Artikkelen om voss-vauss for årboka Bøfjerding er ikkje tufta på småstykket om saka i Håløygminne i 1961, men på ein artikkel i same sju år seinare, ganske mykje omarbeidd anno 2008. Det er så mange år sidan at det er vanskeleg å hugse alle hjelparar som nemnast bør. ”Norsk Fiskeritidende” 1897 har vore til stor nytte, så vel som stadnamn innsamla av Jan K. Myrstad, Jan Sund, Arthur Johansen og Johan Vassbotn. Ikkje få av mine eigne munnlege informantar har gått ut av tida, men ”ingen nevnt og ingen glemt” blir litt for lettvint. Lista må bli mangelfull, likevel nemner eg Sigurd Martinsen, Egil Roarsen, Oskar Olaisen, og Arne Tobiassen, Johan Lauritzen, Petter Jakobsen, Johan Ellingsen, Alfred Ellingsen, Magnar Hansen, Martin Hansen, Olaf Hjellsand, Johan Antonsen, Randi Eide, Olaf Hjellsand, Fritz Berg, Reidar Berg, Abel Kristoffersen og Emil Isaksen.

I boka «Norske Fiskeméd» (1961) tek Per Hovda sitt utgangspunkt i den historiske bakgrunnen for fiskemédene, eller tilrorane som vi tradisjonelt brukte å seie. Hovda peikar på at skildringa av Tor og Hymes fiskeferd i Hýmiskviða har stor kulturhistorisk interesse og at same forteljinga  står i Snorre-Edda. Nettopp forteljinga frå Edda var utgangspunktet i det eg først skreiv, i 1961:

Åsa-Tor, som berre var ungguten då, låg eingong over hos jøtulen Hyme ei natt: «I dagninga stod Hyme opp og kledde på seg. Han budde seg til fiske. Tor spratt opp og var klar med ein gong, han bad om å få vere med. Men Hyme meinte på at det var vel lite gagn i å drage med seg Tor, ung og liten som han var, ”du kan lett få kyld i deg om eg set meg til så langt ute som eg brukar”. Men Tor sa at for den del måtte Hyme måtte berre ro så langt han ville, det var ikkje sagt at han kom til å be om landror! Han fekk då jøtulen så arg at det var like før han "klappa til han" med hammaren. Men han la band på seg, for han hadde anna å bruke kreftene på. Så spurde han Hyme kva dei skulle ha til beita, men Hyme svara at det fekk han skaffe seg sjølv. Då gjorde Tor seg ein snoptur bortåt ein okseflokk som kom Hyme til og røska hauvet av Himinhrjoðr, den største oksen. Så bar det ned til støa der Hyme hadde skuva ut båten. Tor gjekk om bord og sette seg i ausrommet, tok eit par årar og gav seg til å ro. Hyme tykte han rodde fort nok; han sat sjølv frami halsen og rodde med, så dei seig godt i veg. Om ei stund sa Hyme ifrå at dei var komne til dei tilrorane der han brukte å drage flatfisk: «sagði þá Hymir, at þeir váru komnir á þær vaztir, er hann var vanr at sitja ok draga flata fiska» (kveite, flyndre). Men Tor ville mykje lenger ut, så dei tøygde på endå ei stund. Då hadde dei nådd så langt at det var fare for at dei kom til å sitte rett utom Midgardsormen, sa Hyme, men Tor ville ro endå eit stykke, og han så gjorde. Då vart Hyme forfærd. Men Tor, han la inn årane og laga seg eit gagneleg snøre – og ikkje var ongulen mindre eller veikare. Så krøkte han okseskolten på og kasta, og ongulen fòr til botns. Midgardsormen, han beit på og gapa over okseskolten, men då hogg ongulen inn i ganen på han. Då han kjente det, brådde han med så hardt at Tor sine nevar først small nedover båtsida, men då vart Tor så vreid at han brukte åsastyrken sin, og han tok eit spenntak så hardt at han rente begge føtene gjennom båten og spente ned i botnen. Så drog han ormen oppunder borde. Det er sant, så fæl ei sjun har ingen sett som dei auga Tor kvesste i ormen! Midgardsormen, han glana nedan av og sendte eiterblåster imot. Hyme, han bleikna og vart livredd då han såg ormen og sjøburden som fór inn og ut av båten, og i det same at Tor tok tak i hammaren og løfta han til vers, fumla Hyme etter agnsaksa og hogg Tor si snor av på ripa. Ormen søkkte seg i havet, men Tor kasta hammaren etter han. Så letta han knyt-ne­ven og dreiv til Hyme under øyrstolane så han fauk over bord med skrærne i veret. Men Tor, han vassa til lands”. 

Vaztir er fleirtal av det norrøne hokjønnsordet vǫzt som tyder fiskeplass. I ytre Vesterålen opptrer ordet i namn på ei lang rad fiskeplassar, no som hankjønnsord, voss, vossen men også vauss, vaussen. 

Uttalen i sentralområdet i Vesterålen (d.e. Øksnes, Malnes og Bø sokn) er «våss, våssen», men likevel «vauss» og «vaust» i utkantane av området, dvs. i Andøy, Langenes, Hadsel. Her er Lofoten svakare representert, sjå seinare. «Norske Fiskeméd» var eg ikkje kjend med i 1961, men så er då heller ikkje vossane omhandla der. 

I det første og korte oppsettet i Håløygminne kom eg i skade for å namngje ein voss som ikkje finst, nemleg «Gotting­skjærvossen» med korrekt namn Gotråsasom både var juksaplass og garnsett og ligg sørvestom Kugrunnen. Sistnemnde igjen ligg sør av Fyllingan ved Bøværøya. – Gotråsa er lang og har inga fullgod méd sør-nord, men méd ut-inn er «Fyllingan i Berget» (Skorvågberget).

Lensmannen i Været (Neset) på Værøya i Bø ville  ein gong i tida bygsle Gotråsa, men fiskarane slo ring om allemannsretten og sa nei

Namnet går på got n (gått), det som er gote, gytt, dvs rogn og iselja, noko som vi kan jf med  goððu  ”gyting”, i sms form goððo- i samiske stadnamn,  særleg langs elvar, jamfør også Gotfiskbukta i Tana og Gotfiskvatnet i Lebesby. 

Gåttingskjæret lenger bort på Værøy-havet i Bø har derimot neppe med gyting å gjere, snarare er gåtting avleidd av gått, gno. gátt  «innskjering». Vesterålingar flest veit visst enno kva dørgåtta er for noko, men ikkje så med ordet voss:

 Den synste og første er Steinsvossen, ein djup vårplass utom Litløya i Bø. Médene er «Steinsfjellet (= Klubben på Steine) på Kyllholmsnaget» og så «Vettmålsskjeret med Skaftet» (d.e. ein tange på Fyllingan). At Klubben i dette eine tilfellet er kalla ”Steinsfjellet” er eit indirekte, men klart vitnemål om at Klubben opphavlegare heitte *Steinen og gav namn til både Steine og Steinsvika. 

Dunklare er namnet Kyllholmen, som  naturlegvis ingenting har med kyld lik kulde å gjere. Derimot kunne vi vel tenke oss at han liknar ei kyll, ei lita gogn til ribbing av snørefals til jarstein, men ei slik saman­likning er temmeleg langhenta. Kyllholmen har derimot det til felles med Kyllholmen i Øksnes at han ligg svært utsett til for sjøburden, jf kylla 3. ”vælde frem med kraft, strømme voldsomt til eller over” (Torp). 

Vettmålsskjeret ligg innom Utflesa. Vel nok kunne det namnet ha med vetting (vinding, oppheising) av segl å gjere, at dei var «i vettmål» når dei kom så langt ut, men det rimar ikkje at dei venta med å heise segl heilt til då. Det gir heller ikkje meining å tenke på *vettemål, røysta til gode eller vonde vette, om enn fiskarar med kvart meinte å høyre drågen! Vi kan sjølvsagt sjå bort frå (moderne) islandsk vitamál «fyrvesen»; det er heller ikkje truleg er at vettmål kjem av norrønt vaztamál, eit ord vi vil vende tilbake til. 

No finst namnet Vettmålskjeret i Værøy i Lofoten med. Også der ligg skjeret slik til at eit omforma gammalt sjøsam. viepmal(is) ”tverrdjup, brådjup” gir best meining, iallfall blir dette viep- uttalt vet- på lulesamisk tunge.

Fyllingvossen heiter neste voss, «på Nordhavet», som øyværingane sa, iallfalli i Skjerdingstad. Han strekker seg frammed Fyllingsteinan og nordvest-over til innersida av Siribøen og heiter derfor også  Siribøvossen,

Innan av Føre og Fjærvoll ser Fyllingan ut som to kuplar, men det er klart at folket i Værøya, som dagleg såg desse på nært hald, var dei som la namnet: Truleg heitte dei frå førstan *Fyglingan etter det yrande fuglelivet. Uttaleslitasje førte så til forma Fyllingan. 

Fyllingvossen lik Siribøvossen er ein god gammal heilårs fiskeplass og var ikkje minst namngjeten som juksaplass etter sei på våren og sommaren. Méda ut-inn er «Vettmålsskjeret i Skarholmen», andre vegen «Nyken på Andholmen»: Skarholmen (rettare Skarv-) finn ein vestom Skorvågen, men Andholmen ligg tett nordom Været i Værøya, og Nykener her Hoklandsnyken på Hadseløya. 

Lenger nord, på Klakkan utfor Skorvågen, ligg den såkalte Klakkvossen. Det er nokså sørhallt her, på Klakkgrunnen dei kallar. Sørkanten eller -stupet av Klakkvossen er Vossbrottet: «Vi låg i Vossbrottet», kunne dei seie, og skjelna ikkje heilt klart mellom Brottet og sjølve Vossen. Méda er her «Tussen på Breinyken» (ut-inn), og sør-nord er det «Lasset med Søberg» (Søbergsfjellet). Breinyken skal vere Gårdsnyken i Nykvågen., og Lasset (eit gammalt sjøsamisk ord lássa "slett berg, stor jordfast stein", eigentleg same ordet som fles) er sjønamnet på berghumpar på heia sørom Lynghaugtinden.  

Når folket på Søberg skulle røkje etter om oppsig-fisken var til svars, i ad­venta, brukte dei først å prøve på Vossen. Dei tok berre «dragarfisk» der (dvs. med handsnøre) og især skråp om våren. Men der var også mykje sei og kveita, og longa litt lenger sør. — På denne same tilroren har dei eingong fått opp ein søkkestein som på form var som eit bryne, med hol i eine enden, mellom eit halvt og eit heilt kilo i vekt, og Gimstad-karane fekk eingong opp ein søkkestein av same slag for Utflesa. 

Det forvirrar noko at Steinsvossen, Fyllingvossen - Siribøvossen og den sist omtalte fiskeplassen alle blir kalla berre Vossen innimellom, men dette kan tyde på at fiskarane frå Litløya, frå sjølve Værøya og frå Søberg – Skorvågen hadde kvart sitt eld-gamle fiskehav, kvar med sin voss. Det var likevel så at når værøyingar snakka om Vossen, meinte dei helst den som ligg nordafor, det kan forklare at Siribøvossen–Fyllingvossen er kalla Sørvossen  med. Aner vi ikkje ein ubroten tradisjon attover til førhistorisk tid då vǫzt lik fiskeplass var eit ord alle kjente og brukte?

Bestingseller Besningsvossen ligg ei kvartmil nordnordvest av Hov­den, og her ser det ut til at uttalen har vakla. Men når tilrorsnamnet ein stad er stava «Beslings-», er nok dette feiltrykk for Bestings-. Fiskeplassen ligg litt austafor Bældjupa og Skredingen. Méder er «sørkanten av Jennfjellet med Malnesberget»  og «ytterkant av Spjøten i innerkant av Gårdsnyken». Tilroren var søkt etter skrei om vintrane (garnsett) og etter kveita, longa og hysa om somrane. Sørom Bestingsvossen ligg  Vossanden, ein fiskeplass det òg. 

Uttalevaklinga Bestings-, Besnings- fortel helst at namnet må ha fortona seg dunkelt, i lange tider. Begge uttaleformene prøver kanskje å «reparere» ei namneform Bessing-, opphavleg *Bergsend- med utspring i den første meda? 

Alternativt kan vi tenke på ein basse eller besse, eit ord som andre stader i landet tyder ”sværing, storing, velnært individ”, og i så fall må det jo vere tale om torsken dei tok på *bessingsvossen? Jf namnet Gåttingskjeret, der også ordet gått er blir utvida til gåtting. På Bestingsvossen er uthallt, ca. 80 f. djupt, men på yttersida er egga så bratt at  det skil 40 f. på eit lite stykke, og det er mykje meir enn på dei neste to vossane. 

Fruggvossen har namn av øya Frugga rett nord av Malnes og utgjer ytste punkt av Malnesfjorden, på vestsida. Øya vart fredlyst 1897, men der var lenge utslåtter, og dei fekk opptil tolv kufôr der, og innimellom var øya også beiteland (Bø Bygdebok I:177,353); det stod ei tid høyskjåar på yttersida, på Høysåta dei kallar. Men der var mykje daudséna, og dertil vanskar med å passe høyet, og det vart tidt dårleg berga fôr dei førte i land på fembøring. Ein kunne tenke på isl. frugg f "dårleg fôr, mugla-høy", jf isl. fruggi m "mugla høyvisk". Men øya har òg ein særmerkt kontur, jf ei frukka ”skrukke, rukke, fald” likså vel som ”søkk eller framstikkande kant i ei fjellflate” (Telemark,Setesdal). T.d. kan is frukke seg, jordskorpa det same (Norsk Ordbok b. 3). Det passar slett ikkje dårleg her.


På Fruggvossen fiska dei i alle tilfelle skrei vinter og vår, og om somrane same slag fisk som på Klakkvossen. Méa ut-inn er «Skarvbarden (ved Frugga) over-rett med Sandvikhalsen», og «3. tuva på Dyrøyfjellet unna Tåa». Sandvikhalsen er ein fjellrygg mellom Sandvika og Kvalvika, og tuvene på Dyrøyfjellet er tre fjellspissar aust og ned mot Dyrøyskaret-Bjønnskaret, samnemnt «Tuen’». 

Lyngøyvossen ligg i flg. Norsk Fiskeritidende 1897 ca. ei kvartmil nord-nordaust av Lyngøya, ei øy (og buplass har vore) på austsida Malnes­fjorden om lag rett overfor Hovden, berre litt lenger ut. Her er meda ut-inn «Stor-Skata (inni Malnesfjorden) over høgaste Lyngøya» medan méda sør-nord er som for Fruggvossen. Fiskeslaga er dei same som for Fruggvossen. Botnen er slett og djupna er 60f.  

Breigrunnvossen har namn av Breigrunnen nordaust for Flohol­man, så vidt over grensen til Øksnes og eit stykke ut. Médene er «Litjenyken i steinen på Flesa, og høgaste Resula til Kyllsund­stien» (”Sørsandstien”). Litjenyken er truleg berre eit taknamn (ad hoc-namn) på Måsnyken, som ruvar lite. I si hovudoppgåve om stadnamn frå Øksnes nemner Johan Vassbotn at Nordvossen og Sørvossen er tilrorar på Breigrunnleia: I så fall er det médene for Nordvossen som her er nemnt, sjå lenger ut i teksten. 

I alle fall er det nok Breigrunnvossen som blir kalla «Vaassen» i årg. 1897 av «Norsk Fiskeritidende», då sagt å ligge om lag 26 km nordvest for 'Hjeldsund' (Hjellsand), dvs. ca 4 km lenger ut nn Breigrunnen. Uvisst er kor presise desse distansane er. Der er garnsett under torskefisket, med ruglbotn på 40 - 80 f. – «Vestre Med: Tussen går i en stor Sten på Flæsa. Indre Med: En Sten i Fjeldet Hornet går i Stien». Her er det nok eigentleg tale om Sørvossen, for den førnemnde Resula ligg på halvøya vestom Romsetf jorden (nær Saltberget) medan Hornet er på austsida: i høve til Stien gir Hòrnet sørlegare médline. Det høver med at ein annan informant for Sørvossen oppgav médene ”høgaste Snykolla unna Kyllsundstien og Tussen på inste Flesenden”: Snykolla ligg endå lenger aust/inn enn Hòrnet og gir nok mest presis peiling, men i relasjon til Stien gir Hòrnet og Snykolla praktisk talt lik medline.

Breigrunnvossen er helst dss Nord- og Sørvossen, eller kanskje vel så korrekt: vossen utgjer så vidt eit område at  todeling er naturleg, og det kunne harmonere med ein annan merknad frå år 1897: «Breigrund, Mikkelsbakken og Vaassen er egentlig Eggen, hvor Garnlænker sættes under Skreifisket». Då spørst det berre kor langt inn på eggakanten dei méda i kvart tilfelle. Vosshammaren ligg visst rett vest av Breibøen og er ein fiske­plass på Breigrunnleia, heilt ut mot Djupta på 104 meters djup. Namnet kjem sannsynlegvis av at han ligg ikkje langt frå den før omtalte Breigrunnvossen. Såleis i flg. Johan Vassbotn, som òg slår fast at ”dette er det eneste eksempel på hammar brukt i navn på fiskegrunner innenfor området".

Auorsvossen er i òg «vesterleian» ein stad, visst  oppimellom Floholman. Her manglar médene, og kanskje er vossen så lett å finne for lokalkjent folk at dei ikkje trengst. Derimot kjem det fram ei eiga  opplysning at «auorsvoss» har vore brukt som ei samnemning vsa vanlegare ord som auorsstø el. auorsmed, auorsplass. 

Børrøyvossen el. kun Vossen er ein god gammel seiplass (handsnøre­plass) ytst i Børrøyfjorden, om lag 200 m rett nord av Vardhaugan på Børrøya og like sørvestom den Børrøyskallen som ligg nærmast Børr­øya. Méder: «Børrskjeret (ved åsen Børra) unna Børrøya» ved var­den på vestsida og «kvitsanden (i Bergsengneset) i Børrøyveggen». Tilroren var òg viktig for folk i Saltbergdalen og det er uvanleg lett å kartfeste han presist.

Straumvossen ligg endå lenger sør og inn, i hallinga nedover frå Børr­skjeret på nordsidapå Straumen mellom Dyrøya og Tindsøya. Det er sei-plas, og méder manglar her som for Auorsvossen, jf også neste voss. 

Dei hittil nemnde vossane i Øksnes ligg alle vest for Skogsøya, men når vi forflyttar oss til austsida, er der kloss utom Gåsøya ein tilror som òg heiter Vossen kun; han var garnsett og høyrer til Myre i dag, men i gamle dagar låg der båtar frå Gåsøya og Sørsand. I Gåsøya rodde også hadselværingar og eidsfjerdingar. Men Vossen var òg ein gammel handsnøreplass: Der og på den spisse Hallvard-grunnen (iblant «Haillværr-») drog især Kråknes- og Vottestad-folk oppsigfisk i adventa. På ein til­ror så nær land hadde heimefolket lite bruk for méder, men dei fanst: At den gamle fiskeplassen tett ved land var viktig, framgår av at ein haug på Gåsøya heiter Vosshaugen og det at du kunne bruke «Vosshaugen og Gylta» til méd – medan det vestover var «3. Kulen på Tinden unna Vågsberget». Så i flg. Johan Vassbotn, og han føyer til: ”normalt er det slik at médmerket på land kan bli tatt med i navnet på médet – men i noen tilfeller går det andre veien”. Gylta er her ein kolle ved Høydalen. 

Når vi så rundar Langenes-odden, finn vi ute i Gavlfjorden ein tilror som vel å merke ikkje heiter Vossen, men Vaussen, mellom Klo i Langenes og Sørmela i Bjørnskinn – i bakkan litt nordom den grunnen som andværingane kalla Vaussbøen, men som langenesfjerdingane kalla Vaussflua, og til med brukte dei i alle tilfelle Vausskjeret: «Vausskjeret i Holm» (for Vaussen sjølv), men så "Vausskjeret i Brømnes", for Vaussbøen. Méda oppføre for Vaussen er «Gryta unna [: unna Orkleiva på Sør-Anda]». 

Holm og Brømnes (skrive Bremnes) er gardar i Sortland; men her er det tale om dei landemerka som gav gardane namn. Gryta er daglegnamn på Grytøya i Troms, jfr. Anda for Andøya. Mellom Vausskjeret (også -skjeran) og Skarvhausan er det farande. 

Lenger nord, der Gavlfjorden sluttar og storhavet tar til, ligg det på ytter­sida av Vausskjeran ved Børrvågen tre tilrorar kalla Vaussan. Dei har òg særskilde namn: Staden, Borterstaden og Høgget (i det siste tilfellet ville vi heller vente *hiterstaden. – Méda oppføre eller innerméda (ut-inn) er den same for alle tre, nemleg «Hågen og Aksla, rør i rør i nordkanten». Hågen er Litjelandshågen nordom Børrvågen medan Aksla er Kinnfjellaksla litt lenger sør. 

«Méda sørføre» for Høgget er «Knausen i Høgget», men for Staden er det «Orkleiva med Rònkollen».  Få årtak lenger ut ligg Borterskallen, med meda «Litje-Orkleiva med Rònkollen». Høgget er eit hakk eller skår i fjellet ved Rònkollen sørom Nøss (eller alternativt  Rølli- eller Bøkollen på Bø). Eit liknande namn er Høggan mellom Bleik og Stave), jf at òg isl. brukar hogg n. om «dybt Skaar» i fjellet.

Rònkollen sørom Nøss blir oftast sagt Rognkollen, men har nok namn av dei djupe rònene som er der. Treet rogn var det neppe tale om, i det snaue og nordvendte fjellpartiet, så namnet er mistydd.

På Staden osv. prøvde Nøss-karane om oppsig-fisken var til svars, på førjulsvinteren. 

Vausskjeran utanfor Børrvågen på Andøya. I forgrunnen strandsletta Kuforet.

Norske Fiskeméd har berre få døme på eit tilrors-nemne «stad» frå Nordland, men i røynda er dei talrike, òg brukt om fiskeplassar i ferskvatn. Når det gjeld fiskeplassar i saltvatn er stad produktivt framfor alt i Rødøy og Vega.

For Anda sitt vedkommande kan Gapøystaden i Andfjorden nemnast, men i usms form Staden er det eineståande for Vaussan og minner mest av alt om eit såkalla tabunamn. 

Vossar – vaussar lenger nord enn Børrvågen i skil mellom Bjørnskinn og Dverberg er ikkje registrert. Derimot har namnet i ettertid også dukka opp i Sigerfjorden, i forma Vostegrunnen eller kanskje like gjerne Voss-støgrunnen, ein ca. 32 m djup tilror som var ein kjend hyseplass sommars tid, like utfor land i Spjutvika. Dette er eit enkeltilfelle, men talrikare er namnetypen repr. på sørsida av Hadselfjorden, vestom Fiskebøl, på Strønstadvika om vi vil: Grøtøyvaussen ligg lengst aust og har médene «Løkta  i Gommarlia» (på gnr. 31 i Hadsel) og «Husbyhaugen (gnr. 32) i Sandsmelen» (eit fjell på gnr. 36).

Seløyvaussen er litt vestafor og blir avméda med «Gommarlia i Husbyhaugen» (på Hadseløya) og «Delpen (så vidt over i Vågan) unna Sandsmelen» (alt nemnd). Dette er gamle handsnøreplassar (etter sei m.m.). Det same gjeld visst Litlvaussen  (lihkj-), avméda så: 'Husbyhaugen i austerkant av ei røne opp av Vollan' og 'Seløykalven i Saufjellet' (på gnr. 35). 

Desse vaustane er det formelt og reelt naturleg å rekne med til Vesterålen, om enn Austvågøya er ei Lofot-øy strengt geografisk. Det så mykje meir som det frå Vågan kommune ikkje er kjent noko tilrorsnamn som går tilbake på norrønt vǫzt. Det same ville vere tilfelle for Vestvågøya, om det ikkje var for eit namn i Buksnes, Vausskjeret like nord-vest av Grænholmen: Dette går på fiskeplassen  Vaussen sør-sørvest for skjeret, i Nappstraumen ml. Vestvågøya (Lófót) og Flakstadøya (Vargfót). Vi ville kunne seie at uttalemåten vauss for voss er noko som høyrer utkant-området av denne særlege namnetypen til, men vi får ikkje underslå at vi på yttersida av Flakstad finn ein avart av same ordet:

Holsvostret (hålsvåstre) er eit havområde (travl-felt) nord i Flakstad. Méd inn-ut er «Ytterholmen i Mulstøneset» (Lundhalsen), eller »Ytterholmen i Berget». Tverrmed «Holsråstuva for Tjeldsneset». Det kan sjå ut som om Hol-s  her har oppstått ved m-bortfall i Holms-, ei kortform som helst viser til ein av Skarvholman.

Einangsvostret eller berre Vostret heiter eit anna havområde (travlfelt), opphavleg vel handsnøre- + linefelt. Med ut-inn «Svartoksen under Klauvan», tverrmed er «Flesa like langt aust for Skarvholman som det er breitt mellom begge». Fleire enn desse to «vostran» har Flakstad ikkje, så vidt kjent

Sandvosteren heiter derimot eit travlfelt på ytter-sida av Moskenes, det vil seie, det blir oftast sagt «Sandvoksteren», så namneforståinga har spora fullstendig av. Ein lokalitet «Sandvoksterskallen» finst også.

Méd ut-inn er «Skjelva unna Horseidmulen», eller ”Kneet på Smeden kjem fram, (og) det går igjen i Horseidet». Tverrméd «Sandvokstertinden (Stor-urdtinden) unna Kjerringa» eller «Landsenden for Berget». 

Opplysningane om desse tre «vostran» kjenner eg berre indirekte, via Jan K. Myrset sine informantar, men det kan sjå ut som ”vostran” i Flakstad og Moskenes gjer mindre av seg enn vossan i Bø og Øksnes.

Generelt er det eit faktum at det oppstod talrike avspora namneformer etter kvart som urnordisk og gammalnorsk formverk vart forenkla. Såkalla nedervde stadnamn stod att som isolerte språk-minne, utan lenger å vere i samsvar med dei regionale talemåla som utvikla seg, og nokre av dei held på si opphavsrette form mens andre er blitt forenkla på grunn av uttaleslitasje, og atter andre er mistolka i ettertid og forvanska av den grunn, jfr. «Sandvoksteren».

At både -vostret og -vosteren vest i Lofoten har sitt utspring i norrønt vǫzt på line med voss og vaus(t) er det ingen tvil om, for -voster- liknar både genitiv eintal vaztar og fleirtalsform vaztir av dette ordet. Kortare variantar av same rot må vi også rekne med:

Vastholmen eller hyperkorrekt ”Storvastholmen” på nordsida av Vega har høgst sannsynleg med norrønt vçzt ”fiskeplass” å gjere, for utom Vast-holmen ligg det ein velkjend sei-tare.

Meir tvilsamt vart det når prof. Magnus Olsen ville tolke øynamnet Alǫst = Alsten  som gno. *Álvǫzt i tydinga ”ålfiskeplass”. Ålfiskeplassar i havet veit ein ikkje om, her nord iallfall. Det ville i alle fall vere merkeleg at eit fiskeplassnamn med tida skulle gå over til å bli namn på ei stor øy. Men rett skal vere rett, Olsens tolking har dukka opp ein stad der er vanskelegare å avvise ho:

Alvastra i Västra Tollstads sokn i Lysings herad i Östergötland i Sverige var eingong klostersæte, omtalt som (in) Alvastro 1208, og staden ligg ved Vättern. Svenskt Ortnamnslexicon seier «namnet innehåller sannolikt ett fornsvenskt *vazter  ’fiske-plats’. Al- skall troligen sammanhållas med för-leden i Ål(e)bäcken, namnet på en bäck som genom Alvastra rinner ut i Vättern. Detta Al-/Ål- kan innehålla fiskbeteckningen ål».

I Östergötland ligg Vadstena by og kommune, omtalt som (de) Wastenum på siste del av 1200-talet. Også i dette tilfellet reknar dei med at det er tale om eit fornsv. *vazt ’fiskeplass’ + sisteleddet  sten: «Betydelsen kan vara ’stenarna där man fiskar’» el.l. Meir usikkert er om øynamnet Orust i Båhuslen inneheld det same norrøne –vǫzt.

I svensk kan dei berre resonnere seg attover til den fornsvenske forma *vazt, ho er ikkje skriftleg overlevert, slik norrønt vǫzt er det. Frå færøysk er ordet heller ikkje kjent. Meir uventa er det derfor, så lenge ingen voss- eller vauss-namn er kjent frå Finnmark eller Troms, at skoltesamisk hadde ordet vöhs ”gyteplass”, som står isolert i samisk språk.

Både voss og vaus(t) går som nemnt tilbake på norrønt vǫzt f, fleirtall vaztir, d.e. «fiskestad på sjøen». I tillegg er overlevert eit sms vaztamál  med same tyding, det vil seie med –mål som eit slag forklarande tillegg, så vi må nesten tru at ordet alt i gammalnorsk tid var avleggs! Det kan passe med at det især høyrde skaldemålet til, i tydinga «hav», samanlikn vast n brukt i islandsk i tydinga ”hav, rom sjø” på 1600-talet. For øvrig har det blitt heilt borte som samnamn (appellativ) og er avløyst av ”fiskeplass” i alt norsk mål.  I islandsk fanst vözt «høg båre», poetisk, men er avleggs i tydinga fiskeplass: Berre fiskeværet Bjarneyjar har ein fiskeplass Vöstin.

Det er gjengs syn i dag at gno. vǫzt går tilbake på ei urnordisk form *wada-stō ”(stad) der vaden står”. Om vi samanliknar med eit anna ord som er typisk for kystkulturen, så skal naust komme av eit urnordisk *nawa-sta ”(stad) der båten står”. Ein kunne innvende at det er vanleg å kaste og så hile eller jage med handsnøret, ikkje la det henge eller ”stå”. Men det er ikkje fullgyldig for fiskeslag som longa eller kveita. Dessutan kan det å egne og sette ut ein (enkelt utforma) vad for å la han  stå ei viss tid vere ein langt eldre framgangsmåte enn kva vi i utgangspunktet trur.

Ut frå det vi veit i dag, kan vi seie at Vesterålen og i litt mindre grad Lofoten er kjerneområdet for tilrorsnemnet voss-vaus(t). Fiskeplassane som heiter så, ligg ikkje langt frå land, men stort sett langt nok til å vere brukande som «prøveplassar» for oppsigfisk, for fisken støddest der.

At dei i utgangspunkt var handsnøreplassar har ikkje hindra at enkelte av dei har blitt populære garnplassar i langt nyare tid: på vossane i Malnes og Øksnes hendte det tidt nok at fiskarane sette ned for kvarandre.

Utforsking av vossane – vaus(t)ane etter andre kriteria enn dei språklege må ta utgangspunkt i skreivandringa langan kysten frå de eldste tider. For å seie det med Per Hovda i «Norske Fiskeméd» s, 212: «Skreiferda kjem inn Bleik[s]djupta og sig sørover til Vesterålen og Lofoten. Må-henda at ordet skrei er vakse fram i dette distriktet, for ingen stad i landet er skreia så merkande som der».

Den renneforma havdjupta Høla strekker seg frå Vesterålsfjorden og nord til Hovden på lag, og det er ein ”besnærende” idé at kystområdet innafor vart heitande *vaztarálinn ”fiskeplassrenna” på grunn av det. Men som vi alt har sett, finst det for mange vossar/vaus(t)ar nordom og sørom dette kystområdet til at dette heilt rimar. 

Alderdommeleg namnebruken i Vesterålen og på Andøya tyderheller på at Vesterålen opphavleg er det same som Vesterålsfjorden (sjå Bøfj. -99).  Dessutan er distriktsnamnet skrive «i westraal» og «j westralom» alt på 1400-tallet (Aslak Bolt), og vi saknar prov på at vaztar- i noko tilfelle har gått over til vester-. Heller ikkje har Vesterålsfjorden så mange vossar å briske seg med, faktisk berre ein.

Hýmiskviða var med i starten og skal også få vere med som avslutning. Prof. Johan Fredrik Paasche (fødd i Bindal 1886) sa: «Hvor Hymes-kvida ble til, vet vi ikke. Om vi tør slutte noe av naturbilledene: frost og stort hav, hvalfangst og «berghvaler», og allikevel skog ved bøen, blir det fristende å tenke på nordnorsk opprinnelse. Men islandsk, endog  grønlandsk, måtte også være en mulighet» (No. Litteraturhist. b. 1 s. 67). Det særmerkte vesterålske fiskeplassnemnet voss, vaus(t) blir interessant i lys av dette sitatet, så mykje meir som Paasche neppe ante at vǫzt var livs levande som tilrors-term i nordfylket.

At svenske namn som Alvastra, Orust, Vadstena lyder "eksotiske" i norske øyre er neppe for sterkt sagt. Men den vesterålingen må nok vere mykje ”hemblind” som ikkje undrast over at våre eigne steinute strender er oppvekstområdet, så å seie, for det utgamle ordet som ligg til grunn. I eit slikt historisk perspektiv må vi ha lov å kalle vossen eit edelt arvestykke.





Bøfjerding 2008