Lemen er på fleire måtar eit fengslande dyr, både som naturfenomen og i måten det ter seg på. Det offisielle namnet er lemen, men i min barndom på Andøya var lemet vanleg namn, slik som i Vefsn, medan enkelte gamle sa lemann. Det siste var òg tilfelle i nabosoknet Langenes, men også i Rana, ja i flg. Norsk Ordbok er forma leman(d) kjent frå Finnmark, Troms og Nordland, Trøndelag mm, og samisk namn på dyret var lemæn (Gratangen)1, i Gullesfjord og Vesterålen også lemet, då i genitiv -edan (Qv 1893: 215). No har forma lemen truleg òg hatt eit visst rom i daglegtalen i nord, men då helst i sms. som lemenår ved sida av lemetår2.

Særskilt interessant er ei opplysning frå Gimsøya i Lofoten om skilnad i seiemåten, t.d. «det va mykje lemmet det året», men «en lemann» om einskild-dyr. I norrønt fanst nemleg i tillegg til lómundr el. rettare lomundr som namn på dyret også ei flt.-form lemendr, som tilsa ei eintalsform *lemandi m. Den siste vart forkorta til lemand el. omtolka til “lemann” medan flt. lemendr vart til “lemen” i sør. 

Eit avvikande namn på dyret, lemming, finst i visse svenske målføre og er vanleg i dansk, og derifrå synest forma å ha kome til engelsk, nyhøgtysk og hollandsk (Falk og Torp, lemæn). Der finst utan tvil samanheng mellom formene på -ing og samiske på -ege, sjå seinare, og interessant er Aasen har lemming som usikker form frå Salten.

Normert nordsamisk oppslagsform er «luopmeht (med all sannolikhet:) lämmel», alternativ skrive­form luopmiht. Under same oppslag3 finst vidare lulesamiske former av dyrenamnet på -hk og -k (og sørsamiske på -a): Vi kan slutte at luopmeht, luopmiht er ei nordleg form. I same oppslaget er luopmeht knytt til gno. lómundr. Vidare er teorien at i nordiske språk "har detta djurnamn (troligen av affektiva orsaker) varit utsatt för formvariation, och det samma synes vara fallet i lapskan”. 

Same kjelde har dessutan variantar som lulesam. luopmahk, luomehk, sluopmak, sørsam. sjlomma, sjlamma, jfr. sluöpmak, sluömege, og vi kan legge til, i normert sørsamisk form: luemieh,  luemege, sluemege, sleemege, sluamege, slamma!  

Variasjonsrikdomrnen er upåklageleg i norsk og: Flt-form lemendr ter seg i lemenner, lemænne(r), lemende, lemenne, lemend, limende, enn vidare i dissimilert form lemælle, lemældre, lemelde(r), limelde(r), og endeleg lemmed / lemet / lemette, lømen(d)e, lømen, løm(m)e, lymme! 

Ei gno. eintalsform *lemandi harmone­rer bra med dialektformer “leemanden” (historisk), leman(d), lemann, lemæn(d)4. Formrikdommen blir nesten like overveldande som synsinntrykk av endelaus sverm i eit lemenår! Det er klart nok det Collinder tenker på, då affektivt er noko som går på hugen eller kjenslene, og det gjer inntrykk at eit uredd lite kryp til dei grader «set opp kjeften»! I ordet lemen har enkelte òg tolka inn noko lydskildrande, sjå litt seinare.  

Lemen. Foto: avisa Sør-Trøndelag

Om vintertilhaldet heiter m.a. at det som oftast er tørre område: "Stedet må ha nok av planter som kan tjene som føde. Plantene er også viktige for dannelsen av et luftrom mellom bakken og snøen. I dette luftrommet, godt beskyttet mot kulde, lever lemenen vinteren igjennom»55. 

Sidan det er tale om luft­rommet mellom bakken og snøen, må vi jf med nordsam. loapmi (loapma, loapmu), primært: 'Aabning mellem Lag, Hulning under Klippe, Stene el. Torv ved Elvebred, Smuthul' (Friis). Illustrerande er her ei lulesamisk særtyding 'säck som skohöet bildar kring foten6 i en sko', for her blir luftrommet mellom fot og fottøy fylt med høy, og eit poseforrna tom­rom står igjen i midten når du dreg foten ut, men først var der jo tomrom mellom foten og innersida av fottøyet, med høy i: Parallellen med lemeten som lever i eit plantelag under snøen er tydeleg. 

Samane og andre folkeslag som levde i kontakt med rein, observerte saktens kor og korleis lemen levde når reinklauvane skrapa bort snøen for å nå ned til planteskiktet der lemeten levde, i gangane og bola som kom for dagen når snøen vart fjerna.

Det aller best kjende norrøne namnet på dyret var lomundr, jf lomhund (Hemsedal) og fi. låneform lomonti (vsa. heimefinsk sopuli) pluss umesam. lomonjo (Qv 1844: 223). Vi kan tenke på -und(r) i dyrenamnet som nordisk tilpassing av sam. - med opphavleg nasal, eit suffiks “som betegner noget som  skriver sig fra det som grunn­ordet [her loapmi] betegner”. I eit eige oppsett skal vi sjå at også sjølve terrengordet ofte nok kan ha blitt fornorska til Lom-. Merk at loapmi, loapmu «mellomrom (i  en klippe)» m.m. som stadnamn òg er registrert med endinga -â  («dunkel a») frå Polmak og Kautokeino (Qv 1944 nr 523).

Deminutiv av loabmo (gl. ortografi) er lōmuš7, av loabmâ og loabme loamâš respektive loamaš,  og nordsamisk deminutiv står i svakstadium i alle kasus8. Deminutivendingane -aš, -uš hadde i protosamisk nasal -ńž-9, som venteleg heldt seg i stadnamn som vart lånt og tilpassa umordisk på det stadiet. Sørsamiske deminutivar på -(e)tje-, -(a)dtje- er i alle tilfelle ei særutvikling10

Ei anna ending, ikkje eigentleg deminutiv, er -oš, -uš, som 'betegner noget som har likhet med el. skriver sig fra det som grunnordet angir' (og dette liknar definisjonen av -und i nordiske stadnamn). Venteleg var det nasal her og, som i eigentleg deminutiv. Grensene mellom kategoriane er ikkje lenger klare, i stadnamn heller, for i nokså mange samiske ord med opprinneleg deminutiv form er deminutiv tyding blitt borte. For dei aller eldste nordiske låneformer av samiske stadnamn har vi lite å halde oss til.

I gjeldande sørsamisk ortografi er luemie, låemie 'liten gressdal, senkning mellom hauger', i anna skriveform loåmie (uttalevar. luä-, luömie). Men tydinga11 skiftar i sørsamiske målføre, frå 'dal' i ei allmenn tyding, evt. 'lang brei dal', og til det mot­sette: 'trong dal'. Aller oftast er det snakk om 'lita lægd, senkning mellom bakkar /lier, grunn og flat dal, slett og flat og lett tilgjengeleg liten dal'. - At Låmann- i enkelte stadnamn er så likt loåmaan, sørsamisk illativ sg. av det nyss omtalte terreng-ordet er isolert sett interessant nok.

Sørsam. låemie, loåmie vil norsk-/svensk-talande lett forenkle til låmi el. lomi, som så i ein del tilfelle har fått norrøn gen. loma, derfor er det neppe stor skilnad på gards- og naturnamna Lome (Vestre Slidre), Lomdalen, Lomeland og Lomnes på ei side og Lomafjellet (Suldal, Strand), Lomamyra (Rana), Lomaneset og Lomalii og Lomatjøm (Kvam) på hi. Slåande er at Lomahei, Lomehei og Lomhei – kvar på sin stad – er ganske like lokalitetar. Namn på vassamlingar held vi heilt utanfor, då det finst ei ovnøgd Lom(s)tjønner o.l. som visseleg har med fuglen lom å gjere; eit tvilstilfelle er tjønn-namnet Lomungen i Hammerfest.

Elles synest varianten luømie i ein del tilfelle å ha blitt til 'løme' og gen. luømie-n til 'lømen-'. Mang ein luemie/låemie/loåmie er nokså liten, men ei forminskingsform loåmedje (Hasselbrink) fanst også, men ikkje hos Bergsland. Kor som er ser det ikkje ut til at deminutiv opptrer ofte i stadnamn.  

Nordno. lemet (lemmet) for lemen ser avvikande ut, av di sørnorsk normalform av dyrenamnet er lemen, b.f. lemen-et, av di ordet lemende miste ei staving og kom i klasse med nøytrumsorda leven, vesen o.l.

I nordnorsk gjekk det annleis, der letta det truleg uttalen av eldre b.f. hankjønn *lemenden å skyte ut -n- i innlyd, og det skapte variantane lemeden (Nesna, Dønna) og lemeten: Kjent er den kuriøse påstanden at «lemmeten e tjukk i sørli ver» (Vett og uvett: 40). Denasaleringa lemende > lemed(e) kan ha falle særleg naturleg for samisktalande. – Den ubundne forma lemede, lemete vart så med tida avkorta lemed el. lemet, men forma lemann< gno. *lemandi) var likevel med på halde oppe ei kjensle av at ordet var av hankjønn.

Norrøn fleirtalsform lemendr føreset ei eintalsform *lemandi bøygd på line med presens part. bùandí >bóndi: Illustrerande blant slike ord er dœmandi (flt. dœmendr) = dómandi “domar”, som direkte heng saman med dómr m “dom”, ord alle kjente og som i alle sine variantar nok må ha hatt sterke analogisk innverknad på dyrenamnet: *lœmandi med flt. *lœmendr og *lómandi med flt. *lómendr er tenkelege analogiar. Kortare sagt, vil ein ha tak på dei kaotiske og forvirrande målføreformene av dyrenamnet,  gir det ei god rettleing å sml. med bøyingsformene av gno. dœmandi osv. 

Ei eldre tolking av dyrenamnet, ikkje gyldig lenger, er at lemendr kan vere flt. av *lemandi 'gøyande, bjeffande', analogt påverka av gno lemja 'skam-slå'. Tvilsamt er også at lómu- i lomundr oppstod ved komb. omlyd av rota *lā «skrike» via *1ám-u- «gøying»12.

Lange, smale gangar som vinterspor etter lemen er eit karakteristisk trekk så snart det blir snybert. Om slike inntrykk òg har etterlate spor i stadnamn skal vere usagt, det måtte vel i så fall vere Lemet-skáidi i Vardø:

Lemetskáidi med elvane som gangar i fjellgrunn.

Interessant i den samanhengen er hokjønnsordet låm «spor, serleg etter ski eller etter noko som er dregi av stad»13”, også løypene, fara. Frå Hamarøy t.d.: «eg såg låmene etter jerven bortetter snøen». Ordet kan lyde både låm(m) og lóm(m) og var på Agder også kjent i former som lómr, låmr, lòmr. Ordbøkene viser til loom “stripe i vatn etter fisk” i engelske målføre. I norrøn litteratur er ordet ikkje kjent, og der har visstnok ikkje låm vore beinveges inne i drøftinga av gno. læmingi14: Uklart er likeins hankjønnsordet læmingi, flt. læmingjar, om nokre skapningar oppfatta som fuglar, men visst heller identiske med nyisl. læmingi el. læmingur m. om nettopp “lemen”.

Lemenliv vinters tid er alt nemnt: “I sommerhalv-året finner vi lemenen stort sett i fuktig terreng som gressrike områder langs vannsystem­ene, i myrer og myrkanter. Slike områder kan lemenen finne både høyt oppe på fjellet og langt nede i fjellbjørkeskogen, ja til og med på myrer i den øvre delen av barsko­gen. Mosen i disse fuktige områdene holder seg også gjennom det tørreste av somm­eren”15.

Lemenår er ein ting, men for namneinteresserte er det òg naturleg å lure på om dyret på sine stader lever stasjonært i så vidt stor mengd at området kan få namn av  det? Spør vi på tilsvarande måte om dyrenamnet mus, kjem vi fort i tvil.

Forsøksvis vil vi ta for oss ein stor og relativt kjend lokalitet: Lemmetgáisi alias Lemetfjellet er namn på midtre del av eit fjellmassiv i Balsfjord. Motsett Istinden i nord og Dápmotgáisi i sør er Lemmet-fjellet uthola av bratte, tronge botnar frå alle sider slik at der knapt er heiflater tilbake. Litt  breiare og lengre enn innskjeringane elles er Lemmetskaret (Qvigstad: Lemetdalen) alias Hanssariehppi i vest, og derifrå kjem så Goddesáhpán-johka “lemen-elva”. Elva er av Qvigstad nemnd utan merknader side om side med skardet Lemetvággi og med fjellet Lemetvárri. – Som parallell­namn er oppført Njoammelvarri og -vággi (njoammil: hare)16. Især det siste inviterer til å tolke også Lemet-namna zoologisk. Største særmerket i den store botnen i Lemmetgáisi er likevel dei smale sprungene i søre og norde dalsida, sjå derfor slutten av artikkelen.

Når Qvigstad teier om utmerkinga Lemet-, må det vel helst tolkast slik at nordnorsk sam-form lemet (lemmet) for «lemen», også nytta i stadnamn, er like forståeleg i samisk som i norsk? At slike namn utan omsyn til anna(?) opphav er blitt assosierte med og formelt haldne oppe ved påverknad frå dyrenamnet er iallfall heva over tvil. 

I nord synest ordet lemmet, normert lemet, jamt å bli uttalt med kort e, då òg i stadnamn på Lemet-. Det er neppe stort annleis med namn på Lemen- i sør, men her trengst nærmare kontroll.

Dyrenamnet i forma lemann blir derimot uttalt le- med lang e i nord, venteleg også i den Gratang-samiske forma lemæn (Skåden 2004: 267). Slik er det truleg også i sør, der denne varianten opptrer.

Lemetgur'oaivvit flt. i Tana er namnet på eit fjell-platå med tre ”hovud” el. toppar. Det innforståtte -gurra- (skòr, hakk) er det mange av i området – dei dominerer synsinntrykket endå meir enn dei tjønnene og pyttane som også er å sjå, så her òg kan det vere tale om samanlikning med lemenet sitt 'undersnøiske' landskap (sjå neste foto):

Lemetgur'oaivit i Tana. Norgeskart.

Bekkane Máttit (= søre) og særleg Davit (= norde) Lemetjohka ein annan stad i Tana  kjem frå fleire småtjønner oppå Toppfjellet, alias Čohkalas, som ter seg 'vassrikt' i alle leier. 

Lemmetvatnet i Balsfjord er slett ikkje noko vatn, berre ei tjønn i eit søkk i framkanten av ein smal, grunn dal lite meir enn ei myr-remse.

Lemethellaren heiter ei fråkliven fjellblokk framfor hei­-kanten under fjellet Veten, Andfiskåga i Rana. Innmed vegen nedafor låg husmanns-plassen Lemetheia (=  Konradheia). Kartplasseringa kan ikkje vere rett i dette tilfellet, dessutan spørst det om forleddet Lemet- i dette namnet beintfram er eit uventa "sørleg" tilfelle av Lemet = Klemet som mannsnamn?

Lemethellaren. Norgeskart.

Lemetskogan på øya Løkta i Dønna er nærmast ein brei og nokså lang bergrygg med sprunger i; uttalen av namnet er både Lemet-, Lemed- og Lemenskogan. I søre halvdelen av skogområdet er det fullt av ørsmå vasspyttar. 

Lemetmyra17 på den avfolka Inner-Ringa gnr 80 i Rødøy er dessverre ikkje kartfesta, men på garden er liten jordveg: Alt synest vere dyrka, så nær som ei lita myr kring ei lita tjønn i sør, innom Prestvika.

Lemettjønna i Rana er svært lita og ligg i austre enden av ei smal myrstrimle, mellom skogen på nordsida og ei bergrast i sør, like vest-nordvest av Finnkåtarabben på gnr. 92 Storlia; bergrasta skil seg ut frå landskapet på sidene. Ein pytt i enden av ei myr minner om Lemetvatnet i Balsfjord. 

At dei omtalte lokalitetane var tilhald for lemet gir ikkje meining. Derimot er det tydeleg at fleirtalet av namna har med vasspyttar å gjere, så det kan verke som at lem(m)et i temmeleg mange tilfelle må ha hatt tydinga “lita tjønn”, endå det utan tvil er dyret folk tenker på i dag, når namna kjem på tale. 

Det synest å høve med mønsteret at vi langs den meandrerande elva Ljungan i Berg i Jämtland har Lämmelstranden, der det er full av små kroksjøar (sv. lämmel: lemen). Merk òg Lämmellokarna i Åre og tjønnrike lokalitetar som Lämmelflon, Lämmel-myran, i Jemtland alt, likeins myra Lämmelkölen i Mora i Dalarna.

Interessant framfor noko anna er likevel at ei lita myr (ei attgrodd tjønn) i Grue på Hedmark heiter Lemmetilamp. Også i Torsby i Värmland rett over riksgrensa finst ei tjønn Lämmetilamp: fi. lammi tyder (liksom normert lampi) “tjønn”, “dam”, i flt. lammet og lämmeti. Kan så dei nordnorske tjønn-relaterte Lemmet-namna knytast til eldgammalt samisk-finsk fellesnamn på slike vassamlingar?

Likevel, eit par nordnorske Lemet-namn fell heilt igjennom i det forklaringsforsøket: Lemetholmen ligg i Balsfjord-delen av Takvatnet i Troms. Tenk på lemetsvermar på søm over Takvatnet i fall du vil tru på det, men jamført med andre Lemet- og Lemen-namn verkar det lite truverdig, for holmen er smal og delt i to om lag midt på. Slik er òg det veldig langsmale Lemetskjeret på Våge i Øksnes. Utenkeleg er at desse namna har noko som helst med lemetmigrasjon å gjere.

Lemmetskjæret på Våge, Øksnes. Norgeskart.

Derimot kan i denne samanhengen nemnast eit veldig spesielt ord, sørsam. liejmie, leajme 'feil' , især om 'veik del av kniv der stålet og jarnet ikkje er rett sveist saman', jf. nordsam. leaibmi 'sprekk, brest (i metall)', og leaibmut v. 'bli oppsprukken' etc. I lulesamisk har ordet utvida tyding, då ikkje berre lei'mé, läi 'mé “brott på eggjärn» (ljå etc), men òg “splittra, flisa (nomen)” [sv. splittra “lite, uregelmessig skarpkanta stykke”], jf. atter forma på Lemetholmen og -skjeret. Legg så til at ein ås i Jokkmok heiter Liejmek (Collinder 115: Leimek), eit namn stilla i hop med just liejmie, leäjme «brott» etc.

Nettkartet og især ortofoto viser at Lieijmek ender brått i vest, med ei djup kliva: Namnet minner då også om sørsam. liejmehke “skadet ting”. Det er lett nok å tenke seg at nordisktalande kunne ha vanskar med å skilje sørsam. luemege, lulesam. luomek, luomeg- i tydinga 'lemet, lemen' klart frå liejmehke, forenkla leimek18.  Her kan ein òg gjere seg tankar om den før nemnde Lemethellaren i Rana, fråkliven som han er.

Fotnotar og litteratur:  

1  Asbjørg Skaaden, «Just Qvigstads lappiske ordbok fra Ibestad, Lenvik og Ofoten» s. 267.    

2  Vilhjelm Riksheim, «Ljodvokstren i Vefsn-maalet (Ner-Vefsn)» s. 44, og Hallfrid Christiansen,  «Gimsøy-målet. Fonologi og      orddannelse» s. 81,87, l27, 135, og Ragnvald Iversen, «Senjen-maalet.  Lydverket i hoveddrag» s. 29.    

3  Bjöm Collinder, «Ordbok til Sveriges lapska ortnamn».            

4  Dette etter Hans Ross s. 992, og NO 7 s. 349, forenkla.    

5  «Norges dyr» b.1 s. 102.    

6  Olavi Korhonen, «Lulesamisk svensk - svensk lulesamisk ordbok» 5, 111.     

7  Konrad Nielsen 1979, «Lærebok i lappisk (samisk)» s. 450.    

8  Konrad Nielsen 1979, § 66, 217 og  224     

9  Pekka Sammallahti 1898, «The Saami Languages. An Introduction» s. 6.    

10 Knut Bergsland 1982, «Sydsamisk grammatikk» § 89 og 108.     

11  I det flg. omsett frå tysk, jf. Gustav Hasselbrink 1981-1985, «Südlappisches Wörterbuch» s. 861.     

12 Eva Nyman 2000, «Nordiska ortnamn på -und» s. 37, 278f, 382 og 427.    

13 Norsk Ordbok b. 7 s. 965.    

14 Á. Blöndal Magnússon er i «Íslensk Orðsifjabók» inne på låm og eng. loom i drøftinga av lómundi,  lomund(u)r, men fokuserer då på sjølve lemen-vandring: «læmingjar fara oft um landið í stórum flokkum».    

15 «Norges dyr», b. 1 Pattedyr s. 102.     

16 Jammerdalen er utbreidd som namn på små dalar. Kan det ha skjedd omtolking njoammel- > jammel- > jammer-?    

17 Usikkert er om Lemmetmyra og Lemmetdalen i skolebarnoppskrift 1936 frå gnr 89 Tørrbekkmoen er ein annan enn Lemmetdalen på gnr 91 Vester-fjellet. Terrenget på sistnemnde er omkalfatra av Norsk Jemverk sine masseuttak.

18 Lemmekmyra i Trysil er ei langsmal myr langs ein bekk. Ved Lemmiki i Torsby i Värmland finst også ein bekk og små myrar, og frå Laxtjärnen i Ludvika i Dalama kjem Lämmickebäcken, men til grunn for desse namna ligg helst finsk lemmikki: minneblom,  “förgätmigej”. 


Nyredigert etter «Håløygminne» 2-2013.