Eit interessant språkfenomen er tendens til forkorting av øynamn som burde vere korte nok frå før: Frå Sørøya og Hillesøya kjenner vi Håøya, samandrege til Håja, som då får tonelag 1, men på den siste staden seier dei visst Håøya òg, etter som det fell seg. Rødøya i Ballangen sagt |''rø:øja| er eit anna døme, men aller mest lærerikt er visst namnet Kjeøya, som mange stader blir uttalt |''ᶄe:øya| beint fram, medan Kjeøya ved Lundenes og i Rødøy lyder mesta som |''ᶄø:øja|. – Kjeøya i Lødingen (og i Buksnes slik dei der sa same namnet før) fekk ei endå kortare form |''ᶄøja|.
For Kveøya |''kvę:øya| ligg ikkje føre opplysningar som tyder på tilsvarande samandraging, men ut frå det som er sagt i avsnittet framfor er det sannsynleg nok at eit opphavleg *Kvæeyin el.l. kan ha lydd ikkje berre |''kve:åya|, og |''kve:øya| som no, men |''kve:eja|, |''kveija|, |''kvi:ja| med. Desse to-tre siste variantane – tilsynelatande hypotetiske, men alt anna enn usannsynlege – ville det ligge snublande nær å oppfatte enten som *kvegja (eit ukjent ord) eller også kvedja, kvidja. Lat så vere at gno. kveðja f «tiltale, helsing» ikkje gir meining når vi snakkar om øynamn, likså lite som kviðja v. «formeinke, hindre, forby», men den lydlege likskapen må like fullt ha vore der.
No blir det mykje interessant, for Kvæfjord-namnet er skrive både Quiffiordt og Queifiord i 1567! Quæfiord med æ kjem først i 1661 (meir om det seinare). Dei eldste diplomatariske formene er i Quidiafiorde, Quidiafyrdin, i Quidiafyrdi som alle tilseier ein lesemåte Kvidja-. Noko yngre er formene Quidafiordar kirkia, så Quidafiorden (1490) og Quidefiord 1539. At dei fleste formene er utan årstal, kjem av at alderen til diploma er usikker: «I Udg. af DN er de under Tvivl henført til 1350-1380. Men Oluf Rygh har i en Note i sit Exemplar udtalt den Mening, at de maa være yngre eller ogsaa Afskrifter fra 15de Arh. af ældre Diplomer» (fotnote i NG 17: 1).
Heilt for seg står iallfall formene i Qwidhiofiordh i Aslak Bolt og i Kvidufyrde i Rimbegla, der den første må lesast *Kvidju-. Dei som tok første ledd i fjordnamnet for eit hokjønnsord *kvidja, gav det underform kvidju-, her i sms. med -fjord. Det var regelrett nok, men neppe tradisjonsrett. Når så førsteleddet *Kvidja- (seinare *Kvida-) dominerer blant dei mellomnorske formene, kan årsaka vere at dette låg folkeleg uttale nærast: Øynamnet *Kveøya var, i sms. med -fjord <-fjǫrðr, blitt samandrege til *Kveia-, *Kveija-, skrive Quidia- men seinare sagt *Kvea- og skrive Quida-. Men heller ikkje lydsambandet -ea- (såkalla hiatus) kunne halde seg i lengda, det måtte bli til æ, så vi fekk fjordnamnet Kvæfjorden. Sjølve øynamnet var nok også innom stadiet *Kveija, og kanskje *Kvea, men ei tradisjonell lokal kortform Øya gjorde at folk flest ante den rette samanhengen, og med aukande skriftkultur vart namnet sistpå restituert til Kveøya. Vi kunne nok finne fleire andre døme på denne siste utviklingsgangen.
Kva tyder eigentleg Kve-, i øynamnet? Har nok ei formeining om det, men vil først hente Håløygminne 1936 med Carl Bertheussens «Litt Rymbegla», der opprekninga frå avsnittet «Um Eyar Vid Noreg» er sitert. Teksten er enkel nok, men uvant for oss er at ordet er oftare står for «som» enn for presens av å vere, t.d. þá er Ey er Senniab heitir = «dernest er [det] øya som Senja heiter». Den siste halvdelen av øyremsa lyder så: «Andyria, Roölld, Brimilsey, Biarkey, Sónesta, Qvidiney, hun er mest, þá er i Kvidufyrde, þá er Þrandarnes».
I denne øylista står det litle ordet þá for «deretter», «dernest», og endå vi etter overskrifta vil vente berre øynamn, finn vi «þá er fiördur er Malangur heiter», «þá er i Kvidufyrde», «þá er Þrandarnes». Så langt er det greitt nok, men sjølve passasjen «Qvidiney, hun er mest, þá er i Kvidufyrde» lagar floke, for Qvidiney er slett ikkje «mest» (størst) av alle dei opprekna øyane, ho er tvert imot den aller minste!
Utan å ha noka trening med norrøne handskrifter, eitt mindre kommabruken der, tenker eg ein annan lesemåte er rimelegare: at þá akkurat her ikkje er adverbet «deretter», men adjektivet þá, i tydinga tå = tåen «avbera, snyberr» (NO 2: 1591-1592). Ordet er ikkje skriftleg overlevert frå norrønt, men det er der imot nomenet (substantivet) þá f. «snøberr (tint) mark», jfr. isl. þána «tine, bråne». Av den grunn tar eg sjansen på å ignorere det siste kommaet i Kvæfjord-sitatet og omsette «hun er mest þá er i Kvidufyrde» til heilt enkelt: «ho som mest tå [= snø-berr] er i Kvæfjorden».