Landet rundt finst det fjell, berg, holmar og skjer så vel som elvar og bekkar som heiter Geita.  Like  gjengs er variantar av  Kjerringa, og her ser vi "Kjerringa i båten" oppfor Kjerringstranda i Bø.


Ordet geit får oss til å tenke på mekring, på horn eller stanging: Geita heiter ei farleg flu tett vestom Fesundhaugen, Vågen i Bø-Værøya, ei på Skorpa blike eins. Eit namn som Kjerringa skulle også vere enkelt, men det kan komplisere at det finst eit sørsam. gïerege „toppende, øverenden av noko" (om vassfar, dalformasjonar, kløfter eller bratte kleivar), og i lule- og nordsamisk er eit kortare giera, gierrag- brukt om til tretoppar o.l. På hi sida har jo samisk fleire variantar av ordet kjerring frå norsk, så lån har der vore begge vegar.

I ei lita utgreiing om ei rekke kvinnelege ord som vi møter i namnebruken for Svolværgeita  og fleire andre fjell skriv Hans Eidnes i Håløygminne 1955: “Frå gamalt har vi også andre namn, såleis Svolvær-Gygra og Svolvær-Juret. Søstrene har og vore nemnt”. Han peikar på at geit har vore eit gjengs ord for kvinnebryst i Troms, Vesterålen og Lofoten, då særleg i uttrykket "få seg geit" om å die; han meiner at fjellet har bryst-form frå ein viss vinkel. Den forma var nok endå tydelegare for Geitberget på Langenes, før der kom installasjonar oppå som forkludra profilen.

Eidnes var òg inne på Juret andre stader, såleis ein fjelltopp på Svartisen i Meløy, “og ved Leirvåg i Bjarkøy har vi Juret og Jurøya. Der er Juret ein liten holme, mesta halvkuleforma, som ved ein smal tange er skilt frå sjølve Jurøya”. Eidnes resonnerte geit - bryst - jur, men var òg inne på forveksling av gyger og (g)jur.

Mest slåande for landskapet på Jurøya er likevel ei litt uryddig slette midt på, kransa av 3-4 flate, men svært uslette bergparti, med strandkløfter især i vest og sørvest. Gjuret i Meløy er på liknande måte eit snaufjell med djupe kløfter på vestsida. Gjura ved Løp i Bodø er ein spiss knatt, med hakk mot nord og ei trong krå på sørsida. Merk også at Landegokjerringa alias Landegogjura alias ho Lainngo-Besta er skoren laus frå fjellet attom av to kløfter, og Gjura ved Græna i Lofoten, Ballstadgjura kalla, har i alle fall éi djup kliva. Gjura i Våge i Lødingen er eit strandområde med bergriver og eit par djupe kløfter, og Gjura på Værøya i Lofoten er eit overflødd, stygt bergnes – med ei diger flytteblokk på mòla tett innafor.
Landegogjura er – frå fleire vinklar - så ruvande at ho ikkje er til å oversjå. Foto: 316 helgetur.net

Så lenge vi held oss til Landegogjura, Ballstadgjura og Svolværgjura fell det naturleg nok å assosiere -gjura med -gygra. Det må understrekast at gyger "trollkjerring" har ei rekke ulike uttaleformer landet over, som gjyvra, jyr(a), gjugra, jura. Når trollkjerring(a) på sine stader heiter jyvr(i), må vi notere oss at Landegogjura òg har vore kalla Landegojuri, og at Kautokeino har eit fjell kalla Juvri med ein trong botn i nordkant. Jurirabben på Kvalnes i Vestvågøy er kvass, og Jurislåka attmed er eit rapfar med flog på begge sider. Problemet er berre at i fleirtalet av tilfelle er det så vanskeleg å forstå kor sjølve trollkjerringa er å finne!