Eipholmen er ein av talrike holmar og små øyar kring den større Blomsøya i Alstahaug. Namnet er eineståande og gjer effektiv motstand mot forsøk på rimeleg tolking. Eipholmen i sør og Slåtterøya i nord heng strukturelt i hop, men ei grunn vik med ein trong val kilar seg inn imellom: Vika er ikkje namnsett på sjø- eller landkart. Ankerplass er avsett i sundet mellom Slåtterøya og Hestøya litt nordafor, men vi må gå ut frå at også vika mellom Eipholmen og Slåtterøya er brukande for mindre farkostar den dag i dag.

Korleis kan namnet vere å forstå? Det gno. ey hadde litt annan lydkvalitet enn ordet “øy” har i dag, og både i Alstahaug (der det er utført lite namneinnsamling) og i nabokommunen Herøy blir -øy- gjerne redusert til berre -i- eller -y- i ny sms. Brasi-straumen, Halty-våjen. Den smale vika i søre del av Slåtterøya er ein hop (gno. hópr m): Han vart vel omtalt som eller stod for tanken som ein *eyhópr. Sørenden av øya vart i neste omgang heitande *Eyhópholminn, med tida forkorta til Eipholmen, medan sjølve *øyhopen ved eit tradisjonens lune vart skubba ut av minnet.  


       Eipholmen i nedre halvdel av biletet og Slåtterøya nordafor, med ein smal tange av Hestøya like til høgre. Kartverket.


Frå Johan Hveding har vi segna om ein gammal mann som kom seglande frå Utrøst og spurde om ikkje Utrøst kunne få komme inn under Bodin sokn? Presten svara at han måtte få tenke seg om. «Ja, tenk deg om og tenk i tóm1, Utrøst skal ikkje bli oppdaga før dom!» Med så sagt gjekk kallen, etter å ha trøska dreggen i kjerkemuren og laga eit merke til minne om at han hadde vore der og spurt.

Segna har enkelte røringspunkt med Håvard Dahl Bratreins stykke om Fila og Langsve i Håløygminne 1980, men her fortel segna at namnet oppstod då den (dei) som åtte ein tilror (fiskeplass) åleina, mislika at andre òg kom dit, så dei heiv ei fil(!) i havet og sa at det skulle vere like vanskeleg å finne att grunnen som å finne fila. Det får oss halvt til å tenke at fila ein dag dukkar opp i magen på ei fisk, slik det skjer i andre segner, men ikkje så i dette tilfellet. Kor som er: At fila blir kasta i havet, er sjølvsagt ei namnesegn, laga for å forklare eit uforståeleg namn.

Historiske fakta ut over det som Dahl Bratrein fortel om namna Fila og Vola ligg ikkje føre, men det kan vere grunn til å gå litt inn på dei to namneformene likevel. Om den siste har han den merknad at dette er mykje likt den samiske varianten av mannsnamnet Ola, som rett er. Eigentleg eksisterer det namnet i endå fleire variantar, som Ovllá, Uvllá og Vuol'lá, men er vi dermed på rett spor?

«Bumannsfila fiskevær som Vola vil ha alene, kom ikke dit, Vola ber, det volder kun sorg og pine» fortel eitt av versa. Det vart sagt av ein underjordisk, heiter det, som ville skremme andre frå å fiske der. Her er det grunn til å nemne at sam. vuolá- og især vuolle- tyder ner-, under- i ei rad sms. Merk -vuolle, -vuolli «underdel» mm., men framfor alt atnan-vuoláš eller -vūloš «underjordisk». At Vola vil ha Fila åleine og ber for fiskeplassen sin, synest få god meining med tanke på dei under­jordiske, især når vi høyrer at i fall høvedsmannen Morten Persa ville den ukjende mannen noko, skulle han banke fem gonger på ein stein på holmen og seie «Vola». 

Alt i alt er nok den fortolkinga rimelegast, at det var dei underjordiske som ville ha tilroren for seg sjølv og kom med åtvaring. På hi sida er det ein av dei som i god vilje let Morten Persa få vite om tilroren. Det liknar mykje på segner der marmelen gjer det same.
«Når Vola er borte, da Fila er en rikdom for alle og enhver», heiter det òg, ikkje heilt ulikt endetids-spådommen til den underjordiske som kom til Bodin: «Utrøst skal ikkje bli oppdaga før dom!» Det må vi vel forstå slik at på dommedag skal alt komme for dagen, dei underjordiske og? Håvard Dahl Bratrein seier sjølv: «Kan hende er da Fila og Langsve ikke anna enn Karlsøy-væringenes Utrøst».

Kva så med namnet Fila? Blant Andøy-fiskarar og især på Andenes-havet var det relativt vanleg å lage médnamn til intern bruk, som når tilroren «Bakkefjellet» seiest å vere oppkalla etter eit fjell innmed Sifjorden på Senja, men det namnet finst ikkje på lokalkart over området; médfjellet har nok fått sitt namn frå bakken på havbotnen og ikkje omvendt. Likeins blir ein del av Ytterbakkan eller «vestrast i egga» kalla «Fjellbakkan» eller «på Fjellan», men det skriv seg frå «Fjellan» som samnamn for médfjella på strekninga Hesten – Tikja – Stryen innpå Senja. Tilroren «Fjellet» (på Andenes) heiter derimot så etter «Skinkefjellet» (unemnt på lokalkart over Senja). Meir slikt kunne nemnast, og rart skulle det vere om det ikkje fanst liknande kryptiske innslag i namnebruken i Karlsøy.

Her kjem vi til poenget: Gno. fjall og fell går igjen i ei mengd variantar i norske målføre, m.a. er fjiᶅᶅ kjent frå store delar av Nordland, men sørlegare område har også fill, fell, fel, og fil er kjend frå Stjørdal (Norsk Ordbok 2: 1344). Det overraskar knapt at sørsamisk har ordet i låneformer fiele, vielë, fĕ, vĕ, då vanlegvis som sisteledd (her er ĕ kort, men ie-lyden lang). Vi har visst ingen kunnskap om slike variantar av ordet frå Troms og Finnmark, men Fila tolka som *Fjellet eller *Fjella har likevel mykje for seg, ut frå det vi hittil veit, endå vi ikkje kjenner grunnen til at det òg heitte Bumannsfila.     

Håløygminne 3-2017.

Fotnote:

 1  í tóm: i make, i ro og mak