Dei fleste har sans for bunader, utan at dei kan sy ein, for det krev kunnskap og handlag, men dei som har dette, har også namn på dei ulike delane av bunaden. Slik er det også med den samiske bunaden: nordsamisk holbi er koftekanten eller ein jare nedst på han, og koftekantmaterialet heiter holbbis; kantane innom har sine namn. I lulesamisk heiter det tilsvarande ålpe eller hålpe om saum, både på klede og huve så vel som kant eller kantband på eit klesplagg. Det tilsvarande sørsamiske ulpie er bord (på klesplagg), då især brem på kanten av kvinneklede.Denne ornament- detaljen kallr eldre ordbøker både holbbe, olbbe, olpe, ulbe, rettskrivingsfinesser som vi trygt kan la ligge. Det har større interesse at dette spesielle ordet for kant, brem, bord kanskje også finst som landskapsterm, liksom norsk jar(e), kant, list(e), rø(y)r o.l.

I sitt arbeid "Nordische Lehnwörter im Lappischen" år 1893 fører J. Qvigstad opp Ul'bé, gen. Ulpé "eine Insel in Westerålen" og viser til gno. Ylfi : Her må vi ta omsyn til at norrøn y hadde ein lydkvalitet nærmare u i dag. I dansketida "Ulvø", især kjent via eit administrativt Ulvø fierding, på samisk truleg *Ul'bé fírtug om Ulvøy fjerding, heilt på line med Bievai fírtug om distriktet Bø fjerding. Men parallelt med øynamnet Ul'be, no skrive Ulpi, nemner han Ulpégieddé, gard Tysfjord, norsk Ulvika (Ulvvika), visstnok sagt både oll- og ullvika. Lulesamisk namn på sjølve vika er elles i flg. dagens kart Ulbbeluokta

Qvigstad forklarer ikkje dei to namna frå Hadsel og Tysfjord nærmare.

Grenda Ulbegiedde ved Olvika = Ulbbeluokta i Tysfjord, med Kjølen som ein lang, smal kant austafor. Kartverket.


Særmerket for garden Ulbegiedde er at ein krum og temmeleg skarp fjellkant strekker seg austover frå bnr. 1, lengst nord i grenda. På norsk heiter han Kjølen, samisk namn ikkje kjent. Kartet viser klart at det kunne vere like naturleg å tale om ein kant, bord eller brem.

Kva med Ulvøya lik Hadseløya, har ho ei liknande Kjenner du ikkje deg sjølv, så spør grannen, seier ordtaket, og dersom ulvøyfjerdingane sjølve nøler litt, kan dei få ljomande "ja" frå bøfjerdingar som ser fjellkanten frå Tanipa og Finnsæterkollen ned til Rørvika (Røyrvika). Blant Hadseløy-fjella kan ein seie at Nyken fell mest i auga, men i særpreg må han fire seg attom den nemnde fjellformasjonen: At han er «skilsettande» òg, framgår av den enkle kjensgjerning at når Hadsel-matrikkelen har gjort seg ferdig med Strandlandet på Lofot-sida og fer frå Grunnførfjorden, smett han over til Hadseløya med landhøgg just i Rørvika: Velkjent frå  mange stadnamn i Nordland er røyr el. rør, nytta om lang kant eller rand i fjell eller havbotn, så vi kan rekne med at den landskapstermen samsvarar nokså greitt med samisk ulbbe, ulpi.

Ulvøya (Olvi )= Hadseløya, sedd frå Værøya i Bø. Merk  den skrånande fjellkanten ved Rørvika.  Lengst til h. Nyken.

Det tør òg vere kjent at liksom Ulvika i Tysfjorden tidt går for Olvika, heitte Hadseløya tradi­sjonelt "Ulvøen". Tiføyinga av eit forklarande dansk -ø må ha vore eit administrativt påfunn, bøfjerdingane og olvøyfjerdingane seier jo ikkje «Ulvøyholman» og «Ulvøyværan» (d.e. nord for Hadseløya), dei seier Olviholman og Olviværan med trong o. Her er kjem eit usamansett øynamn Olvi = Ulvi uventa til synes. Det korresponderer med eit norrønt Ulfi så vel som med samisk Ulbbe eller Ulpi, med u uttalt som o. Merk at samsvaret mellom samisk lb (lp) og norrøn lf og nynorsk lv (eller omvendt) er regelrett, så som i gálbi/gálbbe kalv,  silba/silbba  sølv, osv.

Det kan forvirre at øya heiter Ylfi i Fornmanna Sögur og i Flateyjarbók frå 1380-åra; i Aslak Bolts jordbok frå 1430-åra står "i Ylfue syslo" (som del av overskrift). Men fram til ca. 1250 (eller helst endå lenger) hadde y ein uttale som likna vår u; språkhistoria fortel meir om dei lydendringar som oppstod etter rundinga av lang norrøn á til å. (Før den tid hadde u uttalen o, slik som i tysk så vel som i dagens lule- og nordsamisk.)

Skriveforma Ylfi speglar nok eit norrønt ulfi, som svarar til det sørsamiske ulpie som alt er omtalt. At også Aslak Bolts jordbok har «i Ylfue syslo» likt med Ylfi i dei eldste kjeldene, må likevel kome av eldre førelegg, det var neppe samsvar mellom skriveform og uttale også på 1400-talet, for då burde det skjedd lydrett overgang til *ølve. (Ei anna tilnærming er å tenke seg at dei skrivande på eit visst tidspunkt valde å skrive Ulfi som Ylfi av di norrøn språkkjensle tilsa at U- fekk omlyd Y- pga. ståande -i sist i ordet). Vi finn i alle fall ikkje øynamnet skrive med Y- etter Aslak Bolts tid. Lensrekneskapen i 1567 talar derimot om Wldø fierdinng: Her må Wl- i alle tilfelle lesast som Ul-, medan -d- for v knapt er anna enn skrivarlapsus.

Ein kan spekulere på om den gamle Ylfi sysla var eit mykje større distrikt enn Ulvøy fjerding, slik eg sjølv har gjort i "Bygdene i Ylfi", Hofdasegl 1965. Faktagrunnlaget for slike spekulasjonar er tynt, anna enn at Ulbbe eller Ulpi er samisk namn på Olvi lik Hadseløya. Sysla Ylfi omfatta neppe meir enn den seinare Ulvøy-fjerdingen, stort meir er neppe å seie om det. – Elles kunne det ha vore interessant å få vite meir om Torvald Skiljandi, som var meklingsmann, ein som skilde = gjekk imellom partar som var uforlikte. Han budde i Ylfi (Hofdasegl 1965: 262).

Hausten 2012 var det eit visst ordskifte i Hadsel kommunestyre, etter at samisk senter i Evenes gjorde framlegg om Ulpi Suohkan som samisk parallellnamn på kommunen: «Men det samiske navnet ble avvist av kommunestyret mot fire stemmer», heiter det til slutt, derfor flg. overskrift: «Hadsel blir ikke Ulpi». Referatet kan gje inntrykk at kommunestyret har mandat til å fornekte at Ulpi er tradisjonsrett samiske namn på Hadseløya, det er sjølvsagt meiningslaust.

Er det råd å vise andre døme på at stadnamn-termen ulpi har vore i bruk? Sellevollvatnet på Anda er i aust avgrensa av det smale og nesten snorrette Olvera (trong o), ein uvanleg smal "saum" i myrkanten: Uttale-trykket er som t.d. i kvinnenamnet Barbara, og vi tør rekne med at at også øynamnet Olvi vart uttalt med alt trykket på første staving. Frå Olvika i Lurøy kan nemnast at der går ein markert, bratt kant langs vestsida av elva på same stad.

Andre helgelandske namn skal også nemnast: Ulvangen uttalt |''åłv-|, tydelegvis med gammal a-omlyd, er namnet på ein fjord og ein gard i Leirfjord. Den namneforståing at Ulv- der òg har med "kant, rand, jar" å gjere, samsvarar godt med lokal topografi, dvs. den langsmale Ulvangsøya, endå det ikkje er klarlagt korleis ein skal forstå tilhøvet mellom Ulvangen og den endå lengre og smalare Meisfjorden på sørsida, men -angen er sjølvsagt den vanlege norrøne fjordtermen -angr.

Tradisjonell forklaring er at fjorden fekk namn av dyret ulv. Det skurrar, og det gjeld endå meir for det siste namnet vi vil ta med, Ylvingen, ei øy i Vega kommune: Skriveforma med Y- ser vi hos Aslak Bolt, folket på øya seier øłv-, og Øluinngh er namnet skrive i 1567, medan vegværingane elles seier åłv-. Elles går dei historiske skriveformene stort sett ut på variantar av Ulv-. Her synest altså Ulving å ha fått i-omlyd pga. ståande i. Uvisst er korleis det har seg med uttalen åłv-, men skråfoto syner ein markert strandkant på austsida av øya. Ein treng likevel ikkje sjå ho på skrå ovanfrå for å oppdage det, likså lite som når det gjeld Ulvi. Her kan det jo sjå ut til at den samiske termen har gjennomgått ordinære norske omlydsendringar: Då må vi samtidig merke oss at ein liten ulpie heiter ålpetje på sørsamisk. Å tolke overgangen sør­sam. ulpie > Ylvingen er dermed ikkje lett. 

Hadseløya lik Ulvøya, Ulpi er ei stor øy. I Raftsundet og mange andre stader i landet finst ei lang rekke mindre Ulvøya'r, men typisk for desse er snarare at dei er del av eit kompleks av øyar og holmar, og her har det si eiga interesse at norr. ulfr blir sett i samband med indoeurop. *ṷel «rive». Lite tyder på at namnet Ulpi høyrer til det selskapet.


Fotnotar:    

1 Sjå Gustav Indrebø, "Norsk Målsoga" s. 116 og Vemund Skard, "Norsk Språkhistorie" b. I s. 88.