Mang ein matrikkelgard i øyriket Lofoten-Vesterålen har hatt meir enn eitt namn over tid. Vi kan nemne Neset lik Været i Bø, Godvika lik Kussevika i Malnes, og Godvika i Øksnes som iblant gjekk for Strand! Legg så til Skallan lik Skålebø i Øksnes og Bunes alias Skjelvan i Moskenes. Endå fleire er det om vi føyer til kortformer som Gavlen for Andegavlen, Rota for Svinrota, dertil kortforma Neset for Ingelsfjordneset og Stokmarknes, likeins Dalen for både Svindalen, Saltbergdalen, Teigandalen, Vatndalen. – Øydeperiodar har gjort sitt til at namnetradisjonen er blitt svekka, dvs. namnebruken kan ta ei ny retning eller i alle fall ein forkortande innersving i slike tilfelle.