Forkortingar å merke seg:
bnr. = bruksnummer, fi. = finsk, gno. = gammalnorsk, dss norr(ønt), gnr. = gardsnummer, Lehnw. = Nordische Lehnwörter im Lappischen, ls = lulesamisk, vidare NG = Norske Gaardnavne, NO = Norsk Ordbok (12 bind), ns = nordsamisk, oslo = Ordbok till Sveriges lapska ortnamn, Qv (J. Qvigstad) = De lappiske appellative stedsnavn, sks = skoltesamisk, ss = sørsamisk.
Bile |''bīle| var gnr 19.1 i Moss. Det er eigentleg, som NG påpeikar, ein lang og smal, i endane ganske spiss holme. Rygh resonnerer såleis: «Maaske det gamle Ord bíldr m, der ogsaa forekommer i Formen bílda f og bruges om forskjellige skjærende Redskaber eller Vaaben, saaledes om Lancetter til Aareladning, om Ispile (hvilket Ord har dette bíldr til sidste Led), om et Slags Pile af særegen Form (bíldðr). Sandsynligvis har Holmen faaet Navn efter et saadant Redskab eller Vaaben paa Grund af Lighed i Form; i Oldnorsk maa Navnet have lydt Bílda». Han gir òg døme på bruk av det same bíld- i stadnamn.
Så langt heilt greitt, men også ss bïjle tyder «ispil, isøks»! Likskapen mellom det siste ordet og gardsnamnet Bile er påfallande stor.
Bøkkelstad |''biᶄᶄułsta| gnr 39 Trøgstad: Byckelstad, Bikulstad 1593, Bickellstadt 1604, Bochelstad 1612, Biuchulstad 1616, Bøchelstad 1723.
Liksom Radderud (ss raedtie «utkant») låg Bøkkelstad lengst nordvest i gammalt busett område. Namnet liknar Bykle som namn på kommunen lengst nord i Setesdal, og iallfall Byckel-, Bikul- kan ha utspring i ss bijjelds- «ytter-».
Børud |''bȫru| Skiptvet gnr 77: Byerrudt St. 16, Bøerrudt St. 17, Børødt 1600, Børød 1639, Børud 1667, Bøyerud med Presterud (plassen Franserhuset) 1723. «Den oprindelige Form ganske uvis».
Garden ligg på og ved ei høgd på 108 m som ruver meir i det gjennomgåande flate landskapet enn nabogardane. Bye- kunne derfor komme frå eit ss bijjie- «øver-, øvre». Der er òg på tre sider små søkk som lagar bakkehelling, klarast mot nord, merk derfor òg ss byjje 'dalskråning, li'.
Gimmen (store) |''jímmen| Idd gnr 41: a Gylmæimum 1341, ca 1600 Gimenn og Giming. Gardshusa ligg oppe i ein skråning, medan innmarka framfor er ei djup dokk ned mot ein bekk. Truleg verkar dette som ei kuldegrop, jf. sørsamisk (ss) gilmehtidh [gî-] få noko til å fryse; la fryse. Sml. fjellnamnet Gïlmëtj i Sorsele: «en hel familj har frusit ihjäl här». – Tilsvarande stadnamn finst fleire stader i Sverige (oslo 83).
Gopperud |''gåpåru| Trøgstad gnr 64: Goperud 1593, Gupperødt 1604, Gopperud 1612, Gaaperud 1616, Gopperud 1723. Garden ligg vestom ein runda åshump med ei tjønn midt i. Her passar ls gåhpe «(rund, ej så vid) sänka (i marken» og ns gohpi – men ss kjenner ikkje ordet lenger. Samtidig svarar heile åshumpen tydeleg til ls gåbbå «(rundaktig kulle», jf uttalen |gåpå-|. Større lydleg avstand er der til ss gabpe «flat haug» (Kapp på Toten!). Liknande refleksjonar gjeld òg for bruket Gupu i Bærum.
Gudderud |''gudderu| er gnr 48 Askim (no indre Østfold): Godharuð ca 1400, Guderud 1593, Gudderud 1612,1616, Guderud 1723, no «Guderud». Så heiter også gnr 96 på Østre Toten (daglegnamn «Vollen»): Guddærud 1442, Guderud 1669, Gudderud 1723 (hadde då lenge vore underbruk til Tømmerhol).
Det er naturleg å sjå etter kva som er sams med Guddal i Sokndal, Guddalen og Guddemyren i Lom og likeins Guddalen i Bygland og Fjaler, for ikkje å oversjå sletta Guddestad i Åseral: Fellestrekk er låg- og våtlende med myr og myrsøkk, då kan ein ikkje sjp bort frå ns guovda (sks kuvdda): fuktig og grasgrodd slette (i skogen eller mellom moar), el. lang og smal grasgrodd opning i skog, ei lægd el sump-eng. Så lenge det er tale om skog, er der også uskarp avgrensing overfor lokalitetar av typen guddje (<fi. kuja) «opning, passasje» (Qv 342,359).
Gusland |'gusslann| Hobøl gnr 55: i Gudislundum, Gudirslund ca 1400, Gwditz landh 1431, Gudisland 1448, Gußlundt, Guedtzlund 1624, Gusland 1723. «Vokalen i sidste Stavelse, som det vil sees, forandret til a allerede tidlig i 15de Aarh.» Det Same gardsnamnet finst ein stad til, i Østfold: Guslund |''gūsłonn| Skjeberg gnr 99-100: i Gudislundum ca 1400, a Gudis ludh! 1440, Gvdeslvnd 1445, Gudißlund 1593,1599 og Gudsland, Guslund 1603, 1723:
«Samme Navn, nu tildels i Udtalen for andret til Gusland, findes i Hobøl og Enebak .... Samme Begyndelsesled har man i Gudsaas i Furnes (Guðisáss efter DN I 285)».
Desse gardane har, kvar i sitt nærområde, ei sentral eller midstilt plassering. Det ligg derfor nær at dei overleverte skriveformener Gudis-, Gudirs-, Guditz- osv. reflekterer eit sørleg ord *Guditje-, Gudisje- tilsvarande ls guovdáš, guovdáž- «midtpunkt» (Korhonen), til ls guovdda- [Spiik] «som ligg i midten», i ss berre nytta om goevte «februar» (d.e.: midvinters).
Hakelund |''hakelønn| Idd gnr 85: Haggellundt 1593, Hagelund 1604 og 1626. Førsteleddet er sannsynlegvis same ord som sisteleddet i sørleg ss -hagke «stad der det veks frodig», nytta i sms. med gasngese- «einer-», såekie- «bjørk-» osv. Som forledd er det notert i h-laus ss form akke-land eller -ædnam «gräsrika betesmarker», = áhke «riklig gräsväxt, rikligt kreaturbete» (Qv6, oslo 45). – Eit spørsmål for seg er om |-lønn| i dette tilfellet faktisk kjem av gno lundr m «liten skog» eller berre er forvanska av ss luemie (låemie) «lita grasgrodd lægd mellom haugar».
Jale |'jale| Skjeberg gnr 34: Jalæifuær1344, i Jarleif ca 1400, og i Jaleifui (og Jaleifsmenn!) 1447, etc. Her ligg gardpartane på (og ved) ein mesta oval knaus, og det er meir nærliggande enn noko å tenke på ss jalloe, sørleg ss form jalla høgd (konkret, i terrenget) – pluss sisteledd -oaivúr (Jokkmokk), var. oai'vura etc. «krönet av en backe», avleidd frå det samiske ordet for hovud (oslo 145). Fritt omsett er då Jale <Jal-æifuær *høghausen, *høgknollen el.l.
Jambæk |''jammbækk| Rakkestad bnr 128,11: «Mulig af hjalmr, Hjelm, i den gamle Betydning af Stak», seier Rygh. Det er tenkeleg, men hugs òg ss jabnoe «stabbur ved kåte».
Jorud |''jōru| Trøgstad gnr 103: Jodorud c 1400, Joffuerud 1612 og Jouffuerud 1616. Garden har kupert innmark og ligg under ei uslett åsside, med toppar kalla Jorudrusten og Jorudåsen. Dei to 1600-talsformene syner greitt at ss joeve (lang o) «urd, strekning dekt av urd» er førsteledd, sml. åssida. Forma Jodorud ser avvikande ut, men er eit uttrykk for det tilhøvet at i mellomnorsk tid hadde ð mellom to vokalar enten fått uttalen v eller j, men orda vart i hovudsak skrivne som før. For skrivaren dengong var Joverud eit norsk gardsnamn, dermed skreiv han automatisk d (i staden for ð i korrekt gno.) medan o i 2. staving kan ha vore slump, eller òg var det ei nordlegare form juovva som gjorde seg gjeldande, her i underform juovvu- pga norrøn bøying.
Kontra |'kontra| er bnr 248.1 i Rakkestad og gnr 116.1 i Kråkstad i Akershus. Her seier NG: 'forekommer enkelte Gange som Navn paa mindre Gaarde og Pladse østenfor Kristianiafjorden. Synes at være det latinske Ord contra (ligeoverfor, imod), men hvorledes og i hvilken Betydning dette her er blevet Stedsnavn, kan jeg ikke oplyse'.
Den mest nærliggande forklaringa vil forundre: konttur, kon'tur, kontór «litet gärde vid sidan av och i förbindelse med ett större renskiljningsgärde; i sådana mindre gärden samlades de skilda ägarnas flockar var för sig vid skiljningen. Lånord.: sv. kontor». Same ordet inngår i det sms. namnet Kon'turvárre, Gällivare (oslo 93). Hos oss synest ei bunden form *Kontora (n pl. eller f sg?) å vere samandregen til Kontra. Ligg vel også føre i Konterud |''konteru| Våler (Hedmark) gnr 59 vest for Gridderud: Merk at normert ss låneform av «grind» er krïnte, ögså notert gridde (Hattfjelldal).
Korrset |''kørrsæt| Berg gnr 107 og 108: Konsætræ 1344, Kornsætr (søndre) ca 1400, Lille Korsetther VL. 24 og Korßetter 1593, Lille Korsedt og 2 Gaarde Korreßetter 1604, Korßetter 1626.
Dei eldste formene med -n- og -rn- må takast på alvor, men sannsynlegare enn at namnet går på korndyrking er nok at dei kjem av ei sørleg form tilsvarande ls kår'ñot, goarññot = ns goarßut «klatre», i dette tilfellet oppetter åsen på begge sider av Korsetvannet – og uttalen Kørr- er mykje lik den for plassnamnet Kørren i Rømskog, kanskje med same utspring.
Krusætret |'krusætre| Idd bnr 2,4: «Den tildels brugte Skrivemaade Krussætre angiver maaske rigtigt Grund-formen; en Stamme Krus-, af usikker Betydning».
Jf likevel kreuve el. krevve 'en Flok Rener, Renhjord', dem. kreuvaš ' liden Renhjord'» (Friis), normert s krïevve eller kreavve rein (enkeltrein el. reinflokk), reinhjord, samla hjord, især halden saman under flytting, til merking eller til mjølking. Samanlikn for øvrig Kalvkruvatnet (NoStleks. 179).
Kåfell |''kåffæll| Skiptvet gnr 55: a Kafelom, a Kafæilo ca 1400, i Kapel 1440, Koffill 1600, Koffell 1639. – Rygh: «Enestaaende og uforklaret Navn».
Kåfell ser ut som enkel fornorsking av kåbble = kuob'la (normert ss goeble), «överhängande (inåtsluttande) snövägg», evt. også «överhängande klippvägg» (Qv 361, oslo 100). Det samsvarar godt med den bratte åskanten på hi sida av den litle bekken vest for garden.
Kån |kǡn| Rakkestad gnr 13 og 14: i Kauni 1400, Kaagenn 1594, Kaaenn 1604, Kaann 1624 og seinare. Gardsvaldet er avgrensa på sidene av ein nærmast alt-omfattande bekkesving.
Forma i Kauni minner om kaun «byll, svull» med genus m i nyno, men n i gno samanhengen er ss gaave «krok, bøyg; sving i elv eller bekk» (oppfatta som *kaave) fekk b.f. *kåven i norsk, kanskje heller *kåwen med halvvokal og vart tatt for kaun, dativ kauni? Samtidig har gaave ei sideform gåevie (åe = lang å) med same tyding, og med påhengd norsk artikkel kan denne i norske øyre ha lydd som kåvjen tolka som kåjen, og det førte til i skrivemåten Kaagen 1594.
Massengen |''massiŋen| gnr 61 i Askim Østfold: Maßeng 1593. Maßengh 1604, Maßing 1612, 1616, Maseng 1723. «Aabenbart en Sammensætning med eng f.... Hvad 1ste Led er, bliver ganske usikkert».
Garden har flatt lende, men like vestom Masseng-bruka har erosjon laga fleire tungeforma oddar. Noko av dette er skipla under bygginga av E18, men innskjeringane er framleis synlege. Jf Massing |''massiŋ| Nord-Fron gnr 21: Misßinng 1604, Masingen 1668, Maßingen 1723. Garden ligg i skråninga under Massinglia. Nedanfor garden, ved elva Vinstra, ligg dei bratte Massingbakkan der smale, parallelle jordryggar ligg tett i tett. Sideelva Massdøla fell ut i elvebøygen attmed.
Orda masing, massing og messing går att i ei rad namn frå Nordland, Trøndelag og Austlandet, her usagt kva som ligg i namnet Massingsteinåsen i Rømskog. Meir påfallande er namna Massingsmedhaugen i Flesberg, Massingsmedmyra i Røros, Massingsmedsundet i Gran og Massingsmedvollen i Tolga: Vel var yrkesnemninga massingsmed kjent, men landskapet på alle dei stadene er av ein art som gir mistanke om at «massingsmed» er ei mistolking massing-sne, inessiv av ss *massing, men kva tyder så det siste ordet der? ss máhts- tyder i flg. Björn Collinder «vikt, lagd dubbel; tillskrynklad» (attrib. adj). Jf máhttse «fald» (ns máhcci) og máhttse, pr.pt. av máhttsat «vende om». Han meiner máhts- er utmerking i ss stadnamn og har fleire døme (oslo 125).
Collinders ss máhts- kan vi i gjeldande rettskriving stave maahts-. Systemrett ordlaging i ss er at t.d. tjaeledh v 'rite inn, skrive' gir tjaalege «rit, skrift, eitkvart innrissa' (Bergsland 1982: §113), og vi aner tilsvarande samband mellom maahtsodh v 'falde', og maahtsedh v 'vende om' og maahtsege adj «rukkut, rynket», som nok kan brukast også som nomen, for som det før er sagt: «Die Grenzen zwischen Adjektiven und Substantiven, sowie zwischen Adjektiven und Adverbien sind fliessend» (Hasselbrink I:105). Dessutan er det slik at det ss suffikset -ege svarar til urs -*iŋe, som via tidleg innlånte stadnamn kan ha levd vidare i nordisk, utan tap av nasal.
Nommerstad eller Nomerstad |''nommersta| er Elverum bnr 122.12: Jordvegen er liten og verkar nokså skrinn på ortofoto. Jf Nommestad el. Nummestad |''nommesta| Hobøl gnr 91: Nwmmestad kring 1520, Nummestad 1723. Ligg på ein smal rabb som peikar rett mot «et af Hovedtilløbene til den Elv, der har sit Udløb i Kristianiafjorden ved Son».
Samisk njoammel 'hare' ss njåemele finst i forsvenska form Numir- (oslo 140, 143), men det høver dårleg Derimot er den smale rabben som Nommestad ligg på sannsynlegvis tørkesvak: ns nuommir el. også nuommi, nuomes «kraftlaus». Det tilfører begge bruksnamna meir akseptabel meining.
Orefelden |''orefællen| Rygge gnr 23,2: «1ste Led vel Trænavnet Or. 2det Led synes snarest at være feldr m, Dække eller Klædningsstykke, der ialfald paa den ene Side bestaar af haaret Skind».
Alternativt: Ved den øvste Orefell-garden er det ei stor bergflate. Går Ore- på treslaget older el. på orru, presens partisipp av ss órrút, årrodh v. «vara, bo, vistas»? Og er sisteleddet dss i ss giergie-feällaa, "steinblokk"?
Piparen |''pípæren| Rakkestad bnr 172,5: «Af Pipar, Musikant. Mange nyere Stedsnavne ere dannede af dette Ord, Vidnesbyrd om, hvor skattet den Mand i Bygden var, som kunde spille til Dands». Alternativt må ein nok i dette tilfellet tenke på ss bijjeb(e) «øvre» + barr(de) – også bertie, pertie – «kanten av fjellet; tre-grensa, skogbandet». Sml. òg Piparen i Lunner, Oppland. Sisteledd -ber(tie) vil kunne gje ei tilsvarande sms., i redusert fornorska form Piper-, Pepper-.
Riggesum |''riggesømm| Hobøl gnr 51: a Rikiseim ca 1400, i Rikisæyme 1444, Rikeseim 1461, Regisemb 1624, Rigesem 1723. Jf Riksem |''rikksemm| gnr 36 i Sykkylven: af Rikisheimi c. 1200 og ein gong seinare, mot Rigesym c 1521. I NG tolka 'Ríkiseimr, sms. med heimr. En Gaard af dette Navn, nu forsvunden, har der ogsaa været i Røken ... nu gaaet ind under Sundby; samme Navn har man videre i Riksem i Søkkelven. 1ste Led synes at maatte være ríki n., Magt, Myndighed, og Betydning: mægtig, anselig Gaard'.
Fokuserer ein i staden på terreng, er det så at Riggesum i Hobøl ligg ved ein ås som har ein nærmast kneforma bøyg. Bruket Riggesheim i Oslo (unemnt i NG) ligg for enden av ein lang, bein åsrygg, men samtidig ved ein karakteristisk bøyg i Steinsrudtjern. Riksem i Sykkylven ligg på ein krum åsrygg, ved ein elvesving. Skriveforma Rikisæyme 1444 i Hobøl er påfallande, likeins Rigesym ca 1521 i Sykkylven. Merk at norrøn y i samisk går over til i (evt. til u): Ryggefjorden i Øksnes heiter på samisk Riggavuodna, sml. Futrikelva i Tromsøysund, sms. av ns vuovdi «skog» + rigg- <gno. hryggr, som sannsynlegvis òg er førsteledd i Rikisæyme og Riggesum, men då med ss sujmie «noko bøygd» som sisteledd.
Saksebøl |''sakksebøł| gnr 95 i Hobøl: Saxabøle RB. 125, Saxebøll 1624. No er ogs gnr 109 i Spydeberg kalla for Sexaarbor! 1600, Saxebøell 1640,1667, Saxebøel 1723. NG tolkar begge som gno. Saxabœli, av mannsnamnet Saxi. – Landskapet på Saksebøl i Hobøl er veldig kupert, for ikkje å seie sundskore eller opphakka. Til fots kan det kan ikkje ha vore lett å ta seg fram der, og det same kan seiast om Saksebøl i Spydeberg, særs sundskore på anna vis, med ovtronge småvikar på strekninga Hovinvika – Saksebølvika, på sida av Glomma. Saxebøl-namnet blir begge stader å tyde som Saxvattnet og Saxaborga på svensk side: «hinderet, prånget» (smauet), til ss tsagkedh v «ta imot, stoppe» og tsagkehsidh v «hindra sig, stoppa sig» (Mankok).
Sekkeland |''sækkelann| heiter gnr 42 og 43 i Varteig: a Sikulandum 1311, Sikulanda (gen.) 1341 og Sikuland ca 1400, a Rikelandom! 1443, Sickelanndt, Sicheland 1593, Sickelanndt, Sike- 1604, Sicheland 1640 etc.
Skriveformene frå 1300-åra indikerer ei fleirtalsform Sikulandir og går dårleg i hop med Sekkeland utt. med open e. Særmerkt for Sekkeland-gardane er spreidde småberg på innmarka, dels trillrunde, dels smal-ovale og spisse. Relevant verkar ss siegkies, predik. siegkie «tynn, grann (om runde ting)», el. «smal, mjå, mager». Med mellomalderforma Siku- harmonerer det ikkje heilt godt, derimot med ls sieg'ge gg, attr siegges, sægga «tunn (om runda föremål och snötäcket; smal (om t. ex. nål, dörr» (Korhonen): Lydleg altså ikkje særleg stor avstand til dei gno skriveformene sika, siku- f.
Skjelle |''ᶊælle| Skiptvet gnr 54: i Skælli ca 1400, Skielle 1600, Schielde 1639. Schielle 1640. Schielde m. Fostued 1667: «Havde man ikke Formen Skælli ... kunde man have tænkt sig, at det svarede til Skildi, Dat. af skjǫldr, Skjold».
Merk her hovudbruket på Trøgstad prestegard, Trøgstad gnr 61, heitte Sialfuirki opphavleg. Til hovudbruket høyrde Lille Trøgstad og plassen Bruer:
'Efter Beliggenheden kan Stedet ikke være nævnt efter Bro over Vandløb, men vel efter en 'Jordbro', Bro af Tømmer eller Stenlægning over sumpigt Land'. Nettopp pga. namnet Bruer skal vi få med oss, at i det unike namnet Sjalfvirki, som NG tolkar psykologisk som «eget Arbeide, selvopryddet Jord», ligg det vel noko langt meir konkret: ns šáldi og es šaldde «bru»<fi silta vart bynamn to stader: Šaldie = Røros og Stuore Šaldie = Trondheim. Frå Meråker også notert šɛltiɛ, tyding marknadsplass, «Plats um die Kirche, Jahrmarkt» (Qv 847).
Tenkt slik kan Sjalfvirki vere omtolking av šjalde- «bru-», evt. «marknads-», i sms. med -virki <-vierëkë «kuperad mark med långa backar» (oslo 246). At det siste stemmer for Trøgstad er udiskutabelt.
Slengebraate |''słæŋŋebråtå| gnr 38 i Askim: i Slægno-brota ca 1400, Slegne-brotte, Slengebrotte 1593 og 1612, Slyngebrade 1604, Slengebraate 1723. Dei eldste formene med -gn- stikk seg ut, dei andre liknar ovmykje på gnr 72 i Alstadhaug i Skogn, Slengen |'słøᶇᶇen|: Slønngh, Slingenn 1590, Sleng 1610, Slengen 1626, 1664 osv. Meir einsarta var dei historiske skriveformene for gnr 50 Slengesol i Gulen, der det er tenkt på gno. hóll m og førsteledd slengi-s- «af et Intetkjønsord *slengi; men noget saadant er ikke kjendt, hverken i Oldnorsk eller i et nuv. Folkesprog». Det siste er ikkje heilt rett: Merk ss slïntje «store og små vasspyttar her og der», og dessutan ss sluntje «vassdam, pytt»: Ord med såkalla mørk ï har ofte parallellformer på y; norsk uttale av desse så vel som av sluntje går lett over til ø i norsk. Kartet viser spor etter ei tjønn på Slengebråte, likeins etter myrhol kring Slengen, meir usikker er samanhengen for Slengeshol.
Slustad |''słussta| er gnr 12 i Rødenes (Marker): Slopstad 1593, Slupstad 1604, 1626, 1723 (ingen av skriveformene har f istf. p). Lendet ved Slupstadneset sør i Slupstadvika har nokre djupe innskjeringar, og især Slupstadbekken skjer seg alt djupare etter som det ber mot fjellfoten, med Slupstadhagen. Vi kan tenke på ss sluoptje «öpning, spricka» (Lex. Lap.), merk òg sluhpú «trångt pass mellan en klippa och ett vattendrag eller mellan två stora stenblock» (oslo 204).
Spestad |''spessta| el. |''spīsta| Eidsberg gnr 137: Spedsta 1593. Spidstadt 1604. Spidstad 1612. Spedstad 1723. «Navnet er enestaaende i Landet; ingen rimelig Forklaring fundet». Det siste er isolert sett rett, så lenge vi held oss til norsk og svensk, men førsteleddet er helst samisk låneform av bygge n «hus, bygning», i former som pidtja og ss spidtje «stuga el. dylikt som håller på att byggas); nybyggd gård» (Lehnw. 105, NO I: 1139, oslo 154). Same opphav har vel namnet Spikkestad, Røyken gnr 6, Buskerud: Spyckestade 1499, Spiggestadt 1578 og Spickestad 1593.
Svikebøl |''svíkebøł| er gnr 15 + 16 i Hobøl: Swipubøle og Suipubøle ca 1400, i Suipubole 1408, Swebebøll 1520, Sviekebølle 1723. Rygh: «Gaarden ligger ved Hobølelvens Udløb af Søen Mjær, og der er intet andet Vandløb i Nærheden, som kunde have baaret Navnet». Han peikar elles på at «den nuv. Form er fremkommet ved Dissimilation, idet p af Hensyn til det følgende b er forandret til k», og han undrast om gardsnamnet inneheld gno svipa f som mannstilnamn eller kan hende var namn på ein straum i elva? Det siste råkar slett ikkje dårleg, for ss suepies vil seie «belagt med svak is».
Sæves |''sæves| er gnr 205 i Rakkestad. Notert i Sæfissi ca 1400, Sewess 1520, Søuiß 1594, Seuis 1604, Sæffuis 1624, Sæwes 1723. «Navnet er enestaaende i Landet og klinger besynderligt», i flg. NG. Eit velkjent ord i samiske språk er ss tsievie (= Lap. Lex. tsewe) tettpakka hard snø, ls tsievve, ns ceavvi; til det svarar tsieves, adj ceaves. Tolka bokstavleg gir snø-termen lita meining, men nær elva ligg nordre Sæves på ein høg, smal rygg, med ein smal erosjonsdal i vest og den høge elvebarden i aust. Truleg kan ceaves, tsäves ha hatt fleire tydingsnyansar: «tett samanpakka», «samantrykt», «ihopklemt», «inneklemt» o.l. Det passar også godt for ein trong lokalitet på Voss kalla Sævesgili.
Ca. 1400 blir gardsnamnet i Rakkestad skrive i Sæfissi. Rygh tenker seg at -fissi eigentleg er -fyrsi n (av fors m og forsa v.), men Buerfossen i elva ligg litt for langt oppe til at det overtyder heilt. Samanhengen er snarare såleis at garden på den smale ryggen mot elva ligg inneklemt til og at namnet Sæfissi beintfram står for tsäves sijjie «inneklemt stad, snever lokalitet», og fjernassimilasjonen frå ustemt s to stader i denne sms. gjorde at v gjekk over til f.
Søpler |''søpłær| er gnr 153 i Eidsberg: i Søplom ca 1400, Siøpler 1616, Søpler 1723. Søpler heitte også gnr 133 i Trøgstad, notert i Søplom ca 1400 og Søpler osv., ganske likt Eidsberg. Med omsyn til bekkefar og erosjonsdalar ligg begge gardane slik til at ein kunne tenke på ls og ns suohpa overgang, passasje, grunn stad i elv, i ls også om isbru, snøbru. Sisteledet -ler går nok tilbake på sørleg ss laajra (også laajda) «strekning, lei» < gno. leið.
Tappelap |''tappalapp| Eidsberg bnr 113,12. NG: 'Ukjendt Betydning; ikke gammelt Navn'. Kan det siste vere rett?
Bruket ligg like sør for ein bekkeos med tjønnforma utvidingar, i kanten av Glomma, og her kan nemnast ns tappal, gen. tabbala «Seebildung im Bache» (Utsjok) – i Polmak og Karasjok dappal: djup kulp i stor elv , også om stille strekning mellom stryk i ei lita elv, dessutan om kulp med bakevje inne ved stranda (Qv 195). Det høver godt; la så vere at ordet ikkje finst i ss lenger. Bortsett frå det, ein skrivemåte Tappalap er betre enn «Tappelapp».
Tutturen |''tutturen| Eidsberg gnr 102: i Totre og i Torttre ca 1400, så Tuttullen 1616, Tuturen 1723. Rygh finn det ugreitt å sameine notidsforma av gardsnamnet med plantenamnet turt, for ikkje å tale om gno turturi «turteldue»!
Betre fungerer det å vise til ns duottar «høgfjell» (mot ls duoddar «lågfjell») og ss doedtere: høgfjell eller forblåst fjell. Garden ligg for nordenden av den i og for seg låge, men vide Vardåsen = Bergerås. Vi er i Østfold, ikkje over skoggrensa, og duottar/tuottar osv. er slett ikkje alltid synonymt med skoglaust fjell.
Ugjesteby [NB] |'jæsteby| Berg i Østfold gnr 90: Vgiestby 1593, Vdgiestebye 1604, Vgiestebye 1626, Ugiestebye 1723. – Sml. Ugjestrød |''ūjøstrø (-re)| gnr 51 i Vestby, Akershus, notert Ullgestrud 1350,Vgestarud ca 1400, Wgestærud, Wgestarud 1420, Vgiæstærud, Vgestærud 1424, osv. NG meiner i begge tilfelle at førsteledd er «Mandsnavnet Ulfgestr, der forekommer oftere i Norge i ældre Tid og allerede i 14de Aarh. havde antaget den afslidte Form Úgestr, hvori vi have det i dette Gaardnavn ... I den nuværende Udtale er 1ste Stavelse sløifet, noget som af og til forekommer i norske Stedsnavne ... I nærværende Tilfælde kan det vel have bidraget til Sløifningen, at der i 'Ugjesteby' kunde synes at ligge en for Stedets Beboere lidet smigrende Betydning». Ikkje usannsynleg.
I tilfellet Ugjestrød har ikkje heile 1. staving forsvunne, berre ein l (eit utbreidd fenomen). Han har venteleg frå først av vore til stades også i namnet Ugjesteby. Det er derimot nokså tvilsamt at vi har med eit mannsnamn å gjere: ss åelkie er «skulder; aksel, fjellaksel», men er også notert i sørleg form ul'ke, som nok like gjerne kunne skrivast ul'ge, merk at dei tilsvarande nordlege formane ls oalgge og ns oalgi omvendt lenge vart skrivne med k (Qv 668). Gardsterrenget på dei to stadene harmonerer med ei namnetolking bygd på deminutiv form ulget(s)je- «lita aksel» (om tilsvarande nordlege former: oslo 145). Herifrå var vegen kort til ei norrøn omtolking til Ulfgestr, Ulfgeste-. Grunnordet (ikkje i deminutiv) finn vi dessutan i bruksnamnet Ulke i Moss, i gardsnamna Ulkenes lik Ulgenes i Voss, og i Ulkestad |''ȫłsta:'n|, dativ |-sta| gnr 99 i Rissa i Trøndelag, not. Ølchestad 1559, Vlckestadt 1590, 1618, 1630, Wlchesta 1626, 1664. Gardsnamnet Ulgjell i Farsund inneheld nok same førsteledd, men topografien der tilseier at sisteledet kan vere både gno. gil = gjel så vel som ss gïlle, gylle «(snau) knaus».
Visur |''vīsur| Borge gnr 63: a Vissur 1447, Viiswr 1475, Wissur 1593, Wißuer og Widsur ved 1600, osv. «Navnet er enestaaende i Landet», seier Rygh. Lokalkartet viser at Visur og bruket Visurlia begge ligg i hallande lende ned mot eit flatt søkk i terrenget som temmeleg sikkert har vore ei tjønn, eller eit lite vatn. Merk at ss vïesedidh, vïesehtidh v. er å «opphalde seg, halde til», og ss jaevrie «sjø, innsjø» blir veldig ofte redusert til -ure i sms. Som døme kan nemnast eit namn Oslo-folk og andre kjenner godt nok, nemleg Assurdalen og Assurdiagonalen, det viser til vatnet Assuren (førsteleddet ss aesie: 'skogkledd ås') i Indre Follo. Namnet Visur kjem då i same kategori som Vishellaren i Røst.
Volen |'vōłn| Marker gnr 124: i Wolenne ca 1400, i Volin 1432, men Vollden (!) 1593 og Woelen 1604. Uttalen med ł er klart nok eit norsk målmerke, men «Navnets Betydning [er] ukjendt». Best meining yter det adverbiale ls vuol'len, primært i tydinga «nere (i bygden, på marken etc.)», men sekundært «nedanför (den plats där man står)» (Korhonen), ns vuollin. Garden ligg i småkupert terreng innved myrar, og Volebekken renn sørover. Noko større utstrekning har låglandet litt lenger sør, der Volødegård er å finne.
Gardsnamnet tolka slik kan vi samanlikne med norske område-nemningar som «Øvra» og «Ytra». Det synest lettare å knyte namneforma Volen til ls og ns enn til ss vuelie, vuelie- «nedre-, neder-, som er nede eller under»: ss vualedh, vualadahke; uelielaante står for «lågtliggande område».
Vi må la lige den gjennomgåande problematikken at vi oftast ser større likskap med nordlege samiske former enn med sørsamisk, men hugs då at i halvanna tusen år eller meir var sørsamisk isolert frå andre samiske språk og fekk sterkt redusert råderom.