Det er i utgangspunktet ingen klår samanheng mellom stadnamnet Svebøen på Andeneshavet og namn på -sva, t.d. Moholmsva som også heiter Moholmsba. Namna på ba(d) ter seg som ein kategori for seg, meir uklår er typen sve i namn frå sjø og land når ein legg berre Andøy-materiale til grunn. Fiskar Oskar Berg-Olsen på Andenes gav likevel framifrå rettleiing : eit sve er eit grunn-område som nokså brått går over i djupare farvatn, just slik tilfellet er med Svebøen mot vest og nord. Likeins har Trygve Klæbo i "Stadnamn frå Bjarkøy" (s. 107) opplyst at sve er "grunne område mellom djupare fjordar": Sveet heiter eit relativt grunt område (31 m og meir) som strekker seg frå Hyseskjæret ved Tranøya og over mot Skipbåts­neset på Senja. Utafor er det mykje djupare, mens det innafor (vi kjem då på Tranøy­botn) er litt djupare. 

Nemnast må òg eit sund på sørsida av Knapplundsøya i Salten: Svefjorden austafor er relativt djup, men så kjem det grunnare Sveet, like før hovud­straumen tar av i nordvestleg retning og Sundan mot vest-sørvest.

Eit tilfelle for seg er finst i Rana, der dei har ein fjord som heiter eller iallfall må ha heitt Straumen. Inst ligg fjordarmen Straumbotn (med garden av same namn), som via den lite tronge Mestraumen går over i den breie Øverstraumen: Sistnemnde smalnar ytst, i sørvest, stengd av grunnområdet Auran

Utom Auran ut­vidar fjorden seg igjen til ein rund og etter kartet å dømme rein poll, Sveet, men ytter­enden av Sveet er endå trongare enn innerenden. Så kjem ei viss utviding av fjor­den att, med nokre skjer, før han på ny smalnar og fell ut i Ranfjorden gjennom den tron­ge Straumkjeften: Rekna derifrå kan vi samanlikne Straumen med "matkanalen", og Sveet blir då magesekken. Til fjord å vere er altså Straumen særmerkt, men mest spesielt er at ein fjordlomme eller poll blir kalla Sveet. Skal tru om sveet frå først av var enten Auran eller også den tron­gare passasjen på motsett kant? At eit namn med tida kjem på glid så det sistpå gjeld ein nærliggande lokalitet er velkjent nok (denotasjons-endring).

Hos Ivar Aasen er det uventa lite å finne om ordet sve: Han har frå Nordmøre svad i tydinga "et Stykke aaben Sø, et Bassin som er omgivet af Øer og Skjær"; nemner elles berre svæd som avvikande uttaleform av svad (i allmenn tyding "svaberg") frå Sunnmøre.  

I "Skjergardsnamn frå Sunnmøre" (s. 146) seier Arnfred Slyngstad derimot uttrykkeleg at sva og svæ også kan tyde "ei vid grynne", og at "svæ" (den vanlegaste forma) dertil kan stå for "ei vidsveimd, slett, jamn grynnmark i skjergarden". 

Under oppslag Svenningen i No. st.leks. nemner Jørn Sandnes at sve i Ytre Namdalen er brukt om opne fiskegrunnar. Det er elles merkeleg å finne sve n, m oppført i Tanums store rettskrivningsordbok i tydinga "grunne" når Nynorsk-ordboka berre har sve som jordbruksord!

Det bør elles føyast til, at under svad med sideform svæd viser Aasen til gno. svæði n "aaben Plads", som er den allmenne tydinga også i islandsk: "ope rom på land el. sjø". Fritzner seier det litt meir avgrensa, nemleg "vindbart, vindhaardt Sted", mens Norrøn Ordbok (1975) har svæði i to tydingar, "open verhard stad" og "ope sjøstykke med øyar og skjer omkring". Det siste skulle nærmast bli synonymt med flag, eit ord som blir brukt om litt andre lokalitetar enn dei som vanlegvis blir kalla sve, og det er vel Ivar Aasen som slår inn her? Den første tydinga – "open verhard stad" – kan gje assosiasjonar med fiskarord som forland, stròkland og uland. Det harmonerer ikkje heilt med sve slik i sjøens namn i Nordland der poenget er at sveet er grunt eller i det minste grunnare enn nærområdet elles.

Hos Jan de Vriis er svæði litt for enkelt utlagt som "Meerbusen" (havvik, fjord), medan Íslensk Orðsífjabók forklarer ordet med "bersvæði, berangur; afmarkað svið" så vel som "opið, óvarið sjáfarsvæði" (ope, uskjerma havområde), nokså likt det som er sitert i avsnittet framfor.

Best kjend er den tydinga sve har så lenge vi held oss til landjorda, det å svi av skog eller anna utmark og ta det avsvidde området i bruk som slåtte eller åker: nepesve, rugsve (Norsk Ordbok, notatkort frå Nordmøre og Trøndelag). Her har vi å gjere med ei sve lik ei svede (norrønt sviða f). 

Som stadnamn er likevel inkjekjønnsforma Sveet kjent frå store delar av landet. Såleis har Norsk Ordbok flg. frå Frosta, med stadnamn­døme:"småbruk under ein gard - some tider eit nedlagt småbruk". Eit notat frå Leksvik går eit grann djupare i materien: «sve n. 1) kvistrask og anna tørt av småvokstrar (lyng o.l.) 2) rabbar og anna sekunda jord på/til innmarka?» Det er tydelegvis eit samandrag, for signaturen KK føyer til: "[uklåre notat, men det er eit levande ord]".

Sve om nedlagt småbruk eller om småbruk under ein (større) gard assosierer nok folk i nord stort sett med Austlandet. Nordland har få bruksnamn av dette slaget, og det same gjeld truleg for Troms, endå oppkalling eller etterlikning nok gjer seg gjeldande innimellom.

Klart er derimot at sve vart brukt som naturlandskapsterm mange stad­er i Nordland. Sveet er foten av ei aksel på gnr. 64 i Ballangen, og bruket Sveet på gnr. 66 i Hamarøy er lett platåforma. Sveet på gnr. 37 i Grane er ein flat, tungeforma avsats medan Sveet på gnr. 41 i same kommune er ein liten hals, mellom små dalar. Rokksveet er den avsmalka, flate enden av ein haug på gnr. 145 i Hemnes. Svean på gnr. 96 i Vefsn synest å vere låge pallar, Svean på gnr. 38 i Grane er små moflater, medan Svean eit par stader på gnr. 1 i Hattfjelldal er tungeforma platå og avsatsar. Svean på gnr. 47 i Lurøy er sandlende (og buplass); snamnet Svean på eit bruk under gnr. 38 i Vestvågøy vedkjem frå først ein tilnærma tungeforma, flat rygg som strekker seg frå Oppdøl mot sør til Gammryggelva.

Samansette namn der sve er nytta som utmerking er det vanskelegare å drage sikre slutningar av, jfr. Svelia (bratt, skogkledd) på gnr. 3 i Gildeskål og Sveliskogen gnr. 47 i Nesna så vel som Sveahaugen (med Sveahola sørom) på gnr. 37 i Bø. Vi kan merke oss at toppen av Svehaugen nordom Lattervika i Lyngen er lang, smal og flat.

Det ser ut til fleirtalsforma Svean her nord allstad har tonelag 2, og det inneber at ei tostavings form må ligge til grunn. På gnr. 34 i Dønna finn vi Nordsvean, ei framsky­tande hei, og Sørsvean, som er framskytande hyller visstnok med myr (men det er vel å merke samansette namn der vi ikkje kan slutte noko av tonelaget.) Tonelag 2 har i alle tilfelle Sveen, eit myrplatå på gnr. 12 i Saltdal så vel som fjellsida Sveen med rundvorne ben­kar på gnr. 30 i same bygd, likeins Sveen husmannsplass har vore (gnr. 97 i Steigen), som ligg like framfor lifoten og går slakt ned mot elva som gjer ein sving akkurat der. Omkring denne Sveen er enkelte knausar. Meir usikre m.o.t. landskapstype er Storsvea og Litlsvea på gnr. 77 i Fauske. – Elles bør ein nok, som alt nemnt, rekne med at bruksnamn ikkje alltid fortel noko om landskapet på staden, men har sine føre­bilete andre stader ifrå: Det gjeld iallfall bruket Sveum (ikkje daglegnamn) på gnr. 19 i Steigen.

Fleirtalsform Svean med tonelag 2 skulle etter vanleg språkkjensle gå på eit han-­ eller hokjønnsord, og tilbakeslutning på slump gir like lett hankjønn Sveen som ho­kjønn Svea. 

At sve eigentleg er kortform av inkjekjønnsordet sve(d)e <svæði har sin parallell i «-kle-» kjent frå handkle, tørkle, åkle o.l.: Merk at fleirtal av klede <klæði har ub. f. klea, b.f. klean, begge med tonelag 2.

Ei avgrensa gruppe blant svenamna er die frå innlandsbygda Grane: I tillegg til dei før nemnde svenamna som ikkje har med havet å gjere kan vi ta med Brattsveet, ein tungeforma bratt åbakke på gnr. 40 som er flat oppå, vidare Høgsveet, ein platå­forma skogås på gnr. 49, dertil Litlsveet, ein skråning eller brink på same gnr. og Stor­sveet, eit nedlagt bruk på gnr. 54. Johansveet på gnr. 37 er ein flatvoren nase og Peroks­sveet ein mo på gnr. 48 der Per sin okse(!) beita, Stormyrsveet på gnr. 49 er ein tunge-forma pall, Litlmyrsvean er ei slette ved elva på gnr. 43, og endeleg kan nemnast Mølnhussvean på gnr. 36, ein tørr bakke som var utmarkslåtte. Individ-relaterte namn som Johansveet og Perokssveet må tyde at sve har vore produktivt i namnelaginga i Grane fram mot vår eiga tid, og i det heile er visst svenamna langt meir talrike i Grane enn i noka anna bygd i Nordland. Litt forenkla står visst sve i dei fleste tilfella for tungeforma benk (avsats, pall, platå) ned mot eller nedpå undlenda, tungeforma ende på haug eller ås eller fjell.

Det er lite sannsynleg at desse namna kjem av svæði i tydinga "område", for alle teigar er då område? Sve som jordbruksterm (jfr. å svi av) gir betre meining, og det er upro­blematisk at ordet smått om senn også er blitt nytta i "uegentlig" meining: Det same er tilfelle med stadnamnet Brenna, som praktisk talt ingen stad har konkret tradisjon om brann knytt til seg, og det same kan ein visst seie om det tilsvarande og mykje vanlege samiske roavvi, råevie. Så mykje om sve på tørt land.

Det fortonar seg i alle fall som ein brå overgang når Hans Eidnes, på eitt av arkivkorta til Norsk Ordbok, opplyser at sve står for «ope havstykke mellom holmar og øyar. Så­leis: Lyngøysve, Krøttøysve, Melløysve (alle Bjarkøy)». Han nemner døme som «han e tong utpå Sve'e i dag!» og «vi hadde to klør over Melløysve'e». Stadnamnserien "Namn frå innmark og utmark" i Håløygminne år seinare viser at det kan vere tale om ein og same lokalitet Sve (Lyngøysve) – «havet mellom Bjarkøy og Lyngøy», omtalt med litt vilkårleg samansette namn (Håløygminne 1962: 21). Dette sveet, som ikkje er grunt, kan tilmed heite Leirvågsve (opplyser Vidkunn Eidnes), og det passar med plasseringa av namnet på kartblad 42 i "Det store Norgesatlas" (1992), av di alle dei øyane som parallellnamna nemner, er med på å avgrense sveet. Hans Eidnes, som er merksam på kva Ivar Aasen nemner under sva, reknar i sin ordboknotis sve som synonym til flag, sjå tidlegare, og har altså full dekning for det.

Eidnes skriv nesten konsekvent desse namna i ubunden form. På dei fleste kart er det omvendt så at bunden form (-)sveet er det mest vanlege. Men tenker vi etter, har vi i kvardagstalen heller ikkje alltid klart uttalt forlenging av e-en i bunden form av fe, kne el. tre. Sveholmen tett nordvest av Krøttøya (nemnd i namne­serien) er litt meir tvitydig: Han utgjer saman med Spannsliholmen og holmegruppen Valan vestre avgrensing av eit lite flag, mot aust avgrensa av Russøya og norde neset på Krøttøya. Men forklaringa er helst at når du passerer Sveholmen austanfrå, kjem du straks på det store Sveet eller flaget mellom Flatøya – Gåsholman - Froholman i sør og vest og Svinøya - Svellingsdragan mm. i nord. Det kan vere Hans Eidnes' Krøttøy­sve, og då spørst det om Mel(l)øysveet finst på innersida av øyane.

Det finst fleire lokalitetar i Troms der sve vil seie det same som eit flag: Sveet er sjøområdet mellom Hillesøya og Edøya, ytst i Malangen: Det er ikkje heilt naturleg å kalle det eit sund, for rett nok er farvatnet nokså ope midt på, og her finn vi Mefjordbøen. Men både i nordvest og i søraust, der vi m.a. har Sveskjæran, er det fullt av skjer og grunnar. Ingen tvil om at dette sveet etter gjengs reknemåte er eit typisk flag, vel å merke ureint, men namnet Mefjordbøen fortel at også "fjord" kan svive i tanken.

Spensveet heiter etter tilgjengelege kart det korte, opne og nokså djupe sundet mellom Skorøya og Spena i Karlsøy. Eit mykje vidare havområde (eit svært typisk flag) er Fugløysveet i same kommune, avgrensa av Fugløya i (nord)aust og Burøya - ­ Skorøya i (sør)vest. Heller ikkje dette er grunt, sjølv om det finst eit nokså stort grunnområde nærmare Burøya (Rundskjæret mm).

Men svenamn er også nytta om område der tilhøva er meir som ved Svebøen på Ande­neshavet:
Skrovsveet eller berre Sveet er etter vanlege landkart å dømme eit sund, mellom øya Skrova og dei små øyane tett sørsørvest av Litlemola i Vågan. Men her er det ingen tvil om at namnet eigentleg har med grunnområdet like nordvestom å gjere, der vi finn Sveskjæran og fleire andre grunnar og bøar. Så bøyer då òg leiene av til kvar side av det grunnsveet.

Svebøen i Karlsøy er ein 12 m grunn båe i nordvestenden av eit større grunnom­råde. Litt austom ligg den såkalte Godthaldsklakken (les: «klakken som er eit godt hald»). I reinare farvatn og djupare (22 m) ligg Svegrunnen litt nordom Lille Vinna (Unna ­Skiččol) ved Hammerfest. Han står på overgangen til til sve- namn av ein annan type:

Sveet i Bø er eit undersjøiske «nes» eller snag lengst sørvest på Innhavet. På sidene blir det mykje djupare, og slik sett finst ei slags avgrensing, men ingen holmar eller skjer gjer denne synleg (jfr. flag). Skatsveet i Flakstad er eit flatt stykke havbotn ut og vest av Kvalvika i Flakstad som er grunnare enn sjøområdet omkring, og likeins er Sveet eit vidt grynne synst på den lange ryggen Setan på yttersida av Moskenesøya. Heller ikkje her er det rimeleg å bruke flag som synonym.

Sør for Vestfjorden kjenner vi lettare igjen namnebruken slik han er i Troms:
Øyensveet er ein grunne eller undersjøisk topp i Husøyvær i Steigen (uvisst korleis utmerkinga Øyen- er å forklare). Sveet heiter eit flag med fleire skjer og grunnar under gnr. 4 Brynnøya, Helligværet i Bodø kommune. Svean er eit avgrensa lite skjer- og bøeområde midt på Landegodfjorden, mellom Landegode og Vågøya ved Bodø. Det er mykje djupare på nord- og sørsida. Sveet heiter òg eit grunnområde vestom Pallvika under gnr. 76 Flatøya i Rødøy.

Kibakksveet (med ein skolt på 17 m), Nordsveet, Skallsveet og Moholmsveet er grunnområde under gnr. 19 ­ 20 i Herøy. Baksveet, Kastsveet, Kvaløybaksveet, Skarvflessveet, Falkflessveet og Moklakk­sveet frå gnr. 101 i Vega er fall og havgrunnar og har iallfall delvis vore fiskeplassar.

Det ser ut til at dette namneelementet frå sjøsida blir meir og meir utbreidd dess lenger sør i Nordland vi forflyttar oss. Vi kunne tenke at helgelendaren liksom sunnmøringen har visst å tilpasse seg: Ikkje nok med at han drog jordbruks-ord som "pall" og "tø(d)" ut på havet og brukte dei om det undersjøiske landskapet, men òg "bekk" og "veit", "skog" og "buske" – og ein jordbruksterm "sve" i same slengen?

Ei tankekopling: eit sve på tørt land er grunnlendt og uslett, med lite produktiv vege­tasjon – det gir sekunda avling – og eit sve på havet er kanskje også for grunt og uproduktivt? Tenkt så kunne sjøens svenamn bli meir forståelege. Men tilnærm­ingsmåten er tvilsam, for med unnatak av nybyggarbygda Grane ser jordbrukstermen sve ut til å ha vore lite brukt i nordnorske bygder, og i inga kystbygd er dei friare namnelagingane på «sve» så vanlege at tydingsinnhaldet gir seg sjølv. Altså kan "sve" i sjøens namn ikkje ha stort med jordbrukstermen å gjere. Dessutan kjem vi ikkje unna at Aasen som parallellform til svad n har svæd om "ogsaa en Klipperyg i Søen. Nordland. Sjeldnere om Klippegrund i Jorden.Valdres". Men merkeleg nok, det er fint lite å av dette sva(d) i dei sjøens namn som er lagt inn i databasane frå Nordland, så det ser ut til at avstanden mellom sva i gjengs meining «naken berg- og fjellflate» og svenamna frå sjøsida held seg stor.

I Ross' ordbok (som bygger på Aasens oppslagsord og utfyller desse) finn vi elles – under hokjønnsordet svæa f "jævnt skraanende nøgen og glat (blank) Fjeldside" osv. – ei tilleggsopplysning som det er lett å misforstå, nemleg «Svæe. 2) Bassin osv. = Svad 3). Senja: Svæ, Svæe (n.?)». Og mistydd er det blitt, for hos Torp kan vi under oppslaget svæa f 1. lese at i Senja (les Troms) vil ei svæa seie "sjøbasseng", dvs. flag, men «Svæe» hos Ross er neppe anna enn b. form av sve – altså det frekvente stad­namnet Sveet – som slett ikkje opptrer i usamansett hokjønnsform i sjøens namn, så vidt kjent.

Langt meir truverdig er det nyislandske svæði n. i den særlege tydinga «blautt storr­(gras)enge eller om vått sandlende»: Det ligg bert i dagen, bokstavleg, at det er tale om grunt våtlende eller område der noko stikk opp. Her heiter det vel å merke også svæða f, som især i flt. svæður er nytta om "votlendt sandsvæði þar sem vatn vætlar [vessar, piplar] víða upp" (Á. Blöndal Magnússon). Magnússon nemner rett nok også at det finst ein samanheng med nynorsk svæe f «eyjum eða skerjum girt sjávarsvæði», altså flag, men ser ordslektskapen annleis enn Torp.

Det kan verke som om desse siste islandske termane på svæð- gjer tankespranget frå svad "bergflate" til sve nytta om grunnar og ureine sjøområde blir mykje kortare. Sve og sva er nok språkhistorisk i slekt, og til dømes er fronten eller havsida av Svebøen på Andenes både bratt og slett nok til å bli kalla eit sva. Kan hende er også fleire av hav­grunnane kalt -sveet i Vega og Herøy bratte og slette nok til at same merkelappen kan høve, har ikkje greidd å få fram klåre opplysningar i så måte. Men endå om det skulle vere tilfellet, sit vi igjen med ein stor gruppe sve-namn der aspektet svad(berg) er fjernt og der avstanden svad/svæd må vere større enn kva oppslaget hos Aasen kan få oss til å tru. – Tar vi i staden utgangspunkt i dei nyss nemnde islandske orda og ten­ker på "grunn våtmark", "urein bløyte" el. l., er det lettare å forstå at orda òg kunne komme til å stå for grunne sjøområde, jf. «blåmyra».

Eit sve på havet kunne vi med sideblikk til islandsk altså skrive svæ(d), men det har ikkje mykje for seg: Det norrøne ordet for ær(fugl) er æðr, men ein ekte nordlending seier ikkje anna enn ei e, og dei fleste ville nok finne det utidig dersom stadnamn på E- vart strengt normerte til Æd-. Kjent frå stadnamn er òg krea "bekkekjøe", hos Aasen kræda, men no modernisert til krede.

Eit sve på landjorda er derimot opphavleg eit sved, eit avsvidd og dyrka område, sek­undært også om landskapsformasjonar med ei naturleg avgrensing som minte om dei områda som folk såg seg ut når dei ville svi seg eit nyland, så som pall og platå, tunge­forma benkar og avsatsar, fot eller ende på haug eller ås eller fjell (potensielle sve om vi vil). Ja, i ettertid er det like vanskeleg å seie om nokre av lokalitetane har vore av­svidde som der stadnamnet Brenna er ute og går. – Uttalen sve (norr. svið) kan vi i alle tilfelle samanlikne med den i brystsve (svie for brystet), vidare "eg fekk sånn svena over ryggen" (normert: svinad m), for ikkje å gløyme det utrykksfulle sveskolt (dumrian, tosk), eigentleg (svidd) smalahove?


Nyredigert etter Håløygminne h. 1 - 2005