Anne Holtsmark har i Maal og Minne 1946 ein artikkel om «Det norrøne ord lúðr», ein på fleire måtar naturleg innfallsveg også til forståing av stadnamn på Lur-, blant desse Lurøya på Helgeland.
Anne Holtsmark viser, med god hjelp frå dialektforskaren Hallfrid Christiansen, at ordet lur fram mot vår eiga tid er mangetydig i dialektane i Nordland og elles i landet, det vere seg neverlur «ihoprulla never», borkelur, lerlur (av ler, lær), vidare «snørrlur» som omskriving for nase (også: viktig-Per), lur om skorsteinspipe eller om sjøstøvel. Ordet lúðr spaltar seg «i 3 betydningsgrener: 1. likkiste - kiste - ark; 2. stokk med utgravet plass til kvernstenen - møllebenk; 3. hylse - skjede - rør – lur». I dei aller eldste, førkristne likkistene så vel som i dei eldste mø1nebenkane var det uthola rommet nøye tilmålt det som skulle vere oppi. Historisk nytt er det når ordet blir brukt om firkanta ventilar av bord: kjellarlur, trekklur, veglur «stikkrenne» o.l. Firkanta eller runde, i alder kjem ingen av desse innretningane opp mot dei aller eldste kvern- og mølnebenkane og kistene av uthola stokkar.
Gamle handkverner er sentrale i Anne Holtsmarks utgreiing, dei var som ei sirkelrund gryte der steinane låg som i ei hylse. På framsida var ein opning der mjø1et kunne renne ut og ned i ein kasse. I bekkekverna var det to bøygde tre omkring steinane, og desse trea heitte på sine stader luren, rett og slett, og steinane kvilte på dei såkalte luråsane. Ho slår fast at luren opphavleg må ha vore eit hulrom, for i eit eddavers er det fortalt om kongssonen Helge som står ved ei kvern, forkledd som trælkvinne: Han skal male, men krigaren tar så sterkt i at det «trummar» i luren (hul-rommet), og kvernsteinen skvett. Holtsmark kjem til at «billedet av kvernluren som en innfatning omkring stenene, hvor melet tyter frem som hvitt skum omkring dem under malingen, er det som har stått for skalden Snæbjorn (11. Årh.?) da han kvad denne visen om en seilas i storm», i eit vers der havet er «øy-lur» dvs ei innfatning som øyane kviler i. Vi ser for oss kverna med Ægirs 9 døtrer (bårene) som mel og mel utan stans så skummet velt fram kring skjera som mjø1et unna kvernsteinane.
Ho legg også fram ei ny tolking av den omdiskuterte Grogalderen, der ho omsetter eit vrident uttrykk såleis: «stille og sjø skal gå sammen i lúðr for dig og skjenke dig alltid en fredelig ferd». Ho tenker seg ein spådoms- eller kanskje trolldomsgalder som skal svæva sæ, få sjøen til å «sove», og her er det eit par viktige poeng: Samiske runebommer som er hula ut av heile treblokker, lur det òg, kjenner vi frå Finnmark og frå Helgeland, og på trommeskinnet kan der ha vore eit særskilt teikn for logn (vindstille), med ein «visar» i form av ein ring eller ein pinne merkt med runa lǫgr (vatn, her: sjøvatn): Under tromminga kunne så lǫgr komme til å «ganga saman» med figuren for logn på skinnet over runebomma («luren»).
Holtsmark er merksam på den innvendinga «at lappisk magi i sted ligger svært langt fra Grogaldrs tilblivelsessted; man pleier å regne kvadet for islandsk». Med andre ord, det er ikkje sjølvsagt at dei som reiste frå Noreg og vart islendingar, kjente samane og runebomma til dei grader! Men ho uttrykker seg litt retorisk og lar spørsmålet stå ope, og ein veit i ettertid at ein pinne med samisk tekst er funnen på Island.Ein veit også at det i austnorsk kristenrett var sett forbod mot å oppsøke finnar for å «ganga til frettar»: bli spådd om kva som kjem til å skje eller om kva du bør gjere. Det må innebere at austlendingane kjente godt til at samane kunne spå, og meir til.
Holtsmark er òg inne på “lur” i stadnamn og hentar stoff frå fleire kjelder: «Det ser ut til at man i norske stedsnavn har kalt op fjell etter «luren» både med tanke på «kiste» og «kvernlur». Jeg er henvist til fotografier og litteratur i denne delen av undersøkelsen, som i så høi grad trenger selvsyn, og gir den ikke ut for mer enn den er. Ross opgir under «Lur» en betydning «oventil flad Høi, omtr. = Stall» fra Sunnhordland, og tilføier «måskje bare i stedsnavn»; i Rygh Norske Gaardnavne XI: 519 heter det om gården Luren i Evanger: “Gaarden ligger paa en Flade oppe i en Fjeldskrænt, paa begge Sider omgiven af 'gil'». Her må det være møllebenken, eller kanskje helst den gamle håndkvernen som har vært navngivende. I den gamle visen om Anne Knutsdatter, som bor i «Uren, Luren, Himmelturen» må en tenke sig en flat avsats oppe i eller på toppen av en ur; mon en tar meget feil av dikterens mening om en forestiller sig «Luren» oppkalt nettop etter håndkvernen, et stillas som er flatt øverst og med melet - uren - strømmende nedover? Svaret på dette og andre spørsmal om stedsnavnet «Lur(en)» kan bare undersøkelser i marken gi”.
Avsats eller haug dekker best? Når ordet «lur» har forgreina seg i så mange tydingar, er det berre å vente at dette viser seg også i stadnamn, som er av høgst skiftande alder. Gnr. 135 i Vefsn heiter offisielt «Østerherring øvre», og garden vart i flg. den lokalkjende Petter Myrnes skild ut som eige bruk i 1793. Til dagleg heiter han Setra eller Luren, seier Norske Gaardnavne, men Lursetra er visst vel så vanleg. Det særmerkte ved plasseringa er at garden ligg på ein lett skrånande gammal strandterasse, med eit myrsøkk inst og med bratte bakkekantar mot lengre myrdrag nedføre. Merk det som er sagt framfor om flat avsats eller «oventil flad Høi».
Luren i Fusa (Bjørnafjorden) kan minne om “uren, luren, himmel-turen, jf. vegsløyfene!.
Luren som namn på flate avsatsar som til dels er noko tungeforma finst det mange døme på, såleis i Fusa, Bergen, Voss og Stord; det stemmer i hovudsak også for eit par åsar som Luren heiter i Høylandet i Nord-Trøndelag. Luren i Naustdal er registrert som “botn”, men kartvisaren legg seg på ein avsats, ein typisk “lur”.
Tett attmed desse lurane er det alltid lægder eller gjoter, så ein kan undrast på om dette er ein “integrert” del av omgrepet lur? Akkurat det same gjeld for fleire andre samansette namn på Lur-, sjeldnare Lurs-: Det kjem opp namn der ein stussar på om fokus bør rettast mot avsatsen på staden eller snarare mot avrunda, slake innkuvingar som sluttar seg til? Det gjeld Lurås i Kviteseid, Flesberg og Sigdal, Lursdal i Kongsberg, Lurslia i Nittedal, Lurstein i Øvre Eiker og Luråsen i Tokke. Eit jorde i Nærøy kalla Luren er eit tilfelle for seg: Attom dette jordet og tett ved Hopahaugen – som er flat oppå – ligg Lurmyra, som går over i skardet Kløyva tett ved haugen. Det verkar sannsynleg at Hopahaugen er den eigentlege luren.
Luren i Evanger på Voss ligg både over og under skyggefulle berge-murar.
Eit særtilfelle er òg Luren som daglegnamn på den avfolka garden i Flatanger som offisielt heiter Dvernur (NG 15: 349), for der er ein djup klove i austkant av fjellet Lurahatten attmed, men det går òg ein smal, myrlendt dal tvers over halvøya tett ved garden, og der er nokså mange Lur-stader som har forsnevring som kjennemerke. I Lurahatten sitt tilfelle kan vi forresten tale om ei viss kisteform, jfr. Holtsmark, noko det er mindre grunn til ved andre Lur-namn, kanskje med unnatak for dei to Lurås-ane i Leksvik.
“lur” om hulrom Krystallklar er Anne Holtsmarks påvising av at “lúðr” i dei eldste kjeldene har med hulrom å gjere, men ho motseier ikkje Rygh når han uttaler om Lurøya på Helgeland: “Ogsaa her sigter Ordet identvivl til det nær 700 m høie Fjeld, som opfylder Størstedelen af Øen, og som, navnlig seet fra S eller N, har en meget spids Top” (NG 16: 156). Viktig i den samanhengen er ei opplysning frå Hallfrid Christiansen: “Fjellet kalles nå til daglig Lureifjellet, men når det blåser, sier folk: «Han er hard oppi Luren i dag», og Luren er vel fjellets gamle navn”.
Andre haldepunkt for at Lurøyfjellet tidlegare heitte *Luren har vi likevel ikkje, det er neppe namn på eigentlege fjell nokon stad i landet. Vi har sett at haugar og åsar og avsatsar kan heite så, og på Lurøya kunne det i beste fall vere tale om avsatsane nord på øya, dvs. Litl-Lurøyfjellet og det lægre fjellpartiet oppfor Sutternes. Men hadde Holtsmark kjent til “Nedtegnelser av Leopold von Buch” frå 1807 (Mykletun 1987: 29ff), ville ho sannsynlegvis også her ha halde fast på konklusjonen i si eiga drøfting av ordet “lur”, nemleg at ordet opphavleg har med hulrom å gjere: