Forkortingar å merke seg:

bnr. = bruksnummer, fi. = finsk, gno. = gammalnorsk, dss norr(ønt), gnr. = gardsnummer, Lehnw. = Nordische Lehnwörter im Lappischen, ls = lulesamisk, vidare NG = Norske Gaardnavne, NO = Norsk Ordbok (12 bind), ns = nordsamisk, oslo = Ordbok till Sveriges lapska ortnamn, Qv (J. Qvigstad) = De lappiske appellative stedsnavn, sks = skoltesamisk, ss = sørsamisk

BUSKERUD     

Austad |''øssta| gnr 26 i Modum: Haudestad 1528, Auestad 1528, Oudestadt c 1575, Øffstad 1593, Øff-stadt 1604, Østad 1617, Oustad 1668, 1723: 

Å jf med ls åvddå-«fram-» gir god meining, her og for fleire liknande namn, jf òg ss avtege, åvtege: framme, på framsida.     

Basserud |'basseru| Øvre Eiker gnr 132: Garden er i kupert, elva går i bråe svingar med bratte kantar: Baßerudt 1578, 1593, Baßerød 1661, Basserud 1723: "Rimeligvis betegner det under Hedenstad Kirke opførte Bassarud RB 1 85 s. denne Gaard ... Af Mandsnavnet Bassi". Meir sannsynleg pga lendet er ss baahtsedh, baahtjedh «sleppe fram (over eller gjennom ei hindring), t.d. over elva».     

Bili |''bilí| Hole gnr 22: Billie 1723: «Gaarden ligger paa en lav Knaus». Det er rett nok, men knausen har særmerkt form, nesten knivliknande, så helst er det tale om ss bïjle «ispil, isøks». Jf òg gno bildaf (ei slags pil det med), og gno bildr m jern til åre-lating. 

Bjella |''bjælla| Ål gnr 104: Biarlaam 1310, Bielle,Biel-leth 1578, Biellaa 1593, Biella 1604, 1617, 1657, 1723. «Samme Navn i Gran GN 209. Den ældste Skrift-form tyder paa Sammensætning af bjár, Gen. af bœr m. "Gaard", og f "Strandvand", i Folkespr. "Sumpvand, Myrvand": se GN. 100. Flertalsformen er ved Navne paa - meget hyppig i MA». Garden ligg langt frå elva, sisteledd i slik tyding er ikkje sannsynleg, ein må nok òg ta med i vurderinga ss bïevle berr mark, berr flekk, ls bievlla, ns bievla. – Påfallande er forma Bielleth 1578, som minner om vielvet, sjå neste.     

Bjølerud |''bjøłeru|, |''bjøłgeru| er gnr 90 i Modum: Bielffwerud 1478, Biælgerud 1528, Bielgerrudt, Bielgerrødt c 1575, Bielgerudt 1578, 1593, Belgge-rudt 1604, Bielgerud 1668, Biølgerud 1723: Ein kunne tru Bielffwerud 1478 var omkasting av *Biewllerud (: ss bïevle avbera, berr mark, ls bievlla, ns bievla), men det fell bort pga seinare gjennomført form Bjelg-. Bjølverud |''bjøłrå| gnr 16-17 i Lesja heiter Bioluerud 1668, Nørbiølverud og Sørbiølverud 1723. 

Ei ganske uventa forklaring melder seg, ss vielvúi (gen. viel'vuha) «brei unnabakke eller skråning», jf ss viel've «grässluttning nedanför ett fjäll», og det som ser ut som ei avleiing, vielvet (OSLO246): Ved innlån til norsk er Vielv- blitt Bjelv-, sml *Vielma > Bjelma (elvenamn i Troms). Høver for Bielffwerud 1478 i Modum og for skr.trad. for Bjølverud i Lesja, og for Bjälverud i Arvika og i Sunne i Sverige, dvs og landskapet på dei same stadene. For Bjølerud sin del tyder skriveformene elles på assosiasjonar med «belg», jf fær bjølgur i slik tyding.     

Buttedal |''buttedæł| Lier gnr 129: i Bwttadalum c 1400, Buttedall og Bottedal 1528, Buttedal 1528 og c 1575, Buthedall 1578, Buttedall 1593, 1617,  Butte-dahl med Dahl-Eng 1723: Garden ligg ved kulpar i Buttedalsbekken (ovanfor kalla Sagdalsbekken), så ein tanke om namnet – her er sjølvsagt lokal tradisjon viktig – er at Butte- kjem av ss buvted     = bivtedh v fange (fisk, fugl o.l.) Mykje til «dal» er her ikkje, anna enn søkket ved kulpane.     

Bæken |'bǣken| Nes gnr 44 > Nesbyen: «Oprind-elsen er ganske dunkel. AK. og Mehlum ...... skriver Beken. Ligger ved Storelven, der her er smal. Ingen Bæk»: Kartet viser at her har vore ei relativt stor og rund tjønn. Det ligg då nær å tenke på ss baehkie  'vom, mage' hos dyr – og om bak hos menneske. At ordet eigentleg må vere eit lån frå nordisk er ei sak for seg.     

Bårnås |''bå:rnås| gnr 138 Norderhov >Ringerike: Baarnaas 1723. «Forklares i PnSt. S. 47, ligesom Baarnøen Bjarkø GN 11, af Kvindenavnet Borgný, der oftere forekommer i 16de Aarh. og endnu bruges vesten- og nordenfjelds. Provst Færden bemerker: 'Baarnaas ligger ved en meget høi, steil ... fremspringende Klippe, Baarnaasberget".»       

Vanleg meining er at især i øynamn står suffikset -und for '[øya] som har mykje av (det som ligg i førsteleddet)', jf NoStleks.100, oppslag Borgann. Slike øynamn er tradisjonelt rekna som nordiske namnelagingar, men mange har nok eit samisk terrengord som opphav: «Bårnås-åsen» har i sin austre ende fleire gjennomgåande skard, jf ns boatka «avsmalning, innsnevring», ls boarkka djup «sänka (i berg el. fjällrygg)», ss båarhke, båårhke  (og båarhkeld) «pass». Bornøya i Bjarkøy har òg eit gjennomgåande skard.     

Devegge nordre, «udtalen opgivet som |'vejji| og |'devejji|. ...bruges ikke». Er gnr 76 Nes> Nesbyen : Diguegge 1528, Dønnegge(!) 1578, Deuegge 1593, Døuegh 1604, Deuffegge 1617, Deuege 1657, Dev-ege 1723. «Devegg er Sæternavn i Rollag (ved      Nørsteelven), i Nore (ved GN 1 og ved Nonshøvd ved Deveggelven, der falder i Opdalselven lige-overfor Opdals gamle Kirke)». 

Devegg gnr 10 i Rollag ligg tettved den slakt runda Devegghaugen gnr 15, og begge har vel namn av den dominerande c 983 m høge Deveggnatten lenger vest, også han slakt avrunda. Devegg bnr 26,101 i Rollag ligg også på ein haug, nord for ein slak skråning ved Deveggtjønn-Deveggklemma: Landemerket der er den rundvorne, 1051 m høge Deveggkista vestafor sætra. 

Sætra Devegg gnr 73 i Nore ligg på ein haug, med ein slak liten skråning nord- og nedom. Divegg bnr 113,3 Tinn ligg i ein skråning i nordkant av ei avrunda aksel.      

Eit gjennomgåande trekk (ikkje så uttalt i Nore) er skråningar som hallar svakt, ns væggje (Qv 935), normert veadji. Førsteleddet Dev-, og Div- frå Tinn viser at førsteleddet er kortformer tilsvarande ss deava «bakke, haug» og ls dievvá «sluttning», ns dievvá «(rund) haug». Devegge i Nesbyen er ned-bygd, men lokalkjente vil sikkert kjenne til korleis landskapet der var tidlegare.     

Domholt|''dommhålt| gnr 47 i Hole: Domholt Øde-gaard 1498, Damboltt 1578, Domboltt 1595, Dom-holt 1723. – Trass i eit par forbigåande skriftlege avvik på «-boltt» held tydelegvis uttalen ved lag sisteleddet «-holt», og det samsvarar med forma frå 1498. Då kan ein jo også søke eit vekstnamn i naturleg samsvar med sisteleddet, og treet hegg heiter på ss foeme, på ls ávttja, på ns duopma, så «Domb-» 1595 ser ut som ei omkasting Duopm-> D[u]omb-.     

Elbjør |''ællbjøro| Gol gnr 44: Eilbiør 1657. Elbioer 1723.. ... « Mehlum S. 342 forklarer Navnet som Eld-bjϙrgum 'Ildbjergene', hvilket skal skrive sig fra den pragtfulde Aftenrøde, der nedenfra ofte sees over Aasen og bringer den til at se ud, som om den stod i Luer. De to Gaarde Elbjør ligger imidlertid (paa en høi Hjell) i en Bakli med lidet Sol». – Det sist opplyste er rett nok: Hammaren som blir kalla «en høi Hjell» er markert nok, men samtidig ligg gardane i nordkant av ei flat, men ruvande fjell-høgd på 780-vel 800 m, med bratt fall mot dalen. Ho er namnlaus på kartet, men er rimelegvis den eigentlege bjørga. Vi skal til samanlikning ta med at Eldberghammaren er den hammaren av fleire som ligg lengst vest på Sandhornøya i Gildeskål – mot Hustadsundet. Når Elbjøro blir kalla «en høi      hjell», kunne Ell- |æll-| forståast som fornorsking av ss jïlle (= jalle) «høg», men frå gardane skødd er ho òg 'bjørga på vestsida av dalen', så ss jillie- «vest(er)-» misforstått som «ild-» og fornorska til «eld-» er den aller mest sannsynlege forklaringa, jf hammarnamnet frå Gildeskål.     

Elstøen |'ǣłstøa| er bnr 33,14 i Hole: «Sidste Led er stϙð f. 'Landingsplads for Baade': Bruget ligger ved Tyrifjorden. Første Led kunde være él n 'Iling, Byge', i Folkesproget el og æl. Imidlertid skrives i gamle Ministerialbøger Elgs-, ligesom ved Br.-No. 10 Els-jordet og GN 53,1 Elstangen (udt. ǣ1s-). Derimod er Elstøen i Nordmarken (udt. ell-) oprindelig Eldstϙð "Ildsted" (for Gjætere), af stϙð i Betydning "Sted, hvor noget staar". 

Innvending: Namn av typen Nordavindshamna o.l, finst, men at ei stø fekk namn av elingar (= byger) står ikkje til truande. Elstøa ligg på Bøsnes der det var bœnahús (jf her ss böönh, bööneh pl 'gudsteneste'). Så uttalen med lang æ gjer det meir rimeleg å tenke på ss eejles = aejlies «heilag», om ein fredlyst stad.     

Litt av hamrane ved Emmerstadbukta ved gnr. 60 Emmerstad i Vestby.

Emmerud |''emmru|,|''immru| (også Immerud) er Sigdal gnr 52: Emmerud 1723. – "Snarest af Imba, der nu bruges paa Island som Kjæleform for Ingi-bjϙrg. Heraf udleder S. B. Emmenes i Ankenes".  

Det er diskutabelt. Innmarka på Nedre Emmerud er små flekkar, på Øvre Emmerud er meir saman-hengande, alt oppå ein stor haug der resten kun er steingrunn. Det er å merke at samisk låneform av gno hamarr er ámmër (oslo 49), då ikkje berre hammar i vanleg tyding, men òg heilt enkelt om haug, bakke, slik det òg er med ns abmer, ammer (Qv 1). No blir det i NG bl.a. også vist til Emmenes gnr 46 i Ankenes > Narvik, og her er å merke at det aktuelle neset der (Emmenestangen, Tangodden) er kanta av eit samanhengande bergbelte langs sjøkanten. Uttalen av Emmenes har nok der gått frå Emmernes utt. |"emmeṇes| og til |''emmenes|. Vel kan emmer for ammer vekke skepsis: Merk då ordet i es variant æ:mmir i same tyding.

Eppesberg |''æppesbær| gnr 46 Sigdal: Ebbisberig 1668, Ebbesberg 1723. Rygh: "Hermed hører vistnok sammen Ebbesaas i Modum GN. 142,10 ... Ebbesvik i Fjeld (Ebbisuigenn 1563), Ebbestad i Strømmen GN. 21 (Eppestadt 1578), tidligere ogsaa i Sands-vær (nævnt 1723 under GN. 129). Et Mandsnavn Ebbi nævnes flere Gange i Diplomatariet, rimelig-vis overalt som Navn paa Dansker ... " 

Buskerud har òg Ebbesås |''æbbesås| Modum bnr 142,10 >46, og jamføring med dei gardsnamna NG sjølv nemner og ei rad andre i tillegg viser ein klar samfaktor: bratt lende, jf ss abperes adj bratt (td. om elvebard).

Foterud |''fōteru| 'ogsaa opgivet' |''fauteru| Fiskum gnr 149 Øvre Eiker: Fotterrudt c1575, Fogderøe 1626, Fougderud 1661, Fouterud 1723. 'Samme Navn som Futerud Bakke GN 177,8', 'af fut, faut 'Foged':

Gaarden maa have været beboet af en Foged.» Same merknad gjeld Futerød |'fūtrø| Glemminge gnr 36 >Fredrikstad: Røed 1667, 1723: «Vistnok af 'Foged', der paa de fleste Steder, og saaledes og-saa her, nu udtales Fut. Det maa være forholdsvis nylig, at Gaarden har faaet dette Navn, siden den endnu i 1723 simpelthen kaldes Rød». 

Intrikat nok kan skriveformene på Faut- og fut ha ei anna forlaring òg, nemleg ls vuovdde, ns vuovdi «skog», med triftong vuoute.

Frok |frōk| Norderhov gnr 3 Ringerike: a Frok 1346 Froa 1528, Frogh, Frog c 1575, Fro 1592, Frogh 1604, Frog 1617, Froug 1657, Frog 1723. «Forklares af S. B. af *Fróakr "Ager, som modnes tidlig", til frór, frár "hurtig"; jfr. GN. 7 og Hvataaker i Sandeherred, af hvatr "rask". Frok er (efter Provst Færden) en meget frugtbar Gaard. Andet r er da bortfaldt ved Dissimilation. Fra Meningens Side vilde *Frjóakr, af frjór "frugtbar", være mere tiltalende; men Formen støttes ikke tilstrækkelig ved gudbrandsdalsk fro = frjo "Frø". 

Det grøderike Frok ligg ved ein urliten innsjø med trong opning til Storelva. Innsjøen heiter Juveren, ss *Njuvvere <ss njuvvie straum). Saktens kunne namnet Frok ha ha oppstått som framfor skissert, men også ved samandraging av ss froobeke 'der sehr freigebich ist' etc (Hasselbrink II 500), av di «den særs gjevmilde» synest å passe framifrå for eit tilhald med så rike ressursar.

Fukkerud |'fukkeru| Bakke bnr 195,3 Øvre Eiker: «Vel 'nedsættende Navn' i Lighed med Fubberud i Ene-bak GN. 17,9: jfr. fukka = fubba "pusle, sysle med smaa Arbeider" (Ross). 

Fukkerud ligg ved Drammenselva, og topografisk meir opplysande er nok ss foekehke «liten kort dal som fører opp mellom to fjell», òg skrive fuopkë (Qv 245, OSLO 57). Denne namnetolkinga har òg interesse i samband med naturnamnet Fukkenes alias Fodnes i Lærdal.

Garnås |''gāłnes| Nes gnr 47 > Nesbyen: Garnooss, Gartnus 1528, Gornn Aass 1578, Garnaas 1593, Gaardenes 1604, Garnaas 1617, Garnos 1626, Garenaas 1657, Garnaas 1723: "Har Navn efter den Elv, ved hvilken Gaarden ligger. Denne Elv, der nu kaldes Dokka, bærer [før] Navnet Gardøla og har da vistnok oprindelig hedt *Gϙrð eller *Garða (egentlig vel: den indhegnende, Grænseelven, beslegtet med garðr m. "Indhegning"), der synes at have været et hyppigt Elvenavn...Sidste Led er nϙs f "Næsebor, Næse", der i Stedsnavne betegner en fremragende, brat Forhøining eller en smal Brink...Udtales i Nes og Gol -nøs, i Aal -nos, ganske overensstemmende med Udtalen af Appellativet nos paa disse Steder". 

Tja, frå bruket Brekkestein går det ein stig i lang motbakke opp til Garnås-gardane oppe på åsen. Det er nok ikkje heilt korrekt av garden ligg ved ei elv, ettersom den stupbratte austerveggen i åsen er eit skil, ein gard(e) dei imellom, men kor som er, forma Gornn Aass 1578 gir kan hende eit vink om noko som kan vere like nærliggande, nemleg ei sørleg form tilsvarande ns goarßut, ls goarññot, kår'ñot = «klatre», ettersom den lange turen opp til gardane må ha vore slitsam. Så må også ha vore tilfelle med Ostebergli lenger nord, sml ss vååste, vuastadahke "motbakke".

Gjellum |''jællom| Modum gnr 55: i Gilæimum, Gellini c 1400, Jellum 1668 og 1723, sml Gjellum |'jællåm| Røyken gnr 16 skrive a Gellini, Gællin, Giellini c 1400, Giellum c 1575, Giellenn 1578, Giellann 1593, Giellumb 1617 og Jelen 1723. Til sist Jelleim |''jælle| Sigdal gnr 144: Gyildenn 1593, Gylldenn 1604, Giellum 1617, Jellum med Søeland 1668, Jellum 1723. 

Det siste gardsnamnet synest pga dei eldste skri.-formene å vere sms med ss gïlle, gylle 'grasgrodd bakkeknaus utan skog», evt. usms med artikkel. Det passar betre med terrenget enn Ryghs forslag gil. Dei to andre gardane har same slag terreng, heller ikkje der kjem gil (gjel) på tale.

Gjermbu |''jæłmbu| Norderhov gnr 105 Ringerike: j Gæirmalabuj c 1400, af Geirmaby c 1430, Germel-bo c 1530, Gremelbo 1528, Germalebool 1542, Gierellebaa 1542, Giermebo 1557, Germilbo c 1575, Giernildboe 1578, Giermindbo 1592, Giermallebo OC. 72. Giermundboe 1604, 1617, Jerrenbou 1657, Giermundboe 1723. 

Særmerkt er den eldste forma, j Gæirmalabuj, sml ss gaajhroe 'skrånande benk i fjellside' (men også stein-rygg som deler bekk el. elv). Det ligg ein slik benk på begge sider av garden, og -mala- <gno malar, gen. av mϙl f «steinbanke» er nok berre eit fortolkande tillegg. At -buj kan minne om ss byjje «bondebygd» er truleg meir tilfeldig, for bortsett frå to-tre av 1500-talsformene ser vi ein stø dansk skrivetradisjon -bo, -boe som nok spring ut frå stø norsk uttale -bu.

Gjesval |''jessvāł| Hole gnr 14-15>193-194: Gyswald, Giswald 1528, Gettzuoll 1542], Giedtzuoldt 1578, Gedtzuald c 1580?, Giestuold 1595, Giedtzuald 1604, Geesuoll 1657, Giesvold 1723. «Samme Navn som Gjesvaal Orkedalen [no Orkland] GN. 31 og Gisvaal Strinden [no Trondheim] GN.114». 

Forleddet er helst ss giedtsies (pred. giedtsie eller gyödtsehke) «smal», sisteleddet vel vaellie slutten på eit fjell der det går over i ei flate: «Fjellet» i Hole sitt tilfelle er Gjesvalåsen som smalkast av mot sør, i Orkland er det sikkert Nonshaugen, i Strinda Bjørkåsen med Gisvålhaugen.

Golberg |'gōłberg| bnr 199,8 i Krødsherad: Namnet som kan forklarast ut frå ss kuobla hengskavl og "brant klippa, som likasom hänger utöfver" (Lex. Lap.), på normert ss goeble. Begge delar likt med ls guoblla og ns guovla snøskavl eller berg som heng utover. Det finst mange bråbratte hamrar i fjellsida aust for garden. – I ei sms. guoblaberg el. goebleberg vil den eine av to like lydar/stavingar lett forsvinne i uttalen.

Golberg |'gøłbærg| Gol gnr 25: Gaardebergh 1528, Gordberg 1542, Gaadbergh! Gaarberrig 1578, Gaardberig 1593, Gaardbergh,Gardberg 1604, Goelberig 1657 og Goelberg 1723. «Ligger paa et Berg. Samme Navn i Krødsherred GN. 199,8 (udt. gó:£bær)".

Frå garden og nordetter tøyer det seg ein jamhøg lang og bratt bergvegg, men det er vanskeleg å sameine ordet med dei eldste skriveformene som tilseier ein uttale med lang å-lyd (og "tjukk l"). Det viser seg likevel at goeble (sjå framfor) også har vore skrive guoble, med variantar guöblie, goåblie (Hasselbrink II 682,625). Det fører oss nærmare ei rimeleg forklaring på spriket mellom dagens utt. og dei eldste skriveformene.

Gostad |''gosta| Rollag gnr 63,4: Godestad, under-bruk 1723: «Samme Navn som Godestadt St. 84 b, forsvunden Gaard i Ø. Eker». 

Både for Gostad i Hægebostad i Vest-Agder og i Rollag og det forsvunne Gostad i Øvre Eiker kan forleddet vere ss goese «gran» (vokalforkorta), for begge gardane ligg midt i skogsområde. Vi treng ikkje legge brett på den seine skriveforma Gode- frå 1723.

Grekvar |''grækkvał| Uvdal gnr 80-82: Greppehuar 1593, Gierpehuarff 1600, Greppehuerff, Grope-huerff 1604, Grephuar 1626, Grepuar, Grequar 1668, og Greckwar og Greckwaer 1723: «*Greppahvarf, sms. med hvarf n. 'Krumning, Kreds, Ring, Krog, Hjørne': Gaarden ligger paa en flad Haug af rund Omkreds. Første Led maaske det samme som i Grepperød i Vaaler GN. 38 (Greppurud RB 483), Grepperud i Høland GN. 61 og 96, Greppestøl i Oddenes, Grepland i Kinn ... forklares disse af et *Greppi, Kjæleform til Mandsnavnet Greipr». 

Vel, det gjeld for garden Grekvar og for Grepland i Kinn, for Grepperud to stader i Østfold, samt for Greipstad i Tromsø og i Kristiansand (der også for Greppestøl) at gardsvaldet er ekstremt uslett, så merk ss kraejhpie «kupert terreng fullt av berg og skorter».

Grosvoll |'gråssvåll| Sandsvær gnr 128 Kongsberg: i Gratzuallum, Grazuallum 1392, i Gratzuallum 1445, i Graswallom 1453, Grazwaldh1456, Gresuoll 1542, Großuoldt 1578, Graauoll! kring 1585, Graffs-uold 1593, Graadtzuold OC. 54, Graaßuold 1604, Großuold 1626, Graaßuold, Großvold 1723.

«Grosvold, udt. grå`ssvåll, er ogsaa Daglignavn for GN. 64 i Fjære (skr. Großuoldt 1593) .... De ældste Skriftformer [her] henpeger paa en Grundform Grátsvellir. Til Grund synes at ligge et oldn. Subst. *grátr». 

Eit slikt terrengord finst, dvs ss gråhtjoe, kråhtjoe, krahtjoe «smal liten dalgang, lita kløft». Ordet blir også brukt om område som har fullt av slike fòrer (renner), jf grϙhčō og rϙhčō (Qv 717) samt ns rohči «innsnevring», d.e. samantrengt parti av elv eller dal, ls råhtje "avsmalka, trong dal" (iblant steinut). 

Grosvoll kan ein beinveges sml med naturnamna Grosdal i Birkenes og Grossøyi i Tinn. Vanlegare fornorsking er likevel bunden form Gråten el. sms namn på Gråt- eller Gråtar-.

Gullarsrud |''gullarsru|, |''gullærs-| Fiskum Øvre Eiker gnr 142: Gulormsrud ca 1400, Gulasrud paa Fiskumstranden 1545, nørdre Gullarssrud (Øde-gaard) 1545, Gullacksrudt ca 1575, Gulandsrøtt 1625, Gullichsrød søndre 1661, Gullichsrud 1723. 

Dei tre eldste skriveformene gjer det lite truleg at eit mannsnamn utgjer førsteleddet. Det er snakk om Fiskum og Fiskumstranda og det fell naturleg å ta utgangspunkt i ss guele "fisk", slik ein ser det i sms guelie-tjonne,-tjåånne, -tjönne "fisketjønn", berre at det her er tale om ei elv. Ein kan nok sjå Gulorms-, Gullars-, Gulas- som radikalt forkorta former av *guelie-årrome-sijjie, *guelie-arreme-sijjie "fisketilhaldsstad"?

Gullingsrud |''gullingsru| Nes Buskerud gnr 38: Gullingßrud 1657, Gullingsrud 1723: 

«Forklares i PnSt S 100 af Mandsnavnet Guðleikr (nu mest Gullik). Lyd-forholdet har ogsaa ellers Sidestykker; f. Ex. i Hellingsrud Lardal GN. 24 af Herleiksruð (Bd. VI S. 372). Jfr. dog de svenske Gaardnavne Gullunge, Gyllinge, der muligens kan indeholde et Personnavn». 

Gullingsrud ligg ved elva Todøla like før ho fell ut i sjøen Brommafjorden, ved Gullingsrudodden, sml ss *guelehks attr, gualijes, gualijs fiskerik (om sjø og vatn). Også Gullingsholmen i Lillesand blir eit interessant namn i den samanheng.

Gusstad |''gussta| Modum gnr 47: Gusestadt 1578, Gussustad 1617, Gusestad 1668, Gussestad 1723: Vegen oppetter åsen frå Gusstad svingar om øvre enden av ei trong kløft som må ha vore brysam: Jf gur'šō «trong kløft, skòr i fjellside» (Qv 368 frå Tysfjord og Arjeplog) = ls gur'šo «djup smal skreva el fåra» (Korh.) = gurssjo. Skriveformer frå 15- og 16-hundretalet med bortfall av r er ikkje til hinder for slik tolking av gardsnamnet. – I si drøfting av Gusstad-namnet er Rygh elles inne på Gussøya i Trondheims-leia: Ho smalkar av på midten og er mest skoren i to av eit bratt skard tvers over, men her kan førsteleddet òg vere gaus «rund hump».

Gylte |''jylte| Rollag bnr 58,2: «Gylcke (eget M.No., men brugt under Kjomme) |723. Ogsaa senere skrevet Gylke». Kjomme-gardane ligg nordanfor Kjommeåi, men Gylke alias Gylte ligg på vestsida. Gylke har truleg oppstått av ss jillehtje vestsida; vestre (-). For norsktalande *Jiltje ikkje så lett å få meining i, men tydelegvis speglar skriveformene Gylk(j)e og Gylte norske uttalevariantar.

Gåsterud gnr 16 Ål i Hallingdal: Gasterud 1657. Er eit eineståande gardsnamn. Gåsterud i lag med Rikansrud har talrike djupe skard eller trør i fjell-sida der det venteleg renn kald luft, jf ss goestedh "iskald vind langs bakken", finst også med forma goesth i sg. Låneform av norsk gust?

Hjarnes |''jārnes| er gnr 38 Sandsvær >Kongsberg: Hiarghunæs 1404, Jernus 1352, a Hyergænesse 1515 (falsk), Hiergenesze 1515 (falsk), Hiernnes 1604, Hiernes 1604, 1626, Jernes 1667, Jarnes 1723. «Forklares .. af Elvenavnet *Hjarga (der antages at høre sammen med hjϙrð "Hjord"): dette maa da have været Navn paa Eggerelven (Støleelven), der munder ud i Laagen lidt søndenfor Gaarden». Innvending er at forleddet Hiarg(h)u-, Hiærg(h)u- ikkje finst i andre gardsnamn. Det kan knapt vere anna enn forsøk på å skriftfeste og kasusbøyge ls njárgga = ns njárga «nes; halvøy», på ss njaarke

Hjarnes alias Jarnes i Sandsvær ligg nemleg på ei diger halvøy i Lågen, av omfang ikkje så ulik det høgare Jarnes i sjøen i Sykkylven. Jarnes i Nes er ei halvøy laga av bekkar, Jarneset i Senja er eit stort nes i Rossfjordstraumen.

Hoffar |'håffår|, |''håffar| Sigdal gnr 30: Hafforu (Gen.) 1350, a Hagfuru c 1370, Haffer 1514, Hafar 1528, Haffar 1529, Hoffaa 1578, Hoffer 1593, Hoffart 1617, Hougfard 1668, Hoffort 1723: «Den oprindelige Form er rimeligvis *Hagfura, der synes at betyde: et i en Indhegning staaende Furutræ». – Lydleg kan vel uttaleformene tilseie slik tolking, men kva skulle ei slik inngjerding tene til? Slik garden ligg til, har det klart meir for seg å tenke på ls oaivor = oaivvura 'krönet av en backe'. Merk at særleg ls ord ofte finst i dublettar med og utan framlyd h-.

Hørjusgard |''hørjusgał| Nore gnr 138: Hyrudz-garden 1404, Høriulsgaard 1668 og 1723: «Navnet, der paa AK. skrives Herjulfsgaarden, forklares ... af Mandsnavnet Herjulfr, men kunde ligesaagodt komme af Hergils, senere Hergjuls, nu Herjus. Dog taler den i ældre Tid forekommende Skrivemaade Hørjulfsgaard for den førstnævnte Udledning. Formen af 1404 er paafaldende, men maa høre hid...». 

Dersom vi etter lulesamisk skikk ignorerer framlyd H-, ligg skriveforma Høriulsgaard 1668+1723 pluss uttalen Hørrjus- med l-bortfall ganske nær opp til eit ss örjel-, urjel-, urjil- = åarjel- «sør-».

Jodokk |''jōdøkk| Hemsedal bnr 54,3: «Vistnok af Mandsnavnet Jo ... Mindre rimeligt er det, at den nærliggende Elv har været kaldt Joa, hvilket Navn ... antages at foreligge i Jorud i Trøgstad GN. 103. Dϙkk f., Fordybning». Ut frå landskapet er vel så rimeleg å tru at førsteledet er ss johke «elv, bekk».

Justad |'jussta| Lier gnr 61: i Igustadum RB 100 (saa er vist at læse, ikke Ign-), Iulstad 1528, Iffuilsstadt 1578, Juelstadt 1593, Jullstadt 1617, Justad 1723. 

Justad-gardane, især bnr 1, ligg som langsmale høgder mellom djupe, nokså breie erosjonsdalar, jf ss jïlle, jalle, jolle «høg»=jïlle, jalle, julle (Hasselbr.) Skriveforma Igustadum kan vere forskriving for *I-gjulstadum, grunna likskap med gno ígull «kråke-bolle, karibolle» i former som ije(d)l og ijill kjende frå Hallingdal og Ryfylke (NO 5: 1081). Ordet går òg att i sms igeltuve i nord, variant iltuve.

Killingstad |''kjillingsta| Hurum gnr 10: i Kiding-stadum c 1400, så Kidingstad, Killingstad 1366-67, 1441, Kindingstad 1450, Kilingstad og Kilinstad 1528, Killingstadt 1578, 1593, 1617, Kiøllingstadt 1557, Kyllingstad, og Killingstad 1723. 

Dei eldste formene på Kiding- peikar i retning av kiđđa, kidda lik ss gïjde = gïjre «vår»: det avleidde gïjdege, gïjrege (= ls gidak) tyder 'om våren', nok tidleg fornorska til Kiding- og omtolka til Killing-, Kylling- etc. Namnet tilseier i så fall at det er tale om eit område det det vårar (vårast) tidleg.

Kjørstad |''kjørsta| Sandsvær gnr 64 Kongsberg: i Kirfuastodum 1378, Kyruestadom 1447, Kerwestath 1565, Kiørfestad 1375 (uekte), i Kerffuestadum og Kierffuestad, Kyerffuestadh 1538, Kirffuestad c1585, Kiøruestad 1593, Kiørrelstadt, Kiørrestadt 1604, Kiørrelstad 1605, Kiørwellstad 1626, Kiørffuestad 1667, Kiørstad 1723. 

Kjørstad-gardane ligg visst jamt over slik til at at dei opphavleg var ukjøme pga djupmyrar, mange bekkar, svært uslett lende, utgrunne vikar osv, så det var tungvint å ta seg fram dit. Jf ss gervedh gjere ein omveg, gå utanom, ikkje vitje. Dette er relevant for endå fleire Kjer- og Kjærstad-gardar.

Kodalen |kōdæłen| Sigdal gnr 169: Ø. Koedahlen 1723. – «Samme Navn i Sande JL. GN 121,6. Sogne-navnet Kodal i Andebu skrives i RB Kwadadal ... Samme Oprindelse har vel ogsaa Kvarud i Spyde-berg GN 47,4 (Kuadorud RB 177), Kaatorp i Rakke-stad GN 249 (Kuadoþorp RB 158), Kvaafjord i S. Undal, Kvaastad i Holt og Kvaavig i Lyngdal». – 

Skriveform Kuadorud og Kuadoþorp c 1400, men òg Kwadadal kan peikar mot ordavleiingar knytte til ss gåatoedh v «å beite» (om rein), som gåatoje bovtse beitande rein og gåatome beite(land). Då er likskapen med koa = kvade (koa o.l) «harpiks» nemnt i NG utan særleg interesse.

Kofstad |''kåffsta| Fiskum gnr 135 Øvre Eiker: i Kopstadum c 1400, Kopstadhe c 1450, Koustadt c 1575, Koffstadt 1578, Kouffstad 1593, Kopßtad 1661, Kofstad 1723: «Samme Navn som Kopstad i Borre og Sande (i Kopstaudhum 1348) og Hof og som Koffstadt, forsvundet Navn i Modum. Første Led er antagelig koppr m., Kop, halvkugleformet Forhøi-ning eller Fordybning; jfr. Modum GN. 104 og 114. Den i Bd. VI S. 32 som en Mulighed opstillede Forklaring af kaup-staðr "Handelsplads" synes at strande paa Formerne fra MA».

Slik terrenget på garden Kofstad i Øvre Eiker er, vil «halvkugleformet Forhøining eller Fordybning» ha lite for seg, men ss gaavestahke «område der ein bekk gjer store svingar» (flt. gaavestahkh) treffer blink. Dedrimot har Koppstad-gardane i dagens Horten og Holmestrand har aavrunda haugar og humpar som særmerke, jf ls gåbbå og ns gobba, sjå neste.

Koksrud |'kåksru| Hole gnr 12 > gnr 191: Koxrud 1723: «Vel samme Navn som Koksrød i Smaalenene (Berg GN. 42), der i 1593 skrives Koxrød ... *Kolfsruð kunde gjennem *Kofsrud blive Koksrud, paa sam-me Vis som ufs (brat Styrtning) i enkelte Dialekter er blevet til oks. For denne Forklaring taler bl. a., at Kokshus i Nes Hdm. i 1387 skrives i Kofshusum». 

Resonnementet er velfundert, men kan nyttast annleis òg: Kokshus og Koksrød ligg på ein typisk kobbo = ls gåbbå «(avlang) rundvoren kolle», ns gobba (i Sverige); Kokshus òg ligg på ein kobbo litt mindre enn dei andre to. Med eit forklarande (epeksegetisk) tillegg av -ås oppstår Kobbåsen og Koppåsen, kjent frå mange stader i landet – men i ny sms *Kobbås-hus, -rud og -rød kjem det til reduksjon av førsteleddet: Kobbås- > Kobs-, Kops- > Kofs- > Koks- .

Koparvika (Kobberviken) |''kåparvíke| Bagn gnr 50 > Sør-Aurdal: «Der er ikke faa Stedsnavne, som i Lighed med dette ikke synes at kunne have andet end Metalnavnet Kobber til 1ste Led. I de fleste af disse Tilfælde ... ikke ... nogen rimelig Forklaring."

Kaparviki (Kobberviken) |''kāparvíkji| Gol bnr 4,3: NG nemner mange døme på bruk av det same forleddet, men «det er vanskeligt at finde nogen anden Grund til Navnet end Vandets el. Bundens Kobberfarve... Kapar er den hallingdalske Form for 'Kobber'». 

Merk: Kobberdal |''kåbbardał| gnr 16 i Dønnes, no Dønna, skrivst vid Kopardale i AB, og i nyare tid er skrivemåten atter Kopar-. – Ut over desse gards- og bruksnamna finst det talrike naturnamn med det same førsteledd. Metallet koppar er det knapt tale om, då snarare eit terrengord, jf ns gobba (i Sverige) er «bergknatt», i flg. O. Korhonen gåb' «(rundaktig) kulle, litet berg (utan branta sidor)» på ls, i flg. Spiik gåbbå «berg med berr topp», ss gahpe men òg gappa «en flataktig forhøining på høifjellet, en liten forhøining på flatt land» (Qv 315). 

Kopar-, Koppar-namn oppstod neppe gjennom deminutiv kopátj, variant *kopasj>*kopars (OSLO 95), Kobba- er heller blitt slumpesamt fornorska til Koppar-, Kopar-, i Hallingdal altså Kapar-: Der er ein kobbo. 

Koparviki i Bagn ligg nær Bølesknatten; legg så til Kopparstranda i Drangedal, Kobbardal (Kopar-) i Dønna, Kobbartuva Meløy, Kopparløyken Buksnes o.m.a. Topografien er alle stadene i samsvar med forleddet nemnd tyding.

Kovestad |'kåvesta| Lier gnr 118: i Kofstodum 1376, i Kaghastadum c 1400, Kaagestad 1528, Kopsta 1542, Kogestadt c 1575. – Skriveformene sprikar, og det er vrient å finne eit norsk terrengord som opptrer i så mange variantar. Slikt potensiale har derimot ns gǫppe, g. gǫbe eller gǫve «hulning, for-dypning, søkk, rundaktig dalsenkning, hole» (Qv 324): Garden ligg høgt og fritt, men har fl. djupe søkk omkring, særleg eitt i søraust.

Krakstad |''krakksta| Norderhov gnr 97 Ringerike: a Krakstadum 1458, [Krakstade Cod AM. 880], Krag-stad 1528, Kragstadt 1578, 1592, 1604, 1617, Krake-stad 1657, Krachestad 1723. 

Merk at ss krahtjah attr = krahtjoeh, kråhtjoeh (om dal) vil seie «trong», også brukt om område: «som har mange tronge passasjar». Det passar for det veldig kuperte Krakstad-terrenget.

Kravik |''krāvík| Nore gnr 165: Krauig 1568, Kraguig 1593, Krauiig 1600 og 1604, 1626, Kragwig 1668, Krawig 1723: «Af krake m., vantrevent Træ, hvoraf ogsaa andre Stedsnavne er dannede». – Fullvisst er det no slett ikkje at *Krakvik er den opphavlege namneforma, i staden for krake kunne det bli tale om kragg m (NO 6: 1007), som rett nok burde gje uttale med kort a, men lokal topografi gjer at vi snarare må tenke på ss kråave «grop, gryteaktig lægd i lendet» (truleg lånt frå norsk).

Krosgarden |'krøssgałen| "opgivet" |'kårs-| Sigdal gnr 158: Kaarssgaardt 1604. Korßgaarden 1617. Kaarsgaarden 1668. Korsgaarden 1723: «Navnet forekommer fl. St., uden at det i hvert enkelt Til-fælde lader sig afgjøre, hvilken Betydning af kross der foreligger». – Skriveformene er i samsvar med uttalen Kors-, så Kross- er nok ei fornorska form. Garden ligg mellom to bekkar med til dels djupe åfar: ls gårsså «ravin, trång, djup bäckdal» (Spiik), «smal bäckdal med branta väggar» (Korhonen), ns gorsa; i ss er ordet ikkje lenger i bruk.

Liveland |''lívelann| Flesberg gnr 95: Lifuoland 1439, Liiflandt 1528, Lyffueland 1536, Liffue-, Lyffuelandh 1537, Liffland c 1585 og Lyffland 1626, Lifland 1668, Lifland 1723: ls livva, 

ss lyvve, lovve tyder kvile(tid) for rein o.a. og ns livva- er kvilestilling for dyr. Kvileplassen var kan hende Ringdansen, som er «inngjerda» av bekkar? Ikkje heilt utenkeleg at det siste namnet fortel om korleis reinen oppfører seg i ei innhegning.

Lobben |''løbben| Modum gnr 123: Lubben 1578, Lo-benn 1593, Lobben 1604, 1617, Luben 1668, Lubben 1723: «Ogsaa paa Ø. Eker GN 183.184, skr. i Loghbø RB 192. Samme Navn er Laaby (udt. lø`bby) i Rakkestad GN 137, skrevet i Loghbø RB 157, og Laaby i Berg Sml. GN 66,1, skrevet i Logby RB 502. Den oprindelige Form synes ...... at maatte være *Lϙgbœr (-býr), af lϙgr m. "rindende Vand"». 

Rygh er likevel i tvil, av di vi i Rakkestad sitt tilfelle ser skriveformne Lœbbæ alt i 1368 og Lobbe i 1370: «de anførte Former .... forudsætte, at Navnet alle-rede da udtaltes omtrent som nu); nogen rimelig Forklaring er ikke funden».

Ein bekk frå sør renn gjennom garden Lobben og ut i Simoa, og kartet viser at der var ei utviding av bekken like før: ss loebpele tyder 'lita tjønn'.

Bortfallet av sistestavinga -le er her som i talrike Loppe-tjønner og -tjern <Loebpele- austafjells. Tenkeleg elles er at Lubben, Løbben kunne oppstå av ei sideform *Lubber tillagt bunden artikkel -en (vsa *Lubbel). I nord både Luobbal og Luobbar. – Elles kan det ikkje allstad ha vore så at lϙgr var "rindende Vand"», for Laugen i Risøyhamn (Andøy) er ei myrtjønn, Lauen i Bø i V. var òg ei myrtjønn, Laugen på Trondenes det same. I samsvar med det kan nemnast at det litt nord for Låby skole i Halden synest vere ei tørrlagt tjønn, medan Låby i Rakkestad rett nok ligg ved bekkar, men dei kjem delvis frå Låbytjern i aust.

Lore |''lōre| Hole gnr 8: a Lodrom 1460, paa Lore 1528, Louffuere 1578, Lorre 1595, Loure 1617, Lure 1604, Lorre 1657, Lore 1723: «Navnets Oprindelse er ganske usikker». 

Forma på den lange, særmerkte Loreåsen tilseier at det er tale om ss låvre lur (blåseinstrument),vel same ord som i skriveform lovre står for (gevær)-kule, opphavleg vel sjølve børsa, «luren». Jf Lovra, Rogaland.

Ludderud |''ludderu| Gol bnr 24,24: «Forklares som en Forvanskning af Luterud og skrives af Mehlum S. 333 saaledes. Gaarden ligger i en Helding». 

Helst frå luodda «spår (efter människa eller djur; samma betydelse oskså i skoltlapskan); Härj[e-dalen] luottë die Spur einer ganzen Renntierherde (sv. dial. ren-slo). Kanske nordiskt lån; no. slod f. spor, optraadt vei (oslo 120, NL 225)». Jf ss loedte «spor etter reinflokk» (særleg om vinteren). I Gol sitt tilfelle finn ein att på kartet Ludderudvollen, der nyare vegar synest å følgje eldre far, men på Ludderud i Nore og Uvdal går derimot den gamle stigen frå garden og rett opp åssida.

Låg |lå:g| Flesberg gnr 71: Liaag |723. "Ligger ved Laagmyrerne. Oprindelsen er ganske uvis" Garden ligg i skrånande lende, men i nordkant Lågmyran er det eit flatt stykke dyrka mark. 

Låg er fornorsking av eit ordform som svarar til ls láko 'stor grasslät i fjällen, fjällplatå' (Spiik) og ns láku vid, men ikkje djup lægd på fjellet. Eigentleg samisk innlån av no. flag; går att i ss plaahkoe låg slette.

Meskestad |''mæskesta| Sandsvæ gnr 86>Kongs-berg:  i Meskastadum,  i Mækistadum c 1400, Meskestadt c1575, Meschestadt 1604, Meschestad 1626, 1667, Meskestad 1723. "Oprindelsen... usikker". 

Forleddet i Meskestad er sikkert nok ss meskie: det inste av ein attlukt dal, i dette tilfellet i låglandet.

Muserud |''museru| er gnr 77 i Røyken: Musarud, Musærud c 1400, Mußerrudt c1575, Muserudh 1578, 1617, Muserød 1723. 

Er gardsnamn i både Asker, Bærum og Røyken. – Garden i Bærum ligg i ein liten dal som skjer tvers over to ånes i åa Lomma, men Muserudbakken er på same tid ein lang og bratt bergrygg som går tvers over lendet, innafor to elvenes. Over garden i Røyken i Asker kjem eit djupt skard frå nord og sør. 

Rygh sa om namnet Muserud at det naturlegaste "er at udlede direkte af Dyrenavnet", men korleis? Saktens kan folk iblant ha sett på eit område som "mus-ete", men så finst det elve- og bekkenamn som må ha heilt anna forklaring: Musa heiter ei elv på Dovre, med uvanleg beint far over ei lang strekning, langt på veg det same for Musa i Øyer og i Gausdal og dertil Musdalselva i Agdenes, og i Ulvik renn ei å nær Musakolhaugane. Liknande gjeld også for Musbekken i Midtre Gauldal og på Dovre – og endå fleire stader der Mus- inngår i namna på ganske beine vassfar. Museråfjellet er beint og topografisk særmerkt for bruket Muserå i Froland.  I Flesberg ligg Museplassen like vest for Rambergelva som renn i bein sørleg retning frå Museplassdammen. Truleg heitte elva tidlegare Musa. Relevant er derfor moccetet, moccostet v "tage den korteste Vei, gaa Gjenvei", i adverbial form: mocco = mucca: "uden Omvei, benest", som adjektiv moccos = mucces, d.e. 'kortest, benest (Vei)' (Friis). Mussingdalen i Langenes sokn er òg snarveg, frå bukta midt på sørsida Alsvågvatnet og oppover – sørover.

Myking |''mikjiŋ| Nes gnr 67 'sæterlag ved Myking-vatn, hvorfra Mykingelven rinder ud i Rukke. Samme Navn bærer Gaarde i Aal (GN. 93), Haus, Manger og Lindaas)». 

Alle Myking-gardane ligg så til at det høver med miehttje-, mähttje- «ut-, avsidesliggande; (essiv) miehttjen .. långt borta (i allmänhet)» (OSLO 129). Merk ss miehtjies «avsides» og miehtjene «bak, attom; avsides, langt borte i nord», så vel som ss miehtjebe «lenger bak, på nordsida». 

Eit *miehtjege som samisk parallell til fornorska míᶄing = Myking er ufunnen, men essiv miehttjen passar godt med læget til øygruppa (i) Myken i Nordland.

Niskind |'nísjinn| Hole bnr 1,6: «Har vel oprindelig været betalt med 9 Skind». – Bruket er brattlendt, og endå meir knausane ikring. Naturleg er å tenke på ss njiskiehtidh «skli, rutsje» el. njieskiehtidh gå på knea, ta seg langsamt ned i bratt lende. Her er visst «Niskinn» er slumpesam fornorsking av eit handlingsnomen *nji(e)skem: overgang frå -til -i slike samiske ordformer skjer lett nok.

Pipargarden |''pipargałen| gnr 193 i Nore (+ Uvdal) gjekk i skrift lenge under namnet Kollandsrud: Kollensrøtt 1626, Kollandsrud 1668 og Kollandsrud 1723. 

«Daglig-navnet kommer af pipar "Fløitespiller", der findes i flere Stedsnavne». Garden ligg på ei hylle ganske høgt over Norefjorden, namnet er snarare ei sms av ss bijjebe «øvre» og ss baartege (i nom sg òg baarth) «kanten av fjellet; tregrensa, skog-bandet» (Qv65b) > bijj'baar'- > Bipar-, Pipar-. Merk at baarth, baartege òg finst i forma bertie, og her kan sms bijj'ber'- > ende som Pipper- el. Pepper-.

Portåsen |''portåsen| Nedre Eiker bnr 16,35: Burta aas c 1400, Porttaaß 1578, Portaasen 1621, Portaa-ßen 1661. «Formen i RB. synes oprindelig, men er vanskelig at forklare; maaske Burtíási el. Burtáási, borte i Aasen». 

1400-talsforma peikar snarare mot ss burtie «kant (på skjerenål, øks, fil)», men også «bergrygg»: Ved garden er fleire slike, nokså kvasse. Merk dertil ss bortege «(skarp) kant». Skriveforma Burta ass er då utslag av gno kasusbøying.

Portåsen i Enebakk i Østfold synest å ha fått namn av det tronge skardet Porten på austsida, men til ein trong passasje å vere er det eit litt påfallande namn. Ialle fall: Der er fleire markerte kantar i sør-kant Portåsen, så det spørst om namnet Porten er ei sekundært til Portåsen, her òg å tyde *Burta-ás <ss burtie?

Purkestad |''purkesta| gnr 122 Etnedal Oppland «er vel et nylavet Navn» (NG) og Purkestad |''purkesta| bnr 140,5 i same bygd er lite nemnt, men Purke-stad |''purkesta| Hemsedal gnr 76 (Gylttestad 1617, Purchestad 1657) blir kommentert noko fyldigare: «Navnet er interessant ved den Ombytning, som har fundet Sted, af det gamle gyltr f. (gylta) 'So' med det fremmede Purke (fra latinsk porca)». 

Her kan det vere svikt i resonnementet: Ein bør nok aller først tenke på ss båarke, båårhke «fjellpass», i grunntyding «innsnevring», «avsmalning», «smalt parti», men òg brot eller avbrekk, som i ls boarkka, ns boatka. (At skriveforma Gylttestad 1617 ikkje slo igjennom, syner vel berre at nokon ønskte å fiffe opp det tradisjonelle namnet Purkestad?) 

På begge Purkestad-gardane er smale søkk med gammal veg over, i Hemsedal sitt tilfelle søraust for garden og i Etnedal vestafor garden. Likeins er sletta eller myra Purkestadfeten i Nord-Aurdal i Oppland i høg grad eit smalt parti.

Ramsrud gnr. 179 i Nore og Uvdal er bruksnamn i Flesberg, Ringerike og Rollag, så vel som i Gjøvik på Oppland. Truleg svarar forleddet i alle namna til ns rámšku «svært ujevnt terreng med humper og fordypninger» evt. til varianten ns rámšu med same tyding (Qv 695, 696). Det høver i alle fall for garden i Nore og Uvdal.

Rukke |''rukke| Nes gnr 65 >Nesbyen, også Ruke: Ruche 1723. "Udledes i NE S. 200 af Elven Rukke, ved hvilken Gaarden ligger. NE S. 37 angives imidlertid denne Elvs oprindelige Navn at have været Eiða .... Maaske har den under sit Løb skiftet Navn, lige-som den ovenfor Rukke endnu kaldes Markeelven. Elvenavnet *Rukka (Hrukka) er aabenbart samme Ord som oldn. (h)rukka f. "Rynke, Fold" (Folkespr. rukka), en Sideform til Folkespr. skrukka, hvoraf Elvenavnet Skrukka (se NE S. 229). Rimeligvis sigter Navnene til et trangt Elveløb, der ligesom danner en Rynke i Landskabet». 

Ovanfor Rukke er eit åsdrag det vel kunne passe å kalle ei «rukke», men i elva rett nedom er eit trongt parti. Det passar ikkje å kalle det ei rukke, snarare høver ss ruhtjenimmie «trongt landskap med stryk der elva går kvit», jf ss ruhtjie «trong, djup dal».

Sausgarden |'sausgałen| Hol bnr 57,5. Rygh viser til «GN. 6,2 Sausgaardhaugen. Maa høre sammen med Gaardnavnet og saaledes være opstaaet af Saupsgarðr. Første Led er saup n "Kjernemelk", her vel sigtende til Jordbundens Bekaffenhed». 

Jf at ns suohpa (Nesseby) tyder "overgangsstad over myr", det høver for Saupstadmyra både ved Saupstad på Gimsøya i Lofoten og på Saupstad i Trondheim. Avleidd ord suohpaš: overgangsstad (i elv), grunn stad i elv, i det heile stader der folk el. dyr greier å passere, t.d. på Saupstad i Borge i Lofoten; også om eid mellom fjellvatn, eller vass-skil. For Sausgarden sin del er det naturleg å vise til ein passasje over Usteåni nedanfor garden.

Sessrud |'sessru| gnr 175 Norderhov i Ringerike er kalla Serdsrud 1723. Denne eine, seine skriveforma seier lite, då uttaleskilnaden mellom utlydande -rs, -rds og ev. -sj er liten. Uttalen med trong é i lag med just forma Serds- fører likevel tanken til ss sertiestidh = sertedh, sirtedh v «flytte (eitkvart, td reinflokken) frå ein stad til ein annan». Dette er interessant av di gnr 175 Sessrud ligg side om side med bnr 176,7 Finnerud kun med ein bekk imellom. Det kan tyde på gammal vekselbruk.

Skirvemoen |''sjirvemon| Nes bnr 58,36 > Nesbyen, «efter Elven Skjerva ... ved hvis Udløb i Rukkeelven Gaarden ligger». – Like før ho fell ut i Rukkedøla gjer Skirva to tilnærma rettvinkla svingar, sml ns skirvehit: gjere ein krapp sving. Så namnet har neppe med skarv «naken fjellgrunn» å gjere.

Skithegga |''ᶊjittegga| kjem frå Heggsjøen og går til Røykenelva, Heggedal i Asker». Ved denne elva ligg Heggum nordre |''hæggåmm| gnr 14 Røyken, skrive i Hæggæimum 1264, Hæggeim c 1400, og Heggeim 1528, Heggim 1593, Heggen 1723. Søndre Heggum søndre er gnr 65.

Eit særmerke ved elva Hegga (Skitthegga er delar av ho) synest å vere langsmale naturengar med frodig gras- og skogland. Det snåle elvenamnet (Skitt)Hegga kjem mest truleg av ss -hagke «stad der det veks tett og frodig», førsteledd ss sjïdtije- «i vekst, veksande» heller enn ss sjædtoe vokster, vekst, plante».  Assim. med første stavings -i- gav gradvis uttaleendring -a->-æ->-e- |''ᶊitt(h)agga| >|''ᶊittægga| >|''ᶊittegga|.

Sleviken m. Vemmestad |''slēvíkann| Krødsherad gnr 185: Sleuiigh c 1575, Sløuigh 1578, 1593, 1604, 1617, Sleuigen med Øde Hambre; Vemmestad blir særskilt nemnt 1668, Slevigen 1723.

Garden Slevika i Marker ligg ved den særs grunne Slevikbukta, eit landskap av same art som Slevika i Ålesund og Inderøy. Jf vidare dei talrike Slenes-lokalitetane, og ns šlæđđo (= læđđo) bl.a. «grunn stad i elv (botnen strekker seg slett langt utover)», normert šleaddu (også om ei stor og flat slette på høgfjellet, om stor steinhelle eller òg svaberg (Qv 855). – Vemra er etter dagens kart å døme namn på ein stor bekk (i midtre del kalla Midtløken) frå Rishovdtjenn som fell ut i Ørteselva; denne går til Langvatnet. Vemmestad ligg like ved Vemra men heiter no Sleviksætra, jf ss vuemie «vid dal med skog». Bekken renn i skogområde.

Smattan |''smattan| Hol bnr 11,3. Rygh:  «Maaske oprindelig Smattang, som det ogsaa har været skrevet .... Overgangen af -ang til -ann vilde da have Sidestykke i Kaupang i Botne og Tjølling, der udt. kaupann. Maaske egentlig Navn paa et nærliggende Tjern; isaafald vel opr. Smattand, sigtende til Vandets smattende Lyd». 

Smattan-sætra ligg tett ved eit langt myrområde, brunfarga og grumsut på ortofoto (eigtl. ei grunn tjønn?). Jf ls smadja (Spiik), smaddje (Korhonen) = smadje «grums (i vatten): gyttja och skräp, som röres upp när man rör i bottnen på en sjö eller å» (OSLO 205).

Spikkestad |''spikkesta| Røyken gnr 6 Spyckestade 1499, Spiggestadt 1578, Spickestad 1593, Spiche-stad 1723. «Forklares i NE. S. 241 (jfr. Bd. III S. 70) af et Elvenavn *Spikk, der synes at ligge til Grund for flere Stedsnavne. Hvis der her er nogen Bæk, maa den være meget ubetydelig. Vel snarest af spikke m. "Smaafugl"». 

Meir konkret forledd kan vere spičča «en egn med småskog» (Qv 806), normert ns spihčá, spihča «pisk, sveie", ls svihtja – men like gjerne ss spidtje "nybygg, småbruk» = spittjë, pidtja «stuga eller dylikt som håller på att byggas; nybyggd gård» (OSLO 208 og 154).

Sønju |''sønju|,|''synju| Øvre Eiker gnr 180: Sønniu c 1575, Sinyulff 1578, Synuff 1593, Sønnie 1621, 1626, 1661 (med Øde Sønnie og Nordre Sønnie Hauffue), Synie 1723. – Det flate Sønju ligg på sørvestsida av ein stor sving av Bingselva, og innmarka vekslar med ganske mange store og små fuktigare myrparti, skogkledde. Det høver med ns suotnju, var. suonju (Lyngen) flat blautmyr med starr-gras, men utan tuver, bekkar eller ope vatn (Qv 824), jf fi suo myr. – Om sisteleddet som ter seg i formene -ulff (!) 1578, -uff 1593 og -hauffue 1661 blir sagt: «Til Stedsforholdene passer bedre efja, idet her er en saadan. Jeg formoder en Grund-form*Svinefja, identisk med Sognenavnet Svene ... Heraf ved Sammendragning Svinja, Gen. Synju». 

Sisteleddet i formene Sinyulff 1578 og Synuff 1593 kan godt vere forvansking av ss njuvvie «straum», liksom det seinare -hauffue kan vere forvansking av ei ss parallellform til ls njavve = ns njavvi «lite stryk».

Såstad |''så:sta| gnr 60 i Rygge 160 Moss: i Sada-stadum 1409 -10. Saadestadt c 1575, Saastad 1593 og 1599, Saaestadt 1603, Saaestad 1612. Uttalen er eins for Såstad gnr 123-124 på Stange i Hedmark, men skrivemåten er aldri tostavings: 

«a Sastodum Sverres Saga ... Paa Gaarden stod i MA en Sognekirke, hvis Sogn, Sastada s., nævnes RB» c 1400, dertil Sodstad 1520, Saastadt 1578,1593, Saastad 1604, 1669, Saastad 1723. 

Tilsvarande for Såstad gnr 152 på Modum: Sastadt 1578, Saastad 1593, 1604, 1668, 1723. Såstad |''såsta| bnr 12,2 Våler i Østfold skrivst i Sodstadum, i Sodz-stadom og Sodstadh c 1400, Suadestadt c 1575.

Ortofoto av Såstad i Rygge tyder på sandblanda jord; skriveforma i Sadastadum minner då også om ss saadtes eller saadtestahke «sandstrand, sandstrekning». Trass i skriveformene synest det same å vere gyldig for gardane i Våler, Stange og Modum.

Teserud, Tesserud |''teseru| Norderhov bnr 102,4 Ringerike, «vel samme Navn som Tæsorud RB. 319, Tæsarud RB. 329 s. Noget sikkert om Oprindelsen kan ikke siges». 

Området er avgrensa av (kjelde)bekkar og merke etter tjønner og pyttar fl. stader, jf innsjønamnet Tesse og ss tjaetsie «vatn», ls tjáhtje og ns čáhci ds. Har namneformene si forklaring i ein tidlegare uttale med trong Tj- nokså lik (norsk) palatal ƫ ? Like problematiske er for øvrig namn på Tass(e)-.

Ustad |''ussta| gnr 5-6 Hurum>305-306 i Asker: i Viuldastadum c 1400, Ulduilstad 1317, Ouidstad, Ouedstad 1528, Oustadt 1578, Oudstad 1593, Wu-stadt 1617, Ugstad 1723. "Forklares af Kvindenavnet Ulfhildr; det første l maa da være udtrængt ved Dissimilation". For Ustad |'ūsta| Froland gnr 5 Aust-Agder er gl. skriveformer ikkje kjent. 

Pga dei eldste skriveformene av gardsnamnet i Hurum må også nemnast Ulvilla |''øłviljlja|, dativ |-en| Verdal gnr 153 >600: i Vlwildenne c 1413, Vluill 1610, Uldwillen 1723. 

Særmerkt for Ustad-gardane i Hurum er ei slak flate med bratt avfall mot aust, der Øvre Ustad ligg. På vestsida av flata stig det ein tilsvarande bratt kant; her ligg Vestre Ustad. Ustad i Froland ligg på ei like brattkanta hylle ved Nidelva. – Endå større er den brattkanta hylla der Ulvilla ligg, ved Helgåa. I flg. I. Aasen skulle det då vere tydeleg at sisteleddet i namna er gno hilla f "smal Flade i en Klippe (= Hjell)". Dei lange og bratte kantane tyder på at forleddet ikkje kan vere anna enn det ulv-, olv- som går att i talrike stadnamn og som kan oppsummerast slik: ns holbi er koftekanten eller ein jare nedst på han (sjølve koftekantmaterialet går under namn av holbbis; kantane innom har sine namn). I ls heiter det likeins ålpe el. hålpe om saum både på klede og huve, så vel som om kant eller kantband på eit klesplagg. Det tilsvarande ss ulpie er bord på klede, især kvinneklede, og i eldre ordbøker går den ornamentalske detaljen under namn av holbbe, olbbe, olpe, ulbe.

Veien |''veien| Norderhov gnr 49 Ringerike: i Væig-hini, Væighini fossar 1337, Weghe 1528, Wegyne, Wegennfos 1542, Wienn 1578, Wienne OC 12, Weienn 1604, Weyen 1617, Wejen 1657, Weien 1723: «nævnes tidligst i Kongesagaerne som Sæde for Baglerhøvdingen Philippus af Veigini (Vegini), der døde 1207.» 

NG samanliknar med Veie i Alstadhaug gnr 85-87 i Levanger og med Veie gnr 81 i Mære > Steinkjer, dessutan med bl.a. Veiberg i Norddalen gnr 60 (no i «Fjord»), og med Vegsteinen gnr 40-41 på Vega. – Skriveformer på Veig-/Weig-, Væig- og Veg-/Weg-/Wej- går att i dei tidlegaste kjeldene for dei tre første usms. gardsnamna. Rygh setter dei i samband med gno veig f «sterk drikk», men i lendet desse same stadene er overalt skråningar som hallar svakt, ns væggje (Qv 935), normert veadji: Frå ein 143 m høg hump i garden Veien i Norderhov skrår det til alle sider, «regelmessig» på nord-austsida. Slak skråning er det òg på Veiberg og på Veie-gardane. På Vega skrår grunnfjellet i Vegsteinfjellet. Meir tvitydig er namnet Vegdalen på same øya, det finst fl. st. Førsteleddet er iblant ns veadji eler tilsvarande, men iblant også = ns vággi «dal(senkning)» = ls vágge = ss vaegkie.

Veme |''vēme| Norderhov gnr 62 Ringerike skrivst Wenie(!), Vinnyæ(!) 1528, Weene, Wennø (!) 1578, Weme 1604, Weme 1617, Wemme 1657, Ø. Weeme og 2 andre Gaarde Weeme 1723: «Formerne fra 1528 og 1578 maa bero paa Sammenblanding med Gaardnavnet Vinjar». 

Veme-gardane ligg på høgdene omkring eit ope dalsøkk, Veme kyrkje litt meir for seg sjølv sør for det. Namnet kjem høgst sannsynleg frå ss vuemie «vid dal med skog».

Viljugrein |''viljugrein| gnr 80 Hemsedal: Willings-ring 1578, Willinggreenn 1593, Willingrenn 1604, Wellemgrenn 1657, Willumgren 1723. «Gaarden ligger ved Sammenløbet af Hemsil og Grøndøla. Sidste Led er da rimeligvis grein f. "Forgrening af en Elv" ..... der er her ingen Elv, som kunde have baaret Navnet *Vilja». 

På høgde med Viljugrein-gardane gjer Grøndøla ein stor sving tett før ho fell i hop med Mørkedøla og lagar Hemsil, og over neset elve-mellom renn dessutan ei lita elv på skrå. Vilju- i dagens uttale spring kanskje ut av ei (norsk) kjensle av at det må ligge eit elvenamn attom, men meir relevant er ss vilnjedh «gå skeivt»: vilnjeg- samsvarar med eit fornorska *vilnjeng- normert villing-, jf her den skråttgåande øyra Villingsholmen i Andøy k. Heilt sikkert er det knapt at sisteleddet er -grein, merk renne f og gno rinna v: å renne.

Villingstad |''villingsta| er gnr 64 i Asker > Røyken: Villingstad 1367-68, Vellingstad 1369-70, Velling-stad 1528, Willingstadt 1557, Wellingstadt 1578, Willingstad 1593, 1723. – Merk ss vilnjie «skråning», sannsynlegvis med avleidd adj. vilnjies «skakk, skrå», sml «villjines» omkasta til «villinjes» «sned» (i Louise Bäckmans ordliste til «Kristoffer Sjulssons minnen»). Kartet viser at terrenget på Villingstad gjer rett for ein karakteristikk «skakk, skrå». Sjå òg Viljugrein.

Værås |''væ:rås| Flesberg gnr 11: Wederaaß c1575, Weraas 1626, 1668, Wæraas 1723, «tillige ... en Aas paa Grænsen mellem Flesberg og Hjartdal Sogn og paa Aaser og Gaarde paa endel andre Steder (tildels skr. og udt. Veraas). *Veðráss, sms. med veðr n. 'Veir', betegnende en veirhaard Aas ..... Paa samme Vis er det oftere forekommende Veðrøy at forklare». 

Især siste tolkinga er urimeleg, særleg i dei delar av landet der gno ver n «(fiske)vær, fangstplass ved sjøen» blir uttalt værr med kort open è, ulikt både gno veðr n «ver(lag)», og veðr m «han-sau» med lang trong e. For Ver- og Væråsen bør ein heller gløtte til ls vierra «(sand)ås», ss vïere «bratt bakke» (Lex. Lap. wera, werak). Ordet finst i talrike former (Qv 904). Derimot er det klart at forleddet i namn som Verås, Værås tar farge av den uttale orda ver og vær har i vedkommande målføre.

Væteren |''væ:teren| i Flå bnr 31,2: «Hvis Navnet ― der tilhører flere Brug ― tør antages for meget gammelt, kunde man tænke paa en Sammen-sætning af vin og en Form af Ordet for 'Vand', svarende til engelsk water, tysk Wasser. Betydn-ingen vilde da være: Engen ved Vandet (nemlig Krøderen). Denne Forklaring synes dog meget dristig». 

Mellom gardane er ei vik og eit bergnes som skrår nokså bratt ned mot Krøderen; der er også ei kort sandstrand. Merk ss vïedtere (væddar, vædder, vettar og viettare) «elvemel, bratt elvebard, hol skråning (Qv 933, jf mären wädder «havstrand» (Lex. Lap.).

Øljusjøen |''øłjusjø:n| Hemsedal bnr 88,12: «Efter Øljusjøerne ... nær Grænsen mod Lærdal .... Sml. Øljuvandet i Hol og Ølja Vand i Nordmarken, udt. |'øłja|. Da 'Olje' i Hallingdal heder øłju, kunde ogsaa tænkes paa dette Ord, der isaafald maatte sigte til et oljeagtigt Overtræk paa Vandet». 

Det siste momentet må takast omsyn til i tolkinga av fleire namn på Ølj-, men ein må like fullt jf med ss aallije «heller, hellar, hallar» = ss állëjë, urnord. *halliaR <*halliaz, akk. *hallia (NL 89 etc): Eit tidleg tilbakelån av det ss ordet synest (i stadnamn) å ha blitt bøygd som *alja, oblik form *ϙlju. Dette lyder dristig, men attåt namn som Øljuvatnet og Øljubotn finst Øljuhelleren (tautologisk) i Gol og Nyhellervatnet i det aktuelle området, dertil kan nemnast Øljeberga i Jevnaker og Øljesteinen i Drangedal, likeins det bråbratte bergneset Øljane i Øygarden.

Åvestrud |''å:vestru| gnr 22 i Flå: Aaueprestervd! Awexsterudt 1528. Ousterødt 1578, Austerød 1593, Auffstragh 1604, Aasterud 1617, Offuiistrud 1657, Ovisruud 1723. 

Særleg skriveformene frå 1528 og 1604 sprikar oppsiktsvekkande, og det er uråd å finne ei heilt sameinande form. Garden ligg på eit avrunda og slett totrinns platå med bratte, jamhøge kantar også på nedste platå, imot 'blindelva' nedanfor. På øvste platå stikk opp ein liten bergskolt. 

Auepresterud kan vere sms med forledd ss áuje (eit nordisk lån) «hö, grasvall; övergiven renvall (mjölkningsgärde), där renspillningen har fram-kallat riklig gräsväxt» (Qv 14) og eit sms  sisteledd -presterud (jf ss prïeste «prest»). Sannsynlegvis siktar då Au- til slåttebruk, i motsetnad til eit anna Presterud?

Merkeleg er ei av dei andre skriveformene i 1528, Awexterudt < gno ávϙxtr >nyn åvokster «vokster, grøde»(?) Skriveformene Ousterødt, Austerød og Aasterud kunne vere uttalereduserte former av eit slikt namn; langt meir avbregda er Auffstragh 1610 der sisteleddet både liknar ss straahke «nordsida av fjell der snø ikkje legg seg pga av vind» og nyn stròk, stròkland. Det tør vere tvilsamt at forleddet i Auepresterud er det alderdommelege samiske auju < urnordisk *aujō > norsk øy, sjølv om dette er ei flat strekning ved vatn. 

Utenkeleg kan derimot ikkje vere at mellomleddet -preste- 1528 er ei mistyding av brest m "fjellbrun, bakkekam sett ovanfrå; brekke, brot, braut". Ordet er kjent frå sms som fjellbrest, høgfjellsbrest (NO I: 907).