"Fra en nordlandsk prestegaard - oplevelser og skisser" heiter ei bok som kom ut i Kristiania i 1923, forfatta av Olaf Holm, sokneprest i Tysfjord 1878 - 1884 og dertil ordførar 1883-1884. 

Nils Kristian Sørensen i Kjøpsvik fortel: "I tillegg til skjønnlitterære bøker (med plot fra Tysfjord) og faglitteratur skrev Holm en mengde artikler mens han var i Tysfjord i diverse publikasjoner i datiden, både verdslige og religiøse, ja, han argumenterte til og med for turisme i området i Den Norske Turistforenings Årbok i 1883 – for dem som var lei av å traske i den sørnorske fjellheimen! Jeg vet om et kapittel som er gjenbrukt i memoar-boka hans fra 1923: «En Begravelse blandt Lapper». Den stod i «Ny Illustreret Tidende» 22. august 1886. Han var en meget allsidig mann, som ser, undres og prøver å vite / forstå, selv om han kommer til kort mange ganger fordi han er bundet av sin horisont og ikke makter helt å løsrive seg, spesielt gjelder dette samene".

Holm hadde eit vidt interessefelt. I vår samanheng er det særleg interessant at han skreiv til Ivar Aasen for å få vite meir om namnet Tysfjord. Svaret, arkivert i Nynorsk Kultursentrum, lyder slik: 

«Hr. Pastor. Om Betydningen af Navnet Tysfjord synes det vanskeligt at give nogen paalidelig Oplysning, da Tilfældet her er det samme som ved flere Navne, som begynde med «t», at man nemlig ikke veed, om det oprindelig har været «t» eller «þ». Som bekjendt gjorde man i gammel Tid en tydelig Forskjel imellem «t» og «þ» (ligesom endnu i Islandsk og Engelsk); men allerede i vore Dokumenter fra 15de Aarhundre findes «þ» at være overgaaet til «t». I Skrifter fra en ældre Tid finder jeg kun eet Navn med «Tys», nemlig Tysnes i Søndhordland, og dette kunde da maaskee (ligesom Ordet Tysdag) forklares af Gudenavnet Ty (Tyr) i Lighed med Thorsnes, Odensøy, Frøysvik, Njardvik og flere. Derimod findes flere Navne, som begynde med «Þys», saasom Þystad, Þyssa, Þyssudal og Þyssøy eller Þyssiøy. 

Hvad dette «Þys» betyder, er ikke så sikkert; men det minder snarest om Ordet «Þys», som betyder Urolighed, Opløp, Tumult, og som grunder sig paa Verbet «þysja», tildels endnu brugeligt i Formen «tysja», d.e. storme frem, styrte frem, løbe, især med en raslende eller susende Lyd. At noget saadant ogsaa kunde give Anledning til et Stedsnavn, er ikke umuligt; thi man kan sikkert antage, at mange saadanne Navne grunde sig paa et Tilfælde, som indtraf i den Tid, da Stedet først blev beboet, og som siden efterhaanden blev glemt. Og i saadant Fald vil enhver Forklaring kun beroe på Gisning, uden at noget med Sikkerhed kan paastaaes. Hertil kommer da ogsaa, at mange Navne ere i Tidens Løb blevne forkortede og forvanskede, saa at deres nuværende Form slet ikke giver det rette Begreb om deres Oprindelse.

Kristiania den 17de Februar 1883.

Ærbødigst I. Aasen.»


For Aasen som vitskapsmann var det ein gyllen regel å ordlegge seg varsamt og berre seie det han hadde dekning for. Soknepresten hadde vel venta sikrare svar på spørsmålet om kva som ligg i namnet Tysfjorden.

Når Årbok for Tysfjord fornyar spørsmålet 135 år seinare, er eg i utgangspunkt lite huga på oppdraget. Tilliten er for stor, det blir å hoppe etter Wirkola! Men i vår tid finst gode kart og foto, i så måte fekk nok Ivar Aasen lite å hjelpe seg med. Årbokredaksjonen og deira kontaktar har vist all velvilje og skaffa stoff og illustrasjonar, og Svein R. Sommerset især har stått på for å finne gamle skriveformer og rette på detaljar.

Tysfjorden. Foto Frode Jensen.

No er ikkje Ivar Aasen den einaste som har sagt noko om namneleddet Tys-(s)-: Norske Gaard-navne (b. 1: 54) fortel at Tysse |''tøsse| i Skånevik, Sunnhordland i 1723 blir sagt å vere "ødelagt af Fjeldskred for over 37 Aar siden og foresloges udslettet af Matrikelen" (jf kva Aasen sa om þysja v.).

Litt annleis då med det på Vestlandet nokså vanlege elvenamnet Tyssa, som O. Rygh tenkte seg kom av eit gno. *Þyssa, til þuss, þurs m, tuss(e), troll, altså *trollelva. I tillegg finst det ein heil del stadnamn som i norrønt synest å ha hatt framlyd med vanleg t, ikkje þ: For desse tenkte Sophus Bugge seg ei historisk *tvis- >*tys- om noko som er delt eller splitta, og mange stader høver det godt. 

I Tysfjorden sitt tilfelle har vi talrike historiske to-stavings skriveformer som gjer at slike lydlege re-sonnement ikkje høver, så mange at vi må forkorte kjeldereferansane for ikkje å drukne i detaljar:

Tyttisfiorden (restskatteliste) 1522 med seks tysfjord-samar, blant desse Gurinn Torwasdotter (NRJ b. III: 418), sjå merknad lenger fram. Tydzfiäll 1559 (Knut Kolsrud 1961, «Sommersete», s. 35). NB: fiäl for fjord. Kjeldene er svenske skatterekneskap, andre avskrivarar har Tytesfielen, Tiutis fierdh, vidare i 1563: Tiutes fierden, Tythes fierden, Tittis-fjorden. Tiidsfiord 1566-1567 (Erik Rosenkrands rekneskap), Thiijtzfiordtt ca. 1590 (lagmann Peder Hansen). Tietzfierdh 1595 (vitnebrev frå birkarler og lapper, Luleå), likeins Tijtzfierden (kyrkoherden i Piteå i brev dat. 6.1.1595), derimot Tyttis fierden i eit anna svensk brev 14. febr. same år. Tydzfiordt 1596 (lagmann Peder Hansen), Thydzfiordt, Tydtz-fiord, Thidtz-fiordt 1599 (Hans Olufsens "Relation om Nordlandene"). Tittesfiorden og Tiutesfiordh 1599 (svensk skatteskriv): 

«På slutten av 1500-tallet uttalte en svensk lappe-fogd at Titisfjord, Ofoten m.fl. «äre store fiorder eller fierder, som skiute sigh ihn i landet emellan Bergerne» (O.A. Johnsen 1923 s. 118). Thydtzfiordt begøn[dis] wed Thydtznes 1599 (Qvigstad og K.B. Wiklund, "Dokumenter angaaende flytlapperne"), sjå lenger fram. Jf Tiudtzfiordt 1601 (norsk skattemann-tal), Titisfjord 9.2.1601 (i Christian IV's løyve til å føre opp kyrkje i bygda).

Tijtis Fiordenn (svenskekongen Carl IX), Titisfiordt 1603 (Lage Urne), Titisfiordt 16. juni 1604 (svensk pålegg om skatt), Tyttisfiorden 14.3.1604 (svensk manntal), Titisfjorden 1605 (sv. skatteforordning). Titisfjord 1606 (Chr. IV, i brev med ordre til lens-herren), Tittis Fiordenn 1607 (sv. manntal). Titis-fiordenne 1608 (sv. skatteliste), men Thÿttis Fiordt Finnder 1609 (norsk våpenmanntal for Salten len). Titisfjord, i Luleå lappmark, mot Norge; härimellan och Waranger i Ryssland är efter Lapparnas räkning 12 tolfter eller 144 mil utmed sjösidan; hade kyrka 1607; år 1609 tillsattes Reinhold Johanson att vara lapp-fogde över Titisfjorden intil Waranger («Historiskt geografiskt och statistiskt Lexicon, Öfver Sverige / Sjuend Bandet. T-W» (1859-1870), s. 46 - i flg. internett). 

Titisfjorden 1609 (svensk manntal over sjølappar ved Vestersjøen) + Kifzfjorden (d.e. Indre Tysfjord), Tytisfjord 1611 (svensk kart). Thyttesfiord 1612-1613 (lensrekneskap, om trolldomssak), 1613 Tittisfiord (4 x), Titisfiord (1 x): skrive så i fredstraktaten frå Knäred 20.1.1613, endeleg Thyttisfjord 1614 (NG 16: 275). Tüssfiorden matr. 1665 (Thorbj. Storjord, "Tysfjord - Divtasvuodna. Samiske og norske stadnamn». 1998 s. 14). Tÿssfiorden (og Tÿsness): namneliste i samband med lagtinget 1673. Tydsfjorden 26. aug 1722 (Hans Skanke, Pars Tertia s. 228). Tydsfjord 1730: "I denne Tydsfjord ere de fleste Finner» (Hans Skanke). 

Titisvuødne, Titisfiord(en) 1743 - Major P. Schnitlers grenseeksaminasjonsprotokoller 1742-1745 (s. 177, 223, 150, 157, 166 osv.):«Til [Lødingen] Præstegield hørerTys-fiord, eller paa Lappisk: Titisfiord» (s.175), «Tysfjorden, paa Lappisk Titisvuødne, el. Titisfiord» (s. 177). Tysnæsfiord og Tysnæs c 1750 (Nordland-iakartet, A.R. Nielssen 1990: 48+). 

Gjennomgåinga viser at forleddet i fjordnamnet enkelt sagt lyder både Tiss- og Tyss- og Tittes- og Tyttes- utover 1500-talet. Skriveformer med fram-lyd tju- (Tjutes-, Tjuts-) ser svenske ut, jf. tjuder (tjor, tjur, tyr: okse) ol. Tiudtzfiordt i ei norsk skatte-liste 1601 er derimot eit eingongstilfelle. 

Petter Dass (1647-1707) brukte i si dikting liud, lius, bjude, djur, sjun, men bortsett frå at gardsnamna på Lyng- iblant blir Ljung- i rekneskap frå siste del av 1500- og første delen av 1600-talet så er ikkje -ju- for -y- like synleg i skriveskikken på dette feltet.

Fleire skriveformer frå siste helvta av 1500-talet (Tiids- o.l.) understrekar at det er tale om lang i, det noko yngre(?) Tittis-, Tittes- er då heller ikkje overlevert i forma Tettes-, ei heller viser formene på Tyttis- o.l. overgang y > ø. Kan hende utvikla det seg palatal dobbelkons. -ƫƫ-: I gno. býta v. (lang y) seier vi byƫƫe, men gno. bytta f (kort y) lyder bøtta. Sml. elles |piƫƫe| (liten), |piƫƫer| (små) o.l.

Vi skal sjå noko nærmare på samiske variantar av gardsnamnet og fjordnamnet. Qvigstad fører i 1893 opp "Divsna (für *divs-nas), auch Tusnagīhč, ein Hof im Kirchspiel Hammerö = nw.Tys-nes", men 45 år seinare normaliserer / moderniserer han det til "Tysnes, lp. Diwsna el. Tusna-gēhčē" (Qv 1938 s. 214). 

Tilsvarande skreiv han først fjordnamnet Dīvtas, Divtasvuödna, ein Fjord im Nordland = anw. *týtis-fjǫrðr (nw. tysfjord, früher titisfjord, s.Norske Rigsregistr. V 427; Samlinger til det norske Folks Historie, III, 220; auch Thiutissfiorder (Norske Rigsregistr. II, 211; august 1591)" (NL 1893: 132). I 1938 skriv han derimot både usms. Diw'dē (g. Diwtē) så vel som sms. Diwtas eller Diwtēs-vuotna, Tysfjorden (Qv 1938: 209). Berre her har vi belegg for eit usms. namn Diw'dē, jf. omtalen av *þytir. 

Neste gong Tysfjords lulesamiske namn dukkar opp er i flg. Svein R. Sommerset 1922 då Jon Peder Finnesen (1858 - 1943, Leirelv i Hellemofjorden) fortel J. Qvigstad segna om Kongen på Hulløy: «Ullen oroi dolus aiken gonogas, mi raddi baddjel Divtasvuona sami» = «På Hulløy bodde i gamle dager en konge som hersket overTysfjordens lapper» (J. Qvigstad, Lappiske eventyr og sagn fra Lyngen II og fra Nordland (Oslo 1929: 528-529). - Folkeskolelæraren Henrik Kvandahl (1932) brukar i 1932 kun sms. skriveform »Devdasvodna» (s. 235).

Viktig er at J. Qvigstad på s. 209 i Lehnw. først fører opp kva fjorden heiter på samisk, så kjem ei uavhengig oppføring: »divtes, g. dikta(sa), diftasa; (Kr. auch, Südw.) tǣhtis, g. tæhtta(s), attr. tæhtta | lp. S tiktok, (Lul.) tīuwtuk, attr. tīuwtēs, (Hm.) duh-tēs, g. duhtasa; duhttog; (Ts.) diwtis, diwtog, (Arj.) tǣhta, (Ht.) dūhtöge, tiæhte; (Drt.) čięhte, čiehte, dicht (nichts durchlassend) = anw. þéttr, nw. tett, tætt». [Hm: Hamarøy, Ts: Tysfjord, Ht: Hattfjelldal, Drt: Trøndelag].

Eit hundre år seinare har Norsk Stadnamnleksikon (1997) ein liten namneartikkel som sluttar såleis: "Førsteleddet i T[ysfjord] kjem av lulesam. divtas og sisteleddet er omsett frå lulesam. vuodna 'fjord'..." 

Det lyder litt ugreitt: Ein fjord kan på norsk kallast grunn eller trong (i yngre språk "smal"), men aldri "tett". Det siste gjeld ting som held vatnet ute, så også med lulesam. divtes, dik'tas-, attr. divtes. Eit føresviv om "tett fjord" må det derfor vere lov å sjå skeptisk på, men møte litt konstruktivt: På Andøya sa dei, verbalt, digte (dekte) i ei reva i båtbordet, adverbialt dessutan "lammet låg digt innåt mora", ty. dicht. Blir då Divtasvuodna heilt enkelt fjorden som ligg tettast inn åt svenskegrensa? Språkfolk på lulesamisk side får siste ordet i det spørsmålet.

Tisnes i Tromsøysund. Norgeskart.


Fonetisk kan tysfjordsam. diwtis, lulesam. divtes, dik'tas- og sv.-no. Tjutes-, Tytes- nok samsvare, jf. flg.: 'vid ett sammenträde' i Jokkmokk 16. febr. 1756 vart det opplyst at Sirkas-samane [i Jokkmokk] hadde sommarbeite i Tiuktaswoutna: Skriveforma «återger Tysfjordens lapska namn» (Wiklund 1908: 42-43). 

Merk flg.: Fjordnamn er som hovudregel norske frå først, Qvigstads notering i Lehnw. viser at han her òg tenker så. Om no lulesam. 'Divtasvuotna' skulle vere eldre enn sjølve innvandringa, må likevel den namneforma i genuinitet og alder fire seg attom dei norske namneformene frå kjeldematerialet, attåt Titisvuodna på finnegæla. Frå og med dei eldste kjeldene er kortformene som står for "Tys-" representerte minst like godt som langformer av typen Tytis-, T(h)yttis-, Thyttes-. Etter kvart blir òg formene Ti(j)tis- og Tittes- vanlegare: Desse såg Schnitler som samiske, i motsetnad til norsk Tys-, venteleg også Titisnäs,Tytisnäs, men det ser ikkje ut til at Qvigstad tenkte såleis. Han har då også berre sam. Tus-na- for no. Tys-nes-.

Truverdig i og for seg er at Tys- er samandraging av eit eldre tostavings form. Ei forklaring lyder slik: «Tysfjorden nævnes ikke før i det 16de aarh., da der skrives Tyttsfjordenn, og senere omkring 1600, da den ofte omtales i anledn. af striden mellem Danmark-Norge og Sverige om herredømmet over finnerne. Man finder ved den tid skrevet Titis-fiord, Tittis-, Tyttis, Thiutiss- og lign. Disse former og den nuværende finske Divtasvuødna tyder paa en ældre usammensat form paa –ir som 1ste led; ogsaa gaardnavnet Tysnes ved fjordens munding viser tilbage til en saadan. þytir er kan-skje den form, man snarest kommer til at tænke paa, hvis ordet stamme har begynt med þ» (sit. A. Helland 1907: 345). Det har han eigentleg frå NG (1905: 275), d.e Nordlands-bindet, og Rygh tilføyer at "denne formodning støttes ogsaa ved Fjordens lappiske Navn, Divtasvuödna". Her viser Rygh for sin del til Qvigstad, Lehnwörter s. 132.

Eit fjordnamn þytir kunne då stå i samband med þjóta v. tute, dure, bruse, suse og þjótr m "tutar, susar" (om vind). Ei ueffen namnetyding er ikkje det - fråsegn går faktisk om den iskalde "Tysfjord-vinden" som gjorde at sjøvottane fraus i bein, eller som ein eldre vesteråling sa det: «Austavijn han e oppfujn i Tysfjordn!»

þytir, genitiv *þytis- ville vere regelrett, med  tys-fjordsamisk endring til Titir, Titis- på eine sida og eit forsvenska *Tjutir (jf. Diw'dē“?), Tjutis- på hi. Likevel hadde no andre fjordar like elendig ord på seg, ikkje minst i Ofoten: "Han e sterk i Skjomen, og på Rombaken vil han ta hauet av mannen - men på Herjangen, der tær han det!" I utvida kontekst står altså vindtolkinga ikkje fullt så sterkt. No finst det andre lokalitetar langs kysten som har namn på Tys- eller Tis-. Dei viktigaste for oss blant dei er slike der eldre tostavings former finst eller iallfall er sannsynlege: Tisnes |''tissnes| gnr. 65 i tidlegare Tromsøysund hd. er notert Thisnes 1610 og 1614, jf. Tisnes 1723, men heiter Thides-nes i 1567. Garden ligg på ei utgrunn halvøy der det er fullt opp med steinar og grunnar i aust, men neset som garden synest ha namn av er ein smal "stilk" som tøyer seg ut mot Grindøysundet i sør. 

Tisneset i Karlsøy. Norgeskart.

Ovsmalt og lågt er òg Tisneset eller Tisnesøyra i Karlsøy med spreidde sjøsteinar ikring. Tisneset |''tisnese|, |'tiᶊnese| på nordspissen av Gimsøya i Vågan gjer lite av seg, også det: Steinar stikk opp både på sjølve odden og på sidene. I dei to siste tilfella er det ikkje tale om gardsnamn - vi kjenner ingen eldre namneformer. 

Tisneset nord på Gimsøya. Norgeskart.

Tisnesøyna og Tisnesklubben i Solund ligg nær einannan, og utafor så vel som nordafor dei ligg ei rad med grunnar nær land. Tett ved Titlevika el. Tittelivika i Tysnes er også ureint farvatn med 1-3-4-metringar tett ved land.

I fall du i dette oversynet saknar Tysnes |''ty:snes| i Hordaland, så blir dette namnet skrive Tysnes og Tyrsnes alt på første helvta av 1300-åra, og rundt dette Tysnes finst fleire "gudelege" gardsnamn, jf. Aasens brev. Det peikar mot guden Týr, og ingen eldre tostavings variantar av førsteleddet er kjent i dette tilfellet.

Det nordlandske Tysnes setter O. Rygh i samband med fjordnamnet Tysfjorden (NG 1905). Nyttig i den samanheng er ei svensk skatteliste frå 1558, frå Oscar Albert Johnsens "Finmarkens Politiske Historie" (Kristiania 1923), sitat med forkortingar: 

"I det nysnævnte dokument i Sveriges Riksarkiv finder vi flg. detaljerte fortegnelse over grænsene ml. Norge og Sverige: I Lule lappmark: 1. Titisnäs, 2. Skarfberget, 3. Titishorn, Titisfierd, 5. Röttånger ......... Det er saaledes fjordene og havet som ifølge den officielle svenske opfatning danner grænsen ml. Norge og Sverige fra Vadsø til Tysfjord« (s. 355).

Enn vidare hadde den svenske lappefogden Olof Burmann under «sit ophold i Titisfjord aar 1584» fått opplyst av sjøfinnene at «Wij hafue i förtiden haft råar, nembligen i Titterhorn, Tytisnäs och Skarffue-berget » (s. 71). [rå f: skil, grensemerke].

Tysnes både lokkar og ler på full flo - det som lurer under vassyta er godt skjult. Foto: Frode Jenssen.

Det er naturleg å drøfte namnet Tilthornet alias Titterhorn/Titishorn for seg, då fjellet er særmerkt på form. Nordaustafor ligg vika og matr.garden Tiltvika |''ti`hlvīᶄa|, gnr. 3 i Hamarøy. Gamle skrive-former: "Tøtteluigh NRJ III 205. Thiitsleuigh,Thiileuig 1567. Thitteluigen 1610. 1614. Tittelluigh 1661. Tittel-vigen 1723. I Nærheden Fjeld Titlhornet (Tilthornet). Gaardnavnet er utvivlsomt dannet af Fjeldnavnet, enten ved en elliptisk Sammensætning med dette eller saaledes, at 1ste Led indeholder et opr. usms. Navn paa Fjeldet. Fjeldnavnet er sandsynlig at forklare af þí­sl f., Vognstang, som maa kunne bruges i et Fjeldnavn ligesaa vel som stafr, rokkr og lignende Ord. Om Fjeldets Udseende siger Y. Nielsen ..., at det viser sig "som et vældigt, afbrudt Søileskaft" (NG 16: 264).

Har sjølv notert namnet med uttale |''tihᶅƫvīka|. At Tilt- kjem av þísl kan nok vere tenkeleg, men fire av dei oppførte formene minner no like mykje om titil m, som i barnerim frå store delar av landet er "kjælenamn" på både litletåa (i sms. titil-tåa òg) og på litlefingeren (NO 11: 895). Foto av fjellet vil vise at det passar like bra som "vognstang", skåk.

Då er vel Tilt- omkasta form av Tit(i)l-, slik ein òg finn det i barneregla "Koss slapp du over bekken" (Telemark), med uttrykk som "eg tilta meg på tåa", "min taveltott, min tiltumtei". - Tøtteluigh på 1520-talet kan vere ei avsporande fordansking ("tøddel" for opp-havleg lat. titulus)? Formene på Thittel- og Tittel frå 1610 av verkar pålitelege, men ein uttale *tettel- kjenner vi ikkje. Det kunne tyde på opphavleg lang i. Tenkeleg er det då at Titil- er ei -ill-avleing, her om liten fisk, liten fugl, tynn og veik person etc. (NO 11: 895), sjå seinare.

Tiltvika heiter på samisk Gil'sa-luokta (Qv 1938: 214), ikkje forklart, og Lehnwörter fører ikkje Gil'sa- opp som lån frå nordisk. Dette skulle innebere at Tilthornet ikkje kan ha gitt namn til Tysnes, sam. Diwsna = Tusna-gēhčē (Qv 1938: 214). Sisteleddet i Diwsna og Tusna- forklarer Qvigstad som -na = -nas = -nes (Lehnw.: 132).

Sambandet mellom namna Titisnes/Tysnes og Titisfjord/Tysfjord verkar sikrare, men litt tvil er der, av di Tysnes tilsynelatande ligg for langt frå fjord-opningen i austkant av Tysnes-halvøya: Herøyklubben eller evt. Hierenjárga/Korsnes ser jo ved første augekast ut til å utgjere ei naturlegare avgrensing, og mange vil drage grenselina for (den eigentlege) Tysfjorden frå Herøyklubben til Bremnes medan "Losen" (b.5 1986: 173) dreg den mellom Korsnes og Barøya. Andre dreg grensa endå lenger ut, og dei har tradisjonen på si side: 

Overskrifta til denne artikkelen har si eiga historie, peikar Svein R. Sommerset på, for Claus Urne var lensherre i Nordlandene i åra 1598-1604 og gav "Erklering paa Finderne vdj Salthen, Senien och Trumsøe lhene 1599. Kordt forteignelse. Paa finde fiordens leilighedt, wdj Norlandenn, Effter fougder-nis, och findernis Beretning. Och huis ieg sielffuer haffuer forfaret Anno 1599». Han hadde sjølv, etter oppdrag, vore inne i finnefjordane (A.R. Nielsen 1990: 269-270, Kolsrud 1961: 34). 

Klargjerande for oss er: «Thydtzfiordt begøn(dis) wed thydtznes och St(recker) sig 2 store vgesøe ind thill thiørness, huilke(t) finderne Berether adt were Rett skieueienn huor Laperne kommer neder Aff fieldene mz theris kiøbmand-skaff" (Qvigstad og K. B. Wiklund, Dokumenter angaaende flytlap-perne mm. del II, Kristiania 1909: 280 - 281).

Claus Urne klargjer også heile åtte forgreiningar av Tysfjorden, noko som er interessant nok i andre samanhengar.

Sambandet mellom namna Tysnes og Tysfjorden blir understreka også i ei nyare kjelde: 19. juli 1743 heldt major P. Schnitler rettsforhør på «Gaarden Kiøbsnæs i Tysfjorden» og fekk der opplyst at «fra Tysnæss aabner sig strax Gabet af Tysfiorden, paa Lappisk Titisvuødne, eller Titisfjiord; J Gabet af denne Tysfiord er paa Søndre Side det ommeldte Tysnæss, og paa Nordre Side af det faste Land Bræmnæss» (Schnitler 1743: 177). – Med andre ord: Vi kan la all tvil fare.

Landskapet på Tysnes er dels ulikt andre nordlege Tisnes: På vestersida stikk ein kileforma bergtange Nausthaugneset ut, ganske lik formasjonane på Tittelsnes og i Titlevika i Hordaland (sjå seinare), men samtidig er der rett utanfor husa på Tysnes to særmerkte graskledde øyrar, to 'tødlar' side om side. Dei liknar meir på dei nordlege Tisnes'a som alt har fått sin omtale.

Det ser mest ut som om titil eingong var ein kjend term for smale små formasjonar, jf. isl. tí­tla f 'lite dyr', 'liten ting'. Formene med y er avvikande, men i eldre svensk er titul i liknande tyding også kjent i former tytil, tyttel: Var det genitiven tyti(l)s- som vart forsvenska vidare til tjuti(l)s-? Og om så var, hadde då svenskane "skylda" for at fjorden vart heitande Tys-, ikkje Tisfjorden? Dei meinte lenge at fjorden var svensk, så det er ikkje utenkeleg.

Sidan vi berre har dagens namneformer å bygge på, kan vi altså ikkje vere heilt sikre på at Tisneset i Karlsøy og Gimsøy opphavleg heitte Tites-nes, tenkeleg er også Tits-nes. Titudden ved Titsundet i Skärsundviken i Holmsjön i Ånge i Västernorrland er låg og smal, i ytste halvdel berre ei undervass-øyr med ein bergnabb ytst, det minner noko om situasjonen ved Tisnesklubben i Solund.

Tysnes ved fjæra sjø. Fullt av oddar og og rikeleg med stein, men mest særmerkt er dei to smale grasgrodde øyrene utanfor sjølve garden. Foto: Frode Jenssen.

I Tysfjorden og Tysnes sitt tilfelle er dei tostavings formene sikre nok, og då må vi merke oss at i ei sms. som Titils-, Titels- er l-lyden utsett for å forsvinne i utt., jf. tysfjerdingen Gurinn Torwasdotter = Tor-valds- i 1522. Men i gardsnamnet Titilsnes gjer ny s i -nes at l-bortfallet i Titils- kjem endå fortare så ein får Titis-, Tites-, sistpå samandrege til Tits-, Tis-. I Sveio i Hordaland har dei likevel ein formasjon med namnet i halden form Tittelsnes, og i Tysnes har dei Titlevika =Tittelivika, særs likt nokre av dei eldste variantane av namnet Tiltvika hos oss. Det ser elles ut til at Titel- kunne få ein "skjerpt" uttale Titir- så forkorting ikkje skjedde, slik det viser seg i forma Titter-horn i 1584. På Dønna har dei garden Titternes; i Frøya har dei ei sterkt oppslitta halvøy der namnet har fått fleirtalsform Titran. Her kunne eit gno. *tí­tr med fastgrodd r i fleirtal ligge bak (som i gno. ákr, "åker", blómstr, o.fl.)

I alle tilfelle kjenner vi frå store delar av landet tit  m (lang i) sagt om liten fisk, liten fugl, tynn og veik person, med tydingane i glidande overgang til tite f (noko lite alla-med seg): liten vekst, liten potet, nøtt eller nøttekjerne, lita tann osv., sml. nyisl. tittur "pinne" (Alf Torp pluss NO 11: 894-895). 

Her kjem noko endå meir interessant til: tita vkan tyde titte, kike, men dessutan (om korn og gras): spire, vekse fram. Det siste gjeld òg for verbet tyta (tyt, taut), som i tillegg kan uttrykke: kome fram, vise seg, t.d. bia til sola tyter (NO 11: 1548). Når der ikkje var skapt skilje mellom verba tite og tyte, kan der neppe ha vore det mellom tit og tyt heller, like så lite som mellom titil og *tytil. Topografisk sam-nemnar for dei mange lokalitetar som ber namn av dette slaget (nes, oddar) synest vere at der er langsmale oddar og øyrer og grunne område tett opptil, der det stikk opp store og små sjøsteinar, nøgda av ureinske for å seie det slik. Mangt fell på plass når vi går etter slike kjennemerke: Det titer eller tyt alle desse stadene, både horisontalt og vertikalt: Enklast er å tenke seg avleiingane på -ill laga beinveges til verba. Ein del namn frå tørt land som Titterbakken i Ersfjorden i Berg (Senja) og Titterskogen i Kvæfjorden er ikkje undersøkt, ei heller Titleviki i Ullensvang, Tittertjønna i Øyer eller Titteltjennet i Nord-Odal.

Når vi veit at titel (truleg *titer med) kunne gjelde både småfisk og anna småtteri (vekstar), kjem namnebruken i slike tilfelle neppe i konflikt med hovudresonnementet vi har lagt til grunn. Fjorden heitte tydelegvis både *Titils- og *Tytils-fjord, og forma *Titils->Titis- høvde for finnegæla, medan *Tytils- gjekk over til forsvenska *Tjutils-,Tjutis-, og indirekte til lulesamiske former, men det oppstod òg ei samandregen form Tys(s)-. Tidlege former på Tiids-,Tijtz-,Thiijtz- og Tietz- med lang i kjem kanskje beinveges frå gno. *tí­tr m? Derimot finn vi ikkje lang y i Tydz-,Thydz, Tydtz-, ser det ut som, jf. tytt m "odd, spiss" i Vinje i Telemark (NO 11:1549). 

Det bør òg nemnast til slutt at ikkje alle lulesamar vedkjenner seg namneforma Divtasvuodna som si, men meiner Tisfjora (feilskrive Tisjåora) er meir tradisjonsrett. Og tja –Tisfjora var vel like "samisk" som det var "engelsk" når folk i mine barneår på 1940-talet sa Nyårk eller Nevvy Årk for New York?

Å samanlikne det frittståande Tilthornet med ei tå eller ein finger er på ingen måte kunstig. Foto: kapt. Gabr. Lund 1903