Vår norske språkhistorie eller målsoge handlar om gammalnorsk og mellomnorsk og om nynorske målføre etter reformasjonen, etter Aasen også om eit nynorsk skriftspråk i tevling med eit dansknorsk tale- og skriftspråk som smått om senn er blitt litt meir fornorska. Ein av dei store skilnadene er at heilt norsk talemål og skriftspråk har gjennomført hankjønn og hokjønn der bokmål langt på veg framleis har felleskjønn, og akkurat det siste har kun forsterka seg etter tusenårsskiftet.
For at det skal vere sagt, endå det er kan vere upopulært, så er det berre naturleg at folk frå såkalla nynorske kjerneområde reagerer når framståande nynorskbrukarar i media vel bort former som ”fyrst”, ”hjå”, ”skule” mm. Årsaka til det er ikkje minst tidlegare jamstillingsvedtak tufta på ei samnorsktenking som i dag heng i lause, for ikkje å seie tynne lufta. Men dette er småting, forbetringspotensialet er langt større på andre felt, tilmed blant nynorskbrukande mediefolk som gjennomgåande bør få ros for god målbruk eller alt har fått det. Eit område for seg er tekst-TV, der det er ille å sjå at tekstarane ikkje ser skilnaden td. på det å legge til kai og ligge ved kai. Den slags detaljar må vi gå forbi, men kva er såkalla moderne nynorsk for noko?
I Syn og Segn 2-2007 blir endå ein gong påstått at det er på høg tid å modernisere nynorsken: ”Det burde ikkje vere noka skam at mange av orda og uttrykka kjem inn via bokmål, så lenge det fell naturleg”. Formuleringa tilslører og avslører på ei og same tid: Tilslører av di uttrykket ”via bokmål” må tyde at det ein eller annan stad utanfor nynorsk og bokmål finst eit kraftsentrum som har modernisert bokmålet og ville gagne nynorsk òg, dersom viljen til modernisering var til stades? Røyndommen er sjølvsagt at ordformene og uttrykksmåtane frå bokmål heilt enkelt er moderniseringa det er tale om! At nynorsk har noko å hente frå andre språk enn bokmål er visseleg ikkje i tankane til dei som hevdar at «modernisering» er løysinga på dei problem nynorskbrukarar kan ha, i så fall ville dei gjort greie for sine idear.
I våre dagar er dette snudd på hovudet, både jenter og godt vaksne kvinner bytter frå -sen til -datter eller -dotter. Ikkje nok med det, med vekslande gravalvor spør enkelte om ikkje ein norsk statsborgar av hokjønn burde heite nordkvinne, og meir til. Det er blitt fyfy å seie «gjerningsmannen» så lenge gjerningspersonen ikkje er hekta og kjønnstesta, for kvinner skal ha sin rettkomne del også av kriminaliteten. Fuglane må vite kva vi bør kalle ei som er utdanna styrmann, eller ein mann med jordmorutdanning for den del? Ordet kjøpmann er truleg i ferd med å forsvinne frå daglegtalen, så kjøpkvinne er uaktuelt. Fylkesmann- og sysselmann-embeta fekk lenge stå, men no har vi fått det dunkle "statsforvalter".
Dei som er mest ihuga på dette feltet, har like vel fått igjennom visse endringar, og kanskje får vi fleire, men eigentleg er vel dette ei språkleg kjønnsjamstilling der vi ser myggen, men ikkje kamelen? Det har nemleg skjedd endringar i norsk målbruk som får ei mengd hokjønnsord til å døy ut, og dette er litt ettertanke verd, same kva dialekt du brukar eller kva opplæringsmål kommunen har, også i nordnorsk samanheng. Dette så mykje meir som det i våre dagar dukkar opp uhistoriske, merkelege hokjønnsformer av typen «sanda», «skola» og «strupa».
Undertrykking av hokjønnsord er feministisk uinteressant?
Språklege aksjonistar av det slaget som er nyss er omtalt, understrekar pussig nok aldri, det eg har fått med meg, at nynorsken med hokjønn som ei konstituerande element er eit jamstillingsspråk, med ord som ei jente, jenta, ulikt det konservative bokmålet med si samkjønnsending (les hankjønnsending) av typen en pike, piken. Interessant er å få det i historisk kontekst, med to strofer frå kjende songtekstar, den første frå ”Gymnastikkmars” skriven av J. Nicolaisen (1847-1928):
Der hvor liten brattest stuper setter han utover, gutten på de glatte ski så spruten står.
Jenten efter! Fæle ting hvad slik en unge vover! Du skal se en vakker dag hun gutten når!
Konservativ språkføring, javel, men framtidsperspektivet var radikalt nok og har slått til, endå det utruleg nok var først i 2011 at sportsgreina kvinnehopp vart godkjend, jf skihopparen Maren Lundby som la opp på tampen av 2023!
Kva skal ein så seie om teksten, ”Elverim” av Nordahl Rolfsen (1848-1930), frå ”Læsebog for folkeskolen. Første del” s. 149 (Kristiania 1892):
'Den længste gutten, det er nu Glommen, Og god og diger, især i flommen;
Men ellers danser han likeglad Fra Aursundsjø og til Fredrikstad.
Han gaar i skogen, han gaar i skyggen, Og mangen tylft ta’r han med paa ryggen;
Han bærer hus, og han bærer kjøl; Og Glommen, det er en østerdøl.
Og siden seiler vi nord om Salten Og ser paa elven, som heder Alten;
Hvor Tana grænser på langs og tvers, Ja, der er grænsen for disse vers".
I skolesamanheng reknar vi Nordahl Rolfsen for å vere ein føregangsmann, men i dette tilfellet tar han vel ein dikterisk grep som etter vår tids syn må kallast komisk: Den trauste og råsterke Glåma/Glomma, som vinn kva løft det måtte vere og ber det fram dit det skal, må sjølvsagt vere ein gut, ikkje ei jente! Tvangsrimet i siste strofe setter prikk over i-en, for distriktet heiter offisielt Salten medan Salta tradisjonelt står for Salt(en)fjorden og burde ha fått lov å rime på nettopp Alta.
Ville Rolfsen ha valt norskare namneformer dersom han hadde kjent seg fri til å gjere så? Hausten i 2006 kom tankskipsleden som ”nyord” i norsk presse. Tekstarane i ein ikkje ukjend TV-kanal står på med det ynkverdige en øy, bunden form øyen. - Nobelprisen i litteratur til Jon Fosse år 2023 vil truleg gjere det litt mindre stovereint å motarbeide nynorsk språk, men 'motstandarbeidet' tar helst nye former, og vanetenking er og blir ei sterk kraft.
Skattekiste på museum?
Her er vi komne fram til den ordkategorien der nynorsk-brukarar har størst grunn til å opne auga og tenke seg om, nemleg eistavings hokjønnsord. Som ei innleiing er å nemne nokre velkjende ord for kvinnelege skapningar som brud = brur, møy, mor (moder), dis (gudinne) og fe (tryllefe), pluss motstykke som heks og gro: arg, vond kvinne eller også ”spørgesygt” eller ”næseviist Pigebarn”. Meir dialektisk er drós (for dame), likeins dråk, dræker (veikje). Det finst òg meir eller mindre nedsetjande hokjønnsord som i røynda gjeld begge kjønn, som dròg (tung, treg person), slong (dagdrivar) og gnòg (person som masar og kjasar) og visseleg fleire. Avgjerande for kva rom og status slikt får i skrift og tale er om glosen er godkjend av dei som brukar – bokmål.
Mykje av det same gjeld ord for naturfenomen. Her kan først nemnast ord som dimd (dimme), dogg, dust (støv, støvgrann), flo (i sjøen, eventuelt lagdeling), fonn, fukt (kondens, evt. liten eling), gidn (dirring i lufta, bivring på avstand), luft, mjøll, råk (renne i is), sikt og sjon (sjun), skur, sky, sno, sol, tå (snøløyse) + vòk (naturleg is-hol). Vi kan raskt slå fast at orda som er framande for bokmålet styrer òg nynorskbrukarane klar av! Dessutan har fleire av orda parallelle hankjønnsformer i nynorsk, usagt om det kjem av press frå bokmålet eller har andre grunnar.
Feministisk tenkande nynorskbrukarar vil sannsynlegvis protestere på – eller iallfall sjå det som ein snurrig tanke – at utestenging av eistavings hokjønnsord frå nynorsk daglegspråk på nokon som helst måte er antifeministisk: Ei som er dansk el. engelsk og ikkje har kjenner noko til kategorien hokjønnsord, er vel ikkje mindre feminist for det? Sjølvsagt ikkje, men norsk språk har no eingong hokjønnsformer. Rart er det då, især på nynorsksida, at feministar bryr seg fint lite om at hokjønnselementa i nynorsken blir dytta inn på mørkeloftet straks dei ikkje passar i bokmålet. Undertrykking av hokjønnsformene i norsk språk har altså ikkje med kvinneundertrykking å gjere, ikkje eingong symbolsk?
Sjå først på eistavings hokjønnsord som heilt konkret fortel om naturlandskapet og det som ovrar seg der: Mange av dei er fullt aksepterte i bokmål òg, der ein del av dei likevel oftare har hankjønnsform. Frå voksterlivet kan her nemnast bjørk, bøk, eik, gran, kvann, lind, nøtt (men ikkje not), osp/asp, pil, rogn, rot, turt og urt, og elles i sjølve landskapet bukt (vik; bøyg), dump (grop), egg (kvass kant), elv, flu, grop, hei, kløft (men jfr. kluft), kvisl (kvissel), li, mark, myr, tjønn (vsa. tjørn, ufs, urd, vik, øy og øyr (vsa. ør). Meir spesielt er det sms. ibot: tilrenn frå eit nedslagsfelt.
Fuglenamna spriker: gås og lo (heilo, åkerlo, rokklo) som hokjønnsord går også i bokmål; ørn kan passere når det kan vere hankjønn i nynorsk òg. Uakseptabelt i bokmål er derimot skjor (skjur), og ærfugl dankar ut kortforma ær (e).
At eistavings hokjønnsord er fullt ut akseptert i bokmål, inneber likevel ikkje at bundne hokjønnsformer på -a er velkomne! Skulle nokon vere i tvil om tilstanden på dette feltet, er det lærerikt nok å studere vegskilta: Når det gjeld stadnamn på -dalen, - fjorden, -gården, -haugen, -sjøen, -vågen eller i inkjekjønn -eidet, -fjellet, -landet, -vatnet, er praksis temmeleg prinsipplaus og liberal, med skriftfesta ubundne former og talemålsrette bundne former om einannan. Sansen for det konsekvente blir ein heilt annan straks bundne hokjønnsformer kjem inn, dei blir nådelaust amputerte: Kleppelv, Husjord, Kongsmark, Tennstrand, Bergvik, Breivik, Lovik, Sporvik og Rørvik, for ikkje å snakke om Forøy, Gisløy, Hanøy, Holdøy, Lokkøy, Roksøy og Sommarøy. Marka i Hadsel kan ikkje godt skrivast Mark, det er blitt Marken på vegskiltet.
Temmeleg symptomatisk er eit ovkort avisreferat 25. juni 2009 frå ei kommunal innstilling vedr. grendenamnet Klakksjorda i Bø : «Klaksjord skal ikke skrives Klakksjord – eller Klakksjorda, for den saks skyld». Alle namna framfor er frå Vesterålen, men det er neppe betre andre stader.
At nordnorske kommunar fører konsekvent krig mot hokjønnsformene på sine skilt er ikkje til å bortforklare, så noko ufyseleg er det med dei, endå det er vanskeleg å seie kva. Sikkert er iallfall at når det gjeld fastsetting av «rett» skrivemåte, er skriveskikken på 1700- og 1800-talet for mange den 'den gyldne norm' eller fasit, lengre har vi ikkje nådd.
Så mykje om vegskilting. Allment akseptert i konservativt bokmål er i alle tilfelle ikkje bjørg (åsrygg), bok (for bøk), bradd (for bredd), braut (heibraut, sandbraut), brun (bryn, kant), bust (langvoren bakkerygg eller høg landtunge), deld (grop), dokk eller dolp (grop, søkk), drog (dyrefar, lite dalføre), dump, fly (fjellvidd), flå (vid senkning eller flate), og flædd i liknande tyding, gro (padde), gròv (bekk, hole), hind (hjortkolle), hogn (fjellrygg), horg (flokk; hammar), hø (rundvore høgt fjell), kleiv (bakke med stig under), klopp (lita bru), krik, kvein (tust), lein (skråning; sidestykke), livd (ly), logn (ro, stille), lægd (senkning; avsats), låg (rotvelte), mòl (banke av rundvoren stein), nev (nase, pynt), nòs (framspring), orr for or(etre), rast (mark, jordstykke), rett (plan strekning, teig), rist (egg, bakkekam), rim (jordrygg, banke), rind (= ein rinde), run eller ròn (liten straum, renne), rust (skogstrimmel mm), røyr (plante; kant, ende), rås (farlei, stròk), sik (sike), skjel (bm. skjell), skòr (lang senkning mm), skrauv (skum), slegd (lægd), svod (svaberg), to (hylle, avsats), toll (tall, furu), trang = trong (bergpass) eller tåg (fiber).
Lat det no vere sagt, etter ei så endelaus opprekning, at fleirtalet av nordmenn har bruk for språket til meir enn berre å skildre norsk natur. Så står det vel mykje betre til med «kvinneandelen» på andre område?
Kulturlandskapet og landsens bruk
Talet på einstavings hokjønnsord som fortel om kulturlandskapet er i alle tilfelle færre. Mest samnorsk er bru, bygd (jfr ubygd om folkelaust område), grav, grend, røys (jfr delerøys), sjakt, trakt (strøk, strok) og tuft, også nokre av dei med felleskjønn i bokmål. Men lat det òg vere sagt at bru er hardt pressa av «bro» i bokmål.
Meir særnorsk er audn (øyde tilstand), braut (veg, jfr. ubraut: villniss), dys (gravhaug mm), kòs (dunge), fòr, låm og meidd (alle om spor mm.), rei (følgje som rir), slo (slepeveg), sto (tilhald, evt. standplass eller ”bestand”), tro (renne) og vist (tilhald; spor etter noko). I bokmål er alt dette framandord.
Derimot er ein slump einstavings hokjønnsord frå sjømanns- og fiskarspråket fullt ut aksepterte også i bokmål, om enn med ørsmå avvik. Vi kan her remse opp dorg, fli (skive, plate, flik), flå (barkskive; fløyt), gein, jakt, jekt, kran, kveil (av tau), og køy, lykt, mast, not, rip, rå (lang stong), snor, sokn, spik, stø, sveiv, tran og år (å ro med) – men det kan vere vanskeleg å få med seg alle ord som finst på dette feltet.
På den andre sida er ei lang rekke andre ord oppfatta som altfor ravnorske eller dialektiske for eit gjennomgåande konservativt bokmål, så som honk, logg (løgg, innskjering), rong (i båt), spong, stong, tokn (gjelle); gløym heller ikkje det nyttige men akk så parkerte ordet gogn (innretning, reiskap, apparat). Uvelkomne i bokmål er også felt (av garn eller line), fengd, vegn og veidn. Det same gjeld for røkt (pass, tilsyn), ro (saumplate), fiskenamnet røyr (i staden for røye), spòr (hol; endefeste), su (fuge; båredrag). Diftongerte ord av typen lei (farlei, retning), rei (ankerplass, rad mm) for ikkje å snakke om det meir dialektiske reiv (fiskeline) blir plasserte i skammekroken, same kva offisielle ordlister seier, og neip om ei kløfta stong nytta til snare eller som fiskereiskap er knapt nok kjent blant nynorskbrukarane heller.
Det er grunn til å poengtere at det er i fagspråket til primærnæringane vi finn den mest ubrotne norrøne språktradisjonen, det vil seie fangst, fiske og landbruk i vid meining. Dette gjorde i si tid at framveksten av landsmålet, som nynorsken lenge heitte, vart oppfatta som naturleg og legitim, men vart også fundamentet for tilslørte politiske fordommar mot nynorsk, først «grautmål» og seinare «spynorsk».
Orda knytte til garden og arbeidet der, til avling, husdyr og beite er naturlegvis ei talrik gruppe som vi kan dele i to nokså jamstore delar. Den eine er norsk sameige, så som agn (på korn), eng, ert, grind, hegn (gjerde), harv (men ikkje horv), geit, greip, grøft, hevd (gjødsel mm), hjord (jfr hyrding), jord, klauv (likevel også klov), kløv (på hest), ku, kvern, mark (inn-, ut-), merr, mold, møkk, onn, rein (åkerkant), sag, ski, skåk, taus (tenestejente), trø (inngjerding), vogn og øks. – Nokre av desse orda er blitt viktigare i overført og tidlaus tyding, som hegn, hevd og hjord, medan andre no berre har historisk interesse, som taus og trø. Elles er det vel verd å merke seg at diftongerte former som geit, greip og rein likså vel som taus og til dels også klauv har tiltvinga seg aksept i bokmålet med.
Derimot kan vi slett ikkje seie at ord som deild (avdeling; grensemerke) er allment aksepterte, ei heller geil (veg med steingjerde på sidene), reik (stripe), reit eller veit (grøft), likså lite som samansettinga beinlei = beinveg. Nærmast bannlyst i bokmål er også ord som bong (bom, slå), dròg (sledetype), dronk (strange), flòt (flat mark), greft (grav, hole mm), hes (hesje), hork (ringband, lykkje), hå (ettervekst), kjømd (spireevne), kvi (bm. kve), kå (snudd høylag), lo (avling mm), stemn (= demning), su (sugge, purke), tong (bm. tang), tidn (dyresæd; befruktning), tik (tispe), likeins våg (løftestong) og ørt (drøv), jfr verbet jorte i bokmål.
Perspektiv ut over primærnæringane
Enkelte vil kanskje seie at det berre er historikarar og arkeologar som har bruk for orda i den sist omtalte gruppen? Det er på ein måte rett, men då ser vi heilt bort frå at det i lange tider knapt har vore vilje eller evne til å føre ord med generell tyding over til nye bruksområde, det vere seg deild, flòt, kjømd, lo, reik, reit eller andre. – Dersom språkplanlegginga hadde vore målretta, er det god grunn til å tru at ord og omgrep frå tradisjonelt gardsbruk, sjømannsskap eller fiske også ville duge på nye område i det industrielle og postindustrielle samfunnet. I alle tilfelle, her nærmar vi oss ord som går på hushald og husstell, mat, klede og innbu: Ord som flis og kveik, glo og sot har den dag i dag med fyring å gjere, og vi produserer eller kjøper saft, frukt og anna som kan ha god duft,. Mange framstiller også julefisk ved hjelp av lut medan heimeslakting og dermed stell av ru (vinterull) eller talg er mindre aktuelt. I bruk den dag i dag er rasp og rist og sikt (såld), skål og sleiv så vel som saks og (kniv i) slir, vi set vår underskrift med penn, søv i seng og vil helst ikkje ha mus i huset. Uvelkomne er også folk som tygg skrå, men kven veit kva som er mote i morgon, jfr. snusbruken blant unge kring 2010. I moderne nynorske tekstar skal vi derimot leite lenge etter ord som skurn (hardt skal) eller snei (om brødskive eller andre slag snitt). Trekt (til væske) er fortrengt av bokmålsordet trakt, og nynorskfolk kviar seg nok for å seie steik med høg røyst i staden for stek (med mindre engelsken kjem diftongen til unnsetning).
Då er det mindre å undrast at eit knippe med ord knytte til kledrakten og klesstellet i det førindustrielle samfunnet blir rekna for antikverte, som bot (lapp å bøte med), brok, dòs (skjørt, stakk), erm(e), gjord (belte), reim, ryft (vevbreidd), skrå (skinnlapp eller eventuelt skinnsko), sno (smal rand av særskild farge), strind (strimmel, stripe), og truleg endå fleire – men nål har berga seg. Ei anna sak er at særtydingar som bot (ved lovbrot) og i det minste her nord også brok (til fortøying av båt) står ved lag.
Eit interessant, men språkleg sett forsømt felt er transport i vid meining. Nokre av oss er gamle nok til å hugse ståheien kring lovteksta om «skjenelause køyregreier». Vogn er eit samnorsk ord, og meis (som i rygg- eller bakmeis) bergar seg kanskje sportsleg, mens korg kjem i skuggen av bokmålsordet kurv. Antikvariske kallar vi der imot ord som hit (pose) og kjørv (liten pose), på line med inkjekjønnsordet ilåt (bokmål: beholder).
Å ta vare på eigne eller andres interesser var alltid viktig. Slik sett er det påfallande kor få hokjønnsord som fortel om penge- og verdirøkt. Vi skulle tru at termar frå økonomistyringa i det gamle bygdesamfunnet fanst i hevd den dag i dag, men med nye handelsvarer og tekniske innretningar følgte heilt nye ord, eller også tevlande bokmålsformer. Ordet skuld (om gjeld, evt. om verdsetjing) blir oftast valt bort til fordel for skyld. Tre andre frå same sfære hevdar seg like dårleg: borg (om kreditt; evt. kausjon), jamfør eign (eigedom) så som i hopeign og vareign (varetekt) eller også ueign (utgiftspost, brysam eign). Like interessant er vend (utsikt til, von om, prognose): Seiemåten «eg måtte ha visst kor det var vend» er i nyare tid omforma til «vetta kor det va vent». Aller lågast prestisje har ord som forn (gåve, foræring) og stjorn (hushald, økonomistyring), endå styrar i tyding ”husholder(ske)” har vore eit kjent landsens ord. Merk òg vanstjorn og ustjorn (det siste berre i inkjekjønn?) om dårleg hushald eller styring.
Hus og byggverk av ymse slag var naudsynte for menneska heilt frå den tid vi vart bufaste. Ein god slump einstavings hokjønnsord fortel om dette, som ark (utbygg), borg (slott), bu, fløy (sidebygning; men også: vimpel), lån (lang bygning), sval og tomt. Desse orda tør vi rekne for samnorske, endå både nynorskskrivande og andre med naturleg norsk tale motstandslaust godtek ”boden” i staden for bua om eit rom i utkant av sjølve våningshuset! Det alderdommelege innevist ”herberge, husvere” blir då eit ord som ingen vågar å ta på tunga, så enkelt og greitt det enn er.
No er eit slags norsk språksamhald merkande i mindre einingar eller detaljar: fjøl, krypt, lekt (å lektre med), list (kant, strimmel), nov, raft (overgang langvegg-tak), slå (dørslå), svill (eineform også i nynorsk, endå norrønt syll er høgst levande i talemålet mange stader) – mens trapp har fått overtaket på tropp også i nynorsk.
Men så melder skismaet seg: I snekkarspråket vil vi knapt nok, og iallfall ikkje på byggeteikningar, støyte på ord som borg (svillmur), brik (skranke mm), gått (karm, fals), hurd (dørskive), rim (spile, fjøl), røyr (omsrøyr), slind (tverrbjelke; flask), stett (lita trapp, pall, avsats), sval (gang, påbygg) eller ufs (takskjegg). Dei er alle korte og greie ord som vi skulle tru stod sterkt i tevling med samansette nemningar som bokmålet her må ty til.
Skal vi så laste bokmålet og dei som brukar det, for ordtap på dette og mange andre område, eller er det tvert imot målfolket som har «gitt ved dørene» der dei burde ha stått på krava? Er det rett at språkleg framtid og utviklingpotensiale i nynorsk står og fell med tilnærming i retning bokmål? Tankekorset blir endå større av di mange på bokmålssida ikkje ser nokon fare i at vi blir meir anglifiserte dag for dag. Vi bør kan hende sjå med forståing på skoleelevar som ikkje ser vitsen med å lære seg ein nynorsk som gjer krav på å vere eit eige språk, men som dag for dag, i stort som i smått, temmeleg prinsipplaust jenkar seg etter sambuaren bokmål i det meste.
På dørstokken til det abstrakte
Nokre av dei einstavings norske hokjønnsorda fortel om kvalitetar, dimensjonar og mål og rørsler, tempo mm. At nokre av dei òg har fått rom i vanleg bokmål, ser dei fleste utan hjelp. – Innleiingsvis er å nemne art (slag) så vel som det meir arkaiske kynd med tilsvarande tyding, vidare fine språklege byggeklossar som tekt (inntekt, sjølvtekt m.fl.) og gift (avgift, tilgift, utgift o.a.), for ikkje å gløyme småord som så (grann, eigtl. kornskal-fliser) og leivd (det som er att, etterlatenskap). Viktige er òg dei tilsidesette orda som fortel om dimensjon o.l., som breidd, djupn ("dyphet"), djupt = dypt (bm. dybde el. stort dyp), drygd (drøyhet; omfang), grøvd (grovhet, kaliber), høgd (bm. høyde, høyhet, også: høg stilling; etasje), lengd, lægd (bm. lavhet; også: grop), sidd (bm. sidhet), størd (storleik), tjukn (bm. tykkelse, omfang, tverrmål, evt. tetthet) eller tjukt, og så vidd (vidde, breidd), tyngd og vekt og kanskje fleire. Vi kan òg ta med ord som fyll (fyllmasse; utfylling oa), horg (hop; virvar), megd (hop, masse), mengd, nøgd (tilstrekkelighet, evt. overflod), rømd (rommelighet, evt. stort rom), sprengd (utspent tilstand), timd (sikt; skimt), traut (skort; tronge tider; uthaling av tid), trengd (bm. tranghet; naud, trengsel).
Ein dimensjon for seg er tida og inndelinga av denne, der vi blant eistavingsorda iallfall finn jol lik jul, natt (nott), stund, helg og sykn (den delen av veka som ikkje er helg), og endeleg øykt eller økt (3-4 timar): formiddags-, ettermiddagsøykta. Vi kan òg legge til det samansette kveldri ”arbeid som kjem brått på og blir avslutta på kort tid om kvelden” (Ross, frå Telemark).
Eit anna slag inndelingsord er ætt (norrønt også átt), eigentleg åttandepart, åttedel: Når vi gjer greie for ætta (med eit nyare ord slekta), går vi vanlegvis ikkje lenger attover enn til våre åtte oldeforeldre. Når vi gjer greie for retningane, nøyer vi oss tilsvarande med aust, vest, sør og nord pluss dei mellomliggande fire kombinerte nemningane, altså ei inndeling i åtte der òg. – Interessant i den samanhengen er atRoss frå Vestfold mm. har mark i tydinga ”himmelegn” i samansettingar som ”det klarnär i vestmarka, nolmarka”.
Veldefinerte ord for inndeling var eller er også helvt (halvdel), mark (250 gram), mil, sneis (20 stk, eigtl. pinne, stake o,l.), tylft (12 stk). Meir ulne for oss i dag er orda gaupn, alen og spann (der hand og underarm var opphavleg måleeining), og endå friare ord er bukt (dobling, også: overtak), jfr. seiemåten «ha bukta og begge endane», og rast (rekke, rad, strekning), vend (omgang, gong; skråline; rettside) så vel som takt (jfr. utakt).
Andre ord for inndeling og orden, i overgangen mellom det abstrakte og konkrete, er lov (log), i dag av mange artar og inndelt i bolkar og paragrafar. Like eins sokn (bm. sogn), som eigentleg tyder søking (i vid meining) eller (stor) søknad i tyding tilstrøyming av folk, nærmast som «kundekrets» i bokmål, men primært folk som budde slik til at dei naturleg søker den eller den kyrkja. – At sokn også er ei gogn til å søke på botnen med, er alt nemnt. Det luftmilitære ordet sveit (fly-) hevda seg godt i krigstida, meir uvisst er kor stort rom ordet har i dag.
Unemnt så langt er den kjensgjerning at mange av dei omtalte eistavings hokjønnsorda har tillatne eller fullt jamstilte sideformer på hankjønn eller inkjekjønn. Dette for ikkje å komplisere oversynet, men forenklinga tilslører då samstundes eit viktig poeng, nemleg at det nettopp er sjølve hokjønnforma med bunden form på -a som er støytesteinen: Ordet får innpass også i bokmål dersom nynorsken jenkar seg og let hokjønnsforma fare. Her kan i fleng nemnast ord som
bragd (prestasjon), form, fynd, hast, hevd (rett; god stand), rast (kvild), ri (flage, anfall; bel, stund), rust (på korn og metall), sjel, straff, strid, svikt, syn, synd, takk (+ vantakk og utakk), teft (fert, ”nase”, nysn), tort (mein, ugagn), vakt og ånd (jfr. «ei uånd i tida» i litterær nynorsk).
At bokmål krev felleskjønn, er òg typisk for ord som ferd, flukt og reis (bm. reise). Å vere i ferda står i motsetnad til det å vere i kjømda, men siste ordet har tronge kår i bokmål, liksom fikt (hast), løypt (glid, fart), skrei (flokk, stim, eigentleg: det som skrid) og snedd (fart). Her byr nynorsk dessutan på enkelte svært interessante motsetnader, t.d. at ei tankelaus framferd lett endar i vilkårslaus attferd (retrett).
Like utstengde frå bokmålet er ei lang rekke andre eistavings hokjønnsord, og det alvorlege for nynorsken er at det i denne bolken især går ut over ord med abstrakt tyding, som bisn (merkverdighet), bjergd (hjelp for ei stund, naudhjelp), bragd (utsjånad; mønster), drust (prakt), bøn, bør (byrde), duld (skjul; stille), dygd (næringsverdi; crèmen, det beste), feigd (det at nokon er dauden nær), frægd (navnkunnighet), fysn (lyst, lengt), glopp (slumpetreff), gjerd (måte; gjerning; form; utvikling; beskaffenhet) – som også er byggesteinen i motgjerd (”motforholdsregler”), ugjerd (uskikk, dårlig gjerning eller arbeid), åtgjerd og ågjerd (merkeleg åtferd).
Andre abstrakt, som òg for det aller meste har det trongt i bokmål, er grein (avart; avgjerd; beskjed, greie, orden) og ugrein (uorden), grimd (vreide, bisterhet), hegd (behendighet; måtehald ol.), homd (humør, stemning, dagsform), id (bestrebelse, iherdighet), idn (bm. arbeid, virksomhet), kjøld, kuld, kyld, kløkt (gløggskap), legd (nedlagd stilling; det kvar for seg legg til), leit (ettersøking), likn (merke; von om o.l.), list (sluskap), lygn, lykt (ende-), løynd (dulsmål, skjul), mynd (eigenskap; autoritet mm), naud, nemnd, nysn (spurning; vink), ogn (otte; age), reik (stripe, linje; skil i håret), rygd (redsel, gru; "mirakels"), røynd (erfaring; realitet), råd (mulighet; økonomisk evne; middel, plan) jfr uråd (umulighet; mangel, forsømmelse), segn (beretning; sagn) m.a. i fråsegn, motsegn, samsegn, tilsegn, utsegn.
Det er sjølvsagt alvorleg, for all språkbruk som går på det abstrakte, at nynorsken skrinlegg eigne ord og i staden importerer frå bokmålet. Dobbelt ille i dei mange tilfelle der dei skrinlagde korte orda var eller kunne ha vore nyttige byggeklossar (emne) til nye samansette ord.
Stoda er det same for seigd (seighet), sjun, sjon (synsoppleving), sjå (i etter-, om-, oversjå oa), sløgd (sløgskap), spurn (tidend, etterretning; spørsmål), stuld (steling, tjuveri), svift (glimt, skimt), sømd (sjølvtukt, ære, heider) jfr usømd, togn (taushet, stille), trengd (tranghet, sneverhet; naud), -vild (fri vilje, eige ynske) i godvild (ei teneste gjort av velvilje) og sjølvvild, dertil visn (teikn, merke), utlegd (bm. utlendighet, eksil), og ålmekt som variant av allmakt (i tyding ”veldighet, voldsomhet”).
Nokre einstavings hokjønnsord fortel om anatomien hos mennesket, sjeldnare dyr, og her er om lag halvparten brukande også i bokmål, så som bot (hombot, kalvbot, knesbot), brå (augnehår), dov (lend, hoft), dun, fu (bakende, ræv mm), hand, herd (skulderblad; skulder), hoft (hofte), hud (også: stort skinn), il (fotsole, ilk), klo, krik (augne-), lend (hofter; kryss), mjødm (hoft; hofteledd), rauv (hol, opning), rist (vrist), ræv, reis eller røyr (lyske), tå, ull og vom. Dei aller fleste er eintydig anatomiske. Nokre kan også ha overført tyding, men den tendensen ser vi lettast om vi slår saman anatomiske termar av alle kjønn: foten på eit fjell, huda på ein båt, auga i ei nål osv.
Nær knytte til menneskekroppen er også ord som seier noko om liv og helse eller eventuelle helseplager, fysiologisk eller psykologisk tilstand, sansar og subjektive kjensler. Berre eit godt dusin av desse har fått rom i bokmål:
and (pust), blygd (blyghet), drift, eign (barn-), frygd (livslyst o.l.), frykt, gikt (ikt), hugn (fornøyelse, glede), kraft, kveis (fyllesjuke, tømmermenn), kvild, lit (og tillit: tiltru mm), livd (skånsel), lukt (luktesans), lus, lyst (hug), makt, rift (i huda), ro (kvild, fred) jfr. uro – òg om uroleg person, uroræv – og røyst (stemme), skam, skjemd (beskjemmelse; skammeleg åtferd), skuld (og uskuld) men jfr. skyld (slektskap), skygn (røkt; utkik; ettersyn), sorg, sott, sut (bekymring), syn (andlet, åsyn, fjes), merk òg havsyn, heimsyn, vidare tokt (ri), torv (trong, turft), trivd (trivnad), tru, trygd (sikkerhet), trøyst, trå (begjær; lengt), turft (behov), tægd (tilfredshet el. behag; gagn), umegd (veikskap, vanmakt mm.), von (håp), vægd (ettergivenhet), yngd (oppvekst) og våg (puss, materie).
Her kunne vi føye til ein del ord som især går på observasjon av den menneskelege veremåten og som er heilt utestengde frå bokmål, med eller utan bunden form på -a, t.d. fysn, grimd, hegd, homd, id, lygn, løynd, mynd, ogn, sløgd, stuld og sømd. For seg står gjengd (rovdyr-streif), jfr. islandsk gengd om innsig av fisk eller noko anna som er i auking eller vokster.
Ordninga eller grupperinga av dei einstavings hokjønnsorda som er omtalte går på sakområde og assosiasjonar og gjer ikkje krav på å vere djuptpløyande nok for alle formål, men her er det berre å vise til Norsk Ordbok, der bind 9 nyss kom ut og der dei resterande tre binda blir ferdige til 2014. - Andre vil seie at mange av orda som framfor er nemnt aldri vart vanlege i nynorsk. Kva kom no det av?
I alle fall, vona er at dette oversynet får synt gode ord som ligg i ubruk, ikkje minst samansette: I Hans Ross’ ordbok kan vi td. finne ord som låsnål for sikkerhetsnål, oppråd (knipe), rettsyn for objektivitet, rundferd for turne, sjølvtrygd (sjølvtillit, kanskje òg ”selvtilfredshet”), synsnemnd for ”Besigtigelses-Kommisjon”, ærebot lik ”oppreisning” mm. Er det noko som helst å utsette på desse glosane?
Her tenker truleg mange med seg at vi veit betre enn «klassikarane» for hundre år sidan eller meir kva for nynorskord som hadde suksess og kva som vart ein fiasko. Men var no dette resultatet av ei såkalt naturleg språkutvikling eller av sneversynt avvising? Her skilst vegane, for det er mange nok som slett ikkje vil vite av nyord med mindre dei er engelske, og som trur at dei sjølve har eit språk med naturlege ord som ingen har konstruert!
Folk på Vestlandet, i Trøndelag og Nord-Noreg har aldri mist interessa for Island, Færøyane og andre kystsamfunn i vest, det heng i hop med geografien og likskap i levekår og kultur. I vår tid er kystkultur blitt eit honnørord, men det kjem ikkje til uttrykk i langvarig samhandling desse samfunna imellom, for det fjerne Austlandet eig folketyngda og fleirtalet av institusjonane og finanskjeldene som styrer kulturinitiativa. Nordmenn flest veit ma. lite om færøysk og islandsk språkrøkt. Kva skal dei vel med slik kunnskap, vil vel mange spørje.
At bokmålsbrukarar kan vere fordomsfulle i møtet med nynorsk er ein ting. Verre er at fordommar innprenta i æver og år slår igjennom også hos nynorskfolk, slik at dei vel bort gode ord av omsyn til synsing i bokmålet i staden for å øve målrøkt på nynorsken sine eigne premissar. Den beste måten å gjere ord naturlege på, er enkelt nok å bruke dei så ofte at dei blir vanlege. Til kvar tid å skulle innrette seg etter kva som er kjent og naturleg for bokmålsbrukarar er meiningslaust, men i røynda er det nettopp det som skjer, via nynorsk sjølvsensur.
Nynorsken er og blir B-språket, det norske andrespråket, blåpapirspråket: Målbruk blant nynorskfolk i media bikkar stadig over til ord og vendingar frå bokmålet sitt arsenal, som ”vannmassar”. På forsommaren 2009 kom der òg ei tekstmelding om at vassføringa i elvane på Austlandet kunne auke kraftig på kort tid, så det var stor fare ikkje for flaum eller flom eller ofse, men for «flash flood»! Dagleg høyrer vi òg at ditt og datt ”finn stad” der meininga enkelt nok er at noko skjer, hender, går føre seg. Den fornying av bokmål som samnorsktenkande drøymde om, er snudd så totalt på hovudet at vi minnest grisen i eventyret som ville av og få dom for likare levemåte, men let seg distrahere på vegen så slagordet «kveite og erter og sova på silkeseng» vart til «skuler og rask og liggja i boss».
For mange er det berre samtida som tel, og for dei ser det innlysande praktisk ut at vi held oss til eitt ”norsk” skriftspråk, som sjølvsagt er dagens (klart konservative) bokmål. At vi har to norske skriftspråk, er det uråd å forstå til fulle med mindre vi kjenner språkstoda i den dansknorske æraen, så vel som Ivar Aasens måte å tenke og arbeide på, men også det sterke norske ønsket om å halde svensk ute i unionsåra 1814 – 1905.
Elles kan no alle gå seg i tankefella: Nynorskskrivande argumenterer og resonnerer tradisjonelt med bokmålet som referanse og premissleverandør, endå dette er tufta på ein sterk dansk-tysk tradisjon, medan andre mål i all hovudsak er haldne utanfor diskusjonen. At denne vanetenkinga ikkje gagnar nynorskbrukarane på nokon som helst måte, men gjer oss håplaust avhengige av bokmålet, burde vere innlysande.
Svenskane var ikkje mykje interesserte i norsk språk, og målrørsla har aldri av eige tildriv våga eller brydd seg om å gløtte i svensk lei heller, endå så innlysande det er at Kjølen er eit lågt dialektisk gjerde både i sør og nord. Symptomatisk her er skorten på gode norsksvenske og svensknorske ordbøker. Språkleg distansering og mistru i unionstida har seinare blitt ein del av vår norske vane-tenking, og skulle nokon seie at mykje i nynorsk og svensk er likt, blir det helst ille likt, og det er kanskje berre å vente: Ei mengd av dei eistavings hokjønnsorda vi har vore inne på, er ein naturleg del av svensk språk, medan nynorsken i denne sak heller ser seg tent med å tilpasse seg eller gå arm i arm med bokmålet, endå den konservative tenkemåten frå gamle dagar stadig forsterkar seg der: Feminine former er ei privatsak, plag oss ikkje med dei skrift og tale.
Trykt i Håløygminne 2011, der kalla "Nynorskens jentetap"