Der finst utruleg mange former av ordet lemet, då ikkje berre som namn på sjølve dyret men òg som stadnamnledd, og dei siste er forvirrande ulike: Laman(n)-, Lamand(er)-, Leman(n)-, Lemenn-, Lemend(e)-, Lemmed-,Lemmet-, Lemmel-, Limil-, Liman(n)-, Limun(n)-, Lomeldr, Lomann-/mand-, Lomun(d-), Lømen(d)-, Lømænd-, Lømmer-, Lå(g)man(n)-, tilmed Lommars- og Låmmårs-?  

Ein kunne dele inn dei aktuelle stadnamna etter landskapstype, det vere seg skard eller hellerar, platå eller sletter og lægder, med ganske uskarp avgrensing overfor grunne dalsøkk eller smale dal- og myrdrag – men der er glidande overgang mellom lokalitets­typane (ved at nokre namn kan passe i meir enn ei gruppe), så slik inndeling er nøydd å bli pragmatisk. 

Ei ulempe ved å gjere det slik er at vedkommande namn ikkje treng ha med landskapet akkurat på sin stad å gjere, det kan vere sekundært og vise tilbake på eit anna namn som er primært (utan at det er lett å fastslå). Det tryggaste er ei enkel gruppering Lemen- for seg, attåt sær-artikkelen om Lemet-spor.

At Lemenpytten på Østre Toten berre er ein pytt, ligg i namnet, men det gjeld òg for Lementjønna i Trysil så vel som Lementjønna i Høylandet, men den siste har ei rad endå mindre pyttar tett inntil. Lemenvatnet i Lierne er langt større enn Lemen- og Lemet-pyttane, men poenget er tydelegvis at vi finn ei rekke med mindre pyttar og småtjønner tett inntil på vestsida, jf Lementjønna i Høylandet, så særmerket er eigentleg alle pyttane. Myrpyttar sluttar seg også til Lemenåsen og Lemenholen i Trysil.

Sistpå skal det nemnast to lokalitetar som skil seg ut m.o.t. ved namneform: Lemendetjønn i Eidfjord i Hordaland er lita, like eins «Lamanderstjønna» i Førde i Sunnfjord som eigentleg berre er ein klase av pyttar. I det siste tilfellet har gno. fleirtalsform lemendr merkeleg nok blitt omlagt til lamanders-, slik ser det iallfall ut.

For alle Lemen-namna framfor gjeld det same som for dei nordnorske på Lemmet-: Det er uråd å finne ein logisk samanheng med dyret lemen. Enklare er å å gå ut frå at finsk-samisk lämmeti «pytt, dam» i eldgammal tid gjorde seg gjeldande også i sør, men der vart namnebruken omforma i retning av lokalt brukelege namn på dyret, pga. den enkle tanke at «det må jo vere meint lemen».

"lemen" ikkje berre om tjønner

Til lemen-konteksten høyrer to-tre andre terreng-ord som er eit nærmare studium verd: Hans Ross har lida(r)bard n, brukt om kanten av ei fjellside, (frå Hallingdal med tjukk ł: liabał), men ordet har nådd vidare, vi finn det òg som Liabaret i Aurland, Eidfjord, Voss. Han har òg lida(r)jadar m 'øverste Kant af Lid; Lids Grænse mod Synskredsen' , uttalt liajar på Tingvoll på Nordmøre. Det siste ordet blir kanskje ikkje så lett anst i stadnamnbruk, for i rask uttale er vel ei slik sms. lett å ta for liggjar-? Det er i alle fall ikkje til å komme frå at fjellsida Liagjeran i Rauma kan vere *liajæran

Mest interessant jamført med Lemen-namna er den tredje termen av same slaget, li-man m, lia-mun eller lia-mune m: utkanten av li eller fjellside, nedre kanten av li, eller òg i litt anna form: li-mån, lia-mån, lia-møn f. Det kan forvirre at det er tale om nedre kanten av ei li, når ordet man i si usms. form står for “øvste (ås)kam som er synleg frå eit dalføre, høgdedrag, rygg”, ja til og med i tydinga “jordstykke mellom to dalar” i Sparbu (NO 7:1046). 

Ein må nok her sjå for seg ein rygg midt lia som er liten aller øvst, men aukar meir og meir i høgd og breidd mot slutten. Det kan høve for Lemenåsen i Nedre Eiker (Drammen) og stemmer iallfall veldig tydeleg for Lemenlia i Selbu – med Lementjenna tett ved. Elles har Hans Ross frå Østerdalen også man i tydinga “smal tange som går ut i elv eller vatn”.

Lemenlia i Selbu. 

Desse terrengtermane rekk vidt på sørnorsk vald. Det svenske ortnamnsregisteret har tilsvarande Lidmansbergen, -gärdan, -rönningen, -tjärnen. Likeins kjenner færøysk líðarmunni om “enden på ei fjellside”. Derimot ser det ikkje ut til at Island har slike namnelagingar.

Formasjonar som ikkje er like frapperande, men eigentleg synberre nok er Limannvika i Kvesjøen i Lierne, med bruket av same namn. Fram mot vika går i grunnen fleire limòner. – Nemnast må også er Lemenskardet (sekundært Lemennskulen) i Namsos. Dette skardet ligg tett på sørsida av ein hump ligg øvst i ei li i hallet mot Fjellmarkmyra i aust. 

Rennebu har elvesletta Lemenøya nedanfor ein brei åskant som tydeleg nok må vere limónen i det tilfelle. Merk òg Lemenlandet, ei strandstrekke på austsida av Nordre Ulvsjøen i Trysil: Ho òg ligg under ein mule, men slakare enn den i Rennebu.

Lemenvika i Strand, Rogaland blir også kalla for Lemundsvika og Lemmensvika: Kring vika går det fleire rabbar ut i null; dei òg kan ha vore oppfatta som limóner, den tid der kan hende fanst graslier og ikkje skog som no.

I nord er så langt berre funne eitt tilfelle der ordet limòn opptrer, og det er Limonåsen, Limonneset og Limonbukta i Tromsø kommune: Skrivemåten vekslar mellom Limon- og Limo-, men låsen ligg kor som er attom limònen, medan neset og bukta ligg nedanfor. 

Limanneset i Snåsa.

Eit avrunda, skogkledd nes i eit parti av elva Luru (Låarte) i Snåsa heiter Limanneset og har fremst ein skarpkanta rabb som ligg heilt på tverra.

Sletta Limunnen i Masfjorden mot Limånmyra i Gausdal ligg begge nedfor enden av ei kuven li. Ein formasjon som liknar finst ved Limundshylen i deltaet til elva Lygna i Hægebostad, Vest-Agder.

Lemonsjøen |''lemonsjȫn|, |'lemonsjȫn| i Vågå er eit utolka namn trass i nokså mange skriveformer: Lemunsior 1349 og Læmonzssyo 1465, Læmonsiøn 1465, og Liomanssiø, Liomansiø, Liømansiø 1466, Løgmanssiø og Logmanssiø 1466, Lemungsiøen 1723 og Lemonsioen 1743 o.fl.1 Det skal nemnast at Lemon- har kortstava uttale i vågåmål, så det er diskutabelt å stille namnet beinveges i hop med desse på Limon-, Limån-, men hugs samtidig dei kortstava Lemen-namna som synest å gå på li-mòn i tydingar som alt er refererte, det same gjer det gno. Lemunsior 1349: Når ein samanliknar den forma med dagens uttale, framstår formene frå 1400-talet meir som fortolkingar. Namninga på kart over dette fjellpartiet er elles sparsam, men ortofoto viser ein særmerkt fjellkant akkurat ved inngangspartiet til Lemonsjøen, med nokså brei "lifot" under.

Lemonsjøen har ein markert li-mòn i nordenden.  

Fotnote:

1Gustav Indrebø, «Norske Innsjønamn» I.  Upplands fylke s. 124. 


Nyredigert etter «Håløygminne» h. 2 og 3-2013.