Brasen |'brās˜n| er eit stadnamn som går att fleire stader, langs kysten især: Brasen på Steine i Vestvågøy er ein tuveforma høg holme. Buplassen Brasen gnr. 3 i Røst ligg på ein 4-5 m høg haug, på ei halvøy; leira Brasvågen attmed er oppgrunna no. Ikkje så ulik er Brasen ytst på eit nes ved Mårnessjøen, Gildeskål. Meir usikkert er opphavet til Brasen |''brās˜n| som namn på eit sund mellom Fløttingen og Ærøya i Træna, i dag fylt ut og omgjort til industriområde.

Men også ein plass Braserud under garden Gransbråten i Eidskog heitte Brasen før: Det er tett ved svenskegrensen. Naturleg er å sjå etter ein tilsvarande formasjon i landskapet i dette tilfellet med, og då er Braserudknatten den som peikar seg ut, men for å få fullgodt inntrykk av korleis ein av desse mange brasane ser ut kan vi oppsøke Brashamna (kvensk Praashamina) i Kjøfjorden i Sør-Varanger, som har ein kvalbak-likande bergformasjon:

       

Brasholmen midt i Brashamna – kvænsk Praashamina – i Sør-Varanger. Foto: Knut Pettersen.


Brashamna med gamle tufter var også pomorhamn. Rikshistorisk interessant framfor noko er at sommaren 1825 møttest norske og russiske militære utsendingar på denne staden og laga utkastet til avtale om korleis grensene i fellesterritoriet dei to landa imellom skulle dragast. Avtalen vart traktatfesta i St. Petersburg i mai året etter. 

Naturleg er å sjå på korleis framtoninga til andre norske brase-lokalitetar er:  Brasøya i Herøy på Helgeland har ein langvoren og avrunda, låg haug som liknar den i Brashamna, og like «moderat» avrunding har Braseberget i Eigersund og Braseberg i Valle i Setesdal, endå dei elles er langt meir ruvande enn dei før nemnde lokalitetane. – I Brasdalen i Kvinesdal, omtrent midt mellom Brasdalsenden og Brasdalstjødn, ligg det ein åshump som har tilsvarande form. Korleis namnebakgrunnen for dei umåteleg ville Brasråstindan i Flakstad i Lofoten kan vere, veit vi førebels ikkje. Derimot må nok Brasfet i Ullensvang og Brasfetåi i Vinje forståast sekundært til den slakt runda Bras­fetnuten midt mellom dei to bygdene – primært *Brasen i det tilfellet og, kan hende? 

Så langt om formene til brase-lokalitetane, men kva med det reint språklege? Merk at  brase m «stor hop, mengd» er kjent frå Vinger i Hedmark (NO 1: 876). Ettersom det synonyme «dunge» er eit velkjent stadnamn-element, har vi vel her innfallsporten for ei sannsynleg tolking av desse namna, endå det er lite å finne i andre ordbøker.   


Brulten |'bruhᶅƫ'| heiter gnr. 34 i Hamarøy; det er eit særmerkt og dunkelt namn. Dei eldste skriveformene, frå 1600-talet, går ut på Bruttle og Brutle, seinare blir dette til Brutlie(n). Rygh sette namnet i samband med brutla v «larme, rasle» og brutl n «svag Larm», eller alternativt brutl m = brutull «sterk og uvorren Arbeider». Dette er ein av dei gongene då vi opplever ei gardsnamntolking som lite opplysande, at ho lite seier.Brulten ligg på ein haug med noko myr omkring, eller rettare sagt er ein haug, noko bratt i sørenden, men slakare mot nord, der ein veg kryssar bekken som er skilet mot nabogarden Kulen (Kulvedslett). Legg vi no til grunn at ferdsla frå gammalt har følgt dette vegfaret, som går over sletta i nordenden av haugen, kan det ikkje vere så dristig å tru at Brulten må vere ei samandregen (kontrahert) form av *Bruholten. Noko meir uvisst er om 1600-talsformene kjem av ein eldre ubunden dativ *Brúholti.

Dette er ikkje eit eineståande namnetilfelle: Bulthågen på sjølve Meløya i Meløy kommune er nok resultatet av ei tilsvarande samandraging av *Buholthågen. Eit namnetilfelle av same slag er Sjøholt i Ørskog på Sunnmøre – skrive af Sjǫltum alt i gammalnorsk og tradisjonelt uttalt både Sjølt og Sjålt, i bygdemålet. Gammalsvensk Stenhulta og Tolghhulta har på tilsvarande vis (stavings-bortfall) utvikla seg til Stenta og Tålta1. Eit gardsnamn som kunne ha utvikla seg i same lei er Brøholt i Hobøl i Østfold, hist­orisk *Breið- eller *Breiðaholt, det lyder i dag brø:hølt2, men vart ikkje til *brølt. Ordet holt m i tydinga “steinut bakke, trelaus høgd” finst i stadnamn dei fleste stader i Nordland. Forma holter m er avgrensa til Andøya medan fleirtalsforma Holtran uttalt med tonelag 2 er noko meir utbreidd, vanlegast er likevel Holtan med same tonelag, i spontan uttale. Folk kan likevel kjenne seg usikre på tonelaget i denne fleir­talsforma, for i normalspråk er holt inkjekjønnsord, det skulle i samsvar med vanlege uttalereglar gje tonelag 1 i fleirtal.     

Fotnotar 

1  Opplyst av Thorsten Anderson, jfr. Svante Strandberg, Namn och Bygd b. 60 (1972) s. 142.    

2  Kåre      Hoel, «Bustadnavn i Østfold» b. 1 s. 18.