Hadsel er eit sokne- og kommunenamn mange har undra seg over, for bortsett frå tonelag1 blir det uttalt likt med det i nord ukjente tre-namnet  hassel.. Det er eigentleg tale om prestegarden, gnr 62 Hadsel; men formelt er det namn også på gnr 63, som var klokkargard. Historisk heiter det Hǫfðasegl, ei form vi første gong finn i eit diplom frå 1321, a Hofdasegle, via ei avskrift ca. 1430: Ikkje sikkert at alt vart bok­stavrett 110 år seinare, kan vi tenke, men når Aslak Bolts jordbok frå 1430-1440 både har Hofdasegil og Hofdasegls profastdøme (etter eldre førelegg) og eit diplom frå 1479 har  Hoffdasegil, burde vi vere sikre. Meir avvikande former seinare.

Rygh seier at Hǫfðasegl «maa antages at være Navnets rette oldnorske Form, sms. af hǫfða, Gen. af hǫfði, høi og brat Klippe .. og segl n, Seil. Det sidste Ord forekommer i Fjeldnavne, dels som i Rødøy GN 63 med Hensyn til en hvid Flade paa en Bergside, dels udentvivl ogsaa med Hensyn til et Fjelds Form, idet det er sammenlignet med et ud-spændt Seil... Gaarden ligger under et Fremspring af det bagenfor liggende Fjeld; hvorledes ellers Navnet er begrundet i Stedsforholdene, kan jeg ikke oplyse» (NG).

For fulle segl?
Oluf Rygh har dekning for at mange landemerke minner om segl. Namnebruken fortel oss at hav og båt sveiv i tankane: På søre delen av holmen  Seglan i Vega er det ein drivkvit firkant i berget, og på fiskeplassen Innbotn sør for Storanders-holmen i Innmyken tok dei méd i det noko mørke  Havsholmseglet, eit flog på Havsholmen i Myken: Dette seglet og Fruseglet i Høyanger (slett berg og landemerke) og slåtta Gauteseglet i Aurland er så vidt kjent dei einaste døma på samansette namn tilsvarande Hofdasegl, dvs med -segl  som  sisteledd

Langt vanlegare er Segl- som førsteledd, eller òg at ordet blir brukt usamansett, og just på grunn av Hadsels status som sokn- og kommune­namn kan vi sjå saka under vidare perspektiv:  Seglet på Seglfjellet i Beiarn liknar eit råsegl, medan Seglet i Storvika i Gildeskål er ei trekanta li, og Seglet på Oldereid i Skjerstad er ei innmarkslåtte attmed eit bratt fall. Seglet sæ:geł i Seglvika i Sørfold er eit flog som alltid er snyfritt, så venteleg også Seglet i Segltinden i Hamarøy, nær Tysfjord. 

Ein bratt strandhammar i Græna i Buksnes heiter Seglet, eit flog i Flakstad og eit anna på vestsida av Vassdalen austom Myrland i Hadsel like eins. – Seglberget i Efjorden er eit høgt trekanta flog, det på Sommarset i Lødingen er ein bratt knaus. 

Seglbergan i Urda ved Sandnessjøen er bråbratte og den vidt «utspente» Segl­tinden i Kjerkfjorden i Moskenes imponerer. Seglfjellet i Tysfjord er ikkje mykje ulikare. Seglfjellet i Gildeskål er å finne på nordsida av Seglvatnet, sam. Siglējaw'rē: «Der ses som et segl i floget» (Qv 1938: 22); det kjem godt fram på flyfoto. – På Seglholmen i Vatnfjorden i Vågan ligg det ein bratt og relativt høg stein som merker seg ut. Seglneset i Vevelstad og i Gamvik har òg seglformasjonar, likeins Seglham­maren i Hammerfest. Men det finst endå fleire namn vi kan kalle "nemneverdige":

Jekteseglet, på samisk Jávtaborjjas, er ein stor stein i strandkanten mellom Oldervika og Breivika i Ullsfjorden; vidare er Seglråa ein særmerkt tind i Nordvågfjellet i Hamarøy, men Seglsteinen sør på Andørja, på samisk Borjjasgeargi, «ser ut som et utspent, buket seil» (Qv 1935:65, 81). Seglsteinen i Alta er ein stor, seglliknande fjærestein (NG 18:72), likeins Seglsteinen vestom Tromvika i Tromsø og eit par i Torsken (Flakstad, Sifjord-botn). Den på Tømmernes i Skjomen er høg og råseglforma, det er også ein på Saup­stad i Borge, og Seglsteinen i Nappstraumen liknar eit råsegl med ei klo sett i halsen. 

Seglneset el. Bårjåsnjárgga i Tysfjorden er ei øyr, kanskje leita dei seg barlast der? Steinen måtte vere utan skarpe kantar og slik skapt at han låg i ro i båten, medan stein som var heilt rund (eller sleip) var farleg. Om Seglsteinen (Bårjåsgerggē) på Segel­stein i Nordfold er opplyst at han både var seglmerke og barlastplass. Har også lurt på om det har vore henta båtstein, siglfeste dei kalla, ved Sivlejohka i Kvalsund.

Seglsteinen nord på Årnøya ved Fiskebøl i Hadsel. Foto: Øystein Rysst.

Så langt samanliknande namn, stort sett. Det finst andre som går konkret på segling:  Seglsteinen  ved Kinneset mellom Andøy og Kvæfjord heiter så av di dei heiste segl der, er det sagt; han er då òg kalla Strekkesteinen. I Melfjorden i Rødøy snakka folk om Svenskvegodden, men folket i Nes (Nord-fjordneset) sa Seglhella: Når dei rodde inn fjorden på sørsida i søraustavind og kom dit, kunne dei baute over til Nordfjord­neset. Til sist skal no ògså nemnast at sigling med «flatjekt» og «fjølpurke» var vanleg barneleik, om det vitnar namn som Seglartjønna på Fiskenes på Anda og Segltjønna på Kløkstad i Bodin.

Kva med Hadsel sitt segl?
Det er med Hadsel som med andre kjende gards- og distriktsnamn som er vridne å få fullgod grein i: Dess tyngre tel gamle poetiske formuleringar om «udspændt Seil» og «høi og brat Klippe», sitat får historisk prestisje og lever sitt eige liv. Færre får med seg at dette var skrive på generelt grunnlag og med eit visst atterhald for Hadsel sitt tilfelle.

Hadselåsen ter seg på fråstand som eit saman-hengande åsdrag, med ei ørlita senkning innved Trolldalen, mot høgare fjell, og ei liknande lenger sør mot Kjerkåsen. Åsdraget har 3-4 låge humpar som gjere lite av seg på fråstand, men med noko velvilje kan vi – for Hadselåsen sin del – tale om ein hovde eller to. Sjølve Kjerkåsen gjer heller ikkje så mykje av seg, men er ein hovde god nok sedd frå sør, og fell nokså bratt ned mot kyrkja. Det er likevel usannsynleg at denne skrenten, fullplanta med "dunkle graner" og lite markert, kan vere det utspente seglet som gav Hadsel namn, for som vi har sett går segl-namn oftast på flog og blokker, men det ville kanskje ha vore interessant å få sjå åsen avskoga! Der er iallfall ingen grunn til å tru at nokon synbert dominerande stein er fjerna frå Kjerkåsen i historisk tid. Der finst ingen slike, ingen «høi og brat Klippe» lar seg påvise der heller.

At Hadsel-namnet kjem av ein slik formasjon har like fullt blitt ei urikkande sanning, som òg dukkar opp i Norsk Stadnamnleksikon, men i parentes: «her vel om fjellet Hoklandsnyken». Det ville vore ein spenstig teori, i fall kyrkja låg på same side av øya som Nyken frå først av, men absolutt ingen ting tyder på det!

Om historiske skriveformer er jo alt nemnt, at det i Aslak Bolts jordbok står Hofdasegls profastdøme, men j Ylfue om sysla (og øya), så det er dristig av Norsk Stadnamnlek­sikon å nemne hypotesen om Hadsel og «utspent segl» i eit seinare oppslag òg, om Segelstein-namn. Når oppslaget for Seglvik i Kvænangen i neste omgang viser til omtalen av Segelstein, skimtar vi eit sirkelresonnement. Det er berre den haken at Seglvika på sjøsamisk lydde  Sel- eller Silvii'ka med trong e, så her kjem det endå ein kompliserande faktor inn (Qv 1935:9).

Hadsel-namnet har eit "hovud"-problem
I Hofdasegl 1969 undrar Ingeborg Hoff seg over at det gamle Hǫfðasegl ikkje lydrett gav *Hodsel i nyare tid, men Hadsel? Men som ho peikar på, i mange tilfelle kom a tilbake i hovudformene av visse ord som i gammalnorsk kun delvis hadde a i bøyinga, så som ǫsp og strǫnd. Hoff slår frampå om dansk påverknad, men det heiter no hoved  og hovde også i dansk. I svensk derimot havde, flt. havdarna, liksom det i Lekksjøen i Steinkjer er ein hovde kalla Havda. Svenske og trøndske namne-former burde likevel ikkje vere særleg relevante i den aktuelle samanhengen.

Kor som er, Hoffs merknad til namneforma Hadsel har vore for lite påakta, for lokale stadnamn som Hovden på Grunnfør, på Kalsnes og i Markmarka får aldri ein uttale 'Havden'. Ei heller Reinøyhovden og Langøyhovden i Øksnes, den siste både kalla Hovden og Hovdan, med sekundære namn som som Hovdebakken, Hovdebukta, Hovdeklubben, utan halvhogging. Bø har Hovden og Kvalhovden – attåt Kvalhovdsundet og Kvalhovdvika – og frå Buksnes og Borge likeins Hovden, Hovdhaugen og Hovdkjeften, merk kontrasten til Øksnes-formene.
Halvhogginga er sterk også i Hadsel kommune, så Hoff har rett i at Hǫfdasegl>Hofdesegl>*Hodsel var meir å vente.

Eit diplom frå 1499 nyttar Hofdesegel, stadiet før det Hofdesell Erik H. Schønnebøl brukar i «Lofotens och Vestraalens Beskriffuelse» 1591, endå dette i Reformatsen to år tidlegare heilt enkelt skreivst  Hadsell, jfr. Hasßel med Fieldet 1661, Hassell 1723 og så Hassel 1739 (Nordlands Trompet). Alt i alt er det  tvilsamt at folk sa anna enn "Hassel", iallfall på siste halvdel av 1500-talet, for alt at eldre former kunne dukke opp via avskrift og/eller i kraft av tradisjon, slik som hos Schønnebøl. Overgang Hovde- > Had- kjem vi tilbake til.

Gno. hǫfuð fortener særskilt omtale: Det var førsteledd i ei lang, lang rekke konkrete og abstrakte samansettingar, då berre i den forma. Men ved visse høve vart ordet bøygd nærmare: Eit skip med utskore dyrehovud var eit hǫfuðskip, men låg der fleire slike på rad, fall det naturleg å bruke fleirtalsgenitiv, hǫfðaskip. Folk låg minst to i ei seng, derfor var det naturleg nok å seie hǫfðadýna alias hǫfðakoddi, hǫfðafjøl osv. Men samtidig var hǫfða også underform av eit anna ord hǫfði, oppstått som dativ av hǫfuð og især brukt om terrengformasjonar, dessutan som del av person-tilnamn.

Med tida vart det ikkje lenger brånøye om du sa hofuð- el. hofðaskip, hofuðhlutr el. hofðahlutr "hovudlott" osv. Det var neppe stort annleis med kyrkjenamnet Hofðasegl, i den retning peikar iallfall det latiniserte de Hophuudsegli (med ph for f) år 1355, som er like etter svartedauden. 
I skriftleg bruk er namneleddet -hovda likevel stabilt, og i Hovdasegl sitt tilfelle har vi det især frå pavelege dokument. Her er det relevant å jamføre Hovdasegl (kontra Hovud-) med Sømhau i Sømna: Aslak Bolts jordbok har af Sømpnhofde, men på 1500- og tidleg 1600-tal går det ut på -hofuit(t) og -houitt. 1661 kjem likevel Semhoffd tilbake, og i dag står Sømhovd-forma fjellsterkt som slektsnamn etc, merk uttalen "sømm(h)øu så vel som 1500-talsformene på -hovit o.l. Det er altså liten tvil om at former som -hovda og -hovd har meir status i skrift enn nedslitne nordlandske uttaleformer av -hovud.

Også eit fjellnamn frå Andøya kan nemnast, Andhauet: Namnet er skrive dialektrett no, etter at det ei tid var normalisert til Andhovudet. Før det igjen brukte karta lenge Andhue, ei søraustnorsk dialektform ukjend på øya, derimot sa enkelte "Andhauen". – Senjaværingane, på si side, dei sa og seier alltid Andhovve, men framleis finst det andværingar som held på at "hue" er rettast, når det står slik på dei eldste karta, og -hovd(e) har aldri vore inne i ordskiftet, for det finst ikkje i andre stadnamn på øya. Men vårt hovudemne er Hadsel-namnet, så vi får halde oss til det:

Hǫfðaseg(e)l er den reint gammalnorske forma, som går att i Aslak Bolts jordbok og i pavelege dokument frå 1479 (Hoffdasegil) og 1499 (Hofdesegel). Heilt eineståande er den nyleg omtalte forma de Hophuudsegli frå 1355, tidleg i mellomnorsk tid. Etter svartedauden var det skralt med grammatisk kunnskap og skriftkultur og veldig stor avstand mellom talemålet og tradisjonell gammalnorsk2. Avstikkande er in Hofdu­segel to gonger kring 1400, i avskrifter av diplom på latin. Kan hende var det sjølve latiniseringa som laga ugreie, men det ser nærmast ut som om skrivaren tok Hovda- for å vere eit hokjønnsord og "retta" det til Hovdu-? 

To endå rarare diplomformer frå 1381, Hodhusægls og Hodusegls kirkia, minner snarare om eit hokjønnsord *haða, men dette leitar vi jo fåfengt etter i norrøne ordbøker.

Hadsel sett frå Skagen flyplass. I midten den avrunda, 102 m høge Hadselåsen som til v. går over i ei langstrekt flate. Denne endar i konturen av den 71 m høge Kjerkåsen, med Hadsel-kyrkja oppunder: Vi skimtar tårnet, som konkurrerer med alle granene. 

1381-formene Hodusegls/Hodusægls kirkiu, Hodhusægls kirkiu må ha ei forklaring. Vi har med kannik Ogmund Olavsons testamente å gjere, han som i 1355 er sokneprest "de Hophuudsegli". Han må ha hatt god lokalkunnskap om Hadsel og Bø langt ut over det vi kan forvente hos folka som skreiv dei andre diploma. Målforma i testamentet ser heller ikkje ustø ut, og dei andre lokale soknenamna har grei gammalnorsk form:  Yxnes,  Suortulandz  og  Biaar (Bø) kirkiu; frå Bø er òg gardsnamnet  Straumar / a Straumenom (= på Straume).

I fall det gamle Hǫfða- ved denne tid var gått over til å bli tatt for hokjønnsord, kom då skriveformene  Hodhu-, Hodu- av ein lite energisk uttalt føre  d? Det er berre så rart at det skulle gå slik med ordet hǫfði, hǫfða- einast i hans testamente, når  namnet er skrive Hofd- i andre sentralkyrkjelege dokument 1400-1401, ca. 1430 og 1499. Ei mengd andre Hovde-namn i Vesterålen og landet elles står støtt, munnleg og skriftleg, ja Hovdaskjæret i Givær blir sagt håfta- den dag i dag, heilt på line med det historiske Hǫfðasegl som vel på 1300-talet kan ha halla mot ein uttale håfte-. Her kan vi også samanlikne med låft(e) som velkjend uttale av lovde = lova, preteritum av verbet å love!

Pga. forma de Hophuudsegli frå 1355 vil vi fundere litt over forma hǫfuð: Vi kunne nemne ei nordlandsk diplomform av frå 1355, dvs. hauuð,3 som etter vanleg syn  skal lesast som just som høuud og ikkje som *havud, dvs. som overgangsform til dagens hau. Men kan ein evt. uttale høuu- i tilfellet Hodu- likevel ha lydd som om der var ein svak v-lyd med, mistydd som uttaleform av ein gammal ð? Gustav Indrebø4 er inne på "keiveleg skriving med ð (d) der han ikkje skal vera" og nemner at før ð forsvann heilt frå norsk uttale, var der truleg ein periode då lyden vart uttalt enten i (j) eller også v mellom vokalar (færøysk har mykje slikt). Men det hypotetiske ð > v finn vi neppe mange sikre norske døme på, dei ville nok berre ha skrive Hofud- i fall uttalen var håvvu- eller høvvusægl. Dessutan er det vanlegvis ikkje slik at folk gjer seg funderingar før dei uttalar eller skriv eit stadnamn, det skjer ureflektert.

Ei meir banal forklaring på formene Hofdu-, Hodhu-, Hodu- er falsk analogi med former av verbet hafa "å ha". Alt på 1200-talet dukkar haðe opp som forenkla form av imperativ eintal hafði5, og den same tendensen gjorde seg snart gjeldande for imperativ fleirtal hǫfðu>hofdu: Skrivekunnige visste saktens at det etter tradisjonen skulle skrivast -u, og gjorde så, men denne verbalforma – som tyder "dei hadde" – var ei av dei aller vanlegaste i folks daglege tale og vart i røynda sagt hovde eller hofte med ein uttale som fall i hop med terrengordet Hofde-. Frå no av uttalte folk flest ureflektert Hofdasegl-namnet med verbet til mønster, og skrivemåten følgte etter. Namnet hadde vore i bruk i mange hundre år, men viste no smått om senn teikn til uttaleslitasje.

På søraustnorsk område kom hafdu tidleg i bruk, og 1407 dukkar forenklinga hadu (les hadde) opp i eit diplom. Verbalforma hofdu er kjend i skriveform hofde frå 1424, og når Hadsel alt i 1381 blir skrive Hodu- og Hodhusegl, er det nok ei tilsvarande vidareutvikling *hodu les hodde som viser seg. Men talemålet heldt fram å forenkle, og om litt forsvann all skilnad på fortid eintal og fleirtal av svake verb slik at halvhogd hadd' vart eineform i Hadsel-målet, og overgang Hodusel > Hadsel følgte automatisk med. At dette hadde med hovde = kolle å gjere var gløymt for lenge sidan.

Dette er ein banal teori, men han gir grei forklaring på korleis den moderne namneforma Hadsel, som lenge hadde vore kjend i kvardagstalen, kunne sprette opp som troll av eske i reformasjonstida, for no var pavens og erkebiskopens konservative skriveskikk og namnebruk skrinlagd for godt. Men broder Ogmund var i det stykket mindre katolsk enn paven og skreiv namnet "efter hørelsen", så takk vere han veit vi kva uttaleslitasje høgmellomalderens namneform Hǫfðasegl sleit med alt i hans dagar.

Hadsel-namnet inneheld også eit "segl"-problem.
Ikkje alle kjenner til ordet hypernorvagisme, som nærmast vil seie ov-fornorsking: Det dreier seg oftast om utidig bruk av diftong i enkelte ord, så som "Eigil" for Egil, "lauk" for løk (gno. lœkr) "bekk", "otergrein" for otergren "oterhi", men òg "mjøl" i staden for (sand)mel, "tru" for tro "vassrenne", gno. þró, o.a. Alt i hop glosar som  smått om senn gjekk av bruk og fekk den vanlagnad å bli "retta" til meiningsløyser.

3-4 av diplomformene frå 1300-talet har Hadsel-namnet i genitiv- (-sægls, -segls) el. i dativform (-segle, -segli). Med tanke på vanleg nordnorsk uttale sægel av segl (i båt) ser det innlysande ut at siste del av namnet inneheld nett dette ordet. Ingeborg Hoff skreiv som nemnt litt om saka. Ho undrast på om hovden bak prestegarden i Hadsel liknar eit segl, sedd frå leia eller visse fiskeméd? Så er det neppe, med hennes eigne ord er det vel slumpen at så like namn finst også på Shetland (Hofdasegl 1969: 50).

Vi vil spandere plass på kva som er sagt om segl-formasjonar på Shetland: "Ordet 'sejl' anvendes om klippepartier, betegnende disses form, f. eks. 'de Sigl o' Swarister' .. [og] .... angliseret i 'de  Sails  o' Balta', hvidlige klippepartier på mørkere klippe-baggrund" (Shetlandsøernes Stednavne: 183). 

Men som på norskekysten, havets namnebruk er ikkje alltid som på land: «Således blev (af Fetlar-fiskerne) forbjærget 'de  Hεvda  (oldnorsk  hǫfði  forbjærg) på søen kaldt 'de Sēgel' (d.e. sejlet, på grund af stedets form, sét fra visse fiskemed)» (Det norrøne Sprog på Shetland: 99). 

Kva for segl kan det så ha vore tale om, i Hadsel sitt tilfelle? Vi kan gjette at der i ei fjern fortid låg eit firkanta jordstykke oppunder åsen, ei forklaring som kanskje passar for Seglvika i Lebesby, men fungerer mindre tilfredsstillande her. Vel er slike saman­likningsnamn ikkje ukjende, men er gjerne meir kvardagslege: Stor­seglet var innmarkteig på Stemland i Fauske, på Huske i Nesna hadde dei  Storseglåkeren. Det er lite overraskande, ein har talrike lokalitetar landet rundt som heiter Duken. Ein duk er så å seie per definisjon noko som ligg flatt, medan eit heist segl står opp i veret. Det hindrar ikkje at vi også kan snakke om seglduk, for eit segl kan saktens òg ligge flatt, både når dei syr på det eller legg det til tørk.

Det kan ikkje vere unyttig å jf med fjellformasjonar kalla Seglet lenger sør i landet. Dei ymsar der òg, men Seglet i Ørsta er ein lang og slett skråning, det i Kvinnherad ein avflata fjellnabb, og Seglet i Kvam er ei flat høgd med langt mindre bratt kant enn den Hadselåsen har. Storseglet i Vaksdal er ei flat hei.

Vi kunne då oppfatte *hovdasegl som ei heiflate, i forlenging i sør av hovden Hadselåsen i retning Kjerkåsen, men å ha berre vestlandske seglnamn å vise til er ikkje tilfredsstillande, og det smakar av naudløysing å ty til ei heiflate – usynleg frå kyrkja – for å forklare Hadsel-namnet! Vi avgrensar oss heller til nordnorsk namnemateriale, men her òg er det stort sett namn med førsteledd  seglsom byr seg fram, dei med -segl til sisteledd er svært sjeldne.

Rygh fortel om Seglodden mellom Båtsfjord og Vardø at «her er nogle bratte Fjelddale, som om Vinteren, naar de er fyldte med Sne, ligne ud-spændte Raa­seil». Kartet viser at det søkket som vel gjer mest av seg i så måte, ligg på Båtsfjord-sida av odden, nær Seglkollen. Tvilen melder seg når Seglvika i Måsøy viser seg å ha eit liknande dal-drag, berre smalare, og når Borjjas «seglet» i Kjerringberget i Kvænangen er «en firkantet inn-skjæring av lysere farve, som på frastand ser ut som et råseil» (Qv 1935: 20).

I desse tilfella er det all grunn til å spørje om  seil  «innsøkk» vart til segl ved hyper­norvagisme? Aller vakrast «bueformig Indsænkning» viser Seglvika i Kvænangen, der dei sjøsamiske namneformene  SelviikaSilviika er lettare å kople med seil  "inn-søkk i ei kant, rygg eller flate" enn  med segl i båt.
Likeins finst det eit flatt søkk i lendet i Seivika(!), dvs. tett opp til neset Seglsteinen i Alta, samisk Borjjasgeaðgi – om sjølve steinen heiter det berre at han er stor (Qv 1938:62). Korleis Seglsteinen eit stykke innom Seglvika i Måsøy fortonar seg, skal vere usagt, men sjølvsagt visste folk flest inderleg vel at ikkje alle segl var firkantige.

I alle fall høver seil om innsøkk i ein kant eller rygg kanskje aller mest overtydande for Seglneset i Ofoten, med neset liggande lengst ut i eit ovlangt søkk i framkanten av Veggfjellet. Også innafor Seglneset i Sømna strekker det seg eit langt og smalt dal-drag parallelt med stranda, slik som i Ofoten. Eit markert smalt søkk har òg Seglvika på Havøya i Måsøy, men det går inn i strandkanten, ikkje langsetter. 

På Vestlandet er seil m og seild f i liknande tyding velkjent, så som Seilen i Seilsfjellet i Eid, Seilane i Osterøy og Seildi i Lærdal, Sogndal og Årdal. Fleire av desse er lang­smale, og vi kan spørje om ordet er påverka av gno. seil f  «reip, band, belte» eller er identisk? Så skal likevel ikkje vere tilfelle6.

No har vi også her nord lokalitetar med band- og belteforma innslag av lyse bergartar eller sand, så som Seglvika i Kvalsund, Seglneset i Nesna og Seglfór i Rødøy, merk kva som nyss er sagt om gno. seil f, men i desse tilfella er samanhengen meir usikker.

Når det gjeld segl-namn knytt til søkk, er det betre rettleiing i at øynamnet Siglo i Fitjar føresetter ei opphavlegare form *Sigla: «Etter dei topografiske   tilhøva kan namnet vere ei l-avleiing til sig n 'søkk,  innsøkk'; Siglo er to fjellhøgder med eit djupt søkk imellom» (Oddvar Nes i Norsk Stadnamnlek-sikon. Jf at to vide hav­groper ved Innhavgrunnen i Bø heiter   Inner-  og  Yttersigla  (les -segla). At det iallfall på enkelte sjøkart står  -søyla er ei sak for seg.

Sildalen i Gimsøy (Vågan), eit avrunda dalsøkk utan bekkefar og med like avrunda myr i botnen, er her eit tvilstilfelle. Lokaliteten minner både om Sigledalen i Sogndal, Siglebergmyra i Bjerkreim og Siglemyr i Sigdal. Minnes mi eiga overrasking over ordet å sile (= sigle) om det å renne på akebrett, høyrt i Risøyhamn sist i 1960-åra, men ei igeltuve  heiter faktisk ei iltua (lang i) på Andøya; overgang -igl-> -il- er såleis ikkje berre teori, men eit faktum i enkelte målføre her nord7. 

Segldalen i Bardu er like interessant: Det samiske parallellnamnet Borjjasvággi fortel kanskje om ein båtsegl-formasjon av noko slag, men forklaringa er snarare at dalen er eit avrunda søkk, og at det samiske namnet kjem av mistyding. Fjellnamnet Borjjasoaivi «seglhovudet» to stader i Bardu er endå meir spesielt, ved at det begge stadene er tale om to toppar med lægd imellom, noko som tyder på same omtolking.

Det ligg føringar i dei sist omtalte namna: Visseleg har samisk ei rekke «ekte» Borjjas-namn på line med «ekte» Segl-namn i norsk, men vi aner òg at kortslutningar kan ha skjedd innimellom:

Seilbergneset i Sør-Varanger ligg tett utanfor ein langsmal minidal (seil), samisk Borjjasbákti som parallellnamn vekker derfor tvil. Innpå «Seiberget» på Veineset i Porsanger finst ein minst like tydeleg seil, derfor kan namnet Borjjasbákti nøre mistanke også der. Sikrare er opphavet til Borjjasbákti på Reinøya i Porsanger, for like attmed stikk der ut ei særmerkt, trekanta sandøyr som liknar sterkt på eit segl.

Sivlenjárga i Lebesby ligg tett utom eit avrunda søkk (Sauvika); på norsk heiter det Masterneset, men eit terrengord sigla (søkk) stemmer betre enn gno. sigla «master» i samisk låneform sivle. Likeins for Mastervika i Måsøy, sam.  Sivleluokta.  – I Lyngen og inne i Storfjorden finst Sivlonjárga, der òg fornorska til Masterneset. Her er sivlo- kun ei anna dialektform enn sivle- (Lehnw: 286). Slike parallellformer av gamle lån har samisk mange av. Også på desse to stadene er det vide søkk i lendet, så fornorskinga Master- er like diskutabel der.

Gjennomgåinga så langt tyder altså på at segl-namn langs heile den nordnorske kysten tidt har med langvorne søkk i landskapet å gjere og slett ikkje støtt går på segl i båt. Likevel er terrengorda  sigle og seil fråværande i talemålet i Vesterålen, medan variantar av sæld av ei eller anna årsak ikkje når lenger nord enn til Beiarn, ei bygd som vel å merke hadde stor tilflytting frå Helgeland.
Det er elles krevande nok å greie ut mønsteret i dette namnetilfanget: sægel som dominerande uttale av (båt)segl påverkar tidt uttalen av namn på Sigl-, utt. siggel-. 

Det krev innsats for å kartlegge tradisjonell uttale i kvart tilfelle når skriveforma på kart vimsar regel-laust mellom Segl-, Segel- og Seggel-. Velmeint lydrett skrive­måte Segl- eller Seggel- (i staden for Sigl-) fører mesta automatisk til at uttalen skiftar til æ, iallfall hos yngre folk som hentar slike namn frå kartet.

Bak dei ca. 100 m høge humpane på Hadselåsen strekker det seg ei langsmal myrlægd tvers over åsdraget, av det slaget som beiarværingar ville kunne kalle ei seļļ, men seld med den uttalen er helgelandsk helst (Korgen, Velfjorden, Vefsn): i Beiarn kan dei også seie at landskapet er seļļåt.  Ivar Aasen har sunnmørsk form sæld f «en liden Sænkning eller Fordybning», men viser elles til seil m og nemner dessutan isl. seila f. Det same ordet seil "bøyg, innsøkk i ein kant eller rygg; søkk, dokk i ei flate».

 

Stor- og Litj-Seløya i Hadselfjorden er eit namn å spekulere på. På kartet framstår dei som skilde øyar, men flyfoto viser at dei tvert imot heng  hop via ei smal berg- og sandøyr.  Begge er ganske flate, men Stor-Seløya har myr- og skoglægder, så vi kunne vi tenke på seil m og sæld f brukt om slike formasjonar. Men måten dei er "hekta i hop" på kan òg passe med det eldgamle norrøne seil f "reip, band, belte". Norgeskart. 


(NO 9: 933) finst i talrike variantar i norske målføre (Torp o.a.), men er ikkje kjent frå norrøn litteratur. Koplinga til den omtalte terrengdetaljen innpå Hadselåsen er like vel tvilsam, for han gjer lite av seg på avstand og er slett ikkje synleg frå sjølve kyrkjestaden. Vel står det ikkje til å nekte at under Kjerkåsen, mellom rabben med prestegarden på eine sida og åsen og kyrkja på hi, ligg ei lang deld som nettopp kan kallast "bøyg, innsøkk i ein kant eller rygg; søkk, dokk i ei flate». Mot nord går ho gradvis ut i null, mot sør fell ho litt av, vidar seg ut og går over i myr samtidig som eit bekkesik kjem til synes. Det er vanskeleg å finne ein god ståstad å fotografere delda frå, men det er enkelt for alle å kontrollere at delda dominerer landskapet ved kyrkja.

I den lange delda ligg kyrkjegarden, der ættled etter ættled har gravlagt sine døde, og der stod kyrkja før. Tettare inn på Hofdasegl-namnet kjem vi neppe, og det er neppe tvil om at vi kan tolke det i same tyding som Inner- og Yttersegla i Bø. Meir usikkert er det om -segl er heilt korrekt form i det aktuelle tilfellet, jfr.  in  Hofdusegel  1400-1401,  Hofdasegil AB, Hoffdasegil 1479 og Hofdesegel  1499: Desse formene harmonerer betre med eit terrengord *sigel n, utgått frå sige, gno. síga, med samandraging i genitiv -segls, -sægls og dativ -segle, -segli. I så fall same terrengord som i Sigelstad = Sigerstad på Dønna, i Sigerfjorden og Sigerland, les seggel-, segger-, brukt nærmast om lægder der vatn sig, eit alderdommeleg ord det òg.

Har så Hovda- i Hçfðasegl i utgangspunktet med den avrunda hovden oppå Kjerkåsen å gjere, el. med den humpen i åsfoten der kyrkja står i dag? Den første fell ikkje meir i auga enn den siste, jf at heller ikkje Hovden på Grunnfør eller Kalsnes kan imponere. Spørsmålet kan vi la stå ope.

Snøflekken bak kyrkja til v. viser at ho ligg på ein hump i åsfoten, men  før 1824 stod ho midt inne på kyrkjegarden ("Hofdasegl" 1962: 196). Humpen var vel meir markert før den nye kyrkja vart oppført der? Mellom kyrkja og preste-garden (like utanfor biletkanten til h.) er eit markert søkk som går mykje meir i lengda enn det fotoet greier å vise.

  
Namneproblematikken har Øystein Bottolfsen sett presise ord på: "Hofdasegl er et vakkert og klang-fullt navn. Og kanskje fordi det hviler en gåtefull tåke omkring dets opprinn­elige betydning, virker det besettende på fantasien. Men så lenge vi ikke kjenner den kanskje mer hverdagslige og mer jordnære betydning av ordet, må vi også ha lov å ta fantasien til hjelp ("Hofdasegl" 1957: 8).

Symboltung er namneforma Hofdasegl også blitt, ho gir assosiasjonar om kyrkjelege høvedsmenn som har kome og gått, meir fantasifullt blir dette "med seilet til topps"8

Få vil vel helse ei anna namnetolking velkommen, men namnesymbolikken er neppe dårlegare i fall -segel står for noko jordnært, eit kyrkjenamn som fortel om noko som ligg synbert, høgt og fritt – og likevel tett attmed det låge?

At Hofdasegl er blitt namnet på årboka til Hadsel historielag er så naturleg som det vel kan få blitt. Andre får tenke over om det også kyrkjeleg burde heite Hovdasegl i pakt med historisk tradisjon, jf. Bjørgvin kontra Bergen, Tunsberg kontra Tønsberg osv. Eitt er i alle fall sikkert, det er lærerikt å spore utviklinga frå høgmellomalderens Hǫfðasegl via dei kaotiske mellomnorske formene fram til det nynorske Hadsel. Få andre soknenamn har visst gjennomgått ei så overraskande forandring.

Ei anatomisk sigle? 
Blant dei talrike Segl-namna er det nokre som skil seg ut ved at dei så seie motsetter seg truverdig plassering i kategoriane framfor. Slåande her er at Seglholmen tidt er namn på holmar som har eit smalt, ofte overflødd vedheng. til den gruppa høyrer skjeret Seglet i Vikna og  Seilskjæret alias Borjjaslássá i Nesseby.

Brorparten av desse lokalitetane som er vridne å gruppere, kunne vi etter forma kalle variasjonar over temaet båtstamn i form av baugforma nes, både spisse og meir snuteforma: Ein kan nemne  Seglberget på Spenna, Karlsøy, Seglhella Bjarkøy og ved Forhamn i Harstad. “Formspråket” liknar når det gjeld Seglbergodden i Måsøy, berre at der eigentleg ligg tre slike oddar på rekke. Seglneset ytst på Onøya i Lurøy har òg fleire særmerkte framspring.

Sigla ''segla er eit fjell på Senja, mellom Berg og Lenvik. Det òg har baug-form og er imponerande frå Mefjorden. Det trengst ikkje stor fantasi for å sjå ein seglfigur eller to i fjellsida, men då skurrar   namnet Sigla, for di gno. sigla tyder master. Like elegant som sjølve tinden er for øvrig dei avrunda nedskjeringane på sida av, Seglskaret ''seggel- mot nord (til v.) og Seglsalen på sørsida.

Til høgre Segla sett frå Mefjorden i Berg. Foto: senja-online.com 


Baugform med variasjonar går att når det gjeld  Seglneset i Sør-Varanger og i Gamvik, i Sortland (Gunnesdal), og i Sømna. Likeins med bergneset som stikk ut på sørsida av Seglnesbukta i Nord-reisa og på Seglstein (bnr 1) i Steigen. Det same gjeld for neset innom Seglsundet, Sørgræna i Vestvågøy, men i dei to siste tilfella er forklaringa på utmerkinga Segl- likevel ei anna, ser det ut til.

Kart og ortofoto fortel ikkje alt, kanskje har enkelte av desse stadene likevel noko seglforma ved seg frå sida sett, men det er sannsynlegvis unnatak. Alternativet kan vere at tilnærma baugform minte om den ideelle forma for barlaststein, men det er no tvilsamt. For storparten av namna er det uråd å finne betre forklaring enn anatomiens sigle n «brystbrusk», kjent i Ryfylke og Sunnhordland, med slik tilføying: «Ogsaa seglsiglebein n det samme hos dyr» (Hans Ross). – Vidare kjem han inn på gno. sigli «halssmykke», ei slags prydnål eller sølje, av andre ført tilbake til lat.  sigillum '(inn)segl' . Det kan vere ein usikker samanheng, av di brystbein-siglet sit mykje lenger ned: Norsk Ordbok fører opp sigle n «bringespord» med vising til Ross, så vel som segl n (Suldal, Sauda), utan ei nærmare utgreiing. 

Håløygsk Ordsamling  redigert av Ingeborg Hoff oppfattar segl også som «venger på spjeld av eit eller anna slag». Vi tør kanskje også legge til nyansar som fli og fløy og på det viset tydelegare forklare at ordet har fått rom i anatomien med?

Ialle fall, brystbeinet (sternum, gresk sternon) hos mennesket har 3 delar som knapt har norsk namn alle: Øvst manubrium «handtaket», så hovuddelen corpus, på svensk bröstfjöl, og nedst processus xiphoideus eller ensiformis, som liknar eit  sverd  (lat. ēnsis, gr. xiphos). Hos enkelte er den spissen brysamt utstikkande.

Når folk her til lands namngav landskapsformene ved hjelp av ord som kruna, skalle, hovud, øyra, nase, nakke, hals, rygg, kne, okkel, fot, hæl, tå, er det fint lite å undrast at dei også kunne ty til siglet innimellom: Jf bring og bringa som fjellnamn, lik-eins samisk mielga «brystbein, bringe», sjeldnare  šáika(dákti) «brystbein» (på rein).

Frå Senja fortel Arthur Brox: "Det bruskstykket som er framme i bringa på dyra, kalte ein brurbrusken. Han blei skoren bort og kasta i veggen. Sat han fast, blei det brur i huset det året. Andre stader sa dei at guten skulle bli god styrmann dersom han fekk brusken til å sitte fast" (NFL 105: 85). Ein mann frå Bø kommune minnest òg skikken: at slaktaren skar ut eit rundt stykke framme i bringa og kasta attom seg og at det var tatt merke av kor det hamna, men han minnest ikkje kva stykket heitte.

Brurbrusk vart andre stader forkorta til kun  'brur'  (NO 1: 955). Samanhengen er at ordet opphavleg var bru-ar-brusk pga. forma, og samandraginga bru-ar- > brur- gav mistyding. Stader som heiter BrurbergetBrursteinen o.l. har oftast form av eit bru- eller brygge-liknande utstikk, jamfør korleis brystbeinspissen ser ut. Forresten skal vi få med oss, heilt til slutt, at enden på ei brygge også kunne heite bryggjespord eller bryggjehovud (Aasen).                                   

Brystbeinet (sternum) med siglet (processus xiphoideus el. ensiformis) nedst til v. 


Kva med tindnamnet Segla? Var vel anatomiens sigle eit velkjent også for senjaværingane, då like gjerne i hokjønnsform sigla før det fall i gløymsle og  "brurbrusk" overtok. Då var ordet alt forveksla og assosiert med det likelydande sigla, norrønt ord for master. Det var venteleg slik den folkelege merketakinga knytt til båt og styrmannsemne i tevling med kjerringemne oppstod, begge delar like misforstått.     

Fotnotar:

1 Norske Gaardnavne (NG) b. 16 gir feil opplysning om tonelaget.    

2 Talande er dei eldste skriveformene av namnet Sortland: Sortu-, Swortu-, Suortu-, Suorta-, Suarta-, Swarta-.     

3 Det står "fim hauuð dukar firir halfa mork" DN b. 4: 190, jfr. også Eldar Heide, "Nordnorsk hau 'hovud' lånt frå Trøndelag?" Håløygminne 2002: 118.    

4 Gustav Indrebø, "Norsk Målsoga": 227.    

5 Ragnvald Iversen, "Norrøn grammatikk": § 54-10.    

6 Á. Blöndal Magnússon, "Íslensk Orðsifjabók": 802     

7 Norsk Ordbok har denne forma il- berre frå Beiarn og Nesna    

8 Øystein Bottolfsen siterer to gonger i "Hofdasegl" 1957 dette uttrykket etter prost Sigvard Nielsen.