Råa er ikkje noko utbreidd nordnorsk stadnamn, men finst her og der. Frå Storfjord, Bø og Rødøy er det kjent som namn på smale ås- og fjellryggar og kan slik minne om stadnamnet Råna i liknande tyding andre stader, men heng meir truleg i hop med f. i tydinga "skil, grense". I den tydinga er ordet i første rekke kjent frå Østerdalen og på svensk side, men også på Breimo i Alstahaug er Råa namn på eit område der ei grenseline går.
Det ser ut til at "rå" om eit naturleg grense-punkt har utvikla seg frå (stong) brukt som skilmerke, eller grensepåle om vi vil. Her nord tenker vi vel først på råsegl eller også på råvedstenger, men det er berre ei anna side av same sak. Så kan vi lure på om ordet stong har vore brukt på same vis, om punkt i landskapet som utgjer eit naturleg skil, av di slike merkestenger var så lettvinte og derfor vanlege at ordet fekk allmenn tyding "grensemerke"?

Eit heilt anna ord er trøndsk og nordnorsk med sideform ro, nemleg "krå, hjørne". Dobbelforma rá, ró er kjend alt frå norrøn tid. Lenger sør i landet heiter det ofte vrå , frå vår eigen landsdel tar vi med Råa, ei slak krå på Innbjørg på Hadseløya, og ein liknande formasjon Bjønnråa i Hattfjelldal.

Rå i denne tydinga opptrer også i ubunden form, som gardsnamn: Rå i Kvæfjord ligg opp mot ei markert krå som krokar seg langs Råelva, til oppunder kollen Rånakken. på Langøya i Hadsel ligg oppi ei vinkelforma krå tett på vestsida av Råvollberget. Det må nemnast at sistnemnde ligg i skilet mot nabogarden Bitterstad, sikkert rettare Bekkjerstad <gno. *Bekkjarstaðir, og det er ingen tvil om at garden har namn av krå-formasjonen, mens altså namnet Råvollberget er meir tvitydig: Råvollberget i Lokkøya ute i Bø ligg nemleg også i ei grenseline. Elles er namnet Råvoll(en) og -vollan mest utbreidd i Trøndelag.

Rå og Råvollberget i Hadsel. Kjelde: Kartverket.

Rå i tydinga "krå, hjørne" finst som nemnt i ein sørleg variant vrå, ei form dei også har i svensk og dansk. Vråheia i Lindesnes og gardsnamna Vrå i Mandal og Kviteseid o.fl. , dei har alle med vinkelforma detaljar i lendet å gjere, så det kan vere meir klargjerande å seie "hjørne, vinkel" enn "krå, krok". Vi skal berre ha klart for oss at medan ei krå etter vanleg språkbruk er noko som går innover (er ein konkavitet), meiner vi med hjørne helst noko som går vinkelforma ut. Men ting heng saman, for det som utanpå huset er eit hjørne (ei nov), blir på innsida nettopp ei krå.

Kanskje litt uventa fører det siste oss over til øya og øynamnet Rolla. Under gardsnamnet Nord-Rollnes i Ibestad greier O. Rygh ut om sambandet mellom 1300-talsformene Roalla-, Raalda-, Roaldarnes og sjølve øynamnet: "Den gamle form af Øens Navn maa have været *Róǫld f. ... sikkert samme Navn som Roald, udtalt Roøll på Vigra i Søndmør, nu kun Gaardnavn, men formodentlig oprindelig Ønavn". Han går inn på  gardsnamnet Roaldkvam i Vikedal og i Suldal og fokuserer på ei trekanta form, både i tilfellet Roald på Vigra og her: "Øen Rolla danner en udpræget Trekant med spidse Hjørner. Det ligger af denne Grund nær at aflede Róǫld af f., Vraa, Krog; med Hensyn til Afledningsendelsen kan sammenlignes Ønavnene Aralden og Batalden, som dog er Hankjønsord" (NG 17: 47). 

Sør-Rollnes, som på Ryghs tid endå var gnr. 1 i Trondenes, blir ikkje omtalt særskilt, han berre viser til omtalen av Nord-Rollnes. Som uttaleform av begge namna fører han opp kortforma ᶅᶅnés, vel å merke med 1-stavings tonelag (som er feil).

Rolla frå Fauskevåg på lag.

I Norsk Stadnamnleksikon viser Ola Stemshaug i hovudsak til Rygh, men føyer til at det sørvest på Rolla ligg eit 925 m høgt fjell som også heiter Rolla, og nemner vidare at suffikset -ǫld, eller med hankjønsform -alden slik det vi har det i øynamna Aralden og Batalden, svarar til altus 'høg' i latin. Stemshaug konkluderer med at namnet Rolla vel kunne tyde «øya med dei høge hjørna (nesa)», men at det er ei uviss tolking, endå ho høver godt for øya i Troms.

Det finst grunnar til skepsis mot Ryghs måte å sjå øynamnet på: For å oppdage at ei storvoren øy er trekanta må du høgt opp, få øya i fugleperspektiv om du vil. Det gjorde sjølvsagt ikkje dei leifarande. For dei var neppe "hjørna" på ei trekanta øy meir særmerkte enn andre nes og oddar. Viktigare er at det eine store fjellet på Rolla, mot sørvest, også ber namnet Rolla, mens det andre heiter Drangen. Dersom det var heile øya som opphavleg fekk namnet Rolla, burde jo dette lett synlege fjellet ut mot havet blitt heitande Rollberget eller liknande, men så er ikkje tilfelle. At både øya og fjellet heiter Rolla kan visst berre forklarast med at øya fekk sitt namn av det mest synberre  og særmerkte fjellet. 

Fjellet Rolla sørvest på øya Rolla har både djupe krær og skarpe kantar. Kartverket.

Roaldkvam gard i Vindafjord ligg under Roald-kvamsnuten, som har ein rettvinkla  kontur og kan ha heitt *roalden frå først, og Roaldkvam i Suldal strekker seg vestover frå den klossforma Kvams-nuten, som tydeleg nok er *roalden i det tilfellet.
Høgaste partiet av den mektige Roalden i Berg i Troms er i høg grad vinkelforma, og like austafor er han tilmed skarpvinkla. Imellom går det inn ei djup grop, og også for dei andre *roaldane heng gjerne det eine (novform) saman med det andre (kråform).

Roalden i Berg har bråe bøygar på meir enn ein stad. Kartverket.

Også fjellet Roalden i Tysnes viser fram tilnærma rettvinkla former, men i det tilfellet kan det sjå ut som om desse i første rekke "slår innover". På det flate Roald i Giske fell meir i auga at Roaldsneset er eit rettvinkla endepunkt på ei lang strandline, eit naturleg orienteringspunkt for sjøfarande. - Det kan sjå ut til at lokalitetar som gjer endå mindre av seg er blitt nemnde på liknande måtar, såleis Rollabekken på Gåsbøl i Sortland, og utan tvil vil ein kunne leite opp endå fleire døme slikt, på landsbasis.

Rollabekken på Gåsbøl i Sortland er med på å skape rettvinkla former i ei elles slett fjellside Kartverket.

Slutning: hokjønnsordet går i nordnorske namn på det same som rå (og vrå) fleire andre stader, nemleg "krå, hjørne", men er i atterv andre tilfelle namn på langsmale ryggar som er eller kan ha vore naturlege grenseliner. Det er då tale om eit anna ord.

Men rå i sideform ro inngår òg i eit på landsbasis vanleg fjellnamn *róald(r), knytt til tverrkrokute eller skal vi seie tilnærma rettvinkla høgder. Vi ville tru at vi kunne uttrykke det same like presist ved å seie "nov", men dit har ikkje ord- og namnebruken utvikla seg. 

Eit ope spørsmål er om ordet *róoald(r) alltid var brukt om lokalitetar der både aspektet "vinkel" og "høgd" stod klart for tanken, eller om dette med skarpe hjør­ne vart hovudsaka, slik at friare bruk av ordet kom opp, jfr. gardsnamnet Roald.

I tilfellet Róǫld for Rolla får vi hokjønnsform av *roald(r) av di kategorien øynamn for det meste har hokjønnsform, ulikt fjellnamn.


Nyredigert etter Håløygminne 2009.