Fjordnamnet Skjomen, som i flg. gode informantar er uttalt med 2-stavings tonem, heng i hop med elvenamnet Skjoma med same tonem, jf Norsk stadnamnleksikon. 

At elvenamnet derimot blir uttalt med tonelag 1 i sjølve Skjomdalen er det lite tvil om. Ute i fjorden ligg Skjomnes-gardane og inst ligg Skjombotn og Skjomdalen: 'Inst' vil seie at vi held sidearmen Sør-Skjomen utanfor, det er nok eit sekundært namn. Lat det òg vere sagt: Det er hjelpelaust å kalle brua ytst i fjorden 'Skjomenbrua' istf. Skjombrua.

I fall elvenamnet er det primære, må vi leite etter det som er særmerkt for vassdraget, men den overflatiske likskapen med verbet å sjoe (om elvesus) kjem til kort (så òg mitt tidlegare forsøk på tolking i Håløygminne 1991). På den andre sida, Skjoma var høgmælt når ho skredde med bulder og brak, dvs. reiv isen, men lydmalande ord som rimar med elvenamnet er ikkje funne. Vi aner kanskje derimot eit røringspunkt mellom Skievvá, samisk namn på Skjomen, og nordsam. skiev'vái, giev'vái 'skvetten, nervøs'? Sml gievvot (gievvut) "være ellevill av glede eller sinne", "rase" (K. Nielsen), lulesam. gievvot. 

Med så mykje sagt om det usikre vender vi tilbake til tradisjonelle norske teoriar om namnet: Sophus Bugge tenkte seg at det norske fjordnamnet hong i hop med verbet skjoma «blinke, glimte» (Aasen), men kva med elvenamnet då? 

Same kva for eitt av dei to namna vi oppfattar som det primære, blir spørsmålet: Kva fjord eller elv glitrar og skin ikkje når sola slepp til? Lyset må visst uvanleg skarpt før noko så "innlysande" kjem til uttrykk i namnebruken. Det er dessutan vanskeleg å forstå at den innestengde Skjomen med Skjoma skulle utmerke seg med omsyn til sollys?

Namnet Skjomen finst òg i Lødingen, i utmarka til garden Våge (Våje): På søre sida av Laksvatnet, under høgare fjell, skyt det fram ein rundvoren og låg bakke med ei myrgjote heilt opptil: Ho er på motsette sida avgrensa av ein rabb. Området, dvs myrgjota med avgrensingar, heiter (i) Skjomen, med tonelag 2 her òg.

Knapt tvil om at myra Skjomen er "ujamt leta", har store, mørke flekker med same botnfarge, men mørkare.       Foto: Kartverket. 


At òg ei myr bli kalla Skjomen, inneber at namnet ikkje kan gå på rørsler av noko slag, ei heller på lydfenomen eller noko som skin! Men vi er no så heldige at vi kan gå inn på Norgeskart sine farge-bilete av lokalitetane, og desse viser eit fellestrekk: Skjom-osen i botnen av Skjomen breier seg vidt utover med eit svært grumsut grøngrått fargemønster, uavlateleg skiftande mellom lyst og mørkt. Myra Skjomen oppviser for sin del ei rekke variantar av gulbrune og grågrøne fargevalørar, og gorrdike utgjer dei aller mørkaste innslaga.

At fjordnamnet isolert sett kunne ha med eit slags lysskin å gjere, var i og for seg tenkeleg, jf skjom n "ujamt, flakkande lys" og skjoma v "glimte, skimte", "få fram ein skiftande ljoske" (NO 9: 1579), merk kva S. Bugge tenkte seg, men ser vi fjordbotnen og myra  under eitt, blir tolkinga mykje meir jordnær v.hj.av skjomut adj "skjoldut", "med store, mørke flekker med same let som botnen, men litt mørkare", eller kort og godt "ujamt leta" (Karlsøy, Andenes, Lofoten o.fl. st,.) Jf her at det fær. skjómutur vil seie droplut, småflekkut (om kyr og sauer). 

Ein nærliggande glose i "Norsk ordbok" høver ikkje fullt så godt, nemleg skjomlut "urein, misfarga". Det siste greitt nok, men forma verka ukjent,  heilt til eg forstod at skjomlut berre er ein variant av skjomsut (sjomsåt), eit ord eg høyrde ofte nok i min oppvekst på Andøya og i same tyding. Namnet Skjomen om det grunnområdet blir då mykje likt situasjonen på Skjævsgrunnen i Bø, s.d.
Grenda Skjomen i botnen av fjorden Skjomen. Merk korleis osen i Skjoma skiftar mellom lyse og mørke parti. Foto: Kartverket.