Forsommaren 2021 var ordskifte om vegskilt «Pundsvika» i Ballangen. Det kan vere på sin plass å sjå nærmare på korleis det har seg med dette gardsnamnet:

Pundsvik sagt |'pånnsvīka| er i flg. NG b. 16 gnr. 66 i det gamle Evenes hd. Har òg notert |'pånnsvīᶄa|, endå eit hakk meir alderdommeleg, og at folk før i tida hadde denne uttalen, er vitnefast.

Punsvika har feit jord, kornet fraus ikkje, så der var Kanaans land. På vestsida av garden er jorda litt skrinnare, der veks det fora. – Ein kunne då pga. dagens uttale |'puᶇᶇsvīka| tenke at gardsnamnet går på ei verdsetjing pund, såleis at skrivemåten Pundsvik i «Norske Gaardnavne» er korrekt. Ei slik forståing er opplagt den rettaste for Pundsleiga i Gildeskål og i Skjerstad, der sagt |'puᶇᶇslǣg| (gno. pundsleiga), likeins for Ponsteigneset i Voss o.fl., men ho skurrar i sms. med  -vika, for her flyttar ein fokuset bort frå innmarkteigane, og dessutan var det jo heile garden som heitte Ponsvika/Punsvika. – Skyldsetjing av jord var uløyseleg knytt til norsk jordbruk og samfunnsorden, så det har kor som er lita interesse at den samisk låneforma av pund var pudd(e)budde (Lehnw. 119).

Det var som sagt god jord i Ponsvika/Punsvika, så ein kunne òg komme i tankar om sam. boantas, pontas "velståande, velhalden, rik" (Lehnw. 112), i pitesamisk punntes. Det heng i hop med ponnte, punnte, boannde, buonda, båanta, dvs 'bonde'. Å tenke på den måten blir likevel for langhenta, for i fall den gode kornjorda var hovudpoenget, skulle eit namn på Åker- vere naturleg, men garden har som vi ser fått namn av vika.

Bergnabbane i Punsvika.  Statkart.

Vi må sjå etter kva som kan vere spesielt ved ho: Midt i vika ligg ein utstikkande bergnabb, og langs heile det søre landet bortetter er det fleire slike. I Polmak ville bunci brukt som stadnamnterm seie «liten bergnabb» (Qv 110), men eigentleg var det tale om spuns lik «tapp, tropp, propp», også "nagle". 

Bortfallet av s- kan vi kalle regel-rett, men brukt i eigentleg meining spuns = propp heldt ordet ved lag s- i sjøsamebygdene på heile strekninga frå Hammarfest til Vesterålen (Lehnwörter 119), og det er då heller ikkje opphavleg samisk, likså lite som det er norsk: Ordet lydde spons i sein gno.-isl. og skal komme frå italiensk spunto «stikk» (Falk 700). I sørleg sørsamisk var forma sponse (uttalt med trong o), lenger nord buntse med bortfall av s- (Lexicon Lapponicum).

I samisk er det ikkje så nøye med b og p i framlyd, slik som det er i norsk: «Unnskyld brest, der e prest i koppen», herma dei etter veikja som kom med kaffi til presten. Men sjølv om vi ser bort frå framlyds-skilnaden b-p, blir der framleis klar avstand mellom bonts- (= bunci «bergnabb») og påns- i den tradisjonelle uttalen av gardsnamnet. – Eller kanskje ikkje så stor likevel, for Ofot-samisk uttale av bonster = (senge)bolster var «bånster», jamfør også «gånnsta» (Hamarøy) = kunst = gno. konstr (Lehnw. 114, 174). Med fokus på bergnabbane ved stranda, er Ponsvika, Punsvika tydelegvis eit namn det er naturleg å sml med Tappstad i Skjerstad.

Tappstad med sin tappforma odde. Statkart.

Gno. spons fekk med tida litt meir moderne form spuns med palatal n, men i gardsnamnet hadde bortfall av framlyd s- alt skjedd, for namnet kom frå den gamle ordforma spons. Jf skriveformene Ponsuigenn 1567 og Ponnsuigen 1610 og 1614, men Pundtzvigh og Pundsuigh 1647, Pundtzuigh 1661. 

Når forma Ponsvika enno lever i folkeminnet, må uttalevariantane ha levd side om side i lang tid, men det er dei eldste skriveformene som vitnar om bunden form -vika. Den offisielle hangen til å bruke ubunden form slår ut seinare.

Forklaringa er likevel samansett: Vi tenker oss at det i Punsvika budde ein mann som i dagleg tale heitte Ol'Olsa og som skrivaren kalla Ole Olsen, men like snart også Ole Punsvik. Bygdefolk kunne òg seie «han Ol'Punsvik», men derimot alltid «han Ola i Punsvika». Den første seiemåten kunne lett feste seg og bli slektsnamn. Ikkje så med den siste, som var utenkeleg i skrift.

Mange er blinde for denne nyansen og meiner at når dei har Punsvik som slektsnamn, har dei også prova at Punsvik er rett form av gardsnamnet. Det er misforstått – men ikkje fullt så komisk som når enkelte rundt om i vårt vidstrekte land insisterer på at når dei sjølve skriv seg Wik, Wiig eller Wiigh, så skal dette ha tilbakeverkande kraft og brukast også om garden Vika som forfedrane kom ifrå.

Overskrifta inneheld eit spørsmål, og svaret må bli: Pons- er godt nok, historisk, men er foraldra. Er ingen ting i vegen med Punsvik som slektsnamn, men rett namn på garden er Punsvika.

Skrivemåten Pundsvika er mindre underbygd, men dei som vil må gjerne ta det som etternamn, evt. Pundsvik – eller Pundtzvigh for den del!           

Punshovudet i Askvoll. Norgeskart.

Både Ankenes s.  og Vågan har ein matrikkelgard Pundssletta. Der òg rår tvil  om kva namnet tyder, men iallfall i Vågan sitt tilfelle er det like rimeleg å skrive Punssletta, sml. svensk puns «(vass)pytt» og dansk pun(d)se 'sumpmark'. Det høver bra for Ponsen som gardsnamn  i Lindesnes og for Ponseknuten ein annan stad i same kommune.

Forsommaren 2021 var barns leik med rumpetroll oppe i media. Det må i den samanhengen kallast uventa at svensk punshuvud tyder «rumpetroll», for sør i Askvoll har dei eit tydeleg rumpetroll-forma skjer som heiter Punshovudet.

Litteratur

Oluf Rygh, «Norske Gaardnavne» b. 16. 

Just Qvigstad, «Nordische Lehnwörter in Lappischen».