Bispen er eit gjengs namn på grunnar i sjøen, skjer, holmar, nes og andre formasjonar som skil seg ut, ved å vere farlege eller pga. særmerkt form, slik som fjellet Bispen i Rauma k. i Romsdal.

Vest for Gamvik på Finnmarka står Bispen på sin himmelhøge bispestol. Han var eit velkjend figur lenge før turistepoken, og mang ein førstereisgut vart narra til å gjere skårungstykke når den storkaren var i sikte. Same namn hadde eit skjer litt vest for Lindesnes, og der vart dei narra til å "lese for Bispen" eller liknande (Svale Solheim 1940: 144, 156).

Bispen i Hermannsdalen minner om biskopens mitra. Foto Herbjørn Jakobsen.

Mindre kjend er Bispen i Hermannsdalen i Lofoten, endå han slett ikkje er nokon småglunt. Det mest spesielle ved han er to omtrent like store halvdelar, og det er nokså innlysande at dei som eingong la namnet, må ha kjent vel til kva form den særprega todelte katolske bispehuva mitra har. 

Bak seg i fjellet like over på Bunes-sida har Bispen Trollhauvet, så her aner vi drabeleg konfrontasjon eller styrkeprøve maktene imellom. På kartet er Bispen dessverre blitt til "bispelua", ei tvers igjennom forfalska namnelaging, for det heiter ikkje «lue» i lofotmålet.