sjølvstendige substantiv, t.d. jaam'eme «daude, død» av jaam'edh «døy», vidare jiel'eme «liv» av jiel'edh «leve», jijt'eme «soloppgang» av jijt'edh «vise seg» (Hasselbr. b.1:171). Ei tilsvarande pret. part.-form er sjïddeme, til sjïddedh «werden, geschehen, gemacht werden; bleiben, sein; wachsen, sich entwickeln, entstehen»: Frostviken i Sverige har her uttaleformer på sjo-, sju- (Hasselbrink 3: 1145f). 

Eit sms. døme er sjadteme- eller sjïdtemesijjie 'oppvekst-stad'. I utgangspunkt kunne vi tenke på ein vassplante, eller evt. molteplanter, jf. ei sørleg sms. sjïdtie-laadtege 'moltekart' (Bergsland og Magga 1993), og 'Laten-åsen' nordom Tørberget i Trysil. Søraust for Sjutomstjenna ligg Blomtjenna, som klart nok har med plantelivet å gjere.

Men frå ein lokalkjent informant kjem opplysningar som kan peike i anna lei: «Jeg vet ikke hva navnet kommer av, men tjernet er fullt av abbor; det går òg gjedde der. Jeg synes at abboren der er av størrelsen 'tusenbrødre' og litt større. Det blir 17,5 cm (7 tommer), så navnet kan være oppstått på grunn av fiskestørrelsen».

Utfyllande opplysningar om åboren: «Hannfisken vert sjeldan over 200 g, medan hofisken kan verte over 2 kg. Vokster og storleik skifter elles mykje frå stad til stad. I sume vatn kan det kry av liten og ikkje matnyttig åbor («tusenbrør»). Dei øyd­elegg egg og yngel og et opp maten for meir verdifull fisk». Vidare: «I vatn der åboren når ein rimeleg storleik, er han ein framifrå matfisk. Men i vatn fulle av tus­enbrør er fisken verdlaus, og ein prøver da å rydja ut åboren for å skapa livsvilkår for auren» (Norsk Alkunnebok 10: 1318 og 4: 298).

Merkverdig nok, dette same tusenbror- (evt. eit forkorta *Tusen-) er ikkje utmerking i vassdragsnamn nokon stad, heller ikkje forledd som Femtoms-, Sekstoms- eller for den del Åtte-, Ni- eller Titoms- gir treff hos Kart­verket, Sjutomstjenna alias Skydomtjenna er og blir ei einstaka namnelaging, og vi finn heller ikkje noko sørsamisk ord som med same tyding som «tusenbrør».

Kvifor vart ikkje namnet kun Abbortjenna eller evt. noko på sørsam. sïhtege «abbor»? Årsaka kan vere at det ikkje er tale om matsøkande fisk, berre om jamstor småfisk som ofte kan gå i stim i ei og same tjønn, for ein hofisk på 1 kg kan legge opptil 200000 egg. Tjønna blir då ikkje berre eit oppvekstområde for abbor, men er del av eit område som har stor artsrikdom med bl.a. fugleslag som trane, hugs også dette med molte. – Forleddet sjydem-, sjudem- (omtolka til sjutom-) «oppvekst-, vekse-» fortel kanskje nettopp det?