Dønna kommune har namn av øya Dønna |'dönna|, dativ: på |dȫn˜n|. Norske Gaardnavne seier: «Dette maa hænge sammen med dynja, at dønne, og hentyde til Havets Dønning mod Kysten. Jfr. Dynrǫst, det gamle Navn paa Havstrækningen mellem Orknøerne og Hjaltland» (b.16:109).
Tilnærminga liknar litt på den Sophus Bugge brukte på Ǫmð som historisk namn på Andøya: «den (af Hav og Storm) voldsomt skubbede og forulempede Ø». Vel har havet gitt Andlandet rikeleg juling, og truleg er det dønnning og dunder nok i visse område utanfor Dønna – eller omvendt om så skal vere! – men stiller øyane eigentleg i særklasse i så måte? Svaret må sjølvsagt bli nei, så det er god grunn til skepsis.
Dønna har framskoten posisjon samanlikna med andre «nemneverdige» øyar. Ho ligg nordvest for Alsta og sørvest for Tomma, Hugla og Handnesøya, så sørsam. dyvvene, duvvene adv. i ei av tydingane «utmed kysten», «uti fjorden», «langt ute» el. «utpå», «langt frå land» (Hasselbrink og Bergsland, frå Vilhelmina, Vefsn og Hattfjelldal) kan ha meir for seg.
Det er sannsynleg nok at dyvvene, duvvene (nytta som predikatnomen) vil gjennomgå samandraging til dyvne, dyvn, dyyn /duvne, duvn, duun; jamfør at det (formrike) sørsamiske sovvene «lon, elveutviding», suovana òg finst registrert i former som suvne, soon, sūan, sūna (Qv. 761). Her gir det Dun, Dyn, dei to eldste formene av øynamnet (frå Snorra-Edda). Desse kjem att i Dwnis DN VIII 437, 1490 (i avskrift frå 1516) og Dynes NRJ III 172, dvs. i det sekundære namnet Dønnes. Men dei eldste formene av Dønnes-namnet er Dynjarnes Fornm. s. IX 427, og Dyniunes DN. II 230, 1346: Her er øynamnet oppfatta som Dyn – og dessutan Dynja?
Ikkje vanskeleg å sjå at Dønna ligg ytleg til. Kartverket.
Alternativ tolking blir då at Dønna er «(ho som ligg) langt ute». Teorien kan vi prøve på andre namn: Klart framskoten posisjon har Dønholman på Helgbostadøya i Hitra. Dønnes i Fosen er eit framskote nes i store myrar som venteleg havbotn har vore, her liknar Dønnvoll i Vestvågøy. Eit uttaleredusert *Dønnes passar òg godt for Dønshågen på Finnøya i Hamarøy. Usikkert er kor langt nord langs kysten vi vågar tenke oss at den i dag sørsamiske forma dyvvene, duvvene er påviseleg: Dønnesfjorden på Sørøya (Sállan) i Finnmark har nøgda utstikkande oddar, men det er uklart korleis det i dag ukjente *Dønnes som inngår i namnet Dønnesfjorden er å forstå. Det forvirrar at duvvene kan tyde «fjordbotn» òg (Nilsson-Mankok), men det er helst relativt å tolke og går på ståstaden til den som brukar ordet: For folk som bur inne i landet og især på svensk side er det naturleg å orientere seg i høve til fjordbotnane.
Uvisst er evt. samband mellom duvvene og gardsnamna Duna i Vemundvik i Namsos, Dun på Jøa i Fosnes og Dun i Grong (af Doon AB 87). Duna ligg nettopp i ein fjordbotn, Dun på Jøa ligg i botnen av ei lågtliggande lang myr og må ha vore ein fjord, medan Dun i Grong ligg frammed inste del av Namsen sin hovuddel (dvs. der Namsen tar opp Sanddøla). Uttalen av desse tre gardsnamna har lang o (ō), ulikt Dønna o.fl. namn.