Både turisme og naturvern har gjort utkantar som Makkaur, Omgang, Opnan, Stappen m.fl. eksotiske. Sistnemnde står på karta til J. Ziegler 1532 og O. Magnus 1539, og 1540 har S. Münster med både Stappen og «Matkur». -  A. Ortelius noterer «Bomgang» i 1570. År 1595 har G. Mercator «Omega» aust for Nordkapp  og utom «Bociseuoort» (Båtsfjord) og «Bongan» utom «Suyeruer» (Sørvær!) – van Linschoten har Ommega på sitt kart i 1601! Avskrift og ny avskrift var nok medverkande til slike resultat. – I alle fall, alle desse væra er avfolka i dag, men dei var viktige nok den tid «nærfiske» var viktig og alle reiste med båt. Det er like vel slik at over tid har Opnan vore langt mindre i fokus enn dei andre tre.

Om kyrkjeordninga i nord etter reformasjonen «meddelt ved J. K.» (Jørgen Karlsen) heiter det at «Finnmark skulde i 1589 ha 17 kirker med tils. 12 prester», og kyrkje nr. 9-10-11 var då «Kjelvik, Opnan, Hellesnes med 3 kirker og 1 prest», dvs. Kjelvik var hovudkyrkja (Hm. 1933-52). Kort etter må det ha skjedd endringar, for i 1594 har Opnan og Helnes anneks kome under Tunes prestegjeld (J. Qvigstad, Hm. 1926-161). Etter 1601 blir kyrkja i Opnan ikkje nemnt meir, og den på Helnes var borte før 1694. Omskifte skjedde før og omskifte kom til seinare, då Kjelvik vart skilt ut frå Kistrand kommune i 1861 og vart eige prestegjeld i 1911. År 1924 er Opnan gnr. 91 i Kjelvik hd. (NG 18-168f) - som etter 1951 heiter Nordkapp kommune. 

Opnan (med markør) framfor Opnanvatnet.

Vi vil gå nærmare inn på det uvanlege namnet Opnan. Det blir uttalt åppnan, med  skriveformer som Opnæ vorj 1519 (NRJ. I 377), Opnø 1520 (NRJ. II 249), Opnenn 1563 og 1567, Opne 1668 (øde), Opnan 1744, *Ofne 1787, *Aappen 1788, Aabnen 1826. Vi ser at namnet er skrive uttalerett Opnan i 1744, men at dansken slår tilbake i 1826. Aappen 1788 speglar derimot den samiske forma Ohppan.

Lat oss sjå kva omtale Opnan får i NG b. 18: «Umiddelbart ovenfor ligger Opnevandet. Det kan saaledes i Opnan (som Bostedsnavn i best. Flt.) mulig foreligge et opr. usammensat Sjønavn *Opni m., hvilket i Tilfælde synes at maatte Forklares i Lighed med Aapenvik, Nesseby I, 6: af opinn, aaben (som ikke fryser til). Dette Adjektiv kan imidlertid ogsaa bruges om aaben, ubeskyttet, veirhaard Beliggenhed, og det var nok ligesaavel tænkeligt, at Navnet skulde forklares som en Dannelse til Adjektivet i denne Betydning (jfr. Opn n. = Op n.,  Aabning, Hul)».

Opplagt er at namnet har noko å gjere med open, gno. opinn adj. Litt artig er det då at ei opna både i færøysk og islandsk er dei to sidene som ligg opne framfor deg når du slår opp ei bok! Vel har dette fint lite med landskap å gjere, men ordet kan i islandsk òg tyde «op, eyða», dvs. opning, tomrom, gap, og i tillegg stor tjønn, begge delar høgst relevant for landskapet på Ohppan-njárga (Opnan-halvøya), der det er to djupe og vidopne innskjeringar frå nordaust med ein ovsmal fjellrygg som bolkeskil imellom (Ohppan-néreg, Fuglenæringen): Nordre dalbotnen heiter Bærvika, den søre er det verkelege Opnan, i hovudsak fylt av Opnanvatnet (korrekt form?), skilt frå havet med ei landstripe. Landskapet er særmerkt, og dei to nemnde djupe innskjeringane med bratte fjellkantar fell aller mest i auga og gjer det sannsynleg at Opnan kan vere fleirtal av det nemnte opn n, sml. dialektisk våpen n, flt. våpnan (gno. vápn n.). Ein lesemåte *Opnaden er heller ikkje utenkeleg, jf Skjelnan for Skilnaden (Tromsøsund). 

Den eldste skriveforma er som før nemnt Opnæ vorj 1519, og NG skyt inn ei gjetting (? = Vær), men ein kunne òg knyte det til nordsam. vuorji = vuorjjes adj. «glissen, uttynnet», merk òg sørsam. vuerjies grovmaska (om garn). Her fortel vel namnet korleis landskapet ter seg frå havet? Til stønad for slik tolking kan nemnast at kart over Porsanger har Vuorji som namn på eit frittliggande fjell i ope landskap (minner litt om fjellet Einleten på Andøya, jf. gno. einlæti n det å halde seg for seg sjølv). I same lei kan peike at grensefjellområdet Vuorječearru i Sør-Varanger har eit minst like ope og «grisse» preg. Det spørst då om «Opnæ vorj» 1519 var ei faktisk namneform el. om "vorj" var eit forklarande samisk tillegg.

Det bør nemnast at i færøysk er ordet opna f også brukt om sel-hoa, hosel. Her er nok eit samband med det usikre nynorske ordet openkobbe men i alle fall med norr. opnuselr «russekobbe, grønlands-sel, svartside».

 Openkobbe er i flg. samlingane til Norsk Ordbok «sel som sym på ryggen og er open for åtak». Havforskningsinstituttet ved Tore Haug er samd: «Det er helt riktig at grønlandsselen veldig ofte svømmer på rygg. Særlig når den skal forflytte seg over større avstander, da opptrer den gjerne i store flokker, eller vøer som vi sier i Vesterålen ... Jeg har lagt ved bilde av en grøn­ landsselvøe på flyttefot, fotografert i Barentshavet. Av bildet fremgår det tydelig at alle dyrene svømmer på rygg, bare den svarte snuten stikker opp av vannet.. Arten kan også svømme med ryggen opp, særlig når den er på matjakt og bare skal forflytte seg over kortere avstander».

Uvisst er om openkobben har sett spor etter seg i våre nordnorske stadnamn. Tradisjonelt seier vi visst berre russekobbe, som svarar til samisk ruošša-njuorju, eller omvendt. Derimot er det truleg at namna Åbneskjeran i Sokndal og Opnarfluene i Bremanger fortel eitkvart om sellåter eller -fangst.

Gno. opinn adj. tyder primært «som vender opp, som ligg på ryggen». Det gir god meining i samband med russekobben, som vi ser, men normalt tenker vi på tydinga «open, ikkje lukt eller stengt», og at det siste høver i Opnan sitt tilfelle er sikkert nok.


Nyredigert etter Håløygminne  2017 h. 4