I Årbok for Beiarn 1983 skriv Karl Solberg om "Ei natt på Beiarisen". Det er tankevekkande å lese flg. ingress: "Minner og historier fra Beiarisen kunne fylle mange bøker. Det er alt fra muntre replikker, dumdristige personer, minneverdige bragder og slit til tragiske hendelser. Så stor rolle som isen i Beiarfjorden har spilt opp gjennom tidene, må vi regne disse historiene med som en viktig del av bygdehistorien. Isen og problemene med den må jo ha preget oss – ihvertfall krevde den atskillig av mot, tålmod og krefter. Vi regner med nye historier fra isens saga så lenge vi gir ut årbøker".
"Norske Gaardnavne" fortel at Beiara var den einaste velkjente dialektform av namnet. At det vart normalisert til Beiarn er ei soge for seg. Beiarn er på samisk Baidár (Lagercrantz 4733: Pajttár), og Gildeskål heiter Oarjéli-Baidár, mens hovudelva heiter Baidár-johko.
Den eldste kjende skriveform er i Bedianom i erkebisp Aslak Bolts jordbok ca 1440, mens det heiter Bierenn 1570 og Beyrenn 1614. Oluf Rygh seier i Norske Gaardnavne: "Navnet er udentvivl opr. Navn paa Fjorden. Formen i Aslak Bolt forudsætter en Nom. Beðinn, Gen. Beðjans; men i noget ældre Tid maa Navnet have været brugt uden Artikkel og have lydt *Beði, Gen. *Beðja. Den nu brugelige Form maa dog være udgaaet fra en Sideform *Beðir.... Efter Sophus Bugge synes Stamordet at være beðr m., Leie, Underlag, poetisk ogsaa brugt om en Elvebred". Kan vi så slå oss til ro med det Rygh legg til grunn? Aller først at det opphavleg var fjordnamn *Beði, genitiv *Beðja – som seinare fekk bunden form *Beðinn, *Beðjans? Ei slik namneform burde i så fall ført til ei notidsform på line med Olden, Gloppen, Gulen, Loen eller evt. Arna, Børsa, Jelsa osv. (sjå Norsk Stadnamnleksikon, kapitlet ”Fjordnamn” av Oddvar Nes).
Dessutan måtte då det såkalte stamordet beðr ”leie, underlag” fortelje noko særs karakteristisk for fjorden, Men det nærmaste vi kjem av nordnorske ord er ba(d) i sandba(d) eller sandbag. Det høver visst ikkje for Beiarfjorden i det heile? Som vi alt har vore inne på, isproblema var eit langt større særmerke for fjorden.
Rygh ser problemet: at Beðinn, genitiv Beðjans harmonerer med skriveforma i Aslak Bolt, men ikkje kan ha utvikla seg til Beiaren. Det er derfor han innfører ei sideform *Beðir. Det hender nemleg at ord på –ir skiftar til ending –ar seinare, som når hellir blir til hellar (vsa. hallar). Overgangar av dette slaget er likevel unnatak i talemålet, og i gruppen –ir blant fjordnamn er dei fråverande, likeins blant innsjø-namn på –ir på Sør-Austlandet (jfr Norsk Stadnamnleksikon, kapitlet ”Innsjønamn” av Ola Stemshaug). Dertil kjem eit anna problem, nemleg at fleirtalet av norske fjordnamn på –ir synest ha øy- og især elvenamn som opphav. Då blir fokus flytta over til Beiarelva, og her spørst det om det er så store særmerke knytt til nedste delen av elvefaret at dei overgjekk balet med isen ute i fjorden?
14 tommar tjukk is stoppa d/s "Sivert Nielsen" i Beiarfjorden 18. april 1935. Årbok for Beiarn 2006.
Ikkje nok med det, i ”Norske Fjordnavne” s. 47 gir Oluf Rygh ingen norske døme i stykket der han er inne på ”Overganger fra –ir til nuværende –aren som ofte i svenske Indsønavne (Hjelmaren etc.)” Han har rett og slett ikkje funne slike, og eit tilleggsproblem med kategorien –aren er at slike namn finst i sørsamisk òg. Det er velkjent, så eg vil nøye meg med å vise til Björn Collinder, «Ordbok till Sveriges lapska Ortnamn», opp-slag -ar, se jáu’re. Har grunda på om Beiaren er ei litt nedsliten form av *bæj(u)jávrre (lulesamisk stava) i tydinga ”kvitsjøen”, altså just med tanken på den islagde Beiar-fjorden? Men at samane såg på fjorden som ein innsjø pga. isen blir ein dryg påstand, og eit slik namn ligg i alle fall for langt unna den overleverte samiske namne-forma Baidár.
Har ikkje fleire innvendingar mot Rygh, men Beiarisen er det verre å få ut av tankane. For å ta namne-problemet i ein større samanheng vil eg peike på at vi har ei talrik gruppe med norske fosse- og elvenamn som direkte eller via samansetting er gamle norrøne presens partisipp: Drivande, Dynjande, Eisande, Fallande, Fjukande, Hangande, Hoggvande, Migande (også kjent frå Shetland), Rjukande, Rjoande, Svelgjande, Verpande osv. Fleirtalet av desse namna forstår vi utan noka nærmare forklaring, viktigare er den avkortinga av slike namn som kom til i ettertid og gav Rjukan, Migan og Fjukan osv., jf Fykan i Meløy. Alle desse namna, ja endå fleire, karakteriserer måten vatnet renn på: om det ryk, fyk, blir kasta utover, sprutar eller berre sildrar – eller også fortel namnet om låta frå fossen.
Slike meir eller mindre historiske namneformer finst det nokre av på svensk side med, så som Fallande fors, Lynjande, Rynjande, Sjudande, Vellande, men også Skinande. Det siste er meir eit ”statisk” namn på eit vassfar og kunne høve like godt som namn på ein innsjø eller ei havvik. Faktisk finst det spor av slike namne-lagingar blant fjordnamn med, som Dynjandi, Skjálfandi og Súgandi på Island og eit par andre norske: Pipervika i Oslo heitte på norrønt Gyljandi, der Gyl- er språkleg i slekt med havgola (-gula). Det andre tilfellet er Brænvika i Steigen, der sandstranda heitte Breandi «den skinande», seinare forkorta til Bræna, men vel å merke som namn på sjølve buplassen.
Som vi ser, går talrike fossenamn og dei noko færre fjordnamn av arten oftast rett på sak: Tidt dramatiske, ikkje fult så ofte lyriske. Det islandske Skjálfandi forstår vi utan vidare i lys av skjalfa ”skjelve, riste”, mens Súgandi i sak fortel omtrent det same som namnet Sogn, tolka til sugande, sterk straum. Norrønt har eit adj. bágr ”vanskeleg, hinderleg, rangsnudd, lei”, som nokre vil kjenne att i dialektordet meinbåg. Det tilsvarande adjektivet var å bægja «hindra, stengja, møta og stansa eller tvinga til å ta ei anna lei; hindra i å koma fram (ein viss veg, til ein viss stad, i å fullføra ein plan o.l.» (b. 1 av Norsk Ordbok). Men allmenn nordnorsk uttale er å beie, preteritum beidde: ”det beidde han ikkje”, det hindra han ikkje, sette ingen stoppar for han. Merk same lydovergang i verbet lægja ”gjere lågare”, t.d. i høvedsmannsordren lei hòn for skavlen! la han (båten) få mindre segelføring!
Lydovergangen er utan tvil gammal, og her kjem vi poenget: Ned gjennom hundreåra har den tilfrosne Beiarfjorden i høgste grad gjort seg fortent til karakteristikken *Bægjandi i den tydinga avsnittet framfor refererer. *Bægjandi med ein nordnorsk utt. *Beiandi kan alt før Aslak Bolts tid ha blitt *beian, noko skrivaren då (eller ein av hans føregangarar) meinte kom av opphavleg dj og ikke gj. – Elles er skriveforma Bedjanum heilt på line med talrike andre namn i Bolts jordbok, med dativ meir som grammatisk ”sjablong” enn nødvendigvis som uttrykk for daglegtalen i samtida.
Men «alt før Aslak Bolts tid» treng nærmare forklaring: I den eldste gammalnorske tid (Ragnar Iversens norrøne grammatikk s. 207) fanst ordlagingar av typen seljandi, sœkjandi oa. som litt etter litt vart avløyste av ”moderne” former seljari, sœkjari osv., blant anna på grunn av direkte innlån av nyord på «-ari» frå andre språk (tallari, meistari, mylnari, riddari).
At gamle ”aktør”-ord vart omforma på denne måten hadde altså både med mote og med analogi å gjere, men vi får heller ikkje misse av syne at desse presens partisipp-formene var utsette for akkurat same avkorting som namnetypen Fjukan(de), Rjukan(de) osv. Ja, tenker vi etter, er det likeins i vårt eige talemål: Vi seier ikkje alltid faranes eller ståanes eller gåanes – faran og ståan eller gåan er ofte tilstrekkeleg, for ikkje å gløyme meir norrøne former som standan og gangan når du kjem litt lenger sør i Nordland!
Då er det lett å fatte, at så snart personrelaterte partisippformer som seljande og søkjande med tida vart utsett for akkurat same tendensen til avkorting, kom dei til å likne altfor mykje på heilt andre ord på –an, og dermed vart det svært naturleg og praktisk å modernisere dei til typen –ari (som seinare vart berre –ar).
Bak nyss nemnte ligg mistanke om at *Bægjandi uttalt *beijande vart ureflektert og analogt omforma til «beijari» (i nominativ) og til «-ara» i genitiv, dativ og akkusativ, der fleire faste vendingar med til, i, av, or Beiara gjorde at den under-forma stivna og heldt seg. Det kan ikkje ha vore til hinder for at bunden nominativ Beiar(e)n vart nytta i visse samanhengar, eventuelt berre i nabobygdene.
Truleg heitte det Beiara alt då Aslak Bolts jordbok vart til, men skrivaren henta vel namnet i eldre form frå eldre førelegg. Å bruke dativ på –om for stadnamn der slik bøying høvde var etter gammal-norsk skriveskikk ei sjølvsegn under føring av jordbøker, og må vurderast ut frå det.
Ordboksført på line med verbet å bægja – frå Nordland òg – er eit beie = bægje «noko som stengjer eller står i vegen; hindring, stenge» (Norsk Ordbok b. 1). Eg har òg leita etter eit direkte laga beiar = bægjar (ein som hindrar eller stenger), men ikkje funne nemne-verdige belegg for det, og ingen variant bægir (jfr. Rygh) korkje i islandsk eller norsk, men det har vore gjetta på eksistensen av eit slikt ord som forklaring på det islandske elve- og gardsnamnet Bægisá.
Dersom mi forklaring på Beiar-namnet står til truande, bør det vere nemnt at det i alle tilfelle har fleire slektningar enn Bægisá. Vi kan nemleg knippe verbet å bægja saman med norrøne ord som å baga ”trykke, hindre” så vel som adjektivet bágr (omtalt) og nomina bágr ”motstand, strid” og bági ”motstandar, fiende”. Her vil skal eg gjere meir eller mindre svenske av meg: Det gamle norske Båhuslenheiter på rettare svensk Bohuslän (Bahuslæn 1422). Skal sitere Svensk Ortnamnslexikon:
«Landskapsnamnet är känt först från 1400-talet och anger att Bohuslän är ett förvaltningslän under det 1308 anlagda Bohus slott (Bagahus 1319 avskr.). Förleden i det senare namnet har sammanställts med fornvestnord-iskt bágr ’besvärlig’, syftande på den besvärliga farleden i Nordre älv [heitte og Norges älv før]. Efter-leden är hus ’slott, fäste’».
Under omtalen av Ulricehamn i Västergötland i same leksikon ser vi at den byen fram til 1741 heitte Bogesund, skrive Baghæsun 1320. Det namnet ”innehåller dialektordet båg (fornsvenskt *bagher ’besvärlig)’ eller ett dertill bildat ortnamn. Efterleden –sund åsyftar en passage, vars vatten bör ha varit besvärligt på något sätt, vid Ätrans utlopp i Åsunden”. Vi kunne då kanskje seie at vel er Beiar-namnet særmerkt, og ingressen etterlet ingen tvil om korleis namnet oppstod, men beiarværingane var ikkje dei einaste i Norden som fekk oppleve at fjorden eller elva bægde dei når dei skulle i utferd.
Trykt i Årbok for Beiarn 2006. Lett nyredigert .