Kva eit folk eller ei folkegruppe kallar seg sjølv el. blir kalla av andre kan vere nyttig å kjenne  til. Oftast er namnet på folk (nasjon) uløyseleg knytt til namnet på området eller landet, og her kan ein med fordel la språk- og kulturmøtet ml. nordisk og samisk vere utgangspunkt: Ordet landurnord. *landa i samisk låneform ládde vart eit ord for ikkje-samisk landsbygd.

Nytta om ikkje-samiske bygdefolk (i nordsamisk: finlendarar, i lulesamisk: svenskar, på sørsamisk: svenskar eller nordmenn) går det likelydande ládde (láddi) tilbake på norr. landi 'landsmann', og det hadde i mellomalderen ei særleg tyding: "Når en Islænding .... af en norsk eller dansk Mand bliver tiltalt eller omtalt som landi, havde vel dette sin Grund deri, at Islændingerne selv i Tiltale eller Omtale betegnede hinanden med dette Ord, lige-som de ofte ved land uden nærmere at betegne det forstode deres eget Land" (Fritzner: 406, Qvig-stad: 205, OSLO 110.) Eit i utgangspunktet så enkelt ord som 'land' (og landi) kunne altså få eit nokså skiftande innhald. 

Litt enklare kan det då fortone seg for oss at t.d. folkenemninga hindu og språket hindi har med  landsnamnet India å gjere, medan det engelske ordet for sigøynar, gypsy, bygger på den trua at sigøynarane kom frå Egypt! Vi kjenner alle ordet angelsaksar: Anglane som folk fekk namn etter (forma på) den landstripa i Schleswig som dei kom frå, jfr. angel for ongul. Når den engelske nasjonen til dels òg blir kalla  albion, er det eit ord som har vore innom keltisk og latin og skal vere i slekt med latinsk albus "kvit" og vise til "The white cliffs of Dover". -  Rhode Island i USA hadde før eit indianarspråk narragansett, eigentleg  'nesfolket'.

Beduin kjem av arabisk badawín "ørkenbuarar", laga til badw 'ørken'. Landsnamnet Eritrea kjem  av latinsk-gresk Mare Erythraeum, Raudehavet, og Etiopia går via latin attende til gresk  Aithiops  "(sol)brent fjes". Ein hebrear er - greitt nok - "(ein) som går over (elva)", el. "ein frå  hi sida (av elva)", mens dajak (dyak) som namn på ein innfødd frå Borneo eller Sarawak kjem av eit malaysisk ord for "oppland". Ordet aztek(ar) har vandra gjennom fransk og spansk, det lydde (på indianarspråket nahuatl) aztecatl "menn frå nord, nordmenn!"  Jugoslav og Jugoslavia  (i våre dagar ofte "Rest-Jugoslavia") tyder ordrett 'sørslav' og 'Sørslavia'.

Norsktalande synest at aborigin er eit tungrodd namn på ein innfødd frå Australia, i engelsk  brukt om innfødde frå andre verdsdelar med, men det er enkel samandraging av latinsk ab  origine "frå opphavet". Dei eldste stammefolka i India blir på hindi kalla adivasi, og det tyder om lag det same.

SJØLVBILETET ER VIKTIG.
I dag får vi nokså ofte kontakt med menneske frå fjerne land, og gjennom fjernsyn får vi det endå oftare, men mange folke- og stammenamn skriv seg frå ei tid då full isolasjon var regelen og då kvar gruppe opplevde seg sjølv som dei einaste. Frå Afrika kjenner vi bantu, det tyder berre "folk", spanske ord som pueblo og navajaho det same. Ordet tysk, deutsch, kjem likeins frå gammal høg-tysk diutisc "folkeleg". Dei ville teutonane - enten dei var frå Tyskland eller Jylland - var germanar: Det namnet synest på same måten å ha hatt ei opphavleg tyding "folk",  eventuelt "land", og den folkegruppen ein før kalla eskimoar, nemner seg sjølv inuit "folk", som er fleirtal av inuk  'person': I Nord-Alaska heiter det også inupiaq eller inupiat, som vil seie "ekte person". Likeins skal  sápmi  stå for "menneske".

I det heile er nemninga for eit folk og for språket nokså ofte det same, så som når det er tale om ein mandsju og språket hans (jfr. Mandsjuria): Det ordet skal tyde "rein", usagt om det då er tenkt  på rase, språk eller livsstil. - Forståeleg er at inuitane ikkje setter pris på namnet eskimo, eit ord som frå indianarspråket algonkin vart tatt opp inn i dansk via fransk og tyder "dei som et rått kjøtt", og meir smigrande er ikkje mohikan(ar), som ein kunne omsette med både "menneskeetar" og "ulv", men  det siste synest vel ikkje vi skandinavar er så fælt, som brukar mannsnamnet Ulf?

Mindre kjensleladde ord knytt til utkomme og levevis er t.d. franskkanadisk algonkin (algonquin,  ei språkgruppe), eigentleg "på lystreplassen", eit ord som har med fiske å gjere. Eitt av  algonkin-folka vart kalla ojibwa "rynka, snurpa" på grunn av mokkasinane dei nytta. Frå India hentar vi eit ord frå sanskrit, gurkha, nærmast "kuverjar, kugjetar", jf livsstilen til det afrikanske gjetarfolket masaiane.

FRI ELLER UFRI?
Namnet eit folk brukar om sjølv fortel ofte korleis dei ser på sin sosiale og politiske status: Frankrike har namn etter frankarare, dei einaste heilt 'frie og franke' i Gallia,  og Thailand kjem tilsvarande av folkenamnet thai "fri". Men fridom heng alle stader uløyseleg i hop med vilje til å forsvare fridommen, og t.d. trur ein at Mongolia og mongol kjem av  mong "uredd,  djerv". Kva andre folk meinte om mongolar og fridom er i den samanhengen ikkje interessant.

Motsetnaden blir ufridom, trældom. Kreol (namn på folk av blanda ætt i ulike kombinasjonar) har vandra gjennom fleire latineuropeiske språk og kjem eigentleg av lat. creare "skape" (her:  avle). Der er også historisk samanheng mellom slavekår (for krigsfangar) og nemninga slaviske språk og folk. Slike kår varar sjeldan evig: Arabisk malaka "å eige" gav mamlúk som ord for kaukasiske slavar, men dei same mamelukkane vart krigarar som herska over Egypt frå 1254 til 1811.

At ein særskild klasse eller stand gav namn til ei viktig folkegruppe og målet deira finst det også døme på: sanskrit mantrin "rådgjevar" vandra gjennom hindi og malaysisk og portugisisk og  vart til mandarin, sjå kinesisk historie. Namnet på det (utdøydde) karibiske indianarspråket taino  stod for "adelsmann, herre" i det same språket.

GRANNAR ELLER FRAMANDE?
Orda german og germansk er ikkje sikkert tolka, men det har vore vist til gammalirsk gair 'nabo'  og slik gjetta på at det var keltarane som kalla grannane sine for germanar. Eit anna germansk ord  som tyder "framand" skal via gammal kyrkje-slavisk ha gitt namn til folket i Valakia i Romania.
Same meininga, framand, skal gr. barbaros ha, opphavleg nytta om kva språk el. folk som helst, men barbar i tydinga "ein som talar uforståeleg" og "ein rå, usivilisert person" låg nær nok. Langt meir nøytralt fortonar det seg at nemningar og namn som slovak/Slovakia, sloven(ar)/Slovenia mm. kan henge saman med slovo "ord". – Klart negativt ladd er ord som babbel, å bable osv., og dei fleste av oss vil nok assosiere det med Babel eller Babylon i bibelsoga: hebraisk babel tyder i seg sjølv nettopp "forvirring".

Det skulle derfor vere rart om det ikkje også fanst stamme- el. folkenamn som fortel om det å bruke morsmålet på rosverdig måte, om dette å ha fullt herredøme over språket.

SAME OG FINN
Kva samar gjeld, heiter folket sápmi (sjå framfor), jf Sápmi om Sameland. – Kva det gamle norske namnet finn, fleirtal finnar gjeld, så har eg lurt på der er ein samanheng med fidnit, finnit 'erverve, fortene', eit verb lånt frå norrønt (vinna): Det gir meining at ei folkegruppe som levde av fangst og fiske kunne kalle seg det, eller bli kalla så av hine, men det finst sikkert meir enn  ei meining om ein slik tanke. - Klart nedsettande er i alle tilfelle den lågtyske nemninga lapp, som er jamtydig med høgtysk Lappe, Laffe "narr (jfr. laps), dum person" ol. Her lurar Übermensch-tenkinga i bakgrunnen. 
Tankevekkande er det derfor å lese eit lite stykke i Rana Blad 2. juni 1966 med overskrift  "Sørsamisk - et språk for perfeksjonister". Her er m.a. framheva ein rikdom på nyansar, som  dette at dei har fleire namn enn nordsamisk har på sine ikkje-samiske grannar, som lætie: (laedtie)  'ikkje-same', viethke (viedtehke) 'fastbuande' (kan og gjelde samiske bumenn), daro (daaroe)  'upåliteleg person' og dakje (daatje) 'vond person som opptrer hatefullt overfor samane'. [Jf  at lætie, laedtie er sørsamisk form av det før omtalte ládde.] Sørsamane var og er ei folkegruppe i forsvinnande mindretal som er avhengige av grannefolka på godt  og vondt, men vi kan undrast lell: Var det ikkje her lågtysken som røpa eit fattig og underutvikla  ordforråd og eit primitivt menneskesyn?

EI RØYST UTANFRÅ?

Den finske språkgranskaren Eliel Lagercrantz  var på Sør-Helgeland i tre månaders  tid i 1921 og var likeins innom Tysfjord, Arjeplog, Herjedalen mm. Han gjorde seg interessante refleksjonar, som her er omsett frå tysk (Lagercrantz 1957):
"Sørsamen talar sitt fornspråk overlagt vørdsamt og er knytt til den gamle tradisjonen med liv og sjel. Han er er aristokrat av hjarte, og du undrar deg over kor høfleg og finttenkande han  ter seg. Trongen til det som er vakkert viser seg i allting: i draktprydnad, i bruksting forma med  kunstnar-hand og framfor alt i målet. Han held på ein rein uttale og vel orda med omhug. Sansen  for god stil viser seg i ei ovnøgd av ordformer, nytta på ein hag måte. Den vedunderleg rike  klangskalaen i lydsystemet uttrykker natursansen og kjenslene hans umedvite og fritt. Her er  ikkje naturopplev-inga skildra i kjempesteg og med knusande bru-tal kraft som i Vestfjord- og nordvestsamisk, men ved fin lydsymbolikk og uttrykksfulle ordformer".

Her skildrar ikkje Lagercrantz sine opplevingar av sørsamisk kultur med så nøytrale (vågar vi å seie tørre?) ord som dei språkforskarar i vår tid ville bruke, men akkurat det er uinteressant: Han var  barn av si tid - så vil det heite om oss au - men han kom utanfrå og samtidig fullt kvalifisert til å skjelne og sjå nyansane i språkbruk og anna, og vi forstår utan vidare at han må ha møtt berarar av ein samekultur med djupe røter.

KVA MED HÅALOHKE OG HÅLOGA-?
I Håløygminne 1994 kasta eg for første gong fram den tanken at Qmð og Hålogaland er namn  som ein nok tør sjå i samanheng med samiske ord. Innhaldet i denne første artikkelen er kort referert  i den norske delen av årsmeldinga "Nordisk namn-forskning 1994", ved Gulbrand Alhaug og  Oddvar Nes, og endå kortare kommentert: "Overtydande er desse nytolkingane ikkje".

Kanskje ikkje - ei fråsegn på fem ord overtyder heller ikkje. Mest konstruktivt er å gå ut frå at det ikkje var argumentert godt. Ideen om øynamnet er derfor utdjupa i "Noko  meir om Åmd og Tjøtta" (Håløygminne 1996), og truleg er det rett å gjere tilsvarande med tanke  på namnet Hålogaland og nemninga håløyg.

Som Alfred Jakobsen har peika på (s. 160 med tilvising), er det eigentleg gjettverk at håløygene hadde sams tingstad og ei form for organisering og kommunikasjon, når det var fare på ferde. At norrønt háleygir er avleidd av eit germansk ord *hálaug 'høgtidelig kampavtale' er ein tiltalande tanke, men då knyter vi orda håløyg, håløysk og Hålogaland til ei forsvarspakt som ikkje lar seg påvise.

Vi tør då kalle det eit tankekors, eller iallfall ei lita utfordring, at sørsamisk kjenner ord som hooleke  (samiengiële-hooleke 'som snakkar samisk') =  hoåluke 'språkkunnig, språkmektig' likså vel som  hoolejes 'snakkesalig, ordglad' - med Bergslands rettskriving og i same orden: håalohke, håalehke  'språkmektig, talefør, ordhag, som har ordet i si makt' og håalijes, håalijs 'snakkesalig' osv. I denne samanhengen er det Ikkje minst interessant at Hasselbrink fører opp hoålejehooleje 'talande',  presens partisipp av verbet hoåludh (i Bergslands skriveform håalodh, håaledh) å tale, t.d.  gålpuoh hooleje "som har tungt for å tale, som ordlegg seg keiveleg (klønet)", alternativt: "som  stammar".

I litteratur om samisk dukkar ordet 'språkmeister' opp her og der. Skal vere varsam  med å tolke for mykje inn i det uttrykket, som kan hende fortel like mykje om språkgranskaren si glede over dei gode informantar som om samisk kulturoppfatning?

Sitatet etter Eliel Lager­crantz fortel like fullt at han meinte sørsamane nytta sitt morsmål meisterleg, det var noko finlendaren la merke til. Det kunne ha vore svært så interessant å vite korleis dei som talar eit anna samisk mål ser på den vurderinga.

KOMMUNIKASJON I KVA SAMANHENG?
Eg skreiv i 1994 om nemninga håløyg og namnet Hålogaland: "Folket og i neste omgang landet  kan nok ha blitt heitande så av di det var både nød-vendig og vanlig å meistre både norsk og  fleire variantar av samisk, kan hende målet til andre grannefolk og? - Det liknar eit poeng at  når Peder Claussøn Friis i si tid fortalde om sjøfinnane som hadde sju språk, så kan det vere  reminisensar av ry for språkmeisterskap som folket i landsdelen hadde opparbeidd seg på eit langt tidlegare tids-punkt" (Håløygminne 1994: 163).

Her la eg nok hovudvekta på kommunikasjonen med ikkje-samar. Men ser vi sørsamane med E. Lagercrantz' auge, kan det altså vere at nettopp dei  - evt. ein meir avgrensa gruppe, t.d. slike som hadde ein viktig funksjon i samhandling med andre grupper? - var berarar av ein høgt utvikla språktradisjon. At sørsamane og Helgeland heng uløyseleg saman historisk treng ein  iallfall neppe å føre prov for lenger. Eg sa òg:
"Namnet/nemninga Hálogaland og háleygr kan i så fall ureflektert ha kome på gli: frå å gjelde  dei som meistra samisk vel, til å omfatte alle som budde innafor gammalt samisk vald, lenge før  det kom til ein klar nordisk dominans i området. Alle visste kva for landsdel det var tale om,  men forståinga av at orda hadde noko med talespråk å gjere avtok i same omfang som nordisk/ norsk talespråk greip om seg".

Som alt er nemnt kan eit substantivert håalohke, håalehke 'språkmektig, som har ordet i si makt' ha ført til Hálogaland, variant Halgoland  > Halgeland > Helgeland som namn på det landområdet der ei folkegruppe, gjerne langt på veg tospråkleg? - heldt til. Det var samtidig tenkt på  samanheng mellom sørsam. hoåleje (hooleje) 'talande' - jf òg håalijes - og det som i norrønt vart háley+skr og  háleygr. Jf det nokså parallelle Rogaland, rygskr, rygr så vel som omtalen av land mm. i innleiinga framfor.

Tente dei sørsamiske orda berre til å karakterisere språkbruk hos enkeltindivid, el. òg kommunikasjon grupper imellom? Eg finn det rett å la spørsmålet stå svarlaust, for det krevst omfattande kunnskap om (sør)samisk språk og samfunnsoppfatning av den som skal finne svar. Vi får berre håpe at ei slik etterprøving kjem. Men når no sørsamisk eingong har desse orda, er det iallfall for lettvint dersom vi let att auga for det som peikar i samisk lei og læst som om det er meir hald i den filologisk velkjende, men historisk sett akk så ukjende nordiske kamp-avtalen.

Som framfor vist: kva stammer og folk kallar seg sjølve eller blir kalla av dei andre, har å gjere med sjølvoppfatning el. noverande el. tidlegare bustad el. livsstil (matvanar og klede ikkje  å gløyme), el. med språkbruk, eller status. - Eingongshendingar som det å ha gjort eid på ein avtale kan i seg seg sjølv knapt karakterisere ei folkegruppe: Innafor grupper flest har prinsippet "ein for alle og alle for ein" vore nokså sjølvsagt, skulle gruppen overleve. Og skulle fleire  grupper slutte forsvarspakt, er det usannsynleg at dei er namnlause heilt til dess!

Samane og samisk kultur er med i norsk rikssoge frå Harald Hårfagre og Eirik blodøks av, også med samejenta Snæfríðr frå Oppland og Gunnhildr frå Hålogaland. Det må likevel kallast svært sjeldne unnatak at noko i norsk historie blir forklart som samisk påverknad. Vi har tradisjon for å late som om vi alltid har vore til stades også på stader der vi neppe var det. Vår nasjonale sjølvforståing, vår oppfatning av mellomfolkeleg rang har gjort ein del andre tankar utenkelege.

Leitinga etter det nasjonale etter dansketida især etter 1830 gjekk føre seg blant norske bønder. Få søkte blant 'simple fiskere' etter ordfang og annan tradisjon, endå færre blant samar, og aller minst blant sørsamane, ein minoritet i minoriteten. Her meir enn i noko anna tilfelle i våre nærområde kan vi med Wergeland tale om eit lite folk "hen i Verdens Hjørne stødt med et Sprog som ei rækker fra sin Krog længer end dets Læbers Aande" Så.
kanskje var det lønt å legge eit lyttande øyre til, for ein gongs skyld? 

Om Helgelands-mål er elles sagt at "ordfanget er mykje fornt og merkelegt" (S. Kolsrud: 122), og det skulle no vere rart - jf Lagercrantz - at ikkje dette endå meir skulle gjelde for det samiske målet der.

Nyred. etter Håløygminne 1998 

Litteratur:
Bergsland, K. og Magga, L. M. 1993: Åarjelsaemien-daaroen  baakoegærja/Sydsamisk-norsk ordbok.

Collinder, B. 1964:  Ordbok til Sveriges lapska ort-namn. Uppsala. (Her forkorta OSLO).

Elsvatn, L.:  Nach der Mundart von Wefsen. Om språkforskeren Eliel Lagercrantz. I Åarjel-saemieh - Samer i sør. Årbok nr. 4.

Hasselbrink, G. 1981-1985:  Südlappisches Wörter-buch. Uppsala.

Kolsrud, S. 1951: Nynorsken i sine målføre.

Lagercrantz, E. 1957: Lappische Volkdichtung I. West- und südlappische Texte. Helsinki.

Nordisk Namnforskning 1994. NORNA-rapporten 59. Särtryck ur Namn och Bygd 83, 1995.

Qvigstad, J. 1893: Nordische Lehnwörter im Lapp-ischen. Christiania.

Thompson, D. (ed.) 1990: The Concise Oxford Dict-ionary of Current English. Oxford.