Børra ved Svolvær er på sitt mest karakteristiske, sedd frå Helle. Frå aust er ho meir ei sâlforma høgd, frå Børrvågen trekanta og spiss. Foto Sigmund Sundsbø.

Fjell og fjellformasjonar er identitetsmerke, enten vi tenker over det eller ei. Ikkje minst interessante er fjellnamn som for lenge sidan gjekk over til òg bli gard- og gren­denamn, som Ramberg i Bø og i Flakstad, Innbjørg og Utbjørg i Hadsel, Tinden og Hornet i Øksnes, Middagsfjellet, Gavlen og Stave på Anda, jf Stavan. I slike høve kan presset frå det sekundære grendenamnet bli så stort at det til sist kjem opp fjellnamn av typen ”Tindstinden” (Øksnes) og ”Åseåsen” (Andøy), men vel så ofte skjer at lokaliteten som var første, "rette" namne-beraren, med tida misser sitt opphavlege namn og blir omdøpt eller nedgradert: Eitt døme på det er Klubben mellom Steinsvika og Steine i Bø, eit par andre er Sjøhusaksla på Nøss og Kollen på Skjolda, begge Andøya.

Enkelte fjellnamn er  blitt ikoniske, Torghatten er eit godt døme, Vågakallen eit anna og Møysalen på grensa mellom Sortland og Hadsel eit tredje. Identitetsskapande landemerke er viktige både i folkeminne og poesi, dei blir òg nytta som namn på farkostar, samlingsstader og samskipnader o.a. (ungdomslag, bygdelag osv.) Slikt har lange tradisjonar. Då Andøy ungdomsfylking vart skipa i 1921, møtte det opp utsendingar frå sju av elleve lag. Dei hadde til dels poetiske namn Havgolla, Lyngblomen, Vårblomen og Nordstjerna, eller òg slagord-prega som Fram, Prøven og Rett Leid. Eit lag vi ikkje finn representert då, men som iallfall snart kom til, var ul. Børra på Nøss, oppkalla etter fjellet av same namn. Det er klart, i lokalmiljøet vil namnet på eit ruvande landemerke – med open symbolverdi – vere meir indentitetsskapande og slitesterkt i lengda enn eit namn som er ideologisk mote­rett, men som nettopp derfor kan bli bytta ut om ei tid.

Kva tyder Børra, uttalt med einstavings tonelag? Ei kjend folkeleg tolking er at namnet hadde med seglevind å gjere, at du fekk børr når du passerte fjellet på veg nord­ eller sørover. Her kjem det fort innvendingar: Medvinden resp. motvinden kjem frå dei opne mystrekningane tvers over Anda, han gjorde seg ikkje særskilt gjeldande akkurat utfor Børra. Dessutan blir forklaringa nokså ”søkt” fleire andre stader der formasjonar med same namnet finst, men som gjer geografisk lite av seg. I tillegg kjem at børr (i normalisert form bør) går tilbake på det gammalnorske hankjønsordet byrr – men fjellnamnet har hokjønsform, som vi ser. Dessutan fortel stadnamn ikkje særleg ofte om verfenomen: Nordavindshamn o.l. finst nok, men *kulingen eller *skodda gjer lite av seg i stadnamn. Fjellnamnet Røyken mellom Andenes og Bleik er kunne ein tru var eit unnatak, men er her er det nok heller tenkt på røyk = rauk (oftare rauka), på grunn av forma. Det meteorologiske namneaspektet er altså ikkje mykje å satse på. 

Men det finst også dei som meiner at fjellnamnet beintfram må vere bør = gno. byrðr f ”byrde, det du ber”: Børra på Andøya har ein hump Børrtuva som kunne vere opphav til namnet, nytta pars pro toto som det med ei litterær vending heiter – her: at ein har heile fjellet i tankane, men nemner ein liten del av det. Men her òg finst det innvendingar: Humpen på Børra på Anda gjer lite av seg og er plent fråve­rande hos dei andre lokalitetane med same namn. Dertil kjem at det ingen stad i nord heiter ei børr tradisjonelt, forma er ei børra, børre eller børr~ , tostav­ings tonelag er einerådande og normalisert skrivemåte er byrde, byrda.

I fjellnamnet Børra er derimot einstavings tonelag det vanlege, rettare sagt: Rekna nordan ifrå går einstavings tonelag til og med Øksnes, i Vågan og Hamarøy blir Børra uttalt med tostavings tonelag, men så kjem atter tonelag 1 inn for Børra i Steigen sin del. I Flakstad er det Børa med tostavings tone. 

Ei innvending er at lokali­tetsnamn så som Dallen, Skrinet, Øska og framfor alt Kista finst mangstad, nemnt så etter ting som har velkjend form, men ei børra = byrde er berre noko du ber på, noko tungt, vere seg firkanta, rundt eller flatt, forma udefinert.

Eit nærmare studium av dei lokalitetane som ber namnet Børra viser at den sist om­talte tolkinga – bør = byrde ”noko du ber” har lite for seg, også i dei tre tilfella der namnet blir uttalt med tonem 2. 

Ei tredje tolking av fjellnamnet Børra går ut på at lokaliteten skal minne om ei «stor kiste eller kasse (ofte med fleire rom) av bord, serleg til å ha korn, mjøl (og brød) i». Ei slik innretning (norr. byrða) laga av bord (norr. borð) kan heite både byrde, børe eller bøle (Norsk Ordbok b.1: 1155).

Den tolkinga er mest konkret, særleg av di Kista som sagt er eit gjengs namn på fjellformasjonar, men tolkinga er likevel problematisk av di byrde, børe osv i den særlege tydinga (også brukt som stadnamn) ikkje er kjent lenger nord enn til og med Sunnmøre, og ikkje i noko nordisk språk har ordet i einstavings form. Forma på fjellet kunne høve nokolunde med den tolkinga når det gjeld Børra i Steigen, utan at tonelaget stemmer i det tilfellet.

Børo i Bodø, her sedd frå Tuv, er svært bratt mot vest, og flat oppå, men er ulikt dei andre omtalte fjellformasjonane ikkje ein langsmal rygg. – Rygh kjente ikkje fjellnamnet, men gjetta at det fanst (NG b. 16: 211­ 212).

Eitt overraskande unnatak finst: fjellnamnet Børa  med Børnupen, ved Børvatnet i Bodø kommune, er uttalt |"bø:ra| med lang ø, eller |"bø:ro| blant dei eldste. Attåt heiter Børvatnet, som Børrvasstindan (kort ø!) har namn av, Bur'dō på samisk (Qvigstad 1938: 226). Her har det då på samisk side skjedd såkalt denotasjonsendring;  eit namn går over til å gjelde ein annan og nærliggande lokalitet, noko som gjerne skjer når brukarane av eit namn ikkje lenger forstår kva det eigentleg tyder. Den norske uttalen av fjellnamnet viser likevel klart at det er tale om eit lint norsk tostavings hokjønnsord ­ som vel kan vere byrde, børe (gno. byrða) "mjølkiste". Qvigstad gir inga oppfatning til kjenne i så måte, i 'Nordische Lehnwörter im Lappischen' heller, men er det i dette tilfellet tale om gno. byrða > Børo el. Børa med tonelag 2 og lang ø, må jo Børra med kort ø (+ tonelag 1) i fleirtalet av tilfella elles) vere eit anna ord.

Børra (ei låg høgd) og Tinden i Øksnes, den siste på uvant nært hald.


Børa i Flakstad burde komme i klasse med Børa ved Børnupen, men liknar lite. Det siste gjeld også for Børra i Hamarøy og Vågan. ­ Den 730 m høge Børra i Steigen er, trass i at namnet der har same tonelag som i Vesterålen og nordafor, litt annleis å sjå: Tilsynelatande trekanta, men har eigentleg lang og smal kant, sjå kartutsnitt.

Fleirtalet av fjella og åsane som heiter Børra er i det heile temmeleg lange åsryggar og fjellryggar, smale, men brattare på sidene, oppå flate, og kan ende i nov­ el. akselliknande former. Med unnatak for Børra i Hamarøy ligg alle på sjøsida. – Børra i Hasvik, Andøy og Steigen kunne kallast fjell, men Norgesglasset kallar dei åsar alle.

I Trøndelag og Hedmark finn vi fleire stader Borren (tonelag 1) og Borråsen som namn på langvorne åsar og haugar. I nokre tilfelle skjuler skrivemåten ein faktisk uttale med ø: m.a. blir gardnamnet Borren i Ålen uttalt Børren, dativ Børra (tonelag 1). Likeins heiter dei to hovudpartane av garden Borr i Levanger (Skogn gl hd.) etter uttalen Storbørr og Østbørr, offisielt ­borr. 

Dette opphavleg usamansette gardsnamnet Borr er drøfta av både Halvdan Koht og Magnus Olsen (Maal og Minne 1922: 182 og 1936: 176). Dei kjem til at "Storborg" utt. Storbørr og "Østborg" utt. Østbørr er partar av ein gard som opphavleg heitte Borr, ikkje *borg, slik K. Rygh tenkte seg (NG 15: 109). Om dette seier Magnus Olsen i 1936også: "Sannsynlig har K. Rygh rett i at gårdsnavnet har været navn på ”Borgsåsen”, den langstrakte, omtrent 3 km lange og indtil 1 km brede ås med temmelig bratt fall til alle sider som, like nord for Storborg og Østborg, på flatt terreng hever sig til over 150 meters høide og er det mest karakteristiske i landskapet” (MM 1922: 182, 1936: 176).

I 1975-­utgåva av Heggstads ”Norrøn Ordbok” har same gardsnamnet oppført i norrøn dativform Borri (med vising til Konunga sögur: 353). Det er, med tanke på samisk, tankevekkande at Magnus Olsen ender sin korte artikkel i 1936 slik: ”Det at Borr står så isolert innenfor vår navneskatt, tyder på at det har opstått langt tilbake i forhistorisk tid. Engang har det visstnok været et fellesnavn – et ord for en bestemt slags høide – som er gått tapt i alle de historiske germanske sprog". Den tanken at ordet kanskje ikkje er germansk ser ikkje ut til å ha streifa han.

På karta over Borr står foresten ikkje lenger ”Stor­borg” og ”Østborg”, slik skrifttradisjonen lenge var, men Stor­borr, Østborr, likeins Borrsøya, Borrsmoen og Borrsåsen (med ein genitivs s som i alle fall må vere norsk). Men den gamle fortolkinga ”borg” går igjen i Marienborg ved austre ende av åsen.

Det kan vere delte meiningar om kva sambandet er mellom stadnamn som Borren og Børra. I det minste kan vi seie om uttalen ø for o at han rekk veldig vidt: Merk såleis den rundvorne Børrenøse (­nosi) med Børrelie i Vang, likeins det lang­vorne Børrefjellet i Vindafjord, så vel som at fleire andre talemålsord på bor(re) har den same overgang, ja både bor (til å bore med), vor (om steinrad) og fuglenamnet orre.

Når det gjeld det nordnorske fjellnamnet Børra, er det av grunnar som allereie er nemnde, svært lite truleg at namnet står for børe (byrða) "mjølkiste". Det er kontrollerbart usannsynleg at det har med bør (byrr) "seglevind" å gjere. Vi står att med bør synonymt med børra "byrde", ei noko abstrakt namnetolking som dessutan krev at talemålet her nord hadde dette ordet i både sterk og linn form.

Framsida på Børra i Steigen liknar ein avkutta tre-kant på foto frå sjøsida, men kartet viser ein langsmal fjellkant på toppen, jf samisk borri i den særlege tydinga ”kant, skrent. 

Finnmark, Troms og Nordland kjenner eit samisk namneelement borri (gammel rettskriving borre), som tyder både ”kant”, "skrent", ”haug”, "fjellrygg" (Qvigstad 1938: 137 m.fl.). Namneartikkel nr 95 i ”De lappiske appellative stedsnavn” har grundige opplysnin­gar om ordet, i flg. Qvigstad er ”et fjell som skråner til to sider” (Karasjok, Karesuando og Lyngen), eller også ”skrent, liten høide” (Nesseby), men òg ”ås med helling til begge sider” (Ibestad og Ofoten). Ordet rekker langt sørover i landet: i Tysfjord er det ”langslutt bergrygg med skog”, og burrie i Hatt­fjelldal og Vefsn er ”skogløs høide på snaufjellet”, jf Herjedals-samisk burre ”snau fjell-rygg (fri for jord)”. Former med framlyd p opptrer også fl. st., som porre ”smal bergås” (Jukkasjärvi) og purrie (Snåsa, Jemtland), osv. I desse sitata er skrivemåten forenkla litt.

Ein finn ca 25 døme på bruk av ordet i Qvigstads namnesamlingar. I Troms ofte i usamansett form, som Borre, ein knaus i Lyngsdalen (Qvigstad 1935: 54) og som namn på den eine av dei to toppane på Borrevarre, norsk Mel­huskletten (1935: 193), og Borre alias Ørneberget om høgda mellom Krok­elv og Saltvatnet i Astafjord (1935:111). Borre (forklart som "åsen") heiter også ein åsrygg eller ei høgd tett nordom Nordli i Storvassbotn, Trondenes, for-norska form Borran. Nær den sist nemnde, men i Kvæfjord komm­une, ligg Dābmukbor're, med ny ortografi Dábmukborri, før "Dagborhaugen"  og!


Børa ved Fredvang i Flakstad sedd frå aust. Likskapen med Børra i Vågan og i Øksnes er slåande. Foto Kjell Inge Nilsen.


Frå Nordland nemner Qvigstad fjellet Rid'daborrē (lulesam. Rijddabårre), enn vidare Skir'reborrē i Fauske, norsk Rishaugfjellet (vi finn korkje dette samiske eller norske namnet på dagens kart). Men som vi ser går el. gjekk forma borre iallfall så langt sør som til Fauske, og Qvigstad har ingen namn som inneheld burre, burrie, den eigentlege sørsamiske forma av ordet, om "snau bergrygg (der snøen blåser vekk); stor skogløs knaus (oppe i fjellet)". Er det grunnen til at Bj. Collinder i "Ordbok till Sveriges lapska ortnamn" med spørs­målsteikn fører opp "burre (borre?)" som sørsamisk form?

Som vi ser av det nyss omtalte, har enkelte av borri-lokalitetane eigne norske namn (vi kunne her også ta med Slettfjellet som norsk namn på Bæskaborre alias Beaskaborjjit, ein ås i Balsfjord): Dei norske namna verkar ikkje alderdommelege. Meir vanleg er full aksept for det samiske namnet, eventuelt lett ”fornorska” former: Dagborhaugen for Dábmukhaugen er nemnt, merk òg Suborg for Cuobborri "froskhaug" i Alta. Med eit par unnatak viser det seg dessutan at det ikkje finst samiske namn på dei åsane og fjella som heiter Børra på norsk, og dette tilhøvet er det grunn til å legge vekt på.

Det før nemnte Borran som ei norsk tilpassing av Borre kunne vere eit isolert tilfelle, men imot talar at ein lang haug i Os på Hedmark blir kalla Borren, lik­eins ein ås i Tolga (bratt mot aust­nordaust). I Ålen har dei eit gardsnamn skrive Borren og uttalt Børren, i dativ Børra med tonelag 1, mens garden Borr­åsen i Stjørdal ligg i nordaustre ende av den marker­te åsen Langegga. Same namnelaginga Borråsen er kjend også frå andre bygder og må i det minste inne­bere at Borr­ opphavleg stod for nettopp ”ås”, og at –åsen vart skøytt til som for­klarande tillegg etter at det første ordet gleid ut av levande tale.

Det samiske borri eller borre (evt. burrie) kunne med tida tydelegvis få tilføydd etterhengd norsk eintalsartikkel eller også bunden fleirtalsform, jfr. Borran. At borri med einstavings tonem i somme område og langt att i tid vart oppfatta på line med bundne hokjønsformer som t.d. norsk borg­i og merr­i og slo lag med slike i den lydhistoriske utviklinga fram mot etterhengd artikkel –a kan då ikkje overraske. 

Å peike på det samiske namneelementet borri er eitt, å legge det til grunn for skriftleg normeringa av norske namn er noko anna. Som alt nemnt er det ei kjensgjerning at vi på norskside har Børra og Borr, Borren så vel som overgang o>ø i uttalen av ord som liknar: Så lenge Børr­ og Borr­namna ikkje er endeleg tolka, må det vere tryggast å respektere ein lokal uttale i kvart tilfelle og berre skrive enkel r der uttalen tilseier det (som i Bodø og Flakstad). – Når det gjeld dobbel r som isolert fenomen er Storborr og Østborr i Levanger nemnt, så vel som Børrenosi og Børrefjellet. På landsbasis finn vi dessutan gardsnamn som Horr og Horrem, naturnamn som Horrtjønni og Horrvika på line med Horrøyna og Horrshommen, andre stader Borre, Orre m.fl. I Rennesøy finst skjernamnet Torr. Fjellnam­net Børra skrive med dobbel r er då ikkje eineståande på nokon måte.

I eit slikt perspektiv kan det heller ikkje vere nokon tvingande grunn til å "rette" opplagt sekundære namn som Børrfjorden og Børrvågen til Bør-­. Men den som er skeptisk til samisk tilnærmingsmåte eller meiner at fjellnamnet Børra i alle tilfelle må sjåast på som eit heilt norsk namnno, som vi må normere etter norske mønster, vil heller jamføre med norske ord og stadnamn. Relevant i så måte er i grunnen berre hokjønnordet dør i sms og særs lokale namn på strupar og sund, evt. dør­liknande bergformasjonar. Usms Døra er få tilfelle, ingen av dei landskjende lokalitetar.Talemålsordet «dør» er med andre ord marginalt til stades i stadnamn.

Ei sak for seg er at stadnamn er konservative og held ved lag ordformer som elles er gått av bruk. I det aktuelle tilfellet var den gammalnorske forma dyrr, eigentleg var fleirtalsord. Vi kunne beintfram snu saka på hovudet og seie at i stadnamn burde kanskje også dét ordet skrivast dørra, uttalerett. 

Sekundærnamn som Børrvågen synest å vere litt meir problematiske, for norsk har tilsynelatande ikkje skrifttradisjon for å markere kort ø-­lyd med dobbel r: jfr ord som dørstokk, lørdag, smørberg o.l. Men ved grundigare leiting finn vi òg ord som gørrlei, snørrduk, tørrstoff osv. Det spørst då om grunnordet har – eller ut frå uttalen bør ha – ei skriveform med dobbel r. Det er lite i vegen for å skrive Børrfjorden, Børrheia, Børrhella, Børrhola, Børr­myran, Børrneset, Børrskaran, Børrskjeret, Børrsteinan, Børrvika og Børrvågen uttalerett, så lenge det på staden og like ved er ein formasjon Børra som klart er primærnamnet.

Ei anna sak er at ordføying eller komposisjonsfuge framstår inkonsekvent i både folkeleg og offisiell namnebruk. Børra i Hasvik, t.d., på ØK Børa, har gitt namn til Børrfjorden men òg Børstrand, så vel som til Børrabukta, Børravatnet. Det skal det vere kort ø i alle tilfelle, i flg. NG.

Børra i Hasvik skil seg ut frå dei andre høgdene med same namn, for ho er relativt høg (og litt trekanta), der kan ein ikkje seie at inntrykket av 'kant' er så tydeleg – men eigentleg er fjellkanten på baksida, langs Børravatnet.

Heilt til slutt tar vi med ein omtale av Store Børa og Lille Børa, to langsmale åsryggar i Nordkapp kommune, på samisk Duoddar­ el. Væsta ­Fac'con og Bævža­ el. Mærra ­Fac'con: "Sett fra havet ser disse fjell ut som tommelfingrene på en vott. De kalles under ett Porsangtuva" (Qvigstad 1938:71, hans rettskriving).

     

To parallelle ryggar i retning nord-sør utgjer Børa eller Fáhccun i Nordkapp. Kartverket.

Etter kartmarkeringa å dømme er det Lille Børa ved havkanten som er Fáhccun, til fáhcca ”vott”. men Qvigstads ordning av namna tyder på at namnet gjeld dei to ryggane under eitt. Det er nok det rette, for sjøvottane før hadde to tomlar, slik at det skulle vere råd å byte side når slitasjen gjorde det ønskeleg. Her er dette perspektivet som gjer namnet forståeleg: Sett frå aust eller vest er dette to lange ryggar, frå sør eller nord er det einast to tomlar å sjå – så smale er ryggane.

Sett meir tvertfor minner Fáhccun klart om ein gammaldags totomla sjøvott (når ein tommol var utsliten, kunne du range votten). Foto Kjell Fredriksen.

Qvigstad nemner ikkje Store Børa, kun Lille Børa. Vi finn utan tvil berre tonem 1 i dette området, meir uvisst er om usamansett form Børa eller Børra blir brukt i dagleg tale. I alle fall viser det eine fotoet klart at dei to ryggane liknar mykje på Børr- og Børfjella lenger vest og sør i landsdelen.

Ei utgreiing om namnet Børra har vore påemna lenge, men ein hemsko var at eg ikkje fekk den Børra eg kjenner best, på Andøya, til å føye seg fullgodt inn i rekka av slike formasjonar. Frå landsida i sør oppviser fjellet nokså ville former, men på større avstand (frå Dverberg, Andenes, Langenes) må vi heller kalle det ein næring, noko vestersida av Anda tilsynelatande har fleire av, men som framfor alt er typisk for Finnmark­kysten.

For å komme til saka, til sist forstod eg at noko innlysande var oversett: Det var hav­perspektivet som mangla. Fiskarar opplyser at Børra ter seg heilt annleis ute frå havet, noko landfortoninga i Den Norske Los stadfestar, sjå òg flg. fotoutskrift frå kommunekart.com:

Til høgre fjellet Børra, Nøss i Bjørnskinn s. I midten av biletet, ved nordenden av fjellet, går skilet mot Nordmela i Dverberg s, dvs. ved Børrvågen. Fjella i bakgrunnen er Ytter-Anda. Kommunekart.com.