Sildsporden sør på Silda  og Sildmylingen lengst nord er karakteristiske punkt på øya: Især den siste er særmerkt. Den folkelege namnetolkinga er at øya minner om ei sild , men det er no ikkje noko du kan sjå frå havet. Kartverket.

Øya Silda høyrer Loppa kommune til. På samisk heiter øya også Sildi (Lehnw. 287). Sildsporden i sør har på land- og sjøkart både vore kalla for Sildspolen og Spelen, i sam. Gal'vegæčče, og Sildmylingen alias Sildnebben i nord heitte både Sil'degæčče og Dii'na, men med den tilføyinga at Sildnebben også «kalles av Isak Olsen Zieuia» (Qv 1938: 68f). På dagens kart har faktisk Diidna som samisk namn på Sildnebben kome med.

Magnus Olsen tolka øynamnet som ei avleiing til dyrenamnet sel: *Selhiðō > *Siliðu, av di historiske kjelder fortel om kobbeveide (selveide) på denne Silda og på øya Sild i Kvinnherad (NG 11:27, 18:392). Sakleg er det ei grei namnetolking, iallfall for Sild i Kvinnherad. Men sjølv om hans hypotese i og for seg er grei, for Loppa med, er det – i fall namnet skal ha med sel = kobbe å gjere – ein stor vanske at både øynamnet og fiskenamnet blir uttalt med i og palatal l. Der finst ingen teikn til ei tilsvarande lydutvikling i genitiv flt. sela- av gno. selr m «sel, kobbe» i t.d. selabátr m (båt brukt til selfangst), el. selahúðir, selaveiðr osv.

Ved Silda er å merke at ho frå havet sedd har to vide søkk, Sildadalen og Ytterværdalen. Det gjer at eit heilt anna ord dukkar opp i tankane, nemleg seild f., som på Vestlandet òg finst i formene sæld og søyld : (inn)søkk eller deld i ei eller anna form. Beiarværingar seier "seᶅᶅ", men seld f med denne uttalen er helge­landsk helst (Korgen, Velfjorden, Vefsn). I Beiarn kan dei også seie at landskapet er seᶅᶅåt.

Ivar Aasen har frå Sunnmøre varianten sæld f, «en liden Sænkning eller Fordybning», men viser elles til hankjønnsforma seil m "bøyg, innsøkk i ein kant el. rygg; søkk, dokk i ei flate» (NO 9: 933); han har også isl. seila f. Forma seild osv. er ikkje kjend frå norrøn litteratur, men i norske målføre finst ho i talrike variantar (Torp o.a.)

I dag er seld = seild i første rekke eit Helgelands-ord, men lenger att i tida kan former som desse ha hatt langt vidare utbreiing. Ein kan her merke seg at stadnamn i Sogn og delar av nabofylka òg har forma seild f, og topografisk gir det framifrå forklaring til stadnamn som Sildaheia i Suldal og Sildanipen i Tysvær, begge Rogaland, der fisken sild må ha lite med saka å gjere, medan seild er i beste samsvar med topografien, og det gjeld òg for Sildfjellet alias Silldevárre inst i Skjerstad, i dag i Bodø kommune: her skriv Qvigstad faktisk Sil'davārrē. Dette, i jamføring med Rogaland, gjer det i sannsynleg at ein burde tenke i tilsvarande banar når det gjeld øynamnet i nord, trass i at formbruken der er skiftande, med Sil'da og Sil'de, Silda-gad'de men Sil'de-gæčče, alt i Qvigstads ortografi. (Ei sak for seg er det på karta seinare innkomne Sirddavággi for Sildadalen.)

Dette gir god grunn til å fokusere på opplysninga om at Ivervær, «alm. kalt Silla», på samisk heiter Stuora-Sil'da «storsilda», i dag Stuorsildi. Mellom Hǫll-æv'ro (Holøra) og Ut'ter-værra (Yttervær) er ført opp Sildagad'de «Sillalandet». Stadnamna frå austsida av øya er opprekna frå sør mot nord, så det er truleg strandstrekninga mellom desse to væra det er snakk om, neppe heile austerlandet på Silda, frå Larsvær eller meir. Vi skal merke oss at den aktuelle strand-biten i all hovudsak ligg rett ut av Sildadalen.

Ivervær er ingen naturformasjon, så det ligg fjernt at Stuorsildi, kortform Sildi / Silda, har noko med kroppsforma på sild å gjere. Derimot vart kanskje Ivervær og Yttervær samnemnt kalla Silda eller Silda, presisert Stuorsildi når det var snakk om Ivervær åleine, av di Yttervær var mindre? Sjølve namnebruken gir oss eit hint om det. Av dei to dalsøkka alt nemnt, Sildadalen (Sirddavággi) og Ytterværdalen, er jo førstnemnde det største (vidaste). Legg vi seild, seld «(inn)søkk, deld» til grunn for tolkinga av øy­namnet, blir *Storseildi eit naturleg opphavsnamn på Sildadalen, jf med den mindre Ytterværdalen.

Frå gammalt av kan det ha gjort liten skilnad om du sa Ivervær el. *Stor-seilda, sam. Stuora-Sil'da. Men så gløymte værfolket at Stor-Silda eigentleg var logisk motstykke til Ytterværdalen, det ser ein av at det kom opp eit nytt namn Sildadalen. 

Stor-Silda gav ikkje lenger klar meining, så no vart kortforma Silda naturlegare. Stafettpinnen får gå vidare til dei som har den beste lokalkunnskapen.

Det gjeld òg for teorien om at Silda har namn av selveide i gammal tid: Det burde det vere råd å ettervise i gamle rekneskapsbøker eller via andre stadnamn mynta på sel eller kobbe, dersom det er substans i det forslaget.

Lydforenkling tilsvarande seild >sild kan ha skjedd i gardsnamnet Dillra på Hand­nesøya i Nesna, dvs. deild > dild, usagt om vi skal oppfatte det namnet som eit saman­drege gammalt *Deild-ar-á, eller heilt enkelt som *Deild-ra, dvs. til deild f i tydinga “del, fråskilt stykke” el. også “skil, merke”. Etter dei lokale tilhøve synest det siste, “skil-ra, merkerabb” å høve best. 

Den eldste skriveforma av gardsnamnet er Dilrø frå 1567, det kan mykje vel vere gno. <*Deild-rǫð f i just denne tyding. Rett nok er dagens uttale av gardsnamnet "diᶅᶅrædativ "diᶅᶅemen det fortel nok berre at namnet i lange tider er blitt assosiert med og tilpassa ord som gildre, gilder og sildre, silder.

«Øynamnet Silda» i Håløygminne h. 2-2015 bygger bl.a. på opplysningar Qvigstad gav i «Nordische Lehnwörter» om samiske former av namnet. Merk at sam. salled «sild» er oppslagsord for seg i boka, Qvigstad ville vel sikre seg mot den mis­forståinga at øynamnet har noko med fisken å gjere.