Forkortingar å merke seg:

bnr. = bruksnummer, fi. = finsk, gno. = gammalnorsk, dss norr(ønt), gnr. = gardsnummer, Lehnw. = Nordische Lehnwörter im Lappischen, ls = lulesamisk, vidare NG = Norske Gaardnavne, NO = Norsk Ordbok (12 bind), ns = nordsamisk, oslo = Ordbok till Sveriges lapska ortnamn, Qv (J. Qvigstad) = De lappiske appellative stedsnavn, sks = skoltesamisk, ss = sørsamisk.

Denne artikkelen om samiske namn i Rogaland går ikkje inn på stadnamn av typen Finnvik, Finnøy eller Finna-land, Finnasand, Finnastad, gardsnamn som talar sitt tydelege språk om etnisitet, men er klart ikkje-samiske: Norsk namneforsking har tradisjon for å bortforklare og ignorere slike. Her kan det m.a. vere nyttig å lese Leiv Olsens arbeid frå 2010, 'Sørsamisk historie i nytt lys'. 

Forsøka på å finne plausible namnetolkingar baserer seg ikkje på teoriar av geografisk eller kronologisk art, det vil komme yngre folk til som tar opp den problematikken, seinare, men lat det vere understreka at når sørsamane etter dagens oppfatning vart isolerte frå andre samiske grupper rundt 600 e.Kr., kan ikkje ordtilfanget i dagens sørsamisk vere ein påliteleg fasit.

Korkje i Rogaland eller andre landsdelar bør ein la seg forvirre av at presumptivt samiske toponym samsvarar med det ein finn i lule- og nordsamisk, medan ein ofte leitar fåfengt i sørsamisk ordtilfang som er blitt forarma pga. geografisk isolasjon. Like fullt kjem det opp talrike innslag av sørsamisk art, og fordelinga av 'sørlege' og 'nordlege' former vil nok bli studert meir systematisk når det er oppnådd aksept for dei samiske innslag i sørnorsk stadnamnflora. 

Det kan elles verke forvirrande at toponym som synest vere klart sørsamiske, er å finne både i nord og i sør, så som speanjoe, berg-helle, hallande glatt bergflate' og vihket 'straum', i Nordland vihkje, i sør fornorska til veka, likevel med historiske skriveformer på i. – Bygdenamnet Vike­dal kjem òg inn her.

I denne samanhengen kan òg nemnast at der Qvigstad rakk å notere somme samiske namn før samisk talemål i Vesterålen forsvann, noterte han bl.a. fleirtalsformer av mange gardsnamn som ender på vokal (dei ender ikkje på -at eller -ak). Han markerer ingen utlydande h-lyd i slike tilfelle, men det ligg nær å tru at ein må forstå hans noteringar i den lei. T.d. blir kommunenamnet Bø i nord offisielt normert til nordsam. Bievát no, medan Qvigstad berre noterte ei fleirtalsform Bievā.

Interessant er eit fenomen som ikkje er funne omtala i litteraturen om sørsamisk, men som finst overraskande formulert i Harald Grundströms "Lulelapsk ordbok" på s. 71, under oppslag med forbokstav h-: "h har i denna ordbok ingen betydelse for ordens alfabetiska följd .... Ord som börja på h få därför sökas under närmast följande vokal, t.ex. hāllatā, hiellē på i, hǡllat på å osv." (s 71). Det er unikt for ordboka hans, men sjølve fenomenet er langtfrå ukjent i andre greiner av samisk.

Sørsamisk har hȧbmače "liten fjell-rabb", men variantar av sjølve grunnordet hammar er både abmer, ammer, ȧmmer, og i fornorska namn Emmer-. Gammaldags er ad'no om stor jordfast stein, dette synest å opptre som hano og hana i stadnamn. – Sørsamisk anghkele "lite høgdedrag" med variantar på aŋkal og ȧŋkȧlɛ blir veldig ofte til Handkle- nordpå, men i aust er det helst Ankel- og Ankaltrud; i Hjelmeland har ordet blitt forvanska i HannkaddlavikjåVi kan og ta med aarege "steinut område, urd", som terrengmessig gir ei særs truverdig tolking av gardsnamnet Hærigstad i Varhaug og i Time, men visst går på meir solid steinut undergrunn i høgde-namn som Ergan i Lindesnes og i Hustadvika. 

Same fenomen, dvs. med framlyd H- kontra bortfall av same lyd, viser namna Hobberstad kontra Obrestad som terrengmessig er i beste samsvar med sørsam. hååhpere og hååhperahke "bratt", som rett nok berre er ei predikativ form. Det kan òg heite haahparahke: Her er linken til Habbarstad i Eidsvoll og i Ullensvang tydeleg. 

Eit anna framlyds-fenomen skal også nemnast: Det er i og for seg godt kjent at t.d. personnamn som Kristina og Knut blir til Ristin og Nuhtti i nord- og lulesamisk - for her kan n og r i framlyd ikkje ha ein annan konsonant framfor seg. Slik er det ikkje i sørsamisk, der ein vil finne ganske uventa framlydvariantar: Dyret frosk heiter både fråske og trooske, fuglen jerpe heiter både brórke og frórke (Hass.: brurge, frurge). Det ser også ut til at når Traste- og især Trosterud går att som namn på gardar i overgangen mellom dei gamle bygdelag på Austlandet, kjem det av det sørsam. raaste 'skil, grense' er blitt kopla til fuglenamnet trost alias eller traste. Men apropos fugl, ein nordlending som etter språkleg sedvane kallar kråka med samisk namn karia eller ho kari og hermar hennes daglegtale kra-kra, han må nærmast drage den slutning at ho berre kan gale på sørsamisk?

Fleip til sies, det er usikkert kor stort rom 'frie framlyds-former' som brórke og frórke har i sørsamisk. Forleddet i namnet Frøkjedalen i både Jelsa og Tysnes er tydelegvis sørsam. ruhtjie 'trong djup dal', så ein aner ei eldre form *pruhtjie her. Bruksnamnet Primstad i Varhaug har til førsteledd kan hende ein sørleg variant av riepme 'ett grundare, stridare ställe i en älv' (oslo 176), eit innlån av gno. brim?

Talrike gardsnamn i Rogaland som ender på -stad i skrift får unikt avkorta uttale, så som auest for Auestad (áu'ju område ved vatn, 'øy' i utvida tyding), vidare båddlest for Bollestad (attmed pollen Edlandsvatnet), fjærmest for Fjermestad (vyjreme skred), friest for Fristad (prijrie temmeleg bratt skogli), i eitt tilfelle fåglest for Fuglestad (<vuelege ner-, neder-), garpest for Garpestad (garhpe: uslett lende), godmest for Gudmestad (jamfør nordsam. guohtum 'beite' lik sørsam. gåatome?) Vidare  håbbørst for Hobber­stad, åbrøst for Obrestad, alt nemnt, og så hågnest for Hognestad og hårpest for Horpestad (nær trong-stader mellom Horpestad-, Erga- og Orrevatnet). Ein finn òg påddlest for Pollestad (nær eit uttørka vatn), rimest for Rime­stad (venteleg riepme <stryk i Hå-åna), særikst for Serikstad (jf sïerkestahke vidjekratt), Vigre og Vigrestad) (av vietjere: hammar), ævest for Ævestad (frå aevjie: fin eng på kåtetomt el. i tidlegare reingjerde), ånest for Ånestad, årrest for Årrestad (årre kan hende = hårro om ei rauka av stein, eller om ein varde).

Kjerneområdet for desse avkorta uttaleformene er Ogna, Nærbø, Varhaug, Klepp og Time, og det kan minne om ei ganske så lik avkorting i bøyinga av sørsamiske ord på -stahke, som får kortform -steh, då især som sisteledd i land­skapsord. Ja der går det faktisk eit hakk lenger av di trykklett -steh lyder -sth: snorrestahke 'område under fjellet med kun bjørkeris' blir snorresth, og sorrestahke 'tjukk skog (særleg lauvskog)' blir sorrest eller sorost. Vidare kan nemnast  stråmhpoe 'busk, kjerr' som inngår i sms. stromhpestahke 'busk el. kjerrbeltet (nedanfor snaufjellet', forkorta til strompesth. Med fare for å bli mistrudd skal nemnast at strompesteh synest inngå i ei klart omtolka namnelaging 'Stompestein-ra' to stader i Bjørnskinn sokn på Andøya der det var låge kjerrar, men ingen steinar. Vidare er det fint liten tvil om at namnet Serikstad i Time inneheld eit *sierkesth av sïerkestahke, sierkestahke 'vidjekjerr', jf sierke 'vidje'.  

Gardsnamna øuest, hærigst, håbberst, vigrest, ævest og åbrøst må visst vere skorne over same lest, endå desse ikkje går på vegetasjonen. Det er heile vegen tale om suffikset -stahke, som i sørsamisk bl.a. tyder 'område med': dvs. forsynt med det som førsteleddet nemner. – Så vidt kjent blir aldri -stahke (pl. -stahkh) nokon gong dregen inn i drøftinga av norrøne gardsnamn på -staðir.

Omvendt er det så at sørsamisk heajme, hïejme 'heim' så vel som laante om 'land, jord, område' er kjente innlån frå nordisk. Ordet er produktivt nok i rogalandske gards-namn som burde vere heilt norske, men kunnskapen om innlån i samisk får den konsekvens at der gardsnamn på -heim, -land eller -stad har uklart førsteledd kan ein ikkje vite sikkert om namnet kom til på norrøn tunge eller vart laga av ei anna folkegruppe som lånte slike gardsnamn-termar og skapte eigne hybrid-namn. 

I drøftinga av gardsnamnet Sæveim på Finnøy la Oluf Rygh sjølv­sagt norrønt språk til grunn; han gjetta på at det låg ei fleirtalsform sæva- i gen. flt. til grunn, men fleirtalsform gav ikkje meining med mindre han drog inn to vatn i nærleiken – i staden for havet/sjøen! I tillegget bak i Rogalands-bindet tyr han derfor til plantenamnet sev = siv! Det intrikate er berre at sæv og sæva i sør- og lulesamisk blir nytta om havet, sjøen, og dermed kan det stemme godt nok som Rygh fann å måtte forkaste 'at Sæveim var den ældste og oprindelig eneste Gaard her sydvestlig på Øen, og at den havde faaet Navn af, at den laa længst ud mod den aabne Hovedfjord'.  

Innanfor det same området der -stad blir forkorta til -st blir pussig nok sisteleddet -heim redusert til -ei, i assei, grødei, kvassei, malmei, njærei, norei, særei, stabnei, særei, tjæssei, tunei, tådn­ei, unnei. Til norske namn å vere er dette påfallande, og ikkje mindre i samisk, der heim er eit utbreidd lånord som ikkje blir traktert på same vis. 

Heimnes i Jelsa blir skrive Hebnes og uttala hibnes, trass i sikre skriveformer Heimnes to gonger på 1280-talet, men á Hæifnesi 1303. Hebnes i Skudesnes blir kalla for  hibbnes og hivvnes, men blir skrive Hemnes no, endå dei historiske skriveformer er veldig sprikande. 

Kva knyter slike lausendar i hop? Under største tvil skal nemnast noko Knut Bergsland har understreka: Det er typisk 'nordlig' med b i staden for m, i slutten av ord og i visse konsonantsamband i innlyd. I vår samanheng lyder dette fullstendig bakvendt, med mindre formene med m er dei yngste både i nord og sør? Det spørst jo òg om kjennarar av Rogalands-mål kan ha betre forklaringar.

Vi går med dette over til ein alfabetisk ordna omtale av dei gardsnamna i Rogaland som inneheld presumptivt samiske innslag. Viktig er at evt. innlån frå samisk heilt naturleg fekk ei tilpassa norrøn bøying i ettertid, derfor har utlydsvokalen i namn i denne kategorien ikkje så stor interesse som ein kanskje ville tru.

Asbjørnhaug i Skjold har liten, men veldig markert rund topp, og  det finst mange Asbjørn-namn som liknar, dvs. forleddet er ei sikker forvansking av sørsam. aesie 'skog-kledd ås' + bavnè, båvnè, bovnè snau åstopp, eigentleg 'tuve'. Aspòn- og Aspun- i andre stadnamn er m.a. ord litt rettare enn enn der asbaun er blitt mistydd 'Asbjørn'. Jf elles at Asbjørnnosi ligg ved Finnabøle i Sogn, mens Asbjørnåsen i Sarpsborg er eit døme på renotasjon, dvs. eit ord som er førsteledd blir også hengt på som forklaring til slutt. – Gardsnamnet Asseim, ikkje Åsheim, finst fl.st. i Rogaland, så som i Bjerkreim, Høyland og Hjelmeland. Vi kan dessuten jamføre Asseim og Asbjørn-namn med tjønnnamnet Assuren dvs. 'åsvatnet' i Nordre Follo litt sør for Oslo.

Barkeland i Jelsa ligg slik til at sørsam.  baerehke 'bakke med sol' gir god meining.

Beiarlund |-lonn| heiter ei hei i Sokndal med litt kratt, sekundære namn er Beiarlundtjønna og den ruvande Beiarlundsknuten. Opphavleg namn på fjellet var helst biejjievaerie 'dagfjellet, morrafjellet', medan lund er den sørsamiske postposisjonen luvnie = attmed, dvs. heia og tjønna ligg attmed fjellet. – Gjegnalund i Bremanger ligg nord-under fjellet der Gjegnalunds-breen er/var, og opphavleg namn der var helst jiekŋa-luvnie, og i så fall svarar det post-posisjonsnamnet til pre-posisjonsnamnet pund Isen frå Ankenes i Ofoten.

Bersagel i Høle har ein langsgåande bein bergkant. Det er tale om sørsam. aagkele 'mellomgolv' eller megarden som det heiter under slakting av dyr. Same ordet har vi i Agle og Aglen i Trøndelag, og forvanska i Akersvatnet i Rana og dess meir i Rævatal i Tønsberg.

Bæreimsnuten ligg på Bæreim i Høyland, og sørsam. låneform av berg er bïerje. Rygh utstyrer namnet Bæreim med utropsteikn, men det skulle der ikkje vere grunn til å gjere lenger.

Bleskestad |blæᶊᶊestai Suldal er flatlendt: jf sørsam. plïehtje flat.

Bokn er øynamn: sørsambohtjenimmie = ruthjenimmie står for eit trongt landskap der ei elv renn kvitt. Her vil det i staden vere naturleg å knyte kortforma *bohtjen til den ovtronge Sunnalands­straumen, ein integrert del av øya og temmeleg elve-liknande.

Elgan ligg i Varhaug, Elgjestraum i Sokndal blir skrive med forledd Elle-1567, 1610, 1616. Landskapet begge stader samsvarar begge stader godt med sørsam. aallije 'hellar, hallar', det er ikkje tale om dyret elg. 

Ferkingstad lyder, trass i den tradisjonelle skrivemåten, Fertingstad uttalerett. Fertingstadskogen er tett innom, merk derfor sør­sam. viertedh v. felle, hogge ned tre.

Fiveland i Sauda lar seg enklast forklare med viel've slett og brei grasgrodd skråning, her med -l-bortfall, det stemmer topografisk.

Fjetland i Jelsa går tilbake på sørsam. vïedtere bratt lende, bratt bakkefall, skråning mot elv etc, jf  Fjetterstad i Steigen. Forkorting fjetter- til fjett i fjetland sitt tilfelle kom då av at fjetter- likna eit norrønt hankjønnsord med nominativs -r, og denne fall bort i ny sms. med -land, så Fjetland og ikkje Fjetterland vart resultatet.

Fylkesneset på Bømlo er ein gard med låglendte, lange teigar ml. berga, og interessant er at ein gard på Vestre Toten som i mellom-norsk tid heitte Fylkeshaug, seinare vart til |fliksau| eller |fleksau|, i skrift Flikkeshaug.

På Karmøy ligg garden Flekshammar ved den ganske vide Lysemyra mens Flekstad i flg. Rygh er namn på ei stor myr inne på Rennesøya. Merk også gardsnamnet Flekstad i Steinkjer), likeins Flesaker i Øvre Eiker og i Ringsaker. 

Eit sørsamisk ord for låg­lendt, lågtliggande' er vuelehks: Uttaletrykk på 1. staving gir tilnærma uttale ful(e)hkes oppfatta som Fylkes-, medan uttaletrykk på 2. staving gir fu(e)leks-: Hugs ò at norrøn y hadde ein lydverdi nær u før mellomalderens framdraging av vokalane skjedde. Det kan verke som om ei nærslekta form har ført til til namnet Føljesvoll i Jelsa.

Fuglestad i Bjerkreim og Ogna kan vi naturleg knyte til sørsamvuelie(-): neder-, ner-. Hugs at fūl er velkjent utt. av norsk fugl.

på Finnøy er å forstå som sørsam. fååhper lik stup, brattheng:  Merk Fåholmen og især Fåhaugen og det stupbratte Fåfeltet: fååhper vart truleg oppfatta som eit gno hankjønnsord i nominativ, slik at nominativs r fall ut i ny sms. Bygdenamnet Fåberg ved Lillehammer er visst å forstå på liknande måte.

Garpestad i Time går på sørsamgarhpe trong bergkløft eller lite framkjømt lende elles.

Gaudland i Sokndal ligg ved Gaudlandstjønna i eit rundt og stort  myrsøkk; framifrå meining gir nordsam. guovda 'fuktig grasgrodd stad i skogen'. Ordet fanst vel eingong i sørsamisk med.

Gjermestad i Eigersund fortel om njærama dvs 'grunt elveparti', utlagt som 'ställe i bäck där den rinner i flere rännilar och bottnen är fylld med sandbankar; bäcken bred och grund, vattnet för litet för att täcka bottnen'. 

Gjesdal har tronge parti, jf. sørsam. giedtsies smal, lule-sam. giehttse(s), nordsam. geazzi, geahsse, geacces.

Gjessfjell i Årdal (også stava Geisfjell) finst i skriveformer som Giesfieldt 1563 + 1602, Geßffield 1606, Giøsfield 1610, Giesfield 1661. Truleg var det eit glt. sommarland, jf sørsam. giesie 'sommar' + Malå-samisk giessè-häib'ma 'sommar-heim', vel same ord som Jessheim?

Gjestaland med Gjesthammaren kan ein, på grunn av den form hammaren har,knyte til lulesam. kiestō eller òg kiesta  'bunt av tågvirke, som lagts ihop i flera varv och bundits om på mitten i form av en åtta', dvs. ei tau- eller snørehespe ihopsnørt på midten.

Goa i Hetland har eit landskap der kuođo "vattenpuss med starrgräs = kuouta passar framifrå, jf dei historiske skriveformer Gwda 1414, Gudha 1419, Gwedha 1435 og Gudda 1449, men på 1500-talet får vi  Goda o.l. 

Guggdal i Suldal røper gugje = gudje 'hugget el. naturlig Aabning i Skov, Krat el. Græs', så vel som 'Gade, hugget Aabning for Baad i Is'. Dette i flg. Friis' ordbok.

Gursli Lund

Gya  ss gyvjehke (attr. gyvjeh); gyövjehke, gïevjekhe (attr. geevjes) overmåte snar, som løper fort ....

Hjorteland i Suldal er skrive Hiorteland, frå 1610, men uttalen er kjortland. Ordet går på tjårhtoe fjelltopp. Eit anna ord er nok lulesam. kier'to "avsats i fjellside", sml Kjertåsen i Eigersund.

Imsland: I flg. Alf Torp i Nyn. etym. orbok er ims brukt i tydinga ufs = takskjegg i Sogn, utan nærmare forklaring. Men gno. ups er jo både "nedre kant av hustak" – pund ofsen heiter det på Andøya om gjenstand som ligg slik til – så vel som "fall i bergside", og det er veldig relevant for terrenget på Imsland. Men bindinga mellom ups og ims er noko uklar. 

Jelsa er skrive som Jalsa o.l. både på 1200-, 1300- og 1400-talet. Til grunn ligg nok sørsam. jallese 'mot vest', som gir svært tilfredsstillande meining.

Jonepytten er ei todelt lita tjønn på Finnaland i Vikedal <lulesam. <juovnna 'mellomrom', men lenger nord også 'Durchfahrtsstelle', så vel som 'naturleg veg el. passasje (gjennom skog, urd, eller for båt i ei elv'.

Judaberg bnr 26.8 Finnøy ligg i sjøkanten og står helst i samband med sørsam. juhtedh "flytte, nomadisere".

Jørmeland i Hjelmeland: Inga eldre skriveform her enn Jermeland år 1602. Det er fullt tenkeleg at forklaringa er som for Gjermestad i Eigersund, og at det her er tale om den grunne elva som frå Jørmelandsvatnet og vestover – gjennom Sandamyra – til Husstøl.

Jørpeland ligg innom Jørpelandsholmen, påfallande lik ei klubbe med beint skaft og rund hovud. Foreleddet er då det sørsamiske jorpe = jarpe 'avrunda, rund'.

Kaldakot i Tysvær ligg mellom talrike store berg, men der er òg kjeldebekkar, sørsam. gaaltije 'oppkomme'

Kalsheim på Nerstrand: Forleddet Kals- er deminutiv av eit ord som svarar til nordsam. galli, lulesam. gál'lo osv 'stor stein, blokk, berg, klippe', jf deminutivane kál'lutj, kál'lusj,  kallijaǯ i sks, es käl'leǯ), om blokkstein og berg).

Kaltveit i Hå kjem tydelegvis av sørsam. galoe, galove 'vadestad', ferdsel over elv

Kattaland i Klepp ligg frammed Orrevatnet i Klepp, Kattaland i Tysnes ligg derimot ved enden av ein lang og bein ås-kant. Begge namna går på sørsam. gaedtie 'strand, rand', likt nok nord­sam. gáddi i same tyding. I salt- og ferskvatn landet rundt finst ei mengd Kattenes.

Kingestad |''ᶄiŋjestad| i Hesby i Finnøy blir no skrive Kindingstad, men eldste skriveforma er Kingillstader år 1325. jf at sørsam. gïengeles vil seie 'djup', det har nok adresse til Kingelstadvågen. – I Grue på Austlandet ligg Kingelsrud i eit lågland ved Glomma.

Kyllingstad i Gjesdal < sørsam. tjuegkele steinut lende. I dette tilfelle saknar vi mellomliggande skriveformer på Kjukling, slike er vanlege nok i andre tilfelle der namnet i dag har eit forledd på Kylling-. Jf Kjuklinghaugen på Avaldsnes, som er heilt nedbygd i dag.

Kjørkeneset, Kyrkjeneset er eit utbreidd namn i Agder, Rogaland og lenger nord, og sjølvsagt Kjerkeneset. Med kvart kan det ha vore tale om kyrkjer og ferdsel knytt til slike, men elles er det stort sett tale om 'steinrike' stader, dvs. sørsam. girkie osv.

Kota |'kåda| er gardsnamn på Mosterøy og i Hjelmeland, der dei òg har sekundærnamna Kotaberget, Kotatjønna og Kotavågen. For begge gardane finst talrike historiske skriveformer på Kotte, jf sørsam. gåetie, lulesam. gåatte, nordsam. goahti. Kota-namnet førekjem ofte i 'Norske Gaardnavne', men avslørande nok blir det – når det er tale om sørnorske namn – vist til ordet kott medan det samiske kåte er ikkje-eksisterande.

Lode |''lōde| i Nærbø ligg attmed Lodetjønna, eit vassfylt lite søkk. Nemnt er også gardsnamnet Lote i Gloppen, no i Stad komm., med husa liggande i ei slak innkuving på stranda, slik det også er i Lote i Ullensvang. Oppført sørleg sørsamisk form er låetie "kvelv, grasgrodd dalsøkk mellom høgder eller fjell", Bjørn Collinder har skriveform loate "grund dalsänka" (oslo 118), mens Qvigstad fører opp lǫǫte, det òg etter Collinder, heimfesta Herjedalen og nytta om nisje, "oben durch einen steilen Abhang abgesperrtes Tälchen im Hochgebirge". Ordet synest å vere avgrensa til sørsamisk.

Lómeland i Helleland og Gjesdal går på sørsamluemie = låemie liten dal, senkning, i nordsamisk loapmu og loapmi "mellomrom (i en klippe)", i lulesam. låabme (Korhonen). I Helleland ligg det føre skriveformer frå 1500- og 1600-talet som tyder på ein uttale |lume-| då. 

Matnisdal i Ogna er også skrive Matningsdal, eigentleg visstnok *maadtingsdal av di sørsam. maadtege står for 'fjell-fot, pass'": Begge delar høver framifrå.

Mokseim i Tavastad: Det går tett i tett med gangstigar innover til Moksheimskogen og vatnet tett attmed, så Moks- kan godt vere ei lett lydendra form av eit ord for snarveg som i lulesamisk er skrive både måtso og måzo, også forklart som 'tvers over'.

Nag i Strand ligg oppfor Nagavika: Terrengmessig fell det naturleg å sette namnet i samband med nordsam. njaga 'skrånande'.

Navrestad i Lund: Skriveformer frå 1500-åra og seinare er ustøe og indikerer skiftesvis forledd Navre- el. Narve-, men realt passar sørsam. njeeruve (les ee som ææ) 'tørr-lendt og grasgrodd, skrånande voll' , også definert som 'hårdvall, jämn terräng, erkannerligen i fjällen, med (mer eller mindre sparsam) gräsväxt'. Kortare sagt: 'natureng, tørr grasvoll, trelaus slette' (Qv 637, oslo 139). 

Nising, ein gard i Vindafjord, ligg ved eit nes som har særmerkt form: Det kan knapt vere tale om noko anna enn sørsam. njïtsege "buksebein".

Njå i Time ligg oppå ein slak unnabakke, sørsam. njoeje lik njåjå etc (Qv nr 641).

Noreim i Tysvær ligg ved eit trengsel i Førlandsfjorden og Noreim i Tarvastad ligg ved Salhusstraumen, Norei i Sjernarøy tilsvarande ved Fårasundet. Norei i Time ligg nær Frøylandsvatnet, der er det kanskje såleis at land-heving har gjort seg gjeldande. – Nordsam. nuorri tyder 'sund' medan lulesam. nuorre står for 'hav, stor innsjø'.

Nærland  i Hå og Finnøy ligg det nær nok å tolke ut frå nordsam. njárga, lulesam. njárgga nes, odde, utstikk.

Nådå |'nå:då| i Hesby på Finnøy synest ligge vel så nær nordsam. njoaiddu "langslut skråning" som noterte sørsamiske variantar på njåitā, njåitȧ (Qv nr 641).

Oftedalsdalen (Karmøy) er eit pussig namn, men fleire stadnamn på Agder indikerer at forledd Ofte- er sørsam. åvte=avte 'forende, fram-ende', såleis er Oftedal i Sirdal langt meir eit nes enn ein dal.

Ogna: nordsam. oaggut er å tøyme, fiske med stong. Forma oaggun er nomen actionis, sjølve handlinga, så Ogna går sikkert nok på fiske i Ognaelva, jf at Ogna også er elvenamn i Steinkjer. Ognaneset i Sveio og øy-namnet Ogna i Bokn kan truleg òg forståast i på det vis, men det er enn så lenge eit ope spørsmål..

Ramsland i Helleland har særs uslett terreng, noko som minner om nordsam. ramšku just om den sort landskap.

Relstad på Finnøy har talrike haugar og humpar med opningar seg imellom: Forleddet svarar til nordsam. ráiggil 'holut' i kontrahert  form, slik det òg har skjedd med Reløya i Lurøy, medan slik avkortinga har uteblitt i gardsnamnet Røgelstad |''røjel-| i Hjelmeland, som frå 1500-talet og utetter vart skrive både Regel-, Røgiil- og Ryggel-. Forleddet i Rægeland i Sokndal inneheld sjølve grunnordet, nordsam. ráigi 'hol' = sørsam. raejkie.

Riska i Hetland kan ha ein parallell i nordsamisk reaska 'bøygd el. avrunda fram- el. sidestykke på ting'. Det kan høve både for Håtangen like utanfor, og for Riskefjell i Valle i Setesdal og landskapet i Riskadal i Hjelmeland.

Romsaland i Tysvær ligg jamsides garden Straum: Merk Romsa som nordsamisk form av by- og fylkesnamnet Troms, frå førstan tid namn på Tromsøya: 'Vi va i land på Troms', sa nordlands­fiskarane før i tida.

Sakkastad i Haugesund skrivst Sokke- fl ggr kring 1600, seinare Sache-, Sacke-. Førsteleddet er sørsam. tsåaka = tsåekie: grunne. Tett nordom den vika ligg Djupastø.

Sikvaland Time <sørsam tsiehkie hakk, skåre. + vaerie fjell, jf Skorefjellet tett ved Indre Sikvaland og åsen Ciehkoaivi i Vadsø,  Sikerød i Aremark og Sikkebøl i Enebakk.

Sira (= Utsira): gno. form av det refleksive pronomenet "seg" og "sin" var sik og sín, og dativforma sér var helst brukt adverbialt: "for seg sjølv, særskilt" (også vi brukar ordet især). Dette går igjen i nord- og lulesamisk bruk av same ord, sierra "särskilt, för, sig, avsides", som tydeleg nok står i samband med sørsam. sjïere "særskilt, for seg", og det gjeld så klart for Sira lik Utsira. 

Skas (Skaseim) i Klepp: "Ved et større Vand ('skasvatne), hvoraf nu efter Udtapning kun Rester ere tilbage. Intet analogt Navn uden Sønavnet Skasen i Grue". 

Sjøen Skasen i Kongsvinger rekk heilt frå Skasdammen i sør til Skasenden under det høge Skasberget i nord. I flg. Friis' ordbok er skaccem = gaccem '(menneske)nakke, lulesam. gahtsem. Ei slik namnetolking passar også for Skastad med Mannaberg i Haugesund. Gacce-ráigi = Skacce-ráigi heiter også eit dalføre frå Dåfjordbotn til vestsida av Ringvassøya (Qv Tr: 72).

Skimleim, Skimling  Jelsa

ls tjipma "böjning, krumning uppåt".

čimat, -maha, s. secundos de fundo asser vel regula in traho Lapponica, andet Bord eller List i Pulken fra Bunden af. čimer, čibmar, s. ora posterior laminae cultri, Bagen paa Knivsblad (= šimer).

čibma, čima, s. curvatura ascendens schidiarum, carinae simil, Bøining el. Krumning (opad) paa Ski, Kjøl etc. čibma-muorra s. id.

čib'mai (uf.), attr.  čib'mas ~ cib'mii (uf.), attr.  čib'mis P --- / som har sterk bøing, krumning opad (ski,sledemei etc.)

Qv 560 læbbō (Vfs. alm.), (Vfs. også) slæbbō, vasspytt, vasspøite; (La 3328, Snå.) leæppa, See ohne Zu- und Abfluss; (La. 7401, Snå.) šleæppuo, kleiner See. Jfr. (Arj.) slæbbō ell. liebba, et lite dy (en liten sump).

Sola: O. Rygh understrekar at "Gaarden ligger paa den rundagtige, fladtrykte Høining mellem Hafsfjorden og den fra Havet indgaa­­ende Sole-Bugt". Det er då tale om øy i utvida tyding, velkjent frå  samisk som namn også på naturleg avgrensa og frittliggande fjell.  Det passar blant anna godt for Sollandshaugen på Solland i Jelsa.

Soma i Høyland kan forståast som suolmȧht 'overgang, pass', notert frå Vefsn av Lagercrantz , skrivemåten litt annleis hos Hasselbrink og  Bergs­land. På Soma går vel namnet på gammal passasje over myra. Lydse­kvensen suolma- med diftong uo + konsonantsamband lm) er overlang, så her har l falle ut, liksom i namnet Fiveland.  

Sòppaland i Årdal, før Suppe-: Best passar nordsam. suohpa grunt elveparti, stad der folk og dyr kan sleppe over, noko ulikt lulesam. suoppa "snöbrygga (över bäck)", men ettersom namnet tidleg på 1500-talet også er skrive Suppe-, kan heller ikkje sørsam. suvhpie "osp, asp" vere unemnt. 

Sporaland alias Spåraland i Høyland, skrive Spurgeland 1610 og 1616. Landskapet passar med spuarjah-laante 'skoglaust, snautt land'.   

Svålestad låg i Helleland, no i Eigersund, ved det utvida vassfaret Langhølen med Hestvikhølen + Hopstadhølen + Stokkurdhølen attåt. Dagens uttale er til lita hjelp, men skriveformene Swaelstad, Suaellstadt og især Suanulstad frå 1500-talet avslører eit samband med suovan > suoval som sørleg variant av savu = savun "stillelv-parti, høl". Jamfør Son (Soon) <suvvun i Akershus, sikkert nok frå først namn på det som no heiter Hølen og som før var særskilt hd.

Overgangen suovan > suoval er lik den som skjedd med norrøne ord som himinn og jǫtunn til himmel og jøtul. Ei tilsvarande om­skapt form er seval-, i første rekke kjent frå Austlandet, men og frå Sevalstad i Evanger på Voss, der om ei utviding av Teigdalselvi. 

Sørrestad som gardsnamn i Suldal er skrive Sørgestad store delar av 1600-talet og kjem av suorri = suorgi om elveforgreining. Å skrive gardsnamnet som 'Sørestad' har ingen ting for seg.  

Tau i Strand opptrer i historiske skriveformer Taufuer, Taugir, Thawgh. Taugbøl i Sør-Odal ligg ved ein stor bøyg i Glomma, og  Taugland i Ullensaker ligg tett ved talrike elvesvingar, og nedst i Taugåni i Vaksdal er òg ein stor bøyg, mens Dauen er namnet på ein bogeforma fjellkant i Tingvoll. Daugeman-novi i Luster ligg for sin del øvst på ei bogeforma aksel. Nordsamisk har dávgi om 'boge, bue', og pilboge heiter på sørsam. davhkese. Karakteristisk for Tau er nemleg at strandlinja inn mot Krossvatnet går i ein stor boge.

Time kjem av sørsam. *tjiemie, tsiemie, jf tsiemien el. tsimiembåetedh 'komme der det er lågast, så ingen ser det, lure seg fram, åle seg fram der det er lågast', brukt i ei rekke uttrykk om rovdyr som ulv og jerv. Lågpunktet er i dette tilfellet mellom Øvra og Nedra Time.

Tjelta i Håland har to-tre runde bergknollar, jf sørsam. tjåalhte 'knaus' og nordsam. 'čoaltu' klump, men også åsen Čolti i Kautokeino.

Tjessem heiter ein gard i Høyland medan Tjøssem ligg i Strand. Begge stadene er det både pga. landskapet og eldre skriveformer naturleg å tenke på lulesam. tjar'sa 'senkning, søkk' (oslo: 222) med assimilasjon rs > ss.

Tjora i Håland er ein gard tett ved Kongshaug, som er avrunda. Svært lik er forma på høgda Tjåres i Jokkmokk, der lulesam. tjårro 'ryggformig upphöjning, bergrygg, ås' ligg til grunn. Det forventa sørsamisk motstykket skulle eigentleg vere tjarrá (oslo 227).

Tjul heiter ei øy og ein gard i Sjernarøy. Avleidde namn er Tjular-kjerringa, Tjularmyra, Tjularvika og Tjularåsen: Det siste gir oss nøkkel til forståing, for sørsam. tjuvvelge vil seie rygg reint anatomisk så vel som bergrygg, ås. Her har det skjedd samandraging i uttalen frå tjuvvelge via tjuvvel til tjul.

Toska heiter ei øy både i Bømlo og Alver. Begge stadene er der tronge sund med straum. Frå Meråker i Trøndelag noterte Lagercrantz sørsam. tuoččiɛ 'ruhige Strom­bahn' (Qv nr 212).

Ualand er gardsnamn i Heskestad, Ogna og Varhaug, og alle tre stadene er der elvar. Førsteleddet er fornorsking Uvva- av uvve, som vil seie straumdrag i elv (oslo 240 etc.) Uttalen av dette ordet burde lyde ovve i samisk, og den finst i enkelte namn på Agder og særleg i Telemark, men elles synest innlånet av namna til norsk å ha skjedd tidleg nok til at dei vart med i ein vanleg lydovergang lang o > lang u. Innslaget av termen i stadnamn er langt større enn i ordbøker, og uttalekontraksjonar gjorde at *Uvvevatn vart Uvatn/Uvann, og *Uvvedalen vart nokså ofte Udalen. Også Uåa for *Uvveåa finst. 

Ein slags 'tretrinnsrakett' er at *Uvvevassland i Øyslebø på Agder hadde skriveformer på1400-talet som røper at det heitte Uf-vatsland, men i dag er dette blitt Usland.

Ullestad |'udle-| er gardar i Hjelmeland og Årdal, Suldal har Ulladalen med elva Ulla, og nordafor Rogaland er gardsnamnet Ullaland å finne fl.st. J. Friis gamle ordbok nemner ulle i tydinga "Flom, Oversvømmelse", nordsam. ulli og lulesam. ulla står også for tidevann, fjære og flo, flomål. Det synest å opptre fleire stader på kysten i den siste tydinga, men i Rogaland kanskje kun i gardsnamnet Ulla­nes |uddla-| på Rennesøy.

Uskjo heiter ei øy i Hetland, der med sekundære namn Uskakalven, Uskaklubben, Uskasundet. Øya er lita, men har fleire langvorne tjønner, og det er ikkje urimeleg å tenke på namnelaging knytt til det nordsamiske verbet vuoččistit "å flyte ut, å væske" (om sår) – i dette tilfellet heller om utsiving av vatn i i større omfang enn forventa på ei lita øy? Overgangen av framlyd vu(o)- i samisk til framlyd u- i norrønt ville vere lydleg ordinær.

Vaggeli i Skjold daglegnamn bakkjen går for Wagelie 1723: Her ligg forleddet tett opp til sørsam. vaegkie 'brei dal, låglendt slette' (med litt gras), sml nordsam. vággi 'dalsenkning' eller 'liten dal ved sjø'.

Varne i Åkra på Karmøy er språkleg identisk med Varna som det historiske namn på Rygge sokn i Østfold og det sms. Varntresk i Hattfjelldal. Sørsam. vearnga, vïernge er 'skrentøvre kanten av skråning ned mot elv,, som går att i gardsnamnet Vernøya i Tysnes, i nesnamnet Vernet i Bremanger, Vernerberget i Eidsvoll, dertil Verningen og Vernings- og Verniksøya fl. st.

Viglesdalen i Hjelmeland har spesielle myrformasjonar som stemmer forbløffande med det sørsamiske verbet vïeglesjidh 'skjere ut som ei grop, lage utringing'.

Vormedal på Karmøy, Vormestrand i Suldal og fleire lokalitetar på Agder med same forledd heng tvillaust i hop med sørsam. voarrmoe 'vattenområde, flodbäcken' (Mankok). 

SAOB definerer flodbäcken såleis: 'Det landområde, från hvilket en flod med dess bifloder samlar och afleder vattnet, säges utgöra ett bäcken eller flodområde'. 

Yrke er gardsnamn i Skjold, jf sørsam. yörhke skyggesida av fjell eller skyggefull stad. Målføre-geografisk kan det overraske at ein gl. buplass i Svartberglia i Ramfjorden i Troms også heiter Yrke.