Forkortingar å merke seg:
bnr. = bruksnummer, fi. = finsk, gno. = gammalnorsk, dss norr(ønt), gnr. = gardsnummer, Lehnw. = Nordische Lehnwörter im Lappischen, ls = lulesamisk, vidare NG = Norske Gaardnavne, NO = Norsk Ordbok (12 bind), ns = nordsamisk, oslo = Ordbok till Sveriges lapska ortnamn, Qv (J. Qvigstad) = De lappiske appellative stedsnavn, sks = skoltesamisk, ss = sørsamisk
OPPLAND
Anekstad |''ānekksta| Hof Østre Toten gnr 125: Annexstad 1669, 1723.
Rygh: 'mulig opr. Arngeirsstaðir, af Mandsnavnet Arngeirr, der ofte findes paa Island... men hvorpaa der i Norge i MA kun haves et enkelt noget usikkert Exempel'. – Det er på aust og sørsida av garden veldig uslett terreng, kloss opp til innmarka, så eit notat frå Lycksele Lappmark ved Nensén kan gje ei god alternativ tolking: arnek «stenskrafvel», d.e. urd og raskjegler (oslo 52).
Ankaltrud |''ankaltru| Nordre Land gnr 16: Ankal-rudhy 1390?, Annckellrudt 1557, Annckallerudt 1557, Annckelrud 1560, Amkilrud 1578, Annckelrud 1592, Anchellrud 1595, Anckilrud 1604, Anchalterudt 1647, Andkaltrud 1669, Ankaltrud 1723 (NG suppl. med Rud-leks.). NG nemner at innlyden -t- først dukkar opp i 1647.
Garden ligg på ei lita høgd, så ss anghkele "høgd" er relevant, men dagens uttale og fl. skriveformer gir mistanke om samanblanding og/eller omkasting av grunnord anghkele / deminutiv anghkeladtje "lita høgd". Førstnemnde er eit formrikt ord i seg sjølv: anghkele, anghkelimmie, anghkelnamme, anghkelnimmie.
Belgi |''bæłji| Nord-Aurdal gnr 38: a Bælginum 1311, i Bælginni 1390, a Belgene 1404, Bellighe 1520, Bellienn 1578, 1592, 1595, 1604, Belgen 1616, Belgum 1667, 1723: «Efter Formen fra 1311 kunde den opr. Form være Belgrinn, bestemt Form af belgr m... og et saadant Gaardnavn findes ogsaa virkelig, t. Ex. Belgen i Eidsberg ... Udt. og Formerne fra 1390 og 1404 vise dog sikkert at Navnet er en Sammen-sætning med vin. 1ste Led er da vel det nævnte belgr m., Dyreskind, som er afflaaet helt, uden at opskjæres i Bugen; ogsaa om en af et saadant Skind dannet Pose. Hvad der kan have givet Anledning til denne Sammensætning, er uvist; maaske kan det være en Bugt i Søen nedenfor Gaarden».
Ei anna tolking av forleddet er enklare: Belgjisøyi like utanfor garden er slåande likt eit øyre, på ss bieljie, også gryteøyre; det siste kan også heite bïeljese, og beeljese er øyrelapp på gutehuve. Utmarklokaliteten Beljebua på Hadseløya synest tilsvarande ha namn av ns beallji, då ikkje øyre tolka anatomisk, men om "krum «(tak)sperre».
Berven |''bærven| gnr 3 i Gran er notert Berffuen 1667 (rydningsplass), og 1723 Berven. Ikkje gammalt som gardsnamn, men er i flg. NG «*Bergvin, sms. af vin med berg n». Det har like mykje for seg å tenke på pier'vet, pär'vet «långsträckt, smal, ovantil slät ås, som går i riktning tvärs för ådal» (N. Gällivare), jf også ns bærbmek (Qv 125, OSLO 156), for tett ved garden er ein slik formasjon, så utprega at det liknar ein vegtrasé gjort ferdig av naturen. Ein overgang frå *Bier'vet > norsk Berven m vil vere upåfallande.
Bjellum|''bjællom| gnr 156 i Jevnaker: Bellynn 1520, Biellum 1578, Biellim 1595, Biellem 1604, Biellum1616, 1667, Biellum 1723. «Formodentlig samme Navn som det under Bærum i St. anførte, nu forsvundne Biellim; af uvis Oprindelse».
Garden ligg på ei slak, slett skråning under åsane ved Randsfjorden, så Bjell- kjem vel av ss vielvúi (i gen. viel'vuha) «brei unnabakke el. skråning», jf ss viel've «grässluttning nedanför ett fjäll», der vil det i sms. lett skje bortfall av 2. staving.
Byre |''byre| er gnr 290 Nord-Fron. Nær garden renn Byrbekken, som kjem frå Dalsvatnet oppe i fjellet og som i den første delen av sitt far – på vestre sida – har bråbratte stup, under ei ruvande høgd som er namnlaus på kartet. Byre heiter også gnr 1 i Lom, som ligg ved Vågåvatnet tett vest for det stupbratte Byrberget |-bærje| på grensa mellom Vågå og Lom. Bnr 73,8 i Vågå heiter òg Byre, men høyrer under gnr 73 Valbjør: Ovanfor sistnemnde skyt ei vinkelforma aksel ut, utan namn på kartet, men sannsynlegvis fjellformasjonen som gav garden namn. – Byre er òg ei øy i Rogaland, med garden Byre gnr 16 Fister > bnr 181,3 Stavanger, skr. i Byri 1302. Garden ligg på austsida av Skansen, som er avrunda, men der er bratt avfallande fjell-benkar på sørsida, nærast garden.
Til desse usms. gardsnamna sluttar seg Byremo i Grindum gnr 10 > Lyngdal gnr 458, der garden ligg oppunder det ganske bråbratte Husefjellet. I tillegg kjem fl. stader som ikkje er matrikkelgardar, men der namn og topografi ter seg ganske likt: Meir ruvande enn Skansen på Byre er det ville Byrefjellet på Klosterøya, også det i noverande Stavanger kommune. Byreneset i Gulen er prega av utstikkande bergoddar, men er "godsleg" sml. med ville neset Byre i Voss. Hengande vilt er òg fjellet vest for for Byrekvam i Ullensvang, og i same klasse kjem Byrenut i same bygd; Byrejuv i Vinje må også nemnast. Der er neppe ei meir beinveges tyding av desse og liknande namn enn at dei er fornorska former av ss bïerje (= biërje, Hasselbrink 321) "berg". Så skal det òg nemnast at lydutviklinga eller fornorskinga nok har gått vidare til Bør(e)- i visse tilfelle.
Eit unnatak frå det fjellforankra tydingsinnhaldet i Byre-namna er at ei tjønn nord for gnr 61 Rapstad i Eigersund heiter Byre, men kring den er knausar og brattberg. Ein av lokalitetane heitte vel *Byre i det tilfellet òg, medan tjønna heitte *Byre-jaevrie, men over tid vart rette samanhengen fordunkla.
Dagfinnrud |''daffiᶇᶇru| Sand i Nord-Odal gnr 33: Daghfinzrud c1400, Dafinsrud 1508, Dafindrud 1723. Same namn som Dagfinnrud |''daffinnru| Biri gnr 62 > Gjøvik gnr 168: Daphindru 1669, Daphinrud 1723: «*Dagfinnsruð, af det endnu tildels brugte Mandsnavn Dagfinn(Dagfinnr). s sløifet i Udtalen, som oftere i lignende Tilfælde, især naar ruð er Navnets sidste Led». – Mannsnamnet opptrer nok i stadnamn, men ns davvin adv er «nord, nordpå». Slik har det seg med lokaliteten Daffinvika i Bø i Nordland, jf dessutan ls davven «ute på sjön; älven (på djupt vatten); ute på fjorden» (Tysfjord). Kvar på sin stad ligg Dagfinnrud-gardane "nordleg til" i høve til gammal busetnad, også Dagfinnrudmyra i Nes, Akershus.
Dekaren |''dekaren| Sør-Aurdal bnr 83,11 er sæter:: «Skulde Navnet være et Subst. dannet af det af Aasen og Ross anførte Verbum dika, løbe, vimse om, pusle med noget? Efter Lyden kunde man ogsaa tænke paa Deker, Antal af ti (om Skind og Huder), nu n., men i oldn. dekor m.; Meningen bliver isaafald uvis». – Like ved Dekaren ligg Dekar-putten: Det vil vere endefram om namnet heng i hop med ss deegkehtidh v 'å bløyte', slik elingar bløyter marka.
Dotset |''dåsset|, |''dåttset| gnr 119 Vestre Toten: Datset 1669, Dotset 1723. NG: «Antagelig Dóttursetr, af Dóttir, Datter, der findes brugt som Kvindenavn i Fortiden i Sverige og Danmark». Frå garden og vestetter til Doset-tjernet ligg eit vidstrekt fjellmarkområde i 600–650 m høgd, så ss doedtere «høgfjell» har meir for seg.
Eglum |''ēgłænj| dat. |ēgłåmm| Sel bnr 269,2: «Det er paa Grund af Udtalen ikke sandsynligt, at dette enestaaende Navn kan have noget at gjøre med den Stamme Agl-, som findes i enkelte Navne norden- og vestenfjelds», seier NG. Det er neppe endeleg avgjort: Særmerkt for Eglum er at bruket ligg som ein langflat avsats (ei hylle) i eit elles svært så bratt lende ovanfor Lågen.
Uklare er òg Agl-namna, men særmerkt for Aglen i Namsos er ein «velskapt» ås-kile midt i eit skard, og variantar av det same viser Agle i Inderøy og åsen Bergene på Ber[g]sagel i Sandnes. Kileform (mellom to flater) har òg Aglåsen på Agle, Snåsa.
ss aagkele (Hasselbrink aaggele) «mellomgolv» heiter på folkeleg norsk «midgarden»: Typisk for Agl-lokalitetane at dei er mid-stilte, står/ligg i mellomposisjon For Eglum sin del er det naturleg fokusere på «-golv», ettersom det meir er ei hylle. Den endelege vurdering av sambandet mellom Eglum og Agl-namna får utstå, men merk at aa i somme ss ord får uttalen ææ. Ville det kunne gå over til ee i målet i Sel?
Elken |''ælkjen| Brandbu Gran gnr 113: Elkene 1520. Ellkenn St. 169. Elckenn 1578, 1595, 1604, Ilcken 1616, Elchen 1667, 1723. «Om .. 1ste Led kan neppe siges noget sikkert..hvis ikke Ølken i V.Slidre skulde være det samme Navn». Sistnemnte, Ølken bnr 42,2 (skr. Ølche), var underbruk til prestegarden: «Navnet bruges ikke i Bygden; kaldes 'haugen', 'på 'hauge, 'kræmarhaugen'».
Ølken så vel som Elken er ei lita aksel, ss åelkie,. Om lydovergangen åelkie > Elken resp. åelkie > Ølken kan nemnast at uttalen av åe som framlyd eller innlyd lyder «mot slutten som en e (eller ø-aktig), f. eks. gåetie 'hus', båetedh 'å komme', åeredh 'å sove', åelkie 'skulder'» (Bergsland 1982 s 19). Så Elken og Ølken kan vere same ordet.
Fogne |''fåŋne| gnr 4+5 Gausdal: i Fauni, Faunshaghæn 1330, i Faune 1405, i Fawn 1442, af Faugne, Fornne 1578, Fougne 1594, Faugne 1604, Fougner 1668, Fogner 1723. "Efter de ældre Skriftformer Fauni, Dat Ent af et Hankjøns- el. Intetkjønsord, hvis Betydning er ubekjendt. aun er gaaet over til ågn (ångn), som i Rogn for raun, Frogner for Fraunar osv. Navnet findes maaske ikke ellers i denne Form..."
Avstanden er vél stor, men der må vere samband ml. gardsnamnet Fogne og Fognssetra lenger nord, og med Fognsetervatnet og Fognseterdalen der imellom og Fognsberget litt austom. I sørkant av berget i skilet mot noverande Lillehammer ligg Søre Bleikjetjønn 756,8 m.o.h. Der finst litt avrenn til Blekketjern 753,6 m mot nord, elles er tjønnene skilde frå andre vassfar.
Bleikje- alias Blekke- går truleg på bleike alias ss pleajhka 'fiskeyngel' (især av røye), men viktigare er at tjønnene er døme på wuogna-jaure "lacus minor, qui freto aut flumine cum aliquo majore junctus non est" [lite vatn, ikkje knytt til eit større med straum eller sund], 'en liten insjö, en sjö för sig sjelf' (Lex. Lap.)
Det same wuogna, rettare vuokŋa gir òg meining til gardsnamnet Fone |''fone| gnr 6 Gjerstad, Aust-Agder skrive Funne 1593, Fugnne 1601, Fugne (og Fune) 1610, 1611, men Fougne 1670 og 1723: Kartet over garden viser iallfall 2 tørrlagde vassamlingar som neppe var knytte til noko vassdrag. Eit anna bruk NG ikkje nemner, Fogner bnr 76,25 i Trysil, har òg tjønner el. pyttar utan kntakt med vassfar.
Grensefjellet Fongen (ss Fuoŋkä) ml. Selbu, Meråker og Tydal har fl. små, isolerte tjønner på sørvestsida. Oppå Foŋkä i Stjørdal er også ei slik tjønn; under Fongberget Levanger har tydeleg nok også vore ei slik. Vidare finst det på Håfjellet vestom Fongsdalen i Etne i Hordaland ei relativt stor tjønn med vanleg avrenn, attåt fleire små og isolerte. – Ved Fonkebukta i Aremark låg plassen Fonken |''foŋken| bnr 1,9, og kartet viser tydeleg at der òg var ei relativt stor tjønn.
Oluf Rygh kjem under omtale av gardsnamnet Fone i Gjerstad inn på at det er tale om to ordstammer i desse gardsnamna etc, den eine med opphavleg g. Det er halvt rett, for wuognajaure blir sett i samband med nordleg vuokŋa, gen. vuoŋa "kräva (på fåglar)", dvs krås, og ss form av ordet er vuoŋë. Litt rart ville det vere om den termen alltid er brukt som namn på isolerte tjønner: Den runde grunnen el. skjeret Fogna på Hustadvika er kanskje unnatak. Ein skal vere open for at nokre av fjellnamna kan tolkast beinveges samanliknande, folk visste iallfall godt korleis ein krås såg ut.
Fubberud |''fubberu| Enebakk gnr 17,9 finst ikkje på dagens kart, men NG tenker slik: «Nyere Navn, vel af et Mandstilnavn, jfr. Fubb, 'en liden tyk Figur' (Ross)». Så kan det nok vere, men Fubbrud i Øyer bnr 140,6 er ein teig ved ein mykje brukt skogsveg som fører langt opp-etter: Kanskje skal ein også vurdere ss fuehpie «hastverk» og ss fuehpies adj «som har det travelt»?
Galterud |''gaᶅƫeru| gnr 15 i Nord-Odal: Galtarudh c 1400, Galterud 1723: Det stikk ut fleire bergnabbar eller ås-nover i nordkant av garden. – Galterud |''galteru| heiter også gnr 63 i Sør-Odal: Galtarudh 1306, Galtterudt 1578, 1594, Galterud 1723: Garden ligg på ein hump, men truleg fekk han namn etter Galtbekken, som kan hende opphavleg har heitt Gaaltijejohke, då han kjem frå ei gaaltije (kjelde). Ryghs rutinemessige søk etter elvenamn kastar her meir av seg enn det brukar, med tanke på framhaldet: «Der er flere Spor til Elvenavne af Stammen galt-, mærk særlig Galtelven i Hægebostad og Galtån i Blekinge i Sverige». – Galterud |'galtru| heiter òg gnr 92 i Lillehammer: Galterud 1668, 1723. Ligg ved ein kjeldebekk som kjem frå Galterudskogen etc lenger opp i landskapet. Så er det Galtrud |''gaḷtru| gnr 142 i Øyer, der vegbygg har endra landskapet mykje, men framleis kjem små kjeldebekkar fram og samlast til litt større.
Galstad |''gæḷḷsta| Vågå gnr 64: Øffre Hoelen 1668, Øfre Hoelen 1723: «Det nu brugte Navn er vistnok gammelt og det i 1668 og 1773 anførte et Part-navn». – Garden har fleire hólar (runde haugar), men fremste særmerket må ha vore at det er eit stort oppkomme like over skilet til gnr 63 Spakrud, og med den føresetnad at Galstad er den eldste garden og Spakrud er skild frå, gir ss gaaltije best meining her. Som apropos til Spakrud-namnet kan nemnast ss spaahka, spaahkoe «spon, flis etter hogging av tre».
Galtestad |''gallsta| Biri gnr 65 Gjøvik: Galtestad 1494, Galtestad 1520, Galstadt (øde) 1578, Galtestad 1595, 1604, 1616, 1669, 1723. Ingen tvil om at garden har namn av den 494 m høge knausen Galtestadhaugen: ss galte kubbe, kabbe, klamp, hoggestabbe. Tilsvarande med Galterud i Nord-Odal, alt nemnd.
Garthus |''gałtus| Sør-Aurdal gnr 65-66: Karthuus 1595, Kortthuß 1616, Garthuus 1667, 1723: Forleddet liknar ss gaertie reingjerde, jf ls gárdde stengsel, i annan ortografi kar'tē (Grundström) «gärdes-gård, stängsel;....... rengärde avsett för renskiljning och mjölkning etc (är det vanliga ordet härför)». Ei sms av det ordet og -hus er likevel påfallande. No ligg Karthus nær nokre små grunne små vikar på sida av Begna, så den alternative tolking blir ss gaertjie- "trong" + -hus omtolka frå gno -óss m, eit ord som inngår i namn på grunne små vikar mange stader.
Gaukum |''gaukom| gnr 50 Vestre Toten: Gaakomb 1669, Gouchum 1723. Garden ligg ovanfor ei vik i Helset-tjernet: vik-sidene og bakken ovanfor framstår som ein 'låglandsvariant' av ss geavtje: låg, slett kam mellom to bratte (fjell)kantar, så sisteleddet verkar tvitydig: kambr m? heimr m?
Gilberg |'jillbær| Fåberg gnr 14 >Lillehammer: i Gellobergie 1407, Gillebergh 1594, Gielberg 1604, Gilleberig 1668, Gilleberg 1723. Rygh: «Hvis Formen i Brevet fra 1407 er rigtig, ved jeg ingen Udvei til Forklaring».
Landskapet likså vel som den eldste skriveforma peikar mot ss jälla (oppfatta gella, her med norsk kasusbøying gellu-) = ss jallá «höglänt terräng».
Gilleberg |''jæljbær| Ringebu gnr 53: Gilleberg OE, Gilleberig 1668, Gilleberg 1723. Garden ligg på ein berghump med fleire mindre «drabantar» ikring. Skrive-formene indikerer ss gïlle, gylle «gressbevokst, skogløs bakkeknaus» (merk at sms bietsie-gïlle «liten furuskog» modifiserer den definisjonen litt).
Gjefsen |''jæffsen| Gran gnr 156-157: Geffßenne 1444, Gieffßing 1520, Gieffsenn 1578, 1604, 1667, og Giefsen 1723. Rygh: «Maa være samme Navn som Gjefsen i Ø. Gausdal (GN. 43) og Gipsen i Rygge (GN. 50)» [det siste kan vi sjå bort frå]. Det første namnet skrivst no Gjefse |''jæffse| gnr 43 i Gaus-dal: Geysinn 1520, Gieffsuig! 1578, Gieffßen 1594, Gieffsenn 1604, Gieffsen 1668, og Giefsen 1723: «Paa intet af Stederne haves nogen paalidelig gammel Skriftform, og der er intet Grundlag for en Formodning om Navnets Oprindelse».
Fullt så vrangt treng det ikkje vere: i Tysfjord er giew'če «passovergang mellem to fjell», som svarar til ss geavtse, utlagt «låg fjellkam mellom to fjell (slett oppå, men sida er bratt». Det stemmer delvis, på Øvre Gjefsen er det markveg både over ein smal og over ein flat haug, oppover til eit delvis ganske brattkanta ås-overgang. Definisjonen av geavtse (sideform geavtje) lyder svært presis, men er kan hende for snever: Gjefsemyra i Rauma har namn av ein rabb med markveg langsetter. Denne fell bratt av mot myra på begge sider, men er ikkje ein fjellkam. For Gjefse i Gausdal er det vanskeleg få definisjonen til å passe, men gardane ligg ved starten på ein farveg som skrår opp mot garden Oppsal, der passasjen endrar seg og blir bratt på sidene, jf den "upassande" passasje-definisjonen.
Glæserud |''głǣseru| Vestre Toten gnr 82: Glæserud 1669, 1723. Ligg ved eit lite bergfall med teikn til vasspyttar under: På gnr 79 Glæserud-bakken er det opne vasshol. Rygh har i eit notat nemnt at Glesnes Sund gnr 33 > 133 Øygarden, «ligger ikke langt fra et Tjern, som kan have havt et Navn, dannet af denne Stamme». Er Glæse- ein variant av ss leasja = leasjoe pytt, vasshol; lita tjønn?
Godli |''gōlí| er Lunner gnr 89, Godlia |golía| heiter like eins gnr 102 i Ringebu: Goedlien 1668, Godlien 1723. Merknaden ved begge namna, så vel som Godli |''goeli| gnr 8 i Vennesla på Agder lyder: "Antagelig af Adj. góðr, god, altsaa et 'rosende' Navn..... og denne Betydning er vistnok at antage ogsaa for Gaarden i Sandsvær». Det er her tale om bruket Goli |''gołi| variant |'goli| bnr 39,8 Sandsvær >Kongsberg.
Namna gir ein urliten atterljom frå strofa om han som gjette Tulla i femten år: "No kjem eg aldri til Fagerli om der er gras nok og groe" – dvs på den måten at Godlia og Fagerlia kanskje står for om lag det same? – Mindre sannsynleg verkar dette for dei andre Godli-gardane med deira lange og bratte bergformasjonar. Søketreff på Go(d)li-er som er reine naturnamn hallar bokstavleg i den lei, både i Seljord, Lund, Sandnes, Alver, Ørland og Sortland. Ein kan då ikkje utelukke samband med ns guovla 'snøskavl el. berg som heng utover' eller med ss goeble 'bratt søkk i fjellet (med eller utan gras) der snø ligg lenge'. Der lange og brattkanta bergryggar strekker seg parallelt, oppstår det små dalar, ei tyding ordet også kan ha (Snåsa).
I sms. som goeble-li(d), evt guovla-li(d) vil den trykklette andrestavinga lett forsvinne i uttalen, kalla haplologisk avkorting. Om Go(d)li i andre tilfelle er direkte lydleg tilpassa frå det usms ss goeble får stå ope, men merk variantane guöblie og goåblie (Hasselbrink 682, 625).
Gudi |''gȫe| Nord-Aurdal gnr 39: i Gudin 1317, sml i Guðini 1318, i Gudini 1341. Bratt, trong veg eller stig går opp frå stranda på nordaustsida av garden. Relevant blir då gudje = kudje, gen. kuje «opning, passasje», særleg mellom to gjerde; vegopning i skogen, opning i tett flokk av folk eller dyr, «duplett til kodje» (OSLO 99).
Gumpholen |''gompolen| Vestre Gausdal gnr 97: Gumphoell 1668. Gumphoel 1723. NG har òg Gumpen som sjø- og gardsnamn, og Gumpa som ånamn: «Disse Navne maa vel paa en eller anden Maade hænge sammen med gumpr m., Bagdel». Slik er det vel, i visse tilfelle, men frå gnr 40 i Sortland er å nemne myrkråa Gumpelidalen (*Gumpelia ukjend) der ligg nær å tenke på ns gumpe (ls gumpek)«ulv, varg». Kan hende og for det forsvunne Gumprøe under gnr 140 i Skjeberg?
Gåserud |''gå:seru| Biri gnr 86 > Gjøvik: Gaaßerud 1669, og Gaaserud 1723. Same uttale har Gåserudi Balke på Østre Toten gnr 88: Gaaßerud 1616, 1669, Gaaserud 1723. Om begge seier NG: «*Gásaruð, af Mandsnavnet Gási, der findes brugt i Norge i MA, om end sjelden». Her kan ein skyte inn eit par namn i tillegg, nemleg Gåsdeilda |''gåssdeilde| gnr 29 i Vang, underbruk til Øvre Bø 1723, ikkje attfunne på kart, og så Gåsøya i Vestre Gausdal bnr 95,2, ei sæter som ikkje ligg i eller ved vatn, men i skogkledd fjellstrøk.
Sistnemnde «øy» kunne ha med beitande gjæser å gjere, men om Gåsdeilda uttaler Rygh utan reservasjon: «Sms. med det gamle Mands-navn Gási. Navnet forekommer i Genitiv paa Runestenen ved Vang Kirke her: Gosa sunir». At dette – el. fuglenamnet for den del – gir truverdig forklaring av namna Gåsdeilda, Gåserud, Gåsøya er tvilsamt, i lys av ls guossa lik ss goese (koese) «gran».
Jetningen «lille» |''væhljætniŋen| Søndre Fron gnr 160. «Fiskevand, altsaa Sønavn. Det samme Navn er formodentlig Gjetningen, en Sø paa Fillefjeld. Forklaring kan vanskelig forsøges, .. tilstrækkelige Oplysninger mangle». Veslejetningen 920,5 meter o.h. ligg side om side med den store Jetningen 915,4 m.o.h.
Jetn-minner tydeleg om jetnja (= jiekŋa) «is, jøkel» (oslo 66), men namna heng heller i hop med det predikative ss jatnan «snødekt» og jatnedh v «bli dekt av snø». Heiter kanskje Gjetningsdalen i Ullensvang som han gjer pga. is som legg seg i Strondfossen (han breier seg vidt utover berg), eller minner det kvite fossefallet om is og snø? Her krevst det lokalkunnskap.
Jome |''jome| Vestre Slidre gnr 52: Jomme 1616, [Jume 1620, Joemen 1647, Jommen, Jomen 1665], Jommen 1667, 1723. Former i [ ] etter Tom Schmidt («Nøvn vesta åsen: 208), som klart dokumenterer uttaleformer med både o og ō. O. Rygh seier: «Af Gaardnavne, der sproglig kunde høre sammen med dette, kjender jeg kun Jaammaas, Froland GN. 52, i 1553 skr. Hiomaasz», der imot Jamaaß 1593, Jamaas 1601, Jaamas 1610, så Hiemaaß, og Jammaas 1611, 1670, Jamaas 1723. No atter med o: Jomås.
1553-forma innbyr til ei kopling med hjóm, hjåm «støv, tynt dekke». Kan høve for Jomsfossen oppfor Jome, men ikkje for Jomås. – Interessant for Jomås sin del er heller det langhenta ns jubmer (Kautokeino) «stykke, hvor en liten elv går under jorden; (Leem) en dyb hule med vand i, saasom en dyb hule i en elv, en dyb vandkilde etc.» (Qv 455). Merk Jommedalen i Loppa, med -r-bortfall.
Jomås har to slike vassamlingar, Jomåstjønna og Kjempetjønna, begge med lange og veit-liknande bekkefar med lita vassføring; begge fell ut i Songelva. I Jome sitt tilfelle renn ein liten bekk under jorda i nord-vestre skil av bnr 52,1. Han kjem atter i dagen og renn litt nordover før han fell ut i Jomsåni.
Jostad |'jōsta| Biri bnr 114.3 >Gjøvik bnr 228,3: "«Vel Opkaldelse efter Jostad i Gran», seier NG. Lendet på garden er temmeleg uslett: ss joeve "urd" kan vere meir nærliggande. Jf òg nabobruket Bergum bnr 220,5. Lendet kring Jostadvann i Kristiansand (Vest-Agder) har òg mykje urd, vi aner kan hende eit ss *joevestahke i tyding likt joevege laante dvs "område dekt av urd".
Kaus |kaus| Ringebu gnr 67: Kouß 1668. Kous 1723. «Navnet er enestaaende i Landet, og jeg ved intet at anføre til Oplysning». I røynda er dette keu'tse, käu'tse, i flg Qv 295 + OSLO 84 «långsträckt sänka i fjällets rygg(som sålunda synes på långt håll och där det är lättast att gå över)», norm. ss geavtse = geavtje: låg kam mellom to fjell, slett oppå men bratt på sida.
Kjekshus |'ᶄæksus| Gran gnr 225: Kægßhuuß 1616, Kexhuus 1667, Kiexhuus 1723. Jf Kjeksrud |''ᶄæksru| Gran gnr 119: Kegßrud 1592, Kiegsrud 1595, Kiegßrud 1604, Kecksrud 1616, Kiexrud 1667, 1723 – og så Kjekstad |''ᶄjækksta| Gran gnr 176: Kiexstad 1667. 1723. Gran er altså godt representert blant gards-namn med utmerking Kjeks-, merk likevel også Kjeksrød gnr 113 i Botne, Holmestrand.
Aller vanlegast er gardsnamnet Kjekstad: gnr 212 i Akershus, gnr 20 Eide i Grimstad Aust-Agder, og som bruksnamn i Sør-Odal og i Lunner, Oppland. Uttalen og historiske skriveformer skil seg, så langt kjent, lite frå namna i Gran. – Pga. landskapet på dei same stadene (med unnatak for bruket i Sør-Odal) er det relevant å vise til ls tjäksa, ss tjaakse i tyding «knöl», dvs "knort, knute, klump", jf tjaksek adj 'knölig' (Lex. Lap.), i samisk helst brukt om bladmage hos drøvtyggarar nettopp pga at organet er så uslett.
Ladderud |''lajddru| heiter både gnr 43 Brandbu > Gran og bnr 103,2 Fåberg > Lillehammer, same namn som Ladderud |''læddru| Eidsvoll bnr 96,4, jf ns làddu tjern, vassdam, pytt (Qv 476).
Liveland |''lívelann| Flesberg gnr 95: Lifuoland 1439 [Liiflandt 1528], Liffueand 1537, Lyffueland 1536, Lyffuelandh 1537, så Liffland, og Lyffland 1626, Lifland 1668, Lifland 1723: «Gaarden ligger ved en Bæk».
I Lom er gnr 45 Ljuland |''julann| skrive Liuglannd og Liffland 1668, Lifland 1723: «Hvis g ikke er den oprindelige Konsonant, kommer ogsaa det gamle Liufarvangr i Vaage i Betragtning, se 'Forsvundne Navne' der».
I omtalen av Jønnes gnr 4 i Gran (Brandbu) er òg nemnt «Liuneß (Ødegaard under Nes) 1616. Ligger ved en Tange, der stikker frem i Randsfjorden».
Nøkkelen til slike namn er ss lyvve-sijjie 'kvileplass for rein', ls livva-saddje. Vokalen i skr.-formene vekslar, som vi ser, mellom i og y. Dei to gardsnamna går nok tilbake til eit tilsvarande ss *lyvvelaante, i det historiske Liufar-vangr aner vi eit tilsvarande forledd «Lyvva-» (ml.-ting av ls lyvva- og ss livve-), medan Liuneß og Liuglannd ser ut som norvagiseringar av lyvve- mistydd som da. lyve v.
Lome, Lomen |''lŏme| (ikkje |''lōme|) er gnr 31-34 i Vestre Slidre; |''lislome| gnr 31: Lomene 1325, 1334, fyrir sunnan Lomene (øfste) 1344, Lomens sokn 1388, Lomene sokn 1402, i Lomenæ, Lomens s. 1406, a Lomene, Lomens s. 1422, Lomene s. 1451, Lumme 1520, Lommim 1558, Lomen Lomenn 1578, Lomenn, Lommenn 1592, Lomenn 1595, Lommen 1616, 1667, Lille, Midt, Øfre Lommen 1723. Rygh har inga topografisk tolking av namnet – heller ikkje Tom Schmidt i «Nøvn vesta åsen» (s.117-118); han er derimot klår på at namnet er sms. med -vin f 'naturleg eng, beite'», då bygd på skriveformer i tillegg til dei som ovanfor er nemnde.
Lomme |''lomme|, |''lome| heiter dessutan bnr 74,5 i Hedrum > Larvik gnr 2074:[Lauma DN 1425 i av-skrift år 1690], [i Laumagiærdi DN 1369, via avskrift1690]. Attåt finst fl. sms. namneformer: Lommerud |''lommeru| Hof i Åsnes gnr 3 Hedmark: Lommerud 1723, jf Lommerud i Nome bnr 11,5 i Telemark, og så Lømmerud Aremark i Marker gnr 95 |''lømmeru| skrive Lymmerød 1723. Attåt desse gardsnamna frå NG kan det ha noko for seg å ta med Lomdalen i Nord-Fron og Lommedalen i Bærum.
Til grunn for namnelagingane ligg eit terrengord, kjent i ei mengd former: På normert ns loapmu ~ loapmi (òg loapma) «mellomrom (i en klippe)» eller «åpent rom under noget», men i sørlegare ns (Ibestad, Ofoten, Jukkasjärvi) loapmi = ls låpme "gräsbevuxen platå i högfjället, strax under fjäll-toppen; liten dal i allmänhet; avsats eller säck-formig inbuktning i en fjällsluttning". Hitsetter òg, med ortografien i Qv 523, formene lϙmē, lǭbmē, lǭpmē (med ϙ for å), vidare ss luomie og loamie (norm. låemie)«grunn og flat liten grasgrodd dal, lægd mellom haugar». Dei mlno skriveformene Lauma og Laumagiærdi frå Hedrum var då helst luomie med samisk uo omkasta til norsk au pluss gno kasusbøying.
Losshaugen |'losshaugen| Øvre Gausdal gnr 89,3 no gnr 207. Haugen ligg tett ved elva Gausa. Meir sannsynleg enn at namnet kjem av gno. lóð (om avling, innhausta korn) er det visst at det heng i hop med ss loese «laks» og har med fiske i elva å gjere.
Løvisåsen |'løvisåsen| gnr 86,4 Fåberg >Lilleham-mer: "Er en Sæter, kaldet efter en Aas af samme Navn. Jeg ved ingen Forklaring". – Åsen er isolert av lågland på alle sider, og førsteleddet er som ss loeves = ls luovas = ns luovus i tydinga "laus, fri": Merk at ns Luovosvárri er eit utbreidd namn på frittliggande fjell, åsar og høgder.
Massing |''massiŋ| er gnr 21 i Nord-Fron: Misßinng 1604, Masingen 1668, Maßingen 1723. Garden ligg i skråninga under Massinglia, og nedanfor garden, ved elva Vinstra, ligg dei bratte Massingbakkan med smale, parallelle jordryggar i mengd. I elve-bøygen attmed fell sideelva Massdøla ut. – Her må dessutan samanliknast med Massengen |''massiŋen| Askim gnr 61: Maßeng 1593. Maßengh 1604, Maßing 1612, 1616, Maseng 1723. Rygh: «Aabenbart en Sammensætning med eng f ... Hvad 1ste Led er, bliver ganske usikkert». Garden er flatlendt, men vest for Masseng-bruka har erosjon laga fleire oddar el. tunger, framleis suynlege etter bygginga av E18.
Orda masing, massing og messing går att i ei rad namn i Nordland, Trøndelag og Austlandet. I aust finst også Massingsmed-haugen, -myra, -sundet, -tjernet og -vollen: Yrkesnemninga massingsmed var velkjent, men -smed kunne også oppstå ved mistyding av ss inessiv på -sne. Interessant er også Massingsteinåsen i Rømskog, men kva tyder elles Massing- i stadnamnsamanheng?
ss máhts- svarar til ns máhtsú- (máhco-), i OSLO utlagt som «vikt, lagd dubbel; tillskrynklad» (attr.). Her er òg nemnt máhttse «fald» og máhttse, pres. part. av máhttsat «vende om», med fl. døme på máhts- som utmerking i ss stadnamn. Dette kan ein i samsvar med gjeldande rettskriving stave maahts-.
Systemrett i ss er at t.d. tjaeledh v. «rite inn, skrive» gir tjaalege «rit, skrift, noko innrissa» (Bergsland 1982: 111), og vi aner tilsvarande samband mellom maahtsodh v «falde» (+ maahtsedh v «vende tilbake») og maahtsege adj «rukkut, rynket», som venteleg også kan brukast som nomen, for om dette er sagt med reine ord: «Die Grenzen zwischen Adjektiven und Substantiven, sowie zwischen Adjektiven und Adverbien sind fliessend» (Hasselbrink 105). Dessutan er det slik at det ss suffikset -ege tilsvarar ursam. -*iŋe, det kan via tidlege nordiske innlån av stadnamn ha levd vidare i nordisk utan å tape nasalen.
Maurstad |''maursta| Skjåk gnr 6: Murstad 1594, Manndtstadt! 1604, Moerstad 1668, Mourstad 1723. – Gards- og bruksnamn fl. st., t.d. i Gausdal, men det har mykje for seg å først sml med Maurstad |''maursta| gnr 127 i Davik > 177 i Stad: Morestad c 1520 og Morestadt ds, Morestedt 1563, Murestad 1603, Murrestadt 1608, Murestad 1667, 1723. Merk dessutan Maurtveit |''maurtvett, -tveit|, |''maut-| gnr 191 i Gran: Muerthued 1616, Mortved 1667, Mourtvedt 1723.
Maurøydegarden |''maur-øigałen| er gnr 122 i Lom. Eit gjengs bruksnamn er Maurhaugen, og Maursæter finst.
Namnetolkingane i NG går på insektet maurr m eller òg plantenamnet maðra, i sms. mϙðru-. Det passar med skriveformer Mure-, Murre-, Mour-, den norske diftongen au var «ubekvem» i dansk kontekst. Maur- er likevel tidt ordinært fornorska uo>au av eit ord lik ls muorra «tre, ved» o.l., merk òg ls muorrás adj «trerik, skogrik». Tettast opp til ss moere «tre, ved» kjem former Mor-, Moer-, More- , slik som i ås-namnet Morkampen under gnr 90 i Eidsberg IØ.
Meisdalen |''meisdałen| Nord-Aurdal gnr 1: Mißedal 1595, Meßedal 1616, Meißedall, Mesedall 1604, Meisedal 1667, Meisedahlen 1723. At garden er gnr 1, fortel at han ligg i eine enden av bygda, merk derfor ss miehtsie = ls miehttse «skog, reinbeiteutmark», ns meahcci «skog, utmark el. villmark». I utmarka ligg både Meisedalen i Sør-Aurdal og Meisdalen i Masfjorden.
Njoet |'jōe| Sør-Fron gnr 135: Noe 1668, 1723: «Ikke fundet noget tilsvarende Navn andensteds; kommer vel af kné n., Knæ». Meir tyder på at ein her har å gjere med ss njoeje «(slak) unnabakke». Det ordet kjem òg til synes i gards- og naturnamnet Novika (Nordland, Trøndelag).
Olmhus |''øłmhus| Bagn Sør-Aurdal gnr 53: Ollumhuus med Sølliesetter 1667, Olmhuus 1723. Fjellstrekninga på vestsida av Begna har ei avrunda fjellkrå nett ovanfor Olmhus, og der ligg Olmhus-plassen. Det er eit avbrekk i lendet av liknande art som ved terrengformasjonar kalla for Svang, Svanga, Svangen, noko som kunne tyde på at skriveforma Ollumhuus og uttalen ''øłmhus kjem av ss ulleme «svange» (mellom lår og side).
Ormerud Fåberg >Lillehammer gnr 104 blir skrive Ormerud 1723 blir kalla |'svea| medan Ormestad |''ørmesta| V. Slidre gnr 38 skrivst i Ormastodum 1334, 1402, i Rogualdsgardhæ i Ormastodum 1422, i Ormisstadhum 1443 og Ormestad 1667.
Ormsætra |''årmsǣtra| i Ringebu bnr 124,2 «har Sammenhæng med Navnet paa Elven Orma; ved denne ligger Sæteren». Ormvollen |''årmvøᶅᶅen| i V. Gausdal bnr 105,4 blir sagt å komme «af Dyre-navnet, ikke af Mandsnavnet Orm».
For desse namna gjeld at ein nok må vurdere alderen på busetnaden nærmare, jf ss årrome-sijjie bustad, buplass = ls årromsadje. I Ormsætra sitt tilfelle kan elvenamnet vere sekundært, stikk i strid med Ryghs vanlege måte å tenke på.
Piltingsrud |''piltiŋsru| er gnr 70-71 i Sør-Aurdal: Pilthingsrud 1595, 616, Piltingsrud 1604, 1667, 1723: Særmerkt for garden er ein ovlang, jamhøg og bratt kant langs heile gardsvaldet ved Begna. Det er flatt både ovan- og nedanfor, så ein kan tenke på ei namnelaging pilting- <*piltege, til pil'ta «en ställning, något upphöjd över marken» (OSLO 158) eller alternativt *bilhtege < ss bilhtie, jf ss bilhtie-baahkoe «bergside».
Piperen |''piparen| el. |'piparen| Lunner gnr 80. – Rygh: «Af Pipar, Piber, Musikant. Findes ogsaa ellers usms. som Gaardnavn, og desuden ere mange nyere Stedsnavne dannede deraf».
Piper-vatna (Piperen, Piperfløyta, Dampiperen, Langpiperen, Nordre Piperen) ligg i området der Lunner, Nannestad og Nittedal møtest; like sør for dei ligg Toreren. Forleddet Pip- er truleg ss bijjebe «øvre» medan -eren er fornorsking av ss -ere < -jaevrie «sjø, vatn» (oslo 54): Vatna ligg i vasskilet mellom bygdene. Piparen for Piperen er neppe ei isolert form, ettersom -ar kan vere kortform av -jaevrie, ls -jávrre på line med -ere, -ure (OSLO 50).
Purkestad |''purkesta| gnr 122 i Etnedal «er vel et nylavet Navn», seier NG, og Purkestad |''purkesta| bnr 140,5 i same bygd blir "hekta på" med få ord. Purkestad |''purkesta| Hemsedal gnr 76 (kalla for Gylttestad 1617 men Purchestad 1657) får litt meir inngåande drøft: «Navnet er interessant ved den Ombytning, som har fundet Sted, af det gamle gyltr f. (gylta) 'So' med det fremmede Purke (fra latinsk porca)».
Her er det nok ein brest i resonnementet, ein bør heller gå til ss båarke, båårhke «fjellpass», eigtl. «innsnevring», «avsmalning», «smalt parti», også «brot, avbrekk», noko som tilsvarar ls boarkka, ns boatka.
«Gylttestad» 1617 var mest sannsynleg berre eit forsøk på å forfine, men det nedarva Purkestad overlevde. – Begge Purkestad-gardane har smale lægder med eit gammalt vegfar over. Utan veg, men utprega smal er òg passasjen Purkestadfeten, ei slette i Nord-Aurdal.
Reiret |'reire| er gnr 58 Fåberg > Lillehammer og «betyder: Redet». Det burde ikkje vere meir enn ei meining om eit så enkelt namn, men staden ligg i tjukke granskogen, så namnet kan like godt vere ss ræjroe, ræjra (=ræjda) 'granskog, fjellside med høgvaksen granskog'. Det synest høve godt også for Reiret i Sør-Fron, både som «terrengdetalj» og som bruksnamn. – Enkelte liknande namn har rar komposisjonsfuge til norske stadnamn å vere, jf Reiregrendi, Reiremoen i Vågå og Reirethaugeni Sel, som òg ligg slik til at det kunne vere tale om ss ræjroe i tydinga «snøras»?
Reistad |'reista| Gausdal gnr 39-40: a Reidestadum, i Ræidæstadum 1331 (part Bellugardr), a Reidastadum 1333 (etter avsk. 1656). i Reidastodum 1398 (part Birghisgardr), Reestad 1520, Restadt 1578, Reidstad 1594, Ridstad 1604, Reestad 1668, 1723.
Garden ligg i ei fjellside, så namnet kan gå på ss ræjda «(fjellside med) høgvaksen granskog», evt forveksla med ss ræjroe «snøras», sml omtalen av Reiret.
Repp |ræpp| Lom gnr 109: Rep 1668 (under Mund-gjel). Ugreitt namn, «maa være det gamle Ord reppr (hreppr) m, der betyder en Grænd, en liden Bygd, endnu brugt saaledes som Fællesord i Norge og paa Island. Paa enkelte Steder har det været brugt eller bruges endnu som Egennavn paa en Grænd – hvorledes Ordets Brug som Gaardnavn skal forklares, kan jeg ikke sige».
Felles for Repp(e)-lokalitetar flest, det vere gards- el. bruksnamn eller naturnamn, er slak innkuving i eller under fjell, i Lom sitt tilfelle lite utprega, og garden Reppen i Sogndal er stort sett ei slak krå. Garden Reppe i Bindal er eit slakt søkk med bratte fjellkantar inst, så òg Reppen i Leka og Flekkefjord: Just dette er dominerande i Lom sitt tilfelle.
Garden Repp i Vestvågøy har rund innkuving i fjellet vestrast i garden, Repp i Valle er eit myrsøkk med bratte fjellkantar bak, og Reppa i Bindal har fleire djupe søkk. Reppa på Stave i Dverberg er ein djup bås med bratte bolkar på sidene, mykje meir markert enn dei andre Repp(e)-lokalitetane.
Reppa på Stave i Dverberg s.
Gjennomgåande fungerer forklaringa (h)reppr «grend, lita bygd» dårleg, også av di det finst ei parallellform krepp-som (oftast i forma Kreppa) er gards- og bruks-namn sjeldnare enn Repp(e), men elles står for det same slag lokalitetar: Døme er Kreppedalen i Lyngdal lengst sør i landet og så Kreppeberget i Nesna, eit søkk under ein bratt fjellkant.
Det er neppe tale om anna enn ns riehppi, ls riehppe «vanskelig tilgjengelig dal med utvidet, nisjeformet dalbotn eller selve denne botn», «djup dal ... avbruten av tvärbrant upptill» (Qv 705, oslo 176). Merk at Arjeplog har eit vatn kalla Kriehpe-jáu're.
Rusiskalle |rusiskalle| m. «Hovedtonen paa næst-sidste Stavelse» er bnr 11,3 i Vestre Slidre. Ein notis i manuset til NG er underfundig: «Navnet skal have sin Oprindelse deraf, at man, naar Bryllups- eller Gravfølger fra den øvre Del af Bygden reiste hjem fra Kirken, standsede her og fik sig et 'Rus i Skallen' (meddelt af Lensmand H. Lund i Søndre Undal efter Meddelelse til ham af afd. Kirkesanger og Stortingsmand O. Brandt».
Tom Schmidt drøftar saka grundig i «Nøvn vesta åsen» (s 60f) og har den oppfatning at det faktisk er ei sms. av rus + (i) skalle, òg av di plassen har eit anna like pussig namn Virra |''virra|, i |'virun|, og ikkje nok med det, i vegen opp frå garden Reie gnr 51 er det ein kneik i vegen til husmannsplassane som òg heiter Rusiskalle (her er namnet ikkje blitt kartfesta enno). Førstnemnde Rusiskalle finst der imot avmerkt som Rusiskallen på dagens kart, og kva ein enn måtte meine om skallebank og den slags, så framstår den lokaliteten som eit framifrå døme på ns ruvža «det øvste av ein skarpskoren langsmal bergrygg», eller òg «det øvste av ryggen på eit magert dyr».
Motstykket, då med nasal, er ss runhtjie «skrukke, fald, rynke» (ved sying), også brukt om innbukting i lendet, i sms. som runhtjie-bahke eller -deava (= ronhtje-b. eller -deava). Her har Qv 741 runčē «sandrevle, fjellrygg» (Hattfjelldal) og så runčoe «skarp rygg i terrenget» (Vefsn). Det tilhøyrande adjektivet i ns er ruvžžas «knoklut, så mager at ryggen står som ein haug».
Då kan saktens sisteleddet i Rusiskalle vere norsk -skalle, men er like snart lik ns -gál'li «steinblokk», ls gál'lo, av di forleddet kan vere både nominalt Rusi-eller adjektivisk Rusis-.
Parallellnamnet til Rusiskalle er som nemnt Virra, tolka så at nokon virra rundt i rusa tilstand, men ein meir terrengforankra term er ss vïere el. viera (= wera, Lex. Lap.) «bratt bakke», ls og sørleg ns vierra.
Solgjem |''så:ljem| Sel gnr 201: Sogem OE, Solgienn 1557, Solgim 1578, 1594, Solgiemb 1668, Soelgiem 1723. Skrivemåten ser ustø ut, for l manglar i den eldste skriveforma medan 1557-forma har utlyd -n, ikkje -m som dei øvrige.
Garden ligg ved ein godt utvida del av Lågen som i stor utstrekning er oppfylt av Solgjemsøyene: Ei enkel oppløysing av gardsnamnet kan derfor vere ss sååle «øy» + jem' < ss jeanoe,. jeana «stor elv».
Tamburstugua |'tamburstugua| gnr 65,3 i Fåberg > Lillehammer. Rygh: "hører til de mange Navne fra nyere Tid, som skrive sig fra, at en Mand, der i Bygden benyttedes som Musikant, har boet paa Stedet". Tolkinga lyder tilforlateleg, jf flg: Tambur bnr 34,3 Tinn, Tamburen gnr 687 Fredrikstad, og Tambur-garden bnr 39,5 Sør-Aurdal, og Tamburholet (gl bupl) bnr 59,2 Kviteseid og Tamburhullet gnr 507 Tønsberg, vidare Tamburkosi (gl bupl) bnr 40,2 i Tokke, Tamburkåsa bnr 2,4 Midt-Telemark, Tamburstaulen bnr 34,3 Tinn, Tamburstuen bnr 65,3 Lillehammer mot bnr 574,3 Ringsaker, og aller sist Tamburstugu Sel bnr 220,94.
Meir skurrar namn som Tamburmyran (Nesbyen og In. Fosen), Tamberneset i Tysvær, Tamburvika i Ørland, Tamburøyren (elveøyr) i Hjartdal og aller sist holmen Tambern i Fredrikstad. Som om ikkje det var nok, fl. vegstubbar heiter Tamburvegen, og Sør-Fron har Tamburvelta!
Som lånord i samisk opptrer gno timbr "tømmer" i ein grøde variantar: dimber (denasalert dibber), timpar, dimbar(e), dembar, dæmbure, dumbare o.fl. (Lehnw 131). Namn som Tamburstugua ol. kan då ha litt meir prosaisk bakgrunn enn kva NG vil ha det til. Især Tamburvelta er ikkje til å misforstå, det må vere tale om tømmer.
Tauteren |'tauteren|, også i dat. flt. |''tautrom| bnr 88,2 Øyer er ei sæter høgt til fjells (1016 m). Lenger nord i landet er Tautra som namn på øy og skjer tidt utlagt som gno. tϙturr m «fille, klut», men her har det nok meir for seg å tenke på ss doedtere «høgfjell» el. snarare ls duoddar «lågfjäll, det kala lågfjellsområdet som sträcker sig mot skogs-landet» (Korhonen). Diftongovergang frå samisk uo > norsk au er gjengs. Elles er tuottar, tuoddar notert frå fleire område (Qv 219), sml her Tutturen i Eidsberg i Østfold.
Teiterud |teiteru| Vestre Toten gnr 115, no gnr 159: «Tetraa St. 166 b. Tetrog,Tetro c 1585, Teterud 1667 (var som liggende paa Femmilskogen Kjølveien skattefri for at hjælpe Reisende), og Tetterud 1723».
Ligg ved Einavatnet, i framkant av vide utmark-område liksom garden Teita i Gloppen. Det er då ikkje fjernt å tenke på ss daejdie (= deajrije) «rein-gjetar» < ss daejdedh (=daejredh): gjete rein. Også stølen Teiten i Voss ligg òg i utmark.
Opphavleg sisteledd -raa, -rog, -ro som ter seg i dei eldste skriveformene for Teiterud er tvitydig: Det minner noko om ls rågge, ns roggi «grop», for ved Teiterud-husa renn ein liten bekk gjennom eit søkk. Uvisst er om Tetebråten |''tetebrøtin| i Nord-Aurdal bnr 105,6 blir å forklare likeins, eller om ss dïedtedh v "trykke på, presse ned eller i hop" (om snø, stein o.l.) er relevant. Uklart er òg Tetebrenne, namn på ei lita høgd på bnr 13,32 i same bygd.
Torke |''tårrᶄi| også |tårrᶄe| Vardal gnr 71 >Gjøvik: a Þyrkine 1371, Turcke 1520, Tørkenn 1578, Thørchenn 1595, 1604, Torcke 1669, Torche 1723. NG: «Þyrkin ... Sammensætning med vin ... I 1ste Led stikker vist-nok et Elvenavn, der vel staar i Forbindelse med Adj. þurr, tør. Her er en liden Elv».
Med fokus på lendet i nordkant av garden høver det vél så godt med ss dårretje «lite skard» (eller Hasselbrink: dårredje). Det høver godt nok også for Torkesmyra i Kongsvinger (Hedmark), endå betre for buplassnamnet Tørkerud som ein skimtar attom utmarknamna Tørkerud-haugen og Tørkerud-tjern på Ringerike.
Åsåren |''åsåren| dat.|-åre| Sel gnr 216: Aadtzeren 1668, Aadseren 1723: «har hidtil ikke kunnet finde nogen Forklaring paa dette enestaaende Navn». Garden ligg nedmed Otta, og Åsårlii ovanfor er vel relatert til gardsnamnet, men sistnemnde heng i hop med Høgsætertjønni = Åsårtjønn: I nordkant av tjønna ligg Åsårsætri, og i sørkant den 1039 m høge Åsårhø. Det er fleire åsar langs Åsårtjønn, og tjønn-namnet var nok primært sms. av ss aesie «skogkledd ås» [lånord] og ss jaevrie «vatn, sjø», evt ei form meir lik ls jávrre. Slike sisteledd er over eit vidt samisk område redusert til -ere, -ure el. -ar (her -år), jf Assuren som namn på eit vatn i Nordre Follo.