Det finst mange lokalitetar som heiter noko på Hjart- (eller Hjert-). Særleg namna på Hjart- har noko rotnorsk og «varmande» med seg, og aller vanlegast er kanskje Hjartåsen på Vestlandet og Helgeland (sjeldnare Hjertåsen). Trillande runde er dei stort sett alle. Hakk i hæl eller helst like stor er Hjartøy-gruppen. Innafor den skal aller først nemnast Hjartøya i Bindal, ei halvøy som vi kunne kalle mono-nukleær, ho har berre éin rund knute, men mykje vanlegare er multiple formasjonar (runde knollar og knausar strødd ut), slik som Hjartøya i Bindal, Herøy, Nesna, Bodø og Steigen. I tillegg kjem dei Hjartøya'ne som er lite meir enn ein rund holme, attåt dei som heiter Hjartholmen (el. Hjert-) beint fram. Om  ikkje alle er ruvande – Hjertholmen ved Våge på Tjeldøya har nok berre litt runding jamført med Flatholmen tett synnafor – fortel namnet om relativt rundvoren form lell. Hjertholmen i Lødingen var vel også slik skapt, det er mindre att av han no. 

Hjertøya'ne er lite annleis enn Hjartøya'ne, men ei i Molde er uvanleg langsmal, endå ho i austenden har den humpen som namnet "krev". – Hjertøya i Nordfjordbotn i Balsfjord er meir lik vaffelkake- og juletrehjerte og den slags. 

Ikkje så lite av same skabelon har isen (breen) Hjarta under Hjartfjellet i Bjerangen, Meløy. Det gjeld i noko mindre grad for Hjartfjellet (sørsam. Jearhta) i skilet Vefsn - Grane. Det ruvande fjellet i skilet Hattfjelldalen/Hemnes med same namn (sørsam. Jierhtetjahke) er «tradisjonelt» avrunda. Det ligg nær å tru at dei samiske namna er låne-former av dei norske, men lat det stå ope.

Qvigstad har frå Troms jier'ta, jer'ta «rundaktig, hattformet fjell, kun som egennavn», han nemner også jerhta frå Jukkasjärvi (etter Wiklund) i same tyding så vel som jer'ta frå lulesamisk, dessutan Tysfjord-samisk jer'da :«høi hump oppe på fjell-flaten» (Qv 1944 nr 425). 

Björn Collinder noterer frå Gällivare og Jokkmokk Jier'htá 'namn på (uppifrån sett) runda fjäll', uvisst om det vil seie når du står oppå dei. Sistpå tilføyer han med «kanske» Järtanjaevrie alias Töfsingen (Tyfsingsjön) i Älvdalen, som avgjort er rund nok (OSLO 67). 

Blant «hjart-fjella» er garden Hjart spesialtilfellet: Han ligg under den ruvande Hjarttinden sørvest på øya Aldra i Lurøy. Med litt god vilje kan vi kalle floget øvst i tinden hjarteforma, men det er truleg dei små og mykje lågare knollane, då medrekna Hjartnebben aller lengst sør­vest på øya, som må ha gitt garden namnet. Elles er det likt til at hjart-fjella ikkje er fullt så talrike som hjart-åsane og -øyane. 

Hjartnes og Hjertnes som gardsnamn finst fleire stader i landet, og Oluf Rygh er i nokre tilfelle inne på dyre-namnet hjort, men er òg fullt merksam på evt. rund­vorne formasjonar på staden som t.d. Hjertnes i Nøtterøy. Ikkje store humpen skal til, ser det ut som.

To tjønner i Alta med nokså lik form blir kalla Hesteskovannene, men samisk namn på det til høgre er Váibmo­jávri. Begge namna fokuserer på form, utan at der er runde knausar el.l. i nabolaget. Kartverket.  

Når vi no veit korleis det vanlegvis har seg med hjart-åsane og -øyane, kan det overraske litt at systematikken på eit vis blir broten når det kjem til tjønner og vatn. Hjarttjønna finst tre stader i Rana: Ei av dei (nordaust av Litlraudvatnet) er nokså rund, den andre i mindre grad, men ho er likevel rundvoren sml. med Langtjønna austafor. Den tredje er slett ikkje rund, men har ein rund knoll på midt på sørsida! Akkurat slik er det også med Hjarttjønna ein stad i Steinkjer, med ein slåande rund rund knaus i sør; ei anna i same bygd er både rund og har runde små knutar på sidene. 

Hjertevannet i Vadsø er rundare enn Langvannet like vestafor, men rundast er Østervannshumpen tett austafor, så vatnet fekk nok namnet sitt frå denne. Vi finn òg modernistiske innslag blant namna: Hjerttjønna i Fauske liknar eit «romantisk» hjerte, Hjerttjønnet i Gausdal òg. Det kan med god vilje seiast også om det kantute Hjertvatnet i Bardu (i parentes: ikkje ulikt Hjertøya i Balsfjord), og det står ilokal kontekst i kontrast til Rundvatnet i nord og Åttetalsvatnet(!) i sørvest; vi må legge godviljen til også med det namnet.

Vi skal her forbigå namneelementet jarhto, jierhto "djupt ställe under ett fall i en bäck eller sjö” (der det står fisk)", men også "avgrunn, "botnlausmyr" (Qvigstad nr 468), jf òg sørleg sørsam. jarhta: vilt landskap med djupe, smale dalar og stupbratte berg.  

Utan å avgjere korleis bakgrunnen er for dei samiske namna på Jearhta, Jierhta o.l. er, må det vere med at dei eigentlege samiske orda for hjarta er nordsam. váibmu, lulesam. váimmo, sørsam. vaajmoe, vaajma. Ordet er fullt ut til stades i namnebruken òg, på line med norsk hjarta: Vaajma-tjaerhvie heiter eit veldig rundt fjell i Berg i Jemtland. Váibmo-oaivi (Maridalshøgda) i Skånland i Troms er òg rund, likeins Váimo-oaivi (966 og 1178 m) to ulike stader i Kiruna, Váimu-oaivi i Gällivare i Norrbotten like eins. Derimot er ikkje Vájmmojávvre = Hjertvatnet i Ballangen i Nordland rundt, noko Vájmm-oajvve = Hjerte(­vass)haugen på vestre sida er (Qv 1938:114).  Same ord ligg tydeleg nok attom namneformer som Vaimisberget (Vaimisträsket på sørsida) i Överkalix, Norrbotten, likeins fjellet Vájmok i Arjeplog. Buplassen Vájmat i Jokkmokk ligg ved Vájmatsjön, som ikkje er rund, noko Vájmatvárre på sørsida av vatnet er. Rundt er heller ikkje vatnet Vájmok i Jokkmokk, men tett opptil på nordvestsida ligg det ein fint avrunda topp på 1144 m: namnet Vájmokbákte er plassert vestafor denne. 

Runde fjellformer har vore namne-motivet, her like tydeleg som når det gjeld norske Hjart-namn. Vatn og tjønner kan – som i norsk kontekst – få namn av same årsak, men oftare er vedk. namn sekundært. Som nemnt er Vájmm-oajvve (Hjerthaugen) i Ballangen rund og ligg ved Vájmmojávri (= Hjertvatnet), som er langt. Vi skal her også ta med Váibmo-oaivi (no. Maridalshøgda) i Skånland, eit avrunda høgt fjell: Berre litt lenger sør, på Narvik-sida, ligg Váibmojávri, truleg sekundærnamn, men rundvore er no også det, ja kunne med sine til- og fråførande vassfar minne ikkje lite om eit hjarta med pulsårer! Det er endå meir slåande for Váibmojávri i Alta, som må vere eit primærnamn. 

I Vefsn har dei Vaajmoe­pronte, ei slett ikkje rund tjønn. Fjellknutane rundt kan har motivert namnet der. På svensk side ligg i tillegg fleire fint avrunda fjell der samanhengen er udiskutabel, som Váimo-oaivi i Kiruna og Gällivare, mykje lenger sør Vaajma-tjaerhvie i Berg i Jemtland. 

Så nokre omtaleverdige og meir gåtefulle namn: I sokna Lima og Trandstrand i Dalarna på høgde med Trysil renn elva Fäjma, på kart "Fäjmån". Ei tolking er «elva der det flyt skum»,  som ikkje er uproblematisk, då det er eit ord ein berre kjenner frå glhøgty. feim og eng. foam. Elvenamnet blir sett i samband med førsteleddet i innsjønamnet Femunden, som i Lima-målet også blir uttalt med diftong fäjm-. Sophus Bugge lanserte aller først tolkinga *feim 'skum' og meinte at innsjønamnet må ha hatt opphavleg diftong Feim-. Per Hovda delte denne oppfatninga: «Dei som er kjende på Femunden, veit kor snøgt sjøen kan gå kvit og kor lett skumet legg seg på strendene» (jf. Nyman 270-275). Vi vil heller forflytte oss til Dalarna og det Eva Nyman har å fortelje om elvenamnet Fäjma (Feman): «Ån kommer som nämnt från de sydliga Transtrandsfjällen, och åns namn har all­mänt ... satts i förbindelse med beläggen i Feimi-fioll, or Feimufiollom... som förekommer i en upp-räkning av gränsmärken mellan Sverige och Norge», i ein traktat frå år 1273. 

Slåande er at fjella kring hovudgreinene til Fäjma har nesten perfekt avrunda former av den art vi har vore inne på, så iallfall dativ «or Feimufiollom» ser ut som spegelbilete av eit sørsamisk fjellnamn *Vaajmoe el. *Vaajma- + -vaerie(h) '-fjell(a)'. Eva Nyman har her døme i ein fotnote(s. 273): «Att fjäll benämns efter en å som rinner upp i fjällmassivet synes vara mycket vanligt».

At uttale av ord og namn med framlyd v og f kan variere dialektalt har samisk gode døme på. Her går vi beinvegen til Svenskt Ortnamnslexikon, som fortel at soknet og tettstaden Vemdalen i Herjedalen skrivst (i) Veimo dal 1403: «Socknen har fått sitt namn etter kyrkbyn, som i sin tur är namngiven efter sitt läge vid ån Veman. Ånamnet hör samman med ett i norska dialekter känt verb veima 'göra slingrande rörelser, fara hit och dit' etc., och skall således förstås som 'den slingrande ån'. Vilken del av åns långa lopp som namnet tar fasta på är dock svårt att avgöra». Men for å seie det som sant er, veima "gjøre unyttige svingende bevægelser, vimse om" er ikkje kjent frå noko anna stadnamn.

Kartutsnittet over: Fjellkollane kring kjeldene til elva Fäjma (Feman, Fejmån).

Under: Kollane kring Sör- og Norr-Veman (under) er meir smålåtne enn dei kring Fäjma. Lantmäteriet.

I omr. der Sør- og Norr-Veman møtest og Veman blir til, ligg ei rad runde kollar som Orrhögberget, Näsberget, Oxsjövålen osv. Opphavet til namna Veman< *Veima og Vemdalen <(i) Veimo dal er knapt til å mistyde, vi ser klare nok topografiske parallellar til det som er påvist i samband med Fäjma. 

Kva så når namna Fäjma og Veman begge må ha hatt uttale med diftong og det tydelegvis òg har vore tilfelle med innsjønamnet Fæmund(en)? Ved den sjøen finst dessverre ingen «hjarte-like» fjellformer av det slag som er så lette å påvise i kjeldelandskapet til dei to svenske elvane. 

Vi har vore inne på at hjarta/vaajma med kvart fortel at tjønn eller vatn har rund form,  men at orda oftare går på runde berg- og fjellformer, og Fæmunden er i første rekke ein lang sjø, men midt på har han ei utviding som vi med god vilje kan seie er rundvoren. Midt i den same utvidinga ligg den låge, men fint avrunda Sollerøya. Soller- går utan tvil tilbake på sørsam. sååle 'øy' + -ere, dvs. = jaevrie 'vatn, sjø': Om dette berre var namn på det utvida midtpartiet eller primært på heile sjøen får vere usagt. 

Femunden i «liggande» stilling, frå nord (til v.) og mot sør (til h.). Kartverket.

Sikkert er at øya i midten er karak­teristisk for Femunden, men det sambandet var nok gløymt då norsk '-øya' kom til. For dei eldste sjøfarande var ho både sommar og vinter eit blikkfang som gav hjarte-assosiasjonar, og i deira språk var det heilt naturleg å jf medl vaajmoe, vaajma «hjarte» pluss det modifiserande -und «som påminner om det eller det, -aktig» (Lindroth): Samanlikna med visse andre vaajma-høgder gjer Sollerøya ikkje så mykje av seg. 


Litteratur: Eva Nyman, «Nordiska ortnamn på -und».