Forkortingar å merke seg:

bnr. = bruksnummer, fi. = finsk, gno. = gammalnorsk, dss norr(ønt), gnr. = gardsnummer, Lehnw. = Nordische Lehnwörter im Lappischen, ls = lulesamisk, vidare NG = Norske Gaardnavne, NO = Norsk Ordbok (12 bind), ns = nordsamisk, oslo = Ordbok till Sveriges lapska ortnamn, Qv (J. Qvigstad) = De lappiske appellative stedsnavn, sks = skoltesamisk, ss = sørsamisk.

VESTFOLD
Anholt |'ānhølt|, |''ann-| Stokke gnr 110-111 > Sande-fjord: Hodhnoholt 1399, Hanaholth 1494, Andholt 1553, Anholt 1593, Anholdt 1604, Ahnholdt 1668, Andholt 1723. Rygh: «Hoðnuholt. Formen Hodhnoholt ... klinger oprindeligere end Hanaholth ......  hvilken sidste Form dog tjener til at bekræfte, at her opr. har været H- i Fremlyden; dette H- kunde saa meget lettere falde bort, da ogsaa 2det Led begyndte med h- .... 1ste Led er vel haðna f., ung Gjed, der maaske er brugt som Elvenavn. En liden, stærkt faldende Bæk udspringer ved Gaarden». 

Ortofoto viser at det ligg ei rekke jordfaste, flate berg spreidd utover innmarka. Det treng ikkje vere tale om gno haðna «ung geit», snarare eit ord som tilsvarar ns ad'no, g. ādno «stor flat sten, som man ikke kan rokke» (eit avleggs ord). Dette kan vi teste på eit anna namn:

Enningdalen |''ēniŋdæ:rn| er soknenamn i Østfold. Ei sikker skriveform er a Anylædale 1334. Forleddet Anylæ- blir tradisjonelt fortolka *Arnilla som eit eldre namn på Enningdalselva, og ved Mjølnerød, der Enningdalselva gjer eit par skarpe svingar før ho kjem ut i flatt lende og blir til Rørselva, ligg det tre markerte knausar med flat topp som klart nok minner om ns ad'no (Qv 1), her med sisteleddet -hilla, -hylla. Sjå omtalen av Ustad i Hurum og av Ulvilla i Verdal.

Bommestad |''bommesta| Hedrum gnr 30 > Larvik: i Bundingsstadum c 1400, Bomstad 1625, Bommestad 1664, 1723. – Bundingsstað< botnestahk heng i hop med ss botnestahkesne «(er) bortgøymd» [inessiv]: Garden låg inneklemd på vestsida av Lågen mellom elva og dei runde åsane, isolert i høve til gardane i det opnare landskapet lenger sør og nord. Landskapet er i dag dominert av bru og vegar.

Deibørr, Deieborge |''deibørr| Larvik gnr 96 Sandefjord 496: Deighebærgh c1400, Deibierg 1593,Deieborgh 1604, Deyborig l668, Deiborg 1723. "Skulde vist hede Deieberg og er ikke opr. nogen Part af Borge ... 

Til Forklaring af 1ste Led kunde man, da Stedet ligger nær Borgeelven, tænke paa Elvenavnet Deia, som man endnu har i Aamot Hdm., og som opr. maa have lydt Deiga efter den gamle Skrivemaade af Navnet Deset i Aamot, Deighasetr ... 1465». 

Uavhengig av evt elvenamn må her opplysast at ss dajjoe tyder «slam» – det kan berre lokalkjente seie noko om – men elles ligg garden for enden av ein avrunda lang ås, så sisteleddet -børr kan peike mot ss burrie «snau bergrygg», sml ls bårre «högsta punkten (på berg, kulle)», og ns borri «ås, bakke». Børra som fornorska namn på slike fjellformasjonar, grunntyding «kant», er utbreidd i nord.

Duni |''dōni| gnr 116 i Sande > gnr 416 Holmestrand: 416: Duninæ Fjerding 1466, Dunene Fj 1504, Dune Fj 1535. Dunnæ Fj 1538, Dwgenne Fj. 1542, Dunne 1593, Dune 1604,1605, Dunnen 1668, Duunen 1723: 

«Dúnin, en Sammensætning med vin. 1ste Led synes at maatte være dúnn m, Dun (paa Fugle). Langt u foran n kan nu, især paa Østlandet, i Ud-tale blive til langt o, jfr. Stokke GN. 9, Andebu GN. 25, Tjømø GN. 13. Hvis de af Aasen anførte Ord Dunjord, Dunmold (et Slags løs og let Jord) have dúnn til 1ste Led, kan dette i en Sms med vin maa-ske sigte til en vis Beskaffenhed af Jorden paa Stedet. Gaarden ligger paa en Moræne. Denne Gjætning om Navnets Betydning er dog yderst usikker».

Duni ligg på ei avrunda, naturleg avgrensa høgd med Dunihagen nedanfor. Det bør vere nemnt at ss duvnie vil seie møkk, støv og skit (i reingjerde).

Elgesem |''øłjesåmm|, |''høłje-| Nøtterøy gnr 153 > Sandefjord: Øylghisin 1404, Elyßøe c 1521, Elleßem 1593, Ellißenn 1600, Ellesienn 1604, Ellesemb 1625, 1664, Elgesem 1723: 

«*Ølgisin? Det sidste Led er vin; men Navnet er nu i Udtalen forandret, som om det var sms. med heimr, hvad der er adskillige Exempler paa. 1ste Led maa vel være et Intetkjønsord paa -i; men dets Form og Betydning er ikke sikker». 

Eit sideblikk til ss aallije «heller, hellar, hallar» = ss állëjë, urnord. *halliaR <*halliaz, akk. *hallia (NL 89 etc) kan vere relevant. I stadnamn som norrøne overtok frå ss synest ordet å ha fått bøying *alja, underform ǫlju. Hellerane (hallarane) det er tale om er talrike i Pinseåsen tett ved garden. Åsen er svært uslett, jf ss binhtsierdidh, bintsiedidh v «knyte saman (med mange knutar) på kryss og på tvers»?

Fon |fōn| Ramnes gnr 138-139 > Tønsberg: i Fones, Foonese c 1400, Fodenn 1593, l604, Fogden 1605, Foeden 1668, Foeden lille, Foden store 1723. «Dette Navns rette Form i MA. antages af O. R. at have været Fón. "At dette er et opr. sms. Navn, og at det sidste Sammensætningsled er vin, derom kan der visselig ikke være nogen Tvivl; ... Derimod kan det være meget uvist, hvilket Ord vi have i Navnets første Led. Navnet har allerede i 16de Aarh. forekommet Folk sælsomt, og man har begyndt at kunstle paa det ved at skrive Fodne eller Foden, uden derved at faa nogen forstaaelig Mening ind i det». 

Fon har tydelegvis eit vidt utmarkområde i åsane i vest, namn som Fonseter, Fonshedde, Fonsøde-gardene og Fonshøgås viser det. At namnet Fon opphavleg hadde to ledd er nok diskutabelt, då den aller enklaste forklaringa synest vere at vi har å gjere med ss voene «bygd»: Det langstrekte og opne slettelandskapet står i motsetnad til skogmarkene i vest.

Fostre |''fosstre| Ramnes gnr 135 Tønsberg: i Fostro, i Foostro c 1400, Fostre c 1575, Foster 1593, 1604, og Foestre 1668, 1723.

Drøftinga i NG sluttar sklik: « De to Vandløb, hvorom der her kan være Tale, ere dog altfor ubetydelige til, at et Navn med en saadan Betydning kan tillægges dem. Det er ikke heller sikkert, at Fóstra her opr. er Elvenavn; Ordet kunde være brugt om Gaardens Jordvei». 

Fostervoll gard i Gjemnes ligg ved Fosterlågen, og både garden og vatnet (på søraustsida) er eit bakkeland, så også området Fosterdalan i Rana. Fostre såvel som Fosterrud i Ås ligg for sin del på ei bratt høgd. 

Namnelagingane peikar tydeleg mot ls vuosstoj, vuosstu- ; vuosstálahka er "brant uppförsbacke, färdväg i motlut» (motbakke); tilsvarar ss våste=vuastadahke. Det samiske suffikset -er(e) er særs produktivt i fjell- og innsjønamn, som Fosterlågen, og namneformene på Foster- kjem i dette tilfellet sikkert av assosiasjon med norske ord foster-gut o.l.

Førstad |''førrsta| Sandeherred gnr 145-147+149> Sandefjord: a Firighsstadum 1341, a Firigstadum 1384 a Firiksstadhum 1396, i Firikstodom 1398, Firikstada og i Fyrikxstadhum, Firiksstada c 1400, Firistadt c 1520, Fursta, Furesta 1593, Furestad 1600, Furestadt 1604, Furrestad 1664, 1723. Rygh seier: "«*Friðreksstaðir, sms. med Mandsnavnet Friðrekr, der tidligst kan paavises i Norge ved 1060 ........ De med dette Mandsnavn sms. Gaardnavne lyde nu oftest Fris- (jfr. Tjølling GN. 113). I Førstad er det første r forsvundet ved Dissimilation (Indl. S. 21), og mulig kan paa samme Maade forklares det nu forsvundne i Firistadum, som RB. 210 anføres som liggende i Tune Sogn». 

Namneforståinga blir ei heilt anna dersom vi legg til grunn ss vyjrehke, *væjrehke (pred.) «vidstrekt (td. beite-land); vidt omkring», for nettopp slik har det seg med Førstad.

Gausen |'gausen| er gnr 27 i Hof > Holmestrand: i Gausenne, Gausenne c 1400, Gousen 1593, 1668, Gousßenn 1604, Goussen 1723 jf Gausen |'gausen| Botne gnr 4 > Holmestrand gnr 1: i Gausænne 1337, i Gausenne c 1400 og i Gavsinnj 1407, i Gausinum, Gausinne 1419, Gaaßen 1593, Goußenn 1604, 1605, Gousen 1668, Goussen 1723. 

Gausen heiter òg fleire høghumpar på Agder, og vi ser pl-form i gardsnamnet Gausen |''gausa| gnr 74 Inderøy: af Gausom c 1430, Gwse c 1520, Gußnn 1559, Gousenn 1590, 1626, Gosenn 1626, Gouse 1668, Goudsen 1723. Flekkefjord gnr 143 Gausdal  høyrer òg med, så vel som gardsnamnet Gaus- og Gusland fleire stader. Det må vere tale om eit terrengord som svarar til sks kueӡ, g. kuoccam, finsk forklaring «vaaran nyppylä» berghump (Qv 344). Ein rund berghump i Øksnes ber namnet Gossen |'gåss~n|, sekundært Gossesanden. Same slag humpar har Gussøya i Heim k. i Trøndelag.

Gein |jein| Stokke gnr 123 > Sandefjord: i Gæininni 1355, i Giæininnæ c 1400, Genenn, Genn c 1575, Giehnn 1593, Gienn 1604, Gien 1605, Geen 1668, Gien 1723. «Navnet maa være Gein f. eller mulig i best. Form. Geinin. Intet beslæg­ tet Navn at anføre uden mulig Gjeining, Holme nord for Aakre paa Karmøen». 

Det går forgreina stigar langs åsdraget i området, så ss geajna, geajnoe «veg» er nok relevant, jf Guovdageaidnu > Kautokeino. Skrivemåten med Gjein i staden for Gein er merkeleg.

Gjerpeland |''jærpelann| er gnr 28 Lardal >Larvik: Gielpaland (nedste) c 1400, a Geplandhom 1413, Geppoland, Geppeland 1552, Geppeland 1547, Gerpland 1553, Gierpelannd c 1575, Jerpeland 1593, 1604, 1605, Jerpeland 1668, 1723. Den eldste forma, Gielpaland, peikar i retning av ss jillebe «vestlegare», rettare kanskje i primær tyding «høgare», slik som i jillëpë, jilläpë «högre, den högre belägna; vestligare» (OSLO 48, 68). Det gir presis karakteristikk av Gjerpeland-gardane jamført med dei låglendte i sør, ned mot Lågen.

Goli |''golí| var Sandeherred gnr 37 > Sandefjord: Godlifui c 1400, Godtliff c 1575, Guelj 1625, Golj 1664, Goelie 1723: 

«I Oldnorsk betyder góðlífi n: retskaffent, ulasteligt Levnet, og Fritzner forstaar ogsaa dette Stedsnavn saaledes ... Hvad der isaafald kan have givet Anled ning til Brug af dette Ord som Gaardnavn, er nu ikke godt at sige. Mulig kunde dog Ordet som Navn have en noget anden Betydning og betegne Stedet som et Sted, hvor Livet i enhver Henseende var, som man kunde ønske det».

At sisteleddet er ss lyvve = lovve «reinens kviletid» ville vere logisk, i sms. med t.d. -bahke og -deava «haug», altså konkret om kvilestaden. Forleddet vel som ns guoddit = ls guoddet = ss guedtedh «kalve», jf òg ls guoddetit «låta kalva (vakta så att renkorna kan kalva i lugn och ro».

Gorte |gołte| Re gnr 40>Tønsberg: [Garthe 1668. Gorte 1723 (paa begge Steder anført som Underbrug under Ramnes GN. 5)].

Garden ligg tett ved ein lang, bein rygg på vestersida av Verpelva. Det er neppe vere tale om anna ord enn ss ģǫrtɛ = gårde, nom plur. gårdh "langer, schmaler Berg, der ganz isoliert ist, weil ihn Moräste und Täler von anderen Bergen trennen" (app 333, og Hasselbrink), òg skrive ģurde «lang, smal ås med utsikt til begge sider» (app 366).

Gudem, Gudim, Gudum er gardsnamn fleire stader i Østfold og Vestfold. Gardane ligg som blikkfang på avrunda høgder og verkar sentrale. Endefram tolking av desse namna er at foreddet er som i ns guovda- og guovdo- i sms «midt-», ls guovda- «mellersta, som ligger i mitten» (Korhonen, Spiik), medan ss goevte har fått trongt tydingsinnhald «februar», dvs midten på vinteren. Også Guåker som gardsnamn på Hedmark og i Vestfold kan ha same opphavet, men her må ein orientere seg innanfor gammalt gardsvald for å komme i mål. Mange vil nok hevde, i pakt med tradisjonelt syn, at alle slike namn er fullt ut norrøne og vitnar om gudedyrking og grøderikdom.

Gumserød |''gommsere| Brunlanes gnr 36 >Larvik: Kumsarud c 1400, Gumserudt c 1575, Gumserø 1593, Gunnserød 1600, Gumserud 1604, Gumserø 1625, Gombserød 1664, Gumserud 1723.

«Hvis Formen i RB. er rigtig, maa man vel i 1ste Led have et ellers ukjendt Mandstilnavn kumsi, af uvis Betydning... Skulde Kumsarud i RB være en Feil for Gumsarud, hvad den nuværende Udtale kunde tale for, kan Navnet vistnok sidestilles med Gomserud i Norderhov, og man kan til Forklaring tænke paa ... Gumsa, Hunfaar, og det sv. gumse, Væder. ...uvist, om dette Dyrenavn i Stedsnavne er at for-staa ligefrem el. som Persontilnavn; et Ord gums findes en Gang brugt som Tilnavn .. Navnets Forklaring bliver altsaa fuldstændig usikker».

At ss gumsie òg var eit kjælenamn på bjørnen er neppe til hjelp, men Gumserød og Gomserud har kanskje eit topografisk fellestrekk: Gomserud ligg på ei halvøy, svært låglendt med grunne område tett opptil; er truleg utsett for flaum. Gumserød-bukta sør for Gumserød er likeins særs grunn, så skilnaden på stor flo og fjære er stor. Jf derfor ss gupmiestidh v «som snarest velte ut noe, tømme ut noe», pluss «legge seg, ta en hvil»= gopmedh. – Ved Gomsrud bnr 246,21 i Gran er det eit par låge myrar som synest å ha vore grunne tjønner, kan hende er det òg relevant i samanhengen. Det nedbygde og svært omforma Gomsrud gnr 8616 i Kongsberg er det vanskelegare uttale seg om.

Gurrik |''gurrikk| Hof gnr 43 >Holmestrand: Gurrick 1593, Gurich 1604, 1668, 1723. Drøftinga av namnet i NG er særs sprikande. Det gir ei uventa vinkling å tenke på ss gyrrehke «bonde», knytt til gyrreldidh v «legge under seg (land)». Vel også til ss gurredh v «sette folk opp mot kvarandre, vigle i saman", jf norske namn på Trette-?

Hasås |'hāses| var gnr 110-111 Andebu >Sandefjord gnr 310-311: Haddinghsas, Hadesas, Hadhansaas c 1400, Haßaas c 1575, Haffßaas 1593, Hasßaas 1604, Haaßaas 1605, Haffsaas 1668, 1723: «Synes efter den ældste Form i RB at være opr. Haddingsass, af et gammelt Mandsnavn Haddingr (se under GN. 50 ovfr.); men denne Oprindelse antages PnSt. S. 109 at være noget tvivlsom .... Jeg kan ikke sige noget til Navnets Forklaring». 

No er det slik at ss hadet v vil seie å «herme» (Lex. Lap.), merk ls háddihtit 'härma (upprepade gånger), ha för vana att härma; ge eko' (oslo 57), ns aððit (addestallat). Lånt frå nordisk hæða v 'spotte, håne', jf hæðinn adj 'som gjerne vil håne, spottehuga', likeins háðung, hæðing f 'hån, spott'. – Namneformene Haddinghsas, Hadhansaas og Hadesas er vridne å relatere beinveges til norrønt, samisk kontekst er rimelegare, særleg av di at bergmål (ekko) berre kjem inn i ordbruken der.

Helgeroa |''hæłjerōa| Brunlanes gnr 85 no Larvik gnr 4085: '*Helgaró, i PnSt. S. 124 henført til Mands-navnet Helgi; sidste Led er ró (rá) f., Vraa, om afsides beliggende Steder (Indl. S. 69). Helgeroa og Helgeroen findes ogsaa i Røken og i Hollen. Ere disse Navne gamle, vilde det være besynderligt, om ró 3 Gange skulde være sms. med Mandsnavnet Helgi; det vilde isaafald ligge nærmere at tænke paa Sammensætning med Adj. heilagr og paa en eller anden Forbindelse med hedensk Gudsdyrkelse». 

Namnet er vanleg nok, og det er alle stadene tale om ganske slette krær inn mot bratte berg: Slik i Halden (tilh. gnr 246), Holmestrand (tilh. gnr 110), Larvik gnr 4085, Asker gnr 205 og Drangedal (tilh. gnr 17). Forleddet er ikkje mannsnamnet Helge, men omlydd form av ss aallije «hellar, bergvegg som hallar innover». Så òg på Helgenes i Hadsel.

Klinestad |''kłínesta| var bnr 15,7 i Sandeherred > Sandefjord: Klimmestadt c 1575, Klennstad 1600, Klinestad 104, 1625, Klinnestad 1664, Klinestad 1723. «Jeg kan ikke sige noget sikkert om dette Navn». – Til garden høyrer ein pytt med tilrenn frå bekkesik. Truleg går namnert på ss klijneme «glatt-is», jf ss klijnedh v «bli isdekt» og ss klïjneldahke «hålke».

Konnerud |''kånneru| Skoger gnr 82 > Drammen: Konnerød 1593, 1604, 1605, 1668, Konnerøed 1723. Frå garden går gl. gamle stigar både nordover og vestover, oppetter mot Konnerudkollen. Jf også Kornerud |''kønneru| Sylling gnr 197 Lier i Buskerud, skrive Kornærud c 1400, Kornerød 1593, Kornerud, Konnerud 1617, Kaanerud 1723: Der går på austsida likeins ein stig oppetter fjellet. Til grunn for desse og fleire liknande namn (t.d. Kåringen i Lødingen) ligg eit verb som tilsvarar ns gorgŋet, ls goarńńot (goar'ŋot) «stiga uppför, klättra».

Kopstad |''kåppsta|, |''kåkksta| var gnr 53 Sande > Holmestrand gnr 353: i Kopstaudhum 1348, i Kop-stadhum, Kofstader, Kapstadæ c 1400, Kopber-stad 1407? Kopstad 1593, 1604, Koff 1668, Kopstad 1723. Jf Kopstad |''kåffsta| Borre bnr 99,3 Horten: Kopstadt 1593, 1604, Koffstad 1668, Kopstad 1723. 

Det igjen er same namn som Kofstad |''kåffsta| Fiskum gnr 135 Øvre Eiker: i Kopstadum c 1400, Kopstadhe c 1450, Koustadt c 1575, Koffstadt 1578, Kouffstad 1593, Kopßtad 1661, Kofstad 1723. 

Alle stadene finst der bergknattar av det slaget som i ls heiter gåbbå «litet fristående berg i skog», «(rundaktig) kulle, litet berg (utan branta sidor), men lenger nord i Sverige gobba. Litt avvikande er ss gabpe «hump, flat haug, flataktig forhøyning på fjellet (mot skoggrensen); forhøyning på flatt land» (jf Kapp på Toten). 

-bs- i Kobbstad er sjølvsagt utt. -ps-: overgangen -ps- >-fs- er som i gno ups- >ufs-, men overgang ups- > uks-, oks- er òg velkjend mange stader, jf atter Kopstad i Sande.

Kornbøle |''ᶄonnbøła| el. |''kønnbøłe| [for ᶄønn-?] Sande bnr 91,6 >Sande­fjord: «Kornbølle 1668, Kornbølet 1723 (begge Steder Underbrug under GN 91). Er vel *Korn­bœ­li, sms. med bœli n., Opholdssted, Bolig. Den først anførte Udtaleform er isaafald Flt. i best. Form. Denne Sammen­sætning findes ikke andensteds som Gaardnavn; men Kornbol findes anført som Fællesord hos Aasen betegnende: en Gaard med Hensyn til dens (gode eller slette) Kornavl. Udtaleformen -bøla kan dog ogsaa opfattes som Hun­kjøn i Ental, og Navnet maa isaafald være Subst. Kornbyrda f., Kornkasse, Kornkiste (se Aasen under Byrda); et saadant Navn maatte vel sigte til god Kornavl paa Stedet». 

Dei sms. med gno -bœli og -býli ein veit om, går som alt nemnt på «tilhald, verestad»; i stadnamn er det berre i sjeldne tilfelle tale om slåttebruk, *kornbœli er beintfram tvilsamt (kornbyrða som bruksnamn dess meir). Uttalen |''onnbøła| rimar heller ikkje med korn(avl), men kunne snarare minne om ss tjonne, tjunne 'tjønn, tjørn'= tjönne, og då blir spørsmålet det om uttalen |''kønnbøłe| er heilt tradisjonsrett? Sisteleddet -bøla synest likne ss baula  (Herjedalen) «höckeriges Birkengelände mit Mooren und Teichen» = bavla, båvloe (små skoglause lægder) osv. Det aktuelle området er no nedbygd, men er kupert, og der er spor etter tjønner tett opptil bilvegen på vestsida.

Korterød |''kołtere| gnr 102 i Stokke > Sandefjord gnr 502: Kartterøed 1668. Kortterøed 1723. Likeins Korterød |''kåłtere| Sem gnr 135 >Tønsberg: Koterød 1593, Kotterødt 1604, 1605, Kartterøed 1668, Korterøed 1723. 

For­leddet synest vere ei fornorska form av ss guortë 'högt näs' (oslo 103) el. gorte "langt smalt isolert berg", gårde ..... "langer, schmaler Berg, der ganz isoliert ist, weil ihn Mor­äste und Täler von anderen Bergen trennen" (Qv 333, Hasselbrink), ģurdɛ "lem i fjellsida" (Hattfjelld.) el. "lang, smal ås med utsikt til begge sider" (Vefsn; Qv 366). 

Langt og smalt isolert berg stemmer for begge gardane, og for Korterød gnr 19 i Halden. Same formasjonane er til stades òg på Korterud Eidsberg gnr 217 > gnr 317 I.Ø., men ikkje utprega, likeins på Korterud gnr 14 Vestre Toten (ganske nedbygd). 

Litt meir kan nemnast om terreng-termen: Langt, smalt berg er dekkande også for Kortenuten i Hol (Buskerud), og Kortneset nær Sværholt­klubben ml. Porsangeren og Laksefjorden har nøgda av dei, men elles er det oftast tale om litt avrunda, lange formasjonar (iblant litt ovale). Det gjeld for alle Korterud-gardane, så vel som for Kortneset i Bjugn, Kortvika i Storvågan i Lofoten osv. 

Jf frå Elgsnes, Harstad: "Kortan er ein kvass bergknaus som stikk opp av havet. Det er to slike bergknaksar tett attmed einannan. Det er venteleg derfor fleirtals­forma Kortan. Det er ål-djupt rundt på alle sider" (Edv. Ruud, Hm. 1940: 479f). Korten heiter dessutan skjer (holmar) i Kristiansund og Moskenes, medan Korten på vestsida av Landego er eit rundt bergnes mellom Nord- og Sør-Kortvika. Sjå elles omtalen av Gorte, Våle i Re.

Kranstad |''kransta| gnr 160 Ramnes >Tønsberg: Kranstadom c1400, Kranstad 1593, Kranstadt 1604, Krandstad 1605, 1668, Kranstad 1723, av Rygh sammen-stillet med Kransrud [bnr 9,2] i Skiptvet, saafremt dette er et gammelt Navn, uden at han har vidst at anføre noget til disse Navnes Forklaring». 

Det er nok tale om eit ss ord med framlyd kr- svarande til ns roanci «ting som er krokut i alle retningar, som har greiner eller noko anna som sprikar til alle kantar», lik ls roan'tse "något som er krokigt i alla riktningar (tvära krökar)", "ojamn, stenig, svårframkomlig (om terräng)». Høver for jordvegen på Kranstad; på Kransrud er det særleg dekkande for stranda langs elvefaret.

Leppestad |''læppesta| bnr 14,2 Sande>Sandefjord bnr 314,2: Leppestad 1593, 1604, 1668, Læppestad 1723: "af Mandsnavnet Leppi, der nu alene kan paavises som saadant gjennem nogle Stedsnav-ne... Findes ellers i Lepperød i Onsø og i Brunlanes, i Leppestad i Hobøl og i Lefstad i Orkedalen». 

Leppestad i Hobøl, truleg også Lepperød i Brunla-nes (Larvik), heiter så pga  vasspyttar, ss leabpa, leabpoe, jf òg bruket Leppen i Skien. – Namnet Leppestad i Sande >Holmestrand går vel derimot på ss leajpe, liejpe «older, or»? Somme Lepp(e)-namn kan henge i hop med ss læhpasjidh «stikke ut», om bergheller.

Lospen |''låspen| Andebu bnr 92,4 >Sandefjord bnr 292: Skrive Skeoff med Laaeßbøen og Fittie 1668, Skeeouf med Lobsbøen og Fittie 1723. Området er der Skjauffbekken, som kjem frå Veslevann 150 m o.h., fell av i mykje brattare lende, i hovudsaka på nordsida av Håskenveien av i dag. Same namn er Luspen (ss Luspie) om osen av Unkerelva i Unkervatnet, Hattfjelldal. Grunnordet i denne eller nærståande form inngår med nokså stor visse i fleire sms namn:

Lofsberg |''låssbær| Ramnes gnr 81 > Holmestrand gnr 281 i Holmestrand blir. skrive Laußbierg 1593, Lausberrig 1604, Lofftsberg 1605, Lobffsberg 1668 og Loffsberg 1723. Garden ligg på eit berg tett opp til ein bekk som kjem med lite fall frå Eikenes­vann i nord, men ved Lofsberg blir det brattare fall, før elva osar i Bergsvannet.

Losby |''lossby| Skedsmo gnr. 91 > Lørenskog skrivst som Loßbye 1594, 1666, og Losbye 1723.

Losbyelva, som kanskje har vore utsett for inngrep i form av kanalisering, renn stort sett stilt, men får ein god del meir fall før ho ender i Mønevannet.

Losgård |''løssgåł| Skjeberg gnr 123 > Sarpsborg gnr 1123: Løffsgaard 1593 og Loffsgaard 1603, Lobs-gaard 1723. Bekken attmed har bratt fall just der, ovanfor og nedanfor er flatare. Ein uttale |løss-| var det truleg også som i Lofsberg sitt tilfelle førte til skrive­former Lauß-, Laus- kring 1600 (hypernorvagisme). Lossgarden Tynset bnr 124,30 ligg og ved ein bekk, nedanfor ei bratte.

Lysby |''lyssby| el. |''lyssbø| Hedrum gnr 101 > Larvik gnr 2101 er først skrive Liesbog c 1521, så Liußbo 1593,1600, Lysbo 1604, Liußeboe 1625, Lyseboe 1664, Lysseboe 1723. 

Skriveformene i NRJ er ofte meir interessante enn dei er pålitelege, så òg «Liesbog». Dei andre skrivevariantane går på -bo og -boe og må rimelegvis lesast -bø, det passar med den eine uttaleforma, men skriveform -by og -bø for eitt og same gardsnamn er ikkje uvanlege. 

Like ovanfor Lysby alias Lysbø har «Lysebobekken» noko bratt fall, det ligg derfor nær å forstå gardsnamnet som *Lyspby, *Lyspbø: I ns tyder lusmi ~ luspi ganske enkelt «utløp, avløp» medan ls lusspe tyder «forshuvud (där en älv rinner ut ur en sjö)», også «strömnacke», i ss der imot om «(ständigt öppen) vak», råk, men også «myrända». 

Ordet er registrert i former som lüsjpie og lusjpie og NB i illativ låspaan og läspaan (Hasselbrink 2: 879). I dei sørlege gardsnamna synest ordet især å gjelde delar av bekk som har brattare fall enn vassfaret elles.

Muskerød |''musskere| i Brunlanes gnr 58 > Larvik 4058: Muskarud 1464, Mos­kerwdh 1476, Muscherød 1625, 1664, 1723: «Samme Stamme i Muskeda­len i Vaaler [i Østf., bnr 135,5]...hvor ingen gammel Form findes. Betyd­ningen siges ... at være usikker. Forklaring af et Elvenavn af Stammen Musk- er antaget for begge disse Navne ... , men altsaa senere opgivet». 

Muskedalen finst også i Sarpsborg og Ski (Nordre Follo) som naturnamn, men Musken også til dels Mysken inst i Tysfjord er mest kjend; namnet finst i Ballangen òg. Det er tale om eit terrengord:  ns moski, ls måskke: attlukt dal(botn) el. andre ukjøme stader, td. Muskebånn i Andebu.

Pisserød |''pissere| Andebu gnr 61>Sandefjord 261: Pißerød (nylig ryddet) 1668, Pisserøed 1723. –Rygh: "kunne sammenstilles med et forsvundet Gaardnavn i Høland, skr. Pyssarud RB. 149, Pidtzerrudt St. 108, og .. kunne høre sammen med Folkesprogets Puss n., Sølepyt. I Sverige findes pyss i sam­me Betydning som puss, Pyt».

Garden (no kalla for Solberg) ligg heilt for seg sjølv på austsida av Slettingdalselva, og der finst eit par pyttar i utmarka i ganske stor avstand frå garden. Førsteleddet er helst ss bijjies attr adj «som ligg høgt, høglendt», her i sms med -ruð.

Rakkevik |''rakkevik|,|''rakkvika| Stokke gnr 1 >Tøns-berg gnr 201: Rakkaviik c 1400, Rackewigh c 1575, Racheuig 1668, Racheviig 1723. 

«Rakkavik, enestaaende Navn. Andre ....... er Rakkestad (Rakkastaðir), et Gaardnavn, som forekommer paa 8 Steder i den lavere Del af Østlandet, vestligst i Bamle, Rakkefjeld i Syd for Fardalen i Fyresdal og Rakkenes paa fl. Steder i Tromsø Amt». 

Forleddet i fleirtalet av slike namn svarar visseleg til ns reakča «stor flat fjære med leirbotn, utleire» (forstått som norsk Rakkje-), jf láirá-reakča og så saddo-reakča, enkelt å kontrollere på stader som Rakkeneset i Evje og Hornnes, Rakkenes i Bygland og i Skjervøy, enn vidare Rakkestad i Marker og i Aurskog-Høland, Rakkevik i Tønsberg det same. 

Rakkefjell i Iveland er ein låg berghaug, men ligg ved ei utgrunn elv. Somme Rakkestad-gardar er gamle utfjærer (utleirer), slik som td Rakkestad nær Steinsfjorden på Ringerike. Mindre sikkert er om Rakk(e)-namn i enkelte tilfelle går på ss råatka (= råarka, råarhkoe) «tørrgran», kan hende same ord som ns reatká «einer, brisk».

Ramski |''ramsje| Ramnes gnr 33>Tønsberg 533: «*Rafnaskeið? Ravneskjeiet, sms. med skeið n, hvorom se Indl. S. 75. Jfr. Ulski i Vestby, antagelig opr. *Ulfaskeið, og Ulfvesked i Bohuslen (Vlfua-skeidi RB. 245)...» 

Koplinga til skeið er ikkje grunnlaus, men garden ligg på ein smal og svært kupert «tarm» mellom ei stor og ei lita å, så kan vere enklare å vise til skeið i ei sørleg låneform tilsvarande ns skáidi «åmot, elvekil» = ls skájdde, medan forleddet svarar til ns ramšu «svært ujamt terreng».

Reggestad |''ræggesta| Våle gnr 1 >Tønsberg gnr 301: Ræggestadha 1429, Regestad 1593, Reggestad 1604, 1605, R. med Kolstad 1668, R. med Kornstad 1723: «Navnet er enestaaende og kan neppe sikkert forklares».

I dag fortonar Reggestad i Tønsberg bnr 301,66 seg som ein smal «tarm», vest for S. Reggestad bnr 501,2 og Reggestad bnr 501,61, i Holmestrand begge. Mellom dei to siste bruka går ein svært lang og bratt åskant (som snur mot bnr 301,66) – med talrike skard eller hogg. Det ser derfor ut til at Reggestad opphavleg var namn på åskanten og er sms av ss raeijkie el. helst ls rájgge = ns ráigi «hol» pluss sisteledd -stahke «område med (hol)».

Reppeskål |''ræppeskåł| Larvik gnr 66,67 >gnr 2066, 2067: Reippeskale 1379, Reppisskaal c 1400, Reppeskall 1512, Reppeschardt c 1520, Reppeskor c 1575, Repißkaar, Reppiskor 1593, Reppisgaard, Reppischor 1600, Reppesgaard 1604, Reppesgaard 1664, 1723. 

Frå rota av Reppeskåltangen i Goksjø går det ein smal dalgang sørover og vidar seg ut til to krær, sistpå stengde av låge rabbar. I rabbområdet ligg Reppeskål-gardane, med Reppeskålskogen i vest. Terrenget kring Goksjø er ikkje høgfjellsområde, sml likevel Reppe- og især skrivemåten Reippe- 1379 med nemnde ns riehppi: botndal, vanskeleg tilgjengeleg dal med utvida, nisje-forma dalbotn el. einast ein slik botn og ls riehppe «djup dal uppetter fjällsida, avbruten av tvärbrant upptill» (oslo 176). Sisteleddet -skale, -skaal må ikkje plent vere gno skáli m, det kan vere gno skarð i ss låneform -skaale. Vi er då i røring med problematikken knytt til sisteleddet i det omdiskuterte kommunenamnet Gildeskål

Terrenget nordom Kallåsheia på Repstad i Søgne gnr 67 > Kristiansand gnr 467 er i beste samsvar med den ns forståing av ordet, langt på veg også med terrenget på Refstad i Birkenes, gnr 45, men i desse to tilfella har ein færre gamle former å gå ut frå.

Roppestad|''roppasta| Hedrum gnr 105 >Larvik gnr 2105: i Rapastadum 1340, c 1400, Roppestad 1604, Rappestad 1625, 1664, 1723. 

Roppestad |''råppsta| Nøtterøy gnr 42 >Færder gnr 42 er same namn: Rappestadt 1593, 1604, 1605, Rappestad 1668, 1723, likeins Roppestad |''roppsta| Borge gnr 95-96>Fredrikstad 695-696: Rapested (vestre og østre) VL 27, Robestad 1593, Rappestad OC 107, Raabestadt 1604, Rabestad 1639,Robestad 1640, Robestad og Raabestad 1667 og Raabestad 1723. – Trass i avvik i dagens uttale av desse gardsnamna viser dei historiske skriveformene at ein og kunne føye til Rappestad |''rappesta| gnr 28 Eide, Aust-Agder: Rappestad 1670, 1723.

Uttalevariasjonen ropp-, roppa- og roppe- attåt rappe- forstår ein i lys av ss ruobba (Hattfjelldal), roabba (Vefsn) dvs «uslett landskap med berg-knausar og dalar», norm. ss råabpe, råape «rygg el. knaus i ujamt landskap; stygt land med berg og dalar». Det stemmer for alle dei nyss nemnde gardane.

Rævetal |''rævatæł| Våle gnr 84> Tønsberg gnr 384: i Røfuatafle, Ræfuataghle c 1400, Reffuodale 1320 (etter ei dårleg avskrift 1409), Reuetall c 1575, Reffuetalld 1593, Reffuetall 1604, Reffvetall, Reffuetall 1668, Refvetal og Refvethal 1723: «Refatagl; sms. af refr m., Ræv, og tagl n., Haar i Hestens eller Koens Hale. Hvad Navnet skal sige, er uvist». Det siste kan vere diskutabelt:

ss rædvah, rærvah er «krum (hjulbeint); sjanglut, ustø» (i gonglaget) og rærvode «(går) sjanglande» kan her vere brukt om stig som krokar seg fram? Varianten rærvode i jamføring med rærvah = rædvah sannsynleggjer også variantane *rædvode, *rædvade. Då kan Ræfuat'aghle (seinare forvanska Reffuod'ale) forståast lik *Rædvad'-, Rædvod'aagkele, for ss aagkele «midgard, mellomgolv» blir i stadnamn brukt om meir eller mindre frittliggande, langsmal ås innkila mellom to liknande strukturar. Åsen det her kunne vere tale om, ligg litt inneklemd mellom Valle- og Lefsrødåsen.

Skjeau |''sjø-u|, |''sjø-au| Andebu gnr 92 > Sandefjord 392: Skiede 1593, Schedoch 1604, Skedog 1605, Skeoff 1668, Skeeouf 1723: «Da man ikke har nogen Form fra MA, kan man intet sikkert sige om Navnets Oprindelse».

Dei to bruka ligg på kvart sitt bekkenes, søndre Skjeau («Skjauff») ved Skjeaubekken (størst) som kjem frå sør, og norde Skjeau ved eit tilrenn frå nord. Bekkane møtest mellom gardane og renn vestover til Nesbekken: Åneset sørom det åmotet er det største, jf gno skeið > ns skáidi 'elvekil, åmot' = ls skájdde

Det dunkle sisteleddet -au kunne isolert sett vere áhú, som har fleire tydingar: Relevant her er «djup bäck, som man inte kan vada över» likså vel som «sel el. utvidgning (lugnvatten) i en bäck i skogs-landet» (oslo), det høver framifrå for den siste, beine delen av Skjeaubekken = Skjauffbekken, før han tar opp bekkegreina frå nord. 

Uforlikeleg med den tolkinga er skriveformene Schedoch og Skedog/Skeoff og Skeeouf, jf Skjauff som skriveform av gardsnamnet. Ein skal merke oss at Skjeau(ff)bekken renn nordover, for å ende i Nesbekken som renn mot sør. – Det har seg på same vis med elva Augga i Gausdal (sjå NoStl) og med innsjøen Ogge i Aust-Agder, merk gno ϙfugr adj attfram, nyn avig, avug, ovig, ovug ds (NO 1: 308). Dette skulle tilseie eldre uttaleformer med auvg-, åvg-. Det er likevel i form av innlån til samisk at det er blitt ein ordinær landskapsterm, jf ls oagge 'bakstraum' etc = ϙgge (Qv 674).

Sleiterød |''słeitere| Borre gnr 73 >Horten bnr 4,4? Slæitorud c1400, Sletterrudt c 1575, Sletterød 1668 og Sletterøed 1723: «Sleituruð. I Oldn. betyder sleita f.: listig Udflugt, og Aasen anfører fra Hardanger Sleita f., en, som vil tilsnige sig noget, Snyltegjæst. Det ... kan vel her neppe komme i Betragtning, og Forklaringen bliver i det hele usikker». 

Verd å merke seg, pga den aller eldste skriveforma, er ss slæjhtoe «slit», då særleg ss slïejhtege (kortform slïehjth) «forkasta ting», knytt til slïejhtedh v «forkaste, slutte å bruke». Låg Sleiterød øyde etter svartedauden?

Snerken |'snærken| Borre bnr 4,4 «maa være det Hankjønsord, der betyder tynd Skorpe, skrumpen Hinde, og som paa Østlandet heder Snerk, men ellers Snerke. Ordets Grundbetydning maa være: noget rynket, sammenskrumpet; ... hvad Navnet kan sigte til paa Stedet, ved jeg ikke. Et beslægtet svensk Dialektord snurk, snork kan betegne den yderste Del af noget, ...nogen saadan Betydning haves ikke i Norsk».

I nordkant av eigedommen går ein liten og likevel bratt og markert kant som fortsetter på austsida av Raveien. Det passar såleis med ns snárki – ikkje om snur på tau og tråd, men heller i tyding «fald, rukke»: ss kjenner til snaarhke, snaerhkie om snur, men ikkje om fald eller rukke.

Spettås |''spættås| Sem gnr 117 > Tønsberg: Spettaas 1593, 1604, 1605, 1668, Spetaas 1723. Jf Spettås gnr 69 Holmestrand, og Spettåsen som naturnamn i Birkenes. På same vis Spetteland gnr 30 i Holme> Lindesnes gnr 112 (skrivetradisjon Spetteland heilt frå 1492) kontra Spetteland som namn på ei li i Vennesla. 

Spettetjødn med Vasslandsvegen i Hægebostad skal òg nemnast. – Samanhengen synest ganske enkelt å måtte vere vere eit ord som tilsvarar ns spai'to «hoggen eller naturleg opning gjennom skog» (Qv nr 803), normert spáitu «opning i skogen». Det er for så å seie alle desse lokalitetane er lett å konstarere at dette stemmer.

Svenner |''svænner| Larvik gnr 3, kalla «bekjendte Smaaøer udenfor Larviksfjorden. I et Haandskrift af Sverres Saga (Fornm. s. VIII 329) omtales nogle Holmer ved Navn Sveinar (andre Haandskrifter have den vistnok urigtige Form Sveimar), hvori man har seet det her omhandlede Navn Svenner. Sveinar kan neppe være andet end Flt af sveinn m., Gut, Karl. Hvilken Betragtning, der har givet Anledning til Anvendelse af et saadant Ord som Ønavn, kan jeg intet sige om». 

Samanhengen kan vere slik: I mange lånord frå nordisk har samisk framlyd sp- for nordisk sv-, det gjeld til dels òg for nordsamiske låneformer av gno sveinn: spainas, spāinas (Lehnw. 311). 

Tendensen har vore ganske sterk, og det er lett å ane at det kunne føre til samanblanding av ss svaines, svadnes (flt -sah) «norsk bondegut, ung mann» og ss spaanese 'høvelspon', dette gjeld også for ls former av dei same to orda. Ein kan på kartverket sine sider studere korleis Svenner ser ut på ortofoto.

Syrstad |''syrsta| Våle gnr 2 >Tønsberg: i Syrestad-hom c 1400, Syrestad 1593, Syrrestadt 1604, Sørrestad 1605, Syrestad 1668, 1723. «Navnet findes ellers kun i Børse-skognen (af Syrastadom, af Syrostadhum AB.). Ved dette har O. R. tænkt sig (se Bd. XIV S. 295), at 1ste Led kunde indeholde et Elvenavn *Sýra, afledet af Adj. súrr, hvorom se NE. S. 261; men Forklaring af Elvenavn passer neppe til Beliggenheden af Gaarden her i Vaale». 

Slik garden ligg (låg) til, er ss syjrijes «romstor, vid» (t.d. kåte, mjølketange) relevant. Det gjeld òg for Syrstad i Skaun, Sør-Trøndelag.

Tassebekk |''tassebækk| er bnr 21,18 Sanderherred > Sandefjord. Akkurat den parsellen og bekken er ikkje attfunnen på dagens kart, som viser store inngrep pga vegbygging etc. Derimot ligg bnr 2 og 3 tett ved eit særs vassjukt område. 

Den spesielle sms. tasse- + -bekk gjer tolkingane som før er lanserte lite truverdige: Namna Tasserud |''tasseru| Bærum bnr 109,4 og Tassebraaten |''tassebråtån| Frogn bnr 61,2 har tidlegare i NG begge fått same forklaring: "Af Tass, et af de mange nyere avne paa Ulven, eller af Tasse, Stymper, Stakkel, brugt som Tilnavn". Det er og gjort gjeldande for Tassebakke |''tassebakke| bnr 25,6 Eidsberg > bnr 840,5 IØ. 

Bruksnamna i jf med reine naturnnamn avslører andre samanhengar: Tassebakke i Eidsberg ligg ved ein bekk mellom tjønner og ei å, Tassebakken bnr 105,2 i Marker ligg mellom eit vatn og myrar. Tassefjell i Halden ligg kransa av tre, tidlegare fem vatn (to attgrodde). Vidare er Tassehorn i Frogn ein hump i sentrum av fleire myrar, og Tasseladdholen i Ringsaker er eit søkk tjòke fullt av bekkar, jf omtale av Ladderud i Oppland. Tassamyra i Nærøysund står i nær relasjon til ei tjønn, Tassemåsan i IØ ligg tett ved to myrar, og Tasseplassen i Bamble ligg austom Småmyrane som enno har innslag av små pyttar. – Relativt stort er Tasslivatnet i Vevelstad. 

Forleddet er knapt noko anna enn enn ein (fornorska?) variant av ss tjaetsie = ls tjáhtje = ns čáhci "vatn", eller snarare eit avleidd ord, men då ikkje om tjønner og vatn per se, snarare nytta om våtland (våtmyr), jf ls tjáhtjás "vasssjuk, våtlendt"?

Viskjøl |''visjøł| gnr 28 Botne>Holmestrand: a Uidaskiage DN XIV 10 1378?, Widisskær c1400, Wiskiør c 1575, Vedskøffuel 1593, Vidschiøll 1604, Wieskiøll 1605, Wieschold 1668, Wieschiøl 1723. Sisteleddet sprikar i dei eldste skriveformer og drøftinga av gardsnamnet i NG er utan sikre konklusjonar.

Pga terrenget kan det hende at gnr 27,1 Åsen og gnr 28 Vidskjøl-gardane med «Østsol» etc var éin gard frå først? Det gir andre perspektiv, dersom innføringane til skiftande tider ikkje gjaldt akkurat dei same bruka. – I den eldste forma, (a) Uidaskiage, kan førsteleddet forståast som Víð-áss «den vide åsen», i beste samsvar med terrengsituasjonen, men det kan like godt vere tale om ss låneform av dette, Vijdies-aesie, med haplologisk forkorting til Vijd'aesie (éi av to altfor like stavingar blir borte i uttalen, her -ies-aes-). Sisteleddet skal då neppe lesast -skiage, men snarare -kiage, og det kunne vere eit forsøk på å skriftfeste ss tjahke 'bergtopp, ås-topp', her den 240 m høge åstoppen like nordvest for gnr 27,1 Åsen. Det kan vere just denne garden som skjuler seg bak namneforma Uidaskiage = *Vijd'aes'tjahke. 

Merkeleg er omskiftet i skrivemåten Widisskær c 1400 og Wiskiør c 1575. Tar vi det på alvor, liknar det ss tjarra ( tjårra, tjårroe) 'fjellrygg, bergrygg' (jf sms vaerien tjårroe 'skarp rygg i låglandet der fjellet sluttar'), for det går ein slik skarp rygg tett vest for Vidskjøl-bruka. Like uventa er seinare tids endring i siste ledd: Vedskøffuel 1593, Vidschiøll 1604, Wieskiøll 1605, Wieschold 1668, Wieschiøl 1723. Forma i 1593 minner om ss tjuvvelge, tjyvvelge «bergrygg, ås», atter med fokus på Åsen? Men nyare former minner om ss tjölë = tjuolë «aksel» (oslo 228, 232) – i så fall den markerte aksla tett nord for «Vidskjold nordre»? Vi kan heller ikkje utelukke det ytterst vanlege terrengnemnet gno kjϙl 'kjøl', men det er usannsynleg at det skulle bli mistydd til dei grader.

Vitterse |''vøttersen|,|-sø| Tjølling gnr 49-50>Larvik 1049-1050: i Vittrixsyni (2 ggr) c 1400, i Asgauts Vittrissinne 1440, Vittersøn 1512, [Wittersyn 1439, i avskrift 1703]. [Wettersiø 1320, i omsetjing 1555)], Wittherßønn og Vittherssen c 1520, Wittherßøenn, Wethersøenn c 1575, Witterßø 1593 og 1600, Wett-ersøe 1604, Wittersøe 1664, Wittersøe 1723: «en Sms. med vin. 1ste Led maa være Genitiv af et Han- eller Intetkjønsord. Gaarden ligger i Nærheden af et Tjern, og et gammelt Navn paa dette stikker mulig i det 1ste Led. Om dets Form og Betydning kan man vel neppe danne sig en nogenlunde sikker Mening».

Det er naturleg å fokusere på Vittersetjønna, med tanke på ss vïedtere både om «elvemæl», «bratt skråning mot elv» og «uthola elvebard», men kartet tyder ikkje på at det har mykje for seg. 

Større blikkfang er Vittersøåsen med bratte bergfall mot vest, jf ss vietjere «hammar», nær opptil Vittersebekken som renn mellom dei to Vitterse-gardane og skjer seg djupt ned akkurat der.

Skriveforma Vittrixsyni c1400 (2 x) fortener ikkje så stor merksemd. Rygh er inne på det same fenomenet fleire stader, så som Bitterstad i Hadsel, af Bitrexstadom AB 99: «Bitreksstaðir er udentvivl ikke en opr. Form; men k maa her ved en meget almindelig Lydforandring være indskudt foran s med efterfølgende Konsonant. Dette synes navnlig at være Tilfælde med mange med -staðir sms Gaardnavne». 

Tvilsamt er at Vitterse er eit vin-namn, sisteleddet -syni, -sinne, -søn(n), heller som i gardsnamnet Sønju, Synju på Øvre Eiker, skrive Sønniu c 1575 og Sinyulff 1578, Synuff 1593, Sønnie 1621, 1626, 1661, og Synie 1723. Liksom Sønju har Vitterse mykje myr, ja endå meir, så det er tale om ein landskapsterm tilsvarande ns suotnju, var. suonju (Lyngen) «flat blautmyr med starrgras, men utan tuver, bekkar eller ope vatn» (Qv 824). Namnelaginga Vitterse kan då syne fokusering på dei store myrområda – kring hammaren Vitterseåsen – jf elles omtalen av Ermese.

Vælningen |''væ:łningen| bnr 39,3 Hedrum >Larvik 2039 «vistnok ...en ellers ukjendt Afledning af váll m., hvorom se Indl. S. 84, med omtrent samme Betydning som dette Ord». 

No synest Vælningen å vere kartfesta Værningen som namn på ei slette? under Hem gnr 39 medan Verningen i Holmestrand er ein liten ådal med bratte skrentar, og dette peikar då snarare mot ss vïernge (= vearnga) «den øvre kanten av helling (ned mot elv». 

For den brattkanta vestsida av tettstaden Verningen i Larvik (med restar av ein drenert bekk i søkket under) passar dette svært godt, og ein kan samanlikne med Vernhus |væ:rnus| gnr 39 Vestby, Akershus, i flg Rygh «vistnok temmelig nyt Navn. Kan komme af MN Værn, der vel er en Forkortelse af det tydske Werner». Kor som er, garden ligg på ein skrent med fall mot aust.

Verne kloster er best kjent blant namn med slikt opphav, det går tilbake på Varna (*Vearnga) som historisk namn på det gamle Rygge sokn (No Stleks.), eigentleg eit glt. namn på det geologane kallar Ryggeraet (er ein del av Østfoldraet). 

Sør på Helgeland har dei Varntresken |''vārntresjen| eller |-træsken| gnr 52>58 Hattfjelldal, likeins Varnvatnet: På nordsida av sistnemnde strekker det seg ein lang, lang skrent vestover.